fredag 30. april 2010

SISTE BLOGGINNLEGG!

No er eg tilbake til Noreg og her er det ganske rart..
Det er kaldt, det er sana muzungus og alt er veldig annleis frå Zambia! Eg har veldig mange inntrykk å fordøye og eg trur det vil ta ei stund før eg kjem til meg sjølv att!
Var VELDIG kjekt å treffe Knut Are igjen, men kunne eigentleg tenke meg å berre ta han med tilbake igjen og "heim" til Lstone! Men, men.. eg kjem nok fort inn i den gamle tralten igjen der det er lite som skjer i løpet av ein dag.. :p

TUSEN TAKK til alle som har fulgt med på bloggen min! Det set eg veldig stor pris på!
Tenkjer at det ikkje er så mange som er interessert i å lese om kva eg har ete til frukost, kva eg har sett på TV eller kor eg har gått på tur, så derfor blir det ikkje meir blogging frå denne kanten. Eller kanskje når eg reiser ut på nye eventyr ein gong i framtida?! ;)

Zicomo, twalumba, thank you, tusen takk!! :)

onsdag 28. april 2010

Siste dagane i Lstone – my second home!

No sit eg i Lusaka, med andre ord eg er reist ifrå Livingstone! Veldig trist kjensle, men dagen måtte komme. Sjølv om eg gledar meg veldig til å sjå igjen alle heime, kunne eg tenke meg å vere lenger i Lstone. Det beste hadde vore viss dei næraste kunne komme til Lstone og at distansen mellom Lstone og Hafslo ikkje var lenger (og dyrare) enn at ein kunne pendle!

Dei siste dagane heime i Livingstone har vore heilt fantastiske! Fredagskvelden inviterte me alle me har arbeida me og blitt kjent med i løpet av desse tre månadane inkludert dei som arbeidar på Willma, og spanderte pizza og drikke på alle og djen me brukte på bursdagen til Renate spelte. Det var ein toppkveld der me var om lag 35-40 stk, sjølv om ikkje alle inviterte kunne komme. Me dansa og kosa oss til langt på natt og ein kan nok sei at det vart tidenes fest på Willma! 

Motinta, Bridget og massasjedama! 

Meg og Vincent dansar the Muzungu Dance!

Good times! Crispin, Jolly, meg, Vincent og Renate

Laurdagskvelden tok me ein siste tur på fotballkamp på kinoen, Mukamba Bar & Restaurant, Fairmount og Chez ntemba, med blanda kjensler. Det var endå ein topp kveld, men med blanda kjensler sidan eg kjem til å savne alt og alle så mykje!

Søndag var eg, Maren og Cathrine på besøk hos Evelyn, læraren på Cheshire Home og familien hennar. Ho har tre herle ungar på 6 mnd, litt under to år og fire år. Maren hadde med leiker til barna som dei sette stor pris på. 





Happy family :)

På kvelden hadde eg og Carina avtalt med Jolly og Vincent at dei skulle lære oss å lage nshima, for me kan ikkje ha vore her i 3 mnd utan å kunne det! Så då reiste me på Shoprite og handla inn alt det me trengte, og laga tidenes måltid! Vincent laga første nshimaen mens me såg på, så skulle eg og Carina lage den andre. Kjempe godt vart det, og eg lærte meg å lage nshima (mens Carina derimot forsvann akkurat når me skulle lage). Kylling, biffkjøtt, woka grønsaker, saus og nshima. Supergodt!


Me stod for det meste av matlaginga. Kjøkkenet var to steikeplater på golvet på rommet til Oscar :)

Vincent lærer meg å lage nshima. Eg måtte kjenne korleis det kjente ut. Hardt arbeid å lage nshima skal eg sei dykk!


Så var det min tur, og då måtte eg lage det heilt åleine!

Min første nshima!




Måndag hadde me restefest der me drakk opp alt av rester på Willma, noko som enda med ein endå god og morosam kveld!

50 kwacha er den minste pengeseddelen i Zambia som i Noreg er 0 kr! Dette har me kalla crazy shit og hatt morro med å samle opp desse tre mnd. Det har vorte ein del tilslutt!


