onsdag 10. februar 2010

Langt innlegg for dei som gidd å lese :p

Legg ut bilete først, for dei som berre vil sjå på dei :p

SOS Children Village

Kindergarten/Pre-School. Robert er i klasserommet til venstre, eg og Cathrine er i kvart vår klasserom på høgre sida.







I ein familie delar ein, og sidan me er ein familie delar me på pensumbøker :) 
Biblioteket vårt på Wilma

Hekling er fin avslapping på kvelden

My Zambian-Norwegian Family!

Tysdag:
Sendte melding til privatsjåføren vår Tony i igårkveld og lurte på om han kunne hente oss i dag tidleg, fekk aldri noko svar, men han pleier heller ikkje å svare så me brydde oss ikkje så mykje med det. I dag tidleg sat me og venta på at han skulle komme, men han kom aldri, så me ringte vår faste taxisjåfør Mr. Mupoti. Me har fått to faste taxisjåførar her nede, Mr. Mupoti og Nicco. Personleg så likar eg Mr. Mupoti best, og det er òg han eg har køyrt mest med. Mr. Mupoti (likar namnet hans godt :p) er ein grei mann med kone og barn, som alltid kjem når me ringer til han. I dag sa han: ”Give me three minutes”, og det stemte det, han kom nesten med ein gang. Ein taxitur med Mr. Mupoti inneber roleg og trygg køyring, han passar på at me har på oss bilbelte, snakkar ikkje for mykje, men fortel om det me ser rundt oss, så me får ein guide med på kjøpet. Han snakkar òg ein del om Zambia, og er interessert i Noreg. Det er ikkje berre Mr. Mupoti som gjer oss noko, han tener òg relativt bra på oss sidan me ringer han så ofte. Me tykkjer det er veldig greitt å ha nokre faste taxisjåførar som me kan bruke ofte, så kan me kanskje vere med på å betale for skulegang for barna hans?! Me likar å tenke at me vil helst gi til dei som har minst, så sjølv om Tony prøver å få oss til å flytte til West Five som er veldig fint, har varmvatn, vaskemaskin, osv, så vil me framleis bu på Willma for det ser ut som Tony har nok pengar, og det har ikkje dei på Willma. Så når Tony svikta oss idag, stilte Mr. Mupoti opp, og me kom oss trygt og tidsnok fram til SOS.

Dagen var litt betre i dag etter at me hadde fått fordøyd inntrykka frå gårdagen litt. Barna har ”free play” frå 08.00-09.00 som innebar at dei sat på plassen sin og leika med nokre leiker dei fekk utdelt. I denne økta så nytta eg sjansen til å bli litt betre kjent med barna, og eg følte at eg fekk komme litt nærare inn på dei. Dei er veldig tillitsfulle og fleire tek kontakt med ein gang. Dei er òg veldig glad i å ta på håret mitt og huden min. Eg har teke på nokon av deira sitt hår, så eg skjønnar kvifor dei vil ta på mitt (deira hår kjennest ut som ull), og kvifor dei vil ta på huden min, seier seg vel sjølv. Dei seier heile tida: ”Teacher, teacher, look at, look at” eller ”Teacher Anne” og dei er som barn heime. Me har ikkje lange dagar, frå 08.00-12.00, men det er eigentleg heilt greitt for tida går av og til veldig seint, og det hadde vore alt for lenge å hatt 4-5 åringar sittande ved skulebenken heile dagen. Me snakka om det i går at det er nesten umogleg å ha så små barn sittande ved ein pult, og at me aldri kunne gjort det i Noreg, men eg tenkte på det før i kveld at dei held ikkje på med same aktivitet lenge, dei har mykje song og dans, og i Noreg så kan ein finne 1-åringar som er i barnehagen frå klokkar er 07.30-15.30, og her nede har dei berre skule frå 08.00-12.00. Tenkjer ein på det slik er det kanskje ikkje så gale, men når ein tenkjer på at dei er 30 4-5-åringar på 1-2 vaksne dei fire timane, så blir biletet kanskje eit anna igjen? Som de sikkert skjønnar så er det mange tankar som svirrar rundt allerede etter to dagar!
Eg sit for det meste på ein stol og observerar bak i klasserommet (kjennest ut som eg har vore der meir enn to dagar!), men i dag sa eg at dei måtte sei ifrå viss eg skulle gjere noko, så i dag fekk eg litt oppgåver. Var ikkje store greiene, men eg føler meg heller ikkje klar for å ta over undervisninga etter to dagar på eit anna språk der ein skiftar mellom zambisk og engelsk, så det var passe oppgåver for meg .


