mandag 1. februar 2010

Første dagane

(Eg har funne ut at eg skal skrive blogginnlegga på word slik at eg slepp å stresse med å skrive dei når eg er på internett. Derfor kan det av og til bli litt mykje for det er ein del opplevelsar og tankar som svirrar rundt, men de får lese det de som er interesserte! :p )
Lørdag var eg ganske trøtt og sliten og tenkte eigentleg at eg berre ville heim att. Dei fleste av oss hadde vel eigentleg feriemodus. Det virka som me var på ferie og skulle heim om to veker eller noko, men det moduset forsvinn nok fort når me byrjar å arbeide med oppgåver og byrjar i praksis om ei veke!

Eg og Cathrine sov i ei trehytte med eit frukttre utafor. Desse fruktene datt ned med jamne mellomrom, og når greinene strekte seg ut over taket og landa på bølgjeblekktak, så skvatt me ganske godt der me låg, allerede skeptiske! Men eg tok på meg øreproppar (takk Ellen og Elisabeth!), og sovna faktisk ganske fort til meg å vere.

Etter ei god natt søvn vakna eg i eit mykje betre humør på søndagen. Blir fort sur og lei når eg er trøtt, så eg rekna med at tankane ville forandre seg litt neste dag. Rett før eg vakna drømte eg at eg vaska ned huset i Kalhagen (utruleg kjedeleg draum, men det var jo det eg gjorde forrige helg, så korleis kan eg vere i Zambia denne helga?! :p), så eg vart rimeleg forvirra når eg vakna opp med øyreproppar og myggnetting rundt meg! Som sagt var humøret mykje betre og eg gledde meg til å komme til Livingstone.

Me fekk tre taxiar som skulle køyre oss til busstasjonen, og dei måtte ta to turar sidan me hadde så mykje bagasje. Taxisjåføren som køyrte meg og Juliane sa me skulle betale når han kom med neste lass, og når eine taxien kom gjekk Juliane for å betale mens eg handla vatn. Etter ei stund kom den taxisjåføren som køyrte oss og spurte etter pengane sine, og då viste det seg at Juliane hadde betalt feil taxisjåfør. Me forklarte dette, og gav han det me hadde (men det var ikkje nok for me fekk berre store pengar når me tok ut, og nesten ingen har veksel?!). Han sa at han skulle reise å få tak i pengane våre. Me turte ikkje å håpe på dette, men når me hadde satt oss på bussen kom taxisjåføren med pengane våre! Me gav han det han skulle ha, og så klart litt ekstra. Snille, snille taxisjåfør!
J Det er ikkje snakk om dei store summane i norsk valuta, men i zambisk så var det ein del.

Bussturen var mykje betre enn forventa! Eg hadde fått ei oppfatning av at det skulle bli ein humpete busstur som ville ta lenger tid enn forventa, men slik vart det ikkje. Det var så klart litt humpete, men setene var veldig gode, og det var mykje å sjå på langs vegen, og plutseleg var me i Livingstone. Bussen tok ca. 6 timar.

Det var visst tydlegvis òg inkludert ei preik i billetten! Før me byrja å køyre, reiste ein prest seg opp og byrja å preike. Han hadde eit voldsomt engasjement og ville ha alle i bussen til å be med han, men han fekk ikkje den heilt store responsen. Når han var ferdig, gjekk han rundt for å samle inn pengar til meinigheita si.. Etter ei stund skifta han buss for å prøve lykken der.. Humanetikaren i meg stritta litt i mot, men ”Global Knowledge-aren” i meg tykte det var interessant å oppleve! ;p

I Livingstone stod Florence og venta på oss. Ho er i frå Livingstone, og var ei av dei frå Zambia som var i Noreg i fjor. Ho ordna skyss for oss og tok oss med til Wilma Guesthouse, der òg nokon andre zambiarar som var i Noreg i fjor kom. Me fekk omvisning for å sjå romma, og eg fekk enkeltrom slik som eg hadde lyst på!
J Etter kvart tok zambiarane oss med ned til Livingstone, der me fekk oss middag og handla litt mat til neste dag.

Måndagen kom ein av zambiarane igjen om morgonen, for å vise oss dei viktigaste plassane i Livingstone. Resten av dagen gjekk til avslapping og bading.
Så reiste eg, Cathrine, Marianne, Veronika og Carina til Zig Zag for å bruke internett! Utruleg godt å få snakke lenge med Knut Are på Skype, sjølv om det datt ut mange gongar og det hakka!


Bilete frå Lusaka og turen til Livingstone. Har mange fleire bilete, men det tek laaang tid å laste dei opp!

Robert og Stine i Nairobi


Lusaka!


Plassen me sov på i Lusaka

Trøtte og fine.

Nokon koste seg med dart :)


Eg og Cathrine sov i ei trehytta!

Poncho, jo!
                                                                    
Busstoppen i Lusaka
                    
Busstur frå Lusaka til Livingstone

Busstur

Busstur

Rommet mitt på Wilma Guest House!

2 kommentarer:

  1. Utruleg godt å snakka med deg og!! merkeleg men når du va her i landet gjekk da bra å snakkast 1 gang for dagen, men no har eg lyst å snakke heile tida... litt demotiverande å vita at det berre blir eit par samtala i veka, men ein får gjere det beste utav det! Pass godt på kvarandre! sku ønske eg hadde vunne i lotto og kunne besøkt deg, men da e litt vanskeleg når ein ikkje tippar. Knut Are.

    SvarSlett
  2. Høyrest veldig flott ut so langt, men de må læra dikka å sjå forskjell på folk ;) Blir spennande å høyre og sjå bilete frå praksis og alt det andre de oppleve! Du må kosa deg skikkeleg og nyta kvart minutt, tre månadar kjem til å fly avgarde og du kjem nok ikkje til å rekka alt du har tenkt! :D
    Klem Bente og Henning

    SvarSlett