Tysdag var dagen kommen der me måtte sei hadet til alt og alle. Eg og Carina gjekk i sentrum for å handle bussbillettar og då traff me på mange forskjellige som me måtte sei hadet til. Så reiste me på golfen, åt vår siste kyllingburger og sa hadet til alle der, før me reiste vidare til FSP. 
Treningsgutta på golfen!


Resten av dagen gjekk til pakking og avskjed med alt for mange folk. 19.45 kom taxiane og me måtte sei hadet til alle på Willma og dei i nabolaget. Veldig trist. Det var trist å reise heime i frå òg, men då visste eg at eg skulle treffe alle igjen om tre mnd. No veit eg ikkje når eller om eg treff folk igjen og det er ein ganske skummel tanke!!!

Etter ein humpete busstur med minimalt med søvn kom me (meg, Carina, Marianne, Cathrine og Benjamin) til Lusaka ca. 04.00 natt til onsdag. Me måtte vente i bussen i rundt to timar før me fekk reise ut. Sidan me kom midt på natta er det tryggast å halde seg i bussen til det blir lyst. Deretter reiste me til ChaChaCha/Lusaka Backpackers der me overnatta når me kom til Zambia. Me reiste til SOS Lusaka der me fekk omvisning. Det var ganske annleis frå Livingstone, mykje større og finare og dei hadde fleire fasilitetar. Resten av dagen går til å slappe av på Chachacha, sidan me er blakke alle mann, og me treng å lade batteria til i morgon. I morgon set me oss på flyet til Nairobi kl. 11.05, må vente mange timar i Nairobi før me forhåpentlegvis flyr vidare til Amsterdam. Fredagsmorgon landar me i Noreg!!

Vart ein veldig beskrivande blogg dette, men det er for mange tankar og kjensler i kroppen til at eg greier å skrive ned nokon av dei!

Men alt i alt kan eg sei at eg aldri kjems til å angre på at eg tok denne moglegheita og at det har vore veldig innhaldsrikt og lærerikt med alle dei opp- og nedturane me har hatt!

torsdag 22. april 2010

Kva eg har gjort på den siste veka


Fredagskvelden hadde vår kjære partyplanner laga til quiz i ekte Meieriet-stil med spørsmål som for det meste handla om Zambia og opphaldet her. Veldig kjekt, i vertfall sidan eg vann og vart: ”The smartest muzungu in Livingstone”! :p Litt flaks, men mest rein kunnskap! :p Renate hadde laga til ein finfin plakat og ein gåvepose med litt av kvart oppi.

Laurdag reiste eg og Carina på fotballkamp, Manchester United – Manchester City. Sidan eg vart med på Arsenal-kamp, vart det United-kamp også. På Arsenal-kampen tok det aldri heilt av i salen, men på United-kampen var det noko heilt anna! Det var ein del folk og dei klappa, plystra og skreik for kvar minste ting. Vart det innkast til United så jubla dei, såg dei Alex Ferguson så plystra og klappa dei, vart det frispark så jubla dei, scora United og vann i 93 minutt så: Klikka alle galen! Det var folk som hoppa og sprang oppå dei ustabile borda i kinosalen, dei skreik, jubla og heiv av seg United-draktene sine, nokon sprang òg oppå scena framfor lerretet og sprang rundt der i bar overkropp og jubla og skreik. Det er noko av det villaste eg har sett når det kjem til ein TV-kamp. Men gøy var det!

Etter kampen henta trekløveret meg i taxi også reiste me til Waterfront. Eg hadde endå ikkje vore på Zambezi River, for når alle dei andre var på cruise på kvinnedagen, var eg sjuk. Men no skulle eg, trekløveret, Marianne og Cathrine skulle på boozecruise/sunsetcruise. Det var veldig koseleg. Me såg ingen dyr, men solnedgangen var veldig fin og eg fekk endeleg teke eit cruise på Zambezi River. Eg fekk eit litt uheldig møte med ei pølse på dette cruiset, så resten av kvelden gjekk det i vatn og dogåing.. :p