Etter at Mr. Mupoti hadde køyrt oss heim igjen, var eg på Willma resten av dagen. Det var ganske deilig  å berre vere der, få komme skikkeleg i gang med oppgåva, trent litt og hekla :p Eg har funne ut at eg skal samanlikne korleis dei vaksne her nede tek omsyn til barnas funksjonalitet, sosial status og kjønn, noko eg trur kan bli veldig spennande! Barnas funskjonalitet vil eg skrive om med tanke på spesialpedagogikk, og det at eg skal ha to veker praksis på Chesire Home, som er ein plass for funksjonshemma barn. Sosial status vil eg skrive om sidan me fekk høyre i går at det på SOS er tre grupper som går i same klasser; Ei gruppe består av foreldrelause som bur inne i landsbyen, ei anna gruppe er fattige som bur i ein nabolandsby som ikkje har råd til skule og uniform, og den siste gruppa er ”rike” som bur i ein nabolandsby som har rår til skulen og uniform. Dei vil blande desse gruppene slik at barna i SOS får kjennskap til livet utanfor SOS. Derfor tenkjer eg at det kan vere interessant å finne ut korleis dei vaksne tek omsyn og oppførar seg ovanfor desse gruppene. Kjønn tenkjer eg er interessant å skrive om både med tanke på spesialpedagogikk og kjønn generelt. I Noreg er det flest gutar som er ”bråkete” og treng spesialundervisning, men i Zambia er det motsett! Dette viser at det ikkje er snakk om biologiske forskjellar, men sosiale. Det hadde vore spennande å undersøke kvifor det er slik! Når det gjeld kjønn meir generelt, tenkjer eg på korleis jenter og gutar blir behandla og oppfører seg i klasserommet, og kva dei lærer om kjønn. Zambia har fått ei lov om likestilling, men har i følgje zambiarar ein lang veg å gå endå.
Eg har nok sikkert alt for mykje å skrive om, eller kanskje ikkje? Ikkje godt å sei, men alle desse tre områda interesserar meg, og det er vanskeleg å velje ut kven av dei eg ikkje skal skrive om. Men det skal Ane få lov å hjelpe meg med! ;)

Eg fekk som sagt trent litt òg i dag. Skulle eigentleg på treningssenteret, men dei andre vart litt seine frå ZigZag så me rakk det ikkje før middag (eg var igjen åleine på Willma ei stund, noko som eigentleg var veldig godt). Sia eg ikkje har trent sia eg kom hit og var innstilt på treningssenteret, byrja eg å bli ganske rastlaus. Eg bestemte meg for å høyre med resepsjonisten om når det vart mørkt og om det var trygt at eg reiste på ein gå/joggetur åleine. Det sa ho var trygt, så eg tok meg ein tur i nabolaget. Det var eigentleg ganske kjekt, såg mykje eg ikkje har sett når me berre har køyrt, og eg fann ut at det er ein del vegar og hus rundt oss. Det har vore frykteleg varmt dei siste dagane, og det var det òg no (ca. 18.00), så det vart ikkje lange turen på meg, men eg fekk ivertfall bevegd meg litt og sett meg rundt. Eg følte meg litt som eit utskudd der eg kom, den einaste kvite, einaste i treningskle og einaste som jogga. Alle såg litt rart på meg (var mange folk ute på den tida!) og ein del spurte som vanleg; ”How are you”. ”Fine” svarte eg heseblesande :p

På kvelden hadde me fellesmiddag igjen, grilla kjøtt og maiskolbar med tilbehør. Eine husregelen vår er at me skal ete fellesmiddag minst ein gong i veka, og den regelen har me i vertfall levd opp til, til no! Det er ein kjempe koseleg gjeng eg reiser me, og me er blitt ein fin liten familie. 

Onsdag:
Dagen i dag var mykje som i går, lett å få kontakt med ein del av barna, men vanskeleg å lære namna!
Resten av dagen skal eg henge på ZigZag, før det blir ein tur på treningssenteret og møte med sjefen på Willma seinare i kveld. Me skal bli einige om betaling av rom o.l.
Vart eit langt innlegg dette her, men eg har ein del på hjartet, så de får heller skumlese viss det vart for mykje! ;)  

2 kommentarer:

  1. hei!
    ha fått mailen din,kjekt! men ha ikkje so masse å tilføye utenom det eg pratte me deg hin dagen, so ha ikkje svart enda:p einaste nye e vel at det e masse øving med koret for tiden, sia me ska synga noken sanga på revyen. da burde ha vore her, eg ska synga solo:s haha.
    kjekt å lesa om kåleis det går i praksisen. marjorie sa te meg at ungane kom te å ville ta på håret og hudi di, ho fekk jo rett..:)
    oppgava di høyres spennande ut, trur du ha valgt eit bra tema:)
    og kjekt å sjå at du hekla fortsatt! :p
    hugs fra kjers10

    SvarSlett
  2. Dette høyrtest flott ut - tydeleg at du har mange inntrykk og mykje på hjartet! Det vert nok enklare å sile ut kva du skal skrive om etterkvart - no er det mykje som svirrar rundt, tenkjer eg! Godt å høyre at du er frisk og i treningsform igjen - pass på ikkje å trene i for varmt vèr!
    Klem frå mamma

    SvarSlett