Ein av dei tinga me har lært på Global Knowledge er forskjellen på ”Kulfilter A og B”. Vestleg kultur høyrer i hovudsak til under kulturfilter A, og afrikansk kultur under kulturfilter B. Kulturfilter A meiner mellom anna at dei kan kontrollere verda, dei likar å planlegge og analysere og tida går, mens kulturfilter B aksepterer verda som den er, har ei holistisk forståing og tida kjem. Når ein ser på desse punkta er eg VELDIG kulturfilter A, men denne veka fekk eg eit godt eksempel på at kulturfilter A ikkje alltid fungerer. Eg og Carina har vore litt slappe med treninga etter Sør-Afrika og Zanzibar, og denne veka hadde me planlagt kor flinke me skulle vere. Me skulle stå opp tidleg kvar dag, gjere skulearbeid nokon timar, reise på golfen og trene, gjere meir skulearbeid, så vere sosiale på kvelden. Dette har då ikkje gått etter planen.. Me starta bra på søndagen med både trening og skulearbeid. Måndag reiste me på siste souvenirshopping, vart så varme at me ikkje orka å trene, men fekk gjort litt skulearbeid. Tysdag tilbrakte eg heile dagen i senga og på do, før Carina på kvelden fann meg skjelvande i senga med feber, mageknip, ryggsmerter, hovudverk, astma-anfall osv, og kommanderte meg til legen. Det førte til ei natt på sjukehuset med oppkast, oksygenmaske og dospringing, og heile onsdagen var eg i senga der. Som alltid tok legen ein malariatest, det hadde eg ikkje, så då hadde eg mest truleg mageinfeksjon. Onsdagen hadde eg ikkje feber og kroppen generelt var ok, men magen var ikkje bra. Etter å ha låge i senga heile dagen utan å få mat (eg fekk i meg mat, men den var det Carina som hadde med) eller informasjon, spurte eg legen om eg kunne ta med meg medisinen og reise heim. Det fekk eg lov til, og eg fekk med meg ein haug med medisin og beskjed om å komme innatt neste dag. Sjukehusopphald passa veldig dårleg med det eg hadde planlagt, det stressar meg veldig og det var ikkje dette eg ville bruke den siste tida i Afrika på. Men, men ein kan ikkje kontrollere verda eller planlagge alt her i livet!

 Ein ting som var ganske koseleg med sjukehusopphaldet, var besøket! Carina var med meg heile natta og nesten heile dagen. Mr. Mupoti, Alice, vaskedama (har dessverre ikkje fått med meg kva ho heiter sjølv om eg har vore her i 3 mnd), Jolly, Vincent og nesten alle ”søskena” mine var innom på besøk, noko eg satte veldig pris på! På kvelden skulle eigentleg alle jentene på eit afrikansk danseshow som me har snakka om i to mnd, men eg fekk då ikkje vere med. I staden fiksa Robert og Benjamin ein pizza til meg, henta meg på sjukehuset og såg Champions Leauge kamp med meg. Mens me såg på kamp fekk eg sms om at Jolly hadde teke med frukt frå jobb til meg, men så hadde han fått høyre at eg var utskriven frå sjukehuset, så dei lurte på om dei kunne komme til Willma i staden. Så då kom Jolly og Vincent ein tur innom Willma med ei veske full av frukt! Veldig koseleg : )

Dagen i dag har til no vore tilbrakt i senga. Var veldig dårleg når eg vakna, men er litt betre no. Satsar på å vere i tipptopp stand i løpet av dagen. I morgon arrangerer me avskjedsfest på Willma der me har invitert MANGE. Folk me har jobba med, blitt kjent med, frå treningssenteret, dei som arbeidar på Willma, osv. Me har leigd inn DJ, skal bestille pizza og det blir tidenes fest på Willma! Eg håpar på å vere såpass oppegåande at eg kan vere litt sosial i vertfall, og kanskje greie å danse ein dans eller to?! :p 

Elles så pratar me ein del om dette vulkanutbruddet som tydlegvis øydelegg litt for flytrafikken heime.. Spenningsmomentet er: Kjem me oss heim igjen som planlagt, eller ikkje? 

torsdag 15. april 2010

Tilbake til kvardagen og plutseleg mindre å blogge om


Sidan mamma og pappa reiste har det ikkje skjedd mykje nytt her i Livingstone! Det har for det meste gått i skulearbeid, litt soling, litt avslapping, osv.
Ane (læraren vår) har vore her igjen, og måndag gjekk til rettleiing med ho og fagøkt på kvelden. Me kom fram til mykje spennande i rettleiinga, og eg gledar meg til å sjå korleis oppgåva blir når ho ein gong i tiden blir ferdig :p Det er både positive og negative sider med å skrive bacheloroppgåva si i Zambia; Det var veldig enkelt å finne eit interessant tema å skrive om, noko eg verkeleg har lyst til å finne ut om og som eg aldri kunne ha skrive om heime i Noreg. Det er òg veldig lærerikt og intervjue folk på engelsk frå ein anna kultur, for det er så mykje ein må tenkje på som ein ikkje tenkjer over når ein intervjuar norske. Men.. det er vanskeleg å finne teori ein kan bruke, for det er ikkje berre å gå på biblioteket eller søke på internett så finn ein alt ein treng! Det er òg ganske varmt, så midt på dagen har eg ikkje sjans til å jobbe. Eg har lyst å gjere ferdig så mykje som mogleg mens eg er her nede, dagane flyg så me får berre håpe eg kjem i mål. Ferdig blir eg nok uansett.

Tysdag fekk eg vere med Carina på jobb på FSP(Benjamin jobbar òg der, men han var sjuk). FSP står for ”Family Streghtnening Program”, og dei samarbeidar med SOS. Dei hjelper familiar som er veldig fattige, mellom anna med å betale for skule, uniform, mat, og liknande. Eg hadde ein del FSP barn i klassa mi, og var interessert i å sjå korleis FSP arbeidar. Som dei fleste plassar eg har vore her nede, så gjer dei ein kjempe jobb! Carina måtte sitte og gjere kontorarbeid dei første timane, mens eg fekk vere med to av karane på kontoret rundt til ulike heimar. Me gjekk rundt i nærområdet til kontoret. Nokon av besøka var til nye heimar for å finne ut om dei var så fattige at dei kunne få hjelp eller ikkje. Alle me besøkte var fattige, men dei kan ikkje hjelpe alle med ein gong, så dei må velje ut kven som har det verst.. :/ Nokon av besøka var til heimar dei allerede hjelper, for å sjå korleis det gjekk osv. Så var det tilbake til kontoret ei lita stund, før me skulle køyre for å besøke ein ny familie. For å komme dit måtte me køyre langs jernbanelinja før me kom til eit hus som var 8 km unna vanleg veg, og 13 km unna eit marked. Der var det veldig Afrika med jordhytter, høns som gjekk rundt, ingen straum (men dei hadde fått tak i eit solcellesystem som dei brukte, veldig smart!), osv. Etter at sosialarbeidaren hadde fått den informasjonen han trengte, reiste me tilbake til kontoret. Så fekk me vere med på eit ”community meeting” der ein del av kvinnnene og tre menn i området snakka om.. ja, kva dei snakka om anar eg ikkje for dei snakka på zambisk, men eg trur møta handlar om korleis dei kan forbetre samfunnet dei bur i, osv, også får dei hjelp av sosialarbeidaren.

Elles så flyg tida no, eg er ikkje heilt klar for å heime igjen. Kunne berre Knut Are og alle kjære heime komme hit og vore med meg ei stund, så hadde det vore mykje betre. Eg kjems til å komme heim med blanda følelsar; veldig glad for å sjå alle heime, men kjems til å savne alle her, både dei som bur her og ikkje minst alle eg har budd oppå i tre mnd (seperasjonsangst!), Livingstone, Zambia, Afrika! But, that’s life.

fredag 9. april 2010

Travle dagar i Livingstone

(Nyttar sjansen til å laste opp bilete frå dagane mamma og pappa har vore i Livingstone mens eg endå er på Fairmount der internett har vore ganske så bra!)

Ein dårleg nyhet: Når me kom til Livingstone var det ingen av oss som fekk bagasjen vår. Me fekk beskjed om at den skulle komme til hotellet neste dag, og det gjorde den. Når eg opna kofferten såg eg fort at noko ikkje var som det skulle. Kleda låg over alt og alle glidelåsane var opna. Eg tenkte først at det kanskje hadde vorte opna i sikkerhetskontrollen, men så såg eg at den knall gule Sør-Afrika landslagsdrakta eg hadde kjøpt var vekke! Etter ei stund fann eg òg ut at eit gravert gullhjertesmykke eg har fått i frå Knut Are var vekke :( Frykteleg kjipt, i vertfall sidan bagasjen var sjekka inn så dette har skjedd inne på flyplassen i Johannesburg mest truleg av nokon som jobbar der! Mamma og pappa skal politianmelde det og snakke med flyselskapet når dei kjem på flyplassen idag. Me har veldig gode erfaringar med Sør-Afrika, men IKKJE med Johannesburg! Me får berre håpe at dei betrar sikkerheten til  VM, så det ikkje skjer nokon store skandalar då!

Onsdag reiste me først til David Livingstone High School så mamma fekk møte Mr. Matimba igjen og avtale nærmare møte. Han tok godt i mot oss og var så glad for å sjå oss, spesielt mamma igjen! :) Me fekk litt omvisning på skulen og reiste innom special class der eg var og observerte ein dag. Carina var med oss og. 

Mr. Matimba :)

Etter det tok me turen innom Cheshire Home så mamma og pappa fekk sjå korleis det var der. I tillegg var det siste dagen før ferien, så eg ville sei hadet til alle dei herlege barna!


Pappa, Evelyn (læraren på Cheshire Home), meg og Carina

Så gjekk turen til SOS. Barna var desverre ferdige i barnehagen før ferien, men lærarane var der. Carina tok oss òg med rundt i nokon av husa der me fekk helse på mange av dei herlege barna. Trur det vart eit ganske sterkt møte for mamma og pappa..

Det er ikkje lov å ta bilete av barna på SOS.



Mens me holdt på med denne Livingstone sightseeingturen, måtte så klart eg og Carina vise dei golfklubben! Der åt me den vanlege Chicken Burger with rice and gravy :p Me viste dei og treningssenteret og bassenget og dei fekk helse på eine trenaren, Bright.





Me er fire som går fast på golfen, meg, Carina, Benjamin og Robert.


To av dei herlege kelnarane me har bestilt mykje kyllingburgar av, ville vere med på bilete :)


På kvelden spanderte mamma og pappa middag på alle som var friske og ville vere med :) Me kosa oss mykje på Rhapsody. Etter det reiste nokon av oss til Mukamba Bar & Restaurant i håp om at ei dame som er veldig flink til å synge, skulle vere der. Ho var desverre i begravelse i Lusaka, så musikken den kvelden var ikkje så veldig bra..


Torsdag var me innom High School igjen, der ein del av skulekoret sang og dansa for oss.





Me fekk og helse på ein del av lærarane og me vart stilt ut framfor alle. :p 


Mamma fekk gåver, og delte òg ut ei gåve: To lærarar, to elevar og Mr. Matimba skal få komme til Hafslo i haust og besøke vgs!









Det var siste dagen på skulen før ferien, så alle elevane stod samla og venta på rektoren.


Pappa får seg ein ny venn på facebook :p



Etter endå eit fint møte med high school, måtte me så klart ta turen til Victoria Falls! Først gjekk me ned til Boiling Pot. Det var mykje meir vatn no enn forrige gang, så me kom ikkje så langt ned. I tillegg såg me nesten berre røyken frå fossen og ikkje sjølve fossen, og me vart klissande blaute sjølv om me hadde regnponcho! Men det var deileg med ein natural shower igjen :)



Idag hadde eg store planar om å vise pappa og mamma ein township og ein village, men det har høljeregna i heile natt og gjer det framleis, og som nemnt tidlegare stoppar nesten Livingstone opp når det regnar. Vegane er så dårlege at dei blir heilt oversvømt når det regnar så mykje. Det var ganske dumt, men dei får sjå det neste gang dei kjem til Livingstone ;) 
Me får berre håpe på at flyet går som det skal. 

Det blir trist at dei reiser, men det blir godt å flytte "heim igjen" på Willma og komme tilbake til kvardagen. Det er ikkje lenge igjen til me skal heim igjen no, så me må nyte den siste tida så godt me berre kan!

tirsdag 6. april 2010

Fantastisk ferie med mange opplevingar!

(Til informasjon så har eg lagt ut nokre fleire bilete under innlegget om Table Mountain for dei som har lyst å sjå det..  bla deg heilt ned på sida og trykk på eldre innlegg.) Blir òg veldig happy for ein kommentar eller to! :p


Etter ein fantastisk ferie er eg no "heime" i Livingstone igjen, men eg er ikkje heilt heime for eg er på Fairmount og ikkje på Willma. Eg skal bu på Fairmount til mamma og pappa reiser. Men kvelden har me tilbrakt på Willma der me (Maren --> Du er ein super god grillsjef! Tusen takk :) har grilla og kosa oss, min norske familie i Norge og min norske familie i Zambia! ;) Utruleg kjekt å sjå alle igjen!

Sia eg har vore utan internett-tilgang den siste tida, og opplevd VELDIG mykje, blir dette ein lang blogg med mange bilete, så de får lese de som orkar og har tid :p

Onsdag:
Etter å ha slappa av attmed bassenget (dessverre overskya, men behageleg temperatur), var det tid for litt mat igjen før det var ny safari. Me hadde med oss ein familie med mor og to barn frå Durban i Sør-Afrika, som har vore her på safari mange gonger. Det var greitt å treffe nokon andre enn nordmenn på denne lodgen, for når gruppa med nordmenn som var her tidlegare på dagen reiste, kom det eit busslass med 13 stk frå Kristiansand!
På denne safarien var me på jakt etter White Rhino, nasehorn. Me køyrte rundt og leita og såg mykje på vegen; sebra, gnu, kudu, impala (så klart), elefantar, andre bukkliknande dyr og ein liten krokodille.




Det har regna veldig mykje i regnsesongen, så eine brua har mista ein del av betongen. Då hadde dei laga til noko profesorisk der bilen akkurat gjekk over utan å køyre utfor!
Trackeren Jeremy passar på at me kjem oss trygt over!

Etter ei stund køyrte Phillip utafor vegen og nedover i bushen. Der såg me plutseleg eit nasehorn med ein liten unge! Så no har eg sett 4 av ”the Big Five”, manglar leopard, men den tvilar eg på at eg kjems til å få sjå! Me køyrte etter nasehorna, men dei ville ikkje vere med oss, så dei reiste frå oss. Me såg fleire, men kom ikkje heilt innpå dei (men nærme nok).
 
Så reiste me dit løvane hadde vore tidlegare på dagen, og fann igjen nesten alle som låg og sov litt lenger oppe i skråninga.
  


Deretter var det tid for drink og litt mat og då fekk me plutseleg nærbesøk av nokre elefantar. Kjenner eg blir ekstra skeptisk når eg ser at trackeren og sjåføren byrjar å bli skeptisk! Alle måtte hoppe inn i bilen, og vente på at elefantane reiste sin veg. Eg byrjar å få ein del nærmøte med ville afrikanske dyr no! Ganske skummelt, men veldig spennande!






Jeremy (trackeren) grilla spyd til oss med kudukjøtt, noko som var veldig godt! På veg heim igjen vart det mørkt, og då var det endå meir skummelt å vere ute i bushen! Høyrte berre masse forskjellige lydar, men såg ingenting! Me såg to ugler og ein slange (!). Fekk ikkje med meg kva slangen heitte, men den var i vertfall giftig og lammar nervesystemet ditt viss du blir bitt!
Etter ein fin dag med veldig bra safari, var det tid for middag igjen. Før middagen fortalte sjefen på lodgen litt om historia til zuluane (ein stamme frå Sør-Afrika), og plutseleg høyrte me rop og plystring. Då kom det ein gjeng med zuluar som sang, dansa og spelte trommer for oss. Makan til kondis og spenst skal du leite lenge etter!



Kokken på denne lodgen er heilt fantastisk og lagar dei beste gourmetrettar. Denne kvelden var det koldtbord med mykje forskjellig god mat, og me kosa oss med familien frå Durban og Phillip.

Torsdag:
Phillip (og Jeremy som er tracker) er ein mann som leverar! På den første safarien me var på i går, spurte dei me var med om me kunne leite etter løvene. Då fant me heile løveflokken og fekk vere midt i mellom løve- og elefantflokken. På den andre safarien i går sa han at me skulle leite etter nashorna, og dei fann me. Nokon av dei andre som var på safari på onsdag var så heldige å fekk sjå fire gepardar som låg rett attmed bilen, rett etter at me hadde vore på same plass. Dette trur eg irriterte Phillip litt, og på morgonsafarien på torsdag sa han at me skulle prøve å finne gepardane. Etter å ha køyrt rundt ei stund, sett andre dyr og sett på ferske gepardspor, fant me den eine geparden! Eit fantastisk flott dyr, som me kom ganske nær. Den gjekk ganske i eitt med graset, og me køyrte etter den fram til den gøymte seg inni nokre tre. Korleis Jeremy og Phillip i det heile greidde å sjå denne geparden som var ganske langt unna, er utruleg for meg, men dei overraskar stadig!



Etter å hatt ein del behagelege timar på solsenga attmed bassenget, var det tid for ein ny safari. Phillip spurte oss om det var noko spesielt me hadde lyst å sjå. Me svarte buffalo. Phillip sa me skulle prøve, men det kunne bli vanskeleg for dei var sist sett oppi fjella. Når me starta safarien såg me mørke skyer borti horisonten, så Phillip sa at me skulle køyre fort bort til fjellet, leite etter buffaloane og så reise tilbake igjen. Etter å ha køyrt i kanskje 5 minutt smilar Jeremy og Phillip og peikar bortover mot elva. Der stod det tre buffalo-oksar som hadde skilt seg frå resten av flokken!! Me køyrte så me kom så nærme dei som me kunne. Jeremy og Phillip leverte igjen!!


Sidan me fann buffaloane med ein gong, hadde me tid til meir safari, så me køyrte vidare. Det regna ganske masse heile onsdagskveld og natt, og det såg me tydeleg på vegane som var sleipe og gjørmete. Safaribilen har vist at den kjem seg fram nesten overalt, før me plutseleg stod bomfast! Då sat me fint i det!





Phillip og Jeremy tok det heile ganske med ro og lo og såg ut som dei kosa seg mens dei fant tre og kratt til å stabilisere under hjulet. Me prøvde å køyre etter ei stund, og alle i bilen klappa når me trudde me hadde komme oss laus. Men då kom det plutseleg eit brak, før hjulet datt i gjennom bakken!
Då var det berre å flytte alt materialet dei nettopp hadde funne, alle gjekk ut av bilen og Phillip fekk etter kvart bilen på trygg grunn. Me køyrte rundt utan noko spesielt mål, før Jeremy peika inn i skogen (den mannen har falkeblikk, han ser ALT). ”White rhino” sa han fornøgd. Eg såg ingenting, før dei plutseleg stod rett framfor oss i vegen!



  
Så fekk Phillip beskjed frå ein safarimann på nabolodgen, at han hadde funne dei fire gepardane. Me køyrte dit, eg såg som vanleg ingenting mens Jeremy og Phillip peika ivrig oppover skråninga. Eg måtte komme heilt oppi gepardane før eg greidde å sjå dei, for dei låg flate på bakken og sov. Me spurte korleis dei hadde greidd å sjå dei, og då svarte dei at dei hadde sett halen bevege seg! Gepardane hadde nettopp jakta på ein impala, så dei var utslitte og hadde fulle magar!


  




Etter endå ein vellukka safari var det tid for meir mat, denne gongen kudufillet, nesten like godt som impala!

Fredag:
Det regna kraftig heile torsdagskvelden og natta, så elva var blitt så stor at me ikkje fekk kryssa ho. Det er på den andre sida av elva mesteparten av dyra er, men me reiste ut likevel for å sjå kva me fann. Jeremy såg ein elefant inne i bushen, og Phillip køyrte så me fekk sjå betre. Då såg me plutseleg minst 22 elefantar som bada, leika og kosa seg i vatnet mens dei kryssa elva! Eit fantastisk syn som ikkje kan beskrivast :)




Me såg ikkje mange dyr denne dagen, men me fann igjen dei fire gepardane som låg midt på ein open plass. Like late som i går, men ikkje fullt så store magar!


Etter fantastiske dagar med safari, var me klar for nye eventyr. Etter ein god frukost sette me oss i bilen og køyrte lenger nordover, nesten til grensa til Mosambique. Målet var Thonga Beach Lodge. Denne lodgen er plassert i eit ”World Heritage Site” ved Mabibi. Isimangaliso Wetland Park vart Sør-Afrika sin første ”World Heritage Site” i 1999. Parken er på 332 000 hektar, inneheld tre store innsjøsystem, 8 ”interlinking” økosystem, 700 år gammal fisketradisjon, mesteparten av Sør-Afrikas gjenverande sumpskog, Afrikas største ”estuarine system” og 25 000 år gamle vegeterte kystdyner.

Det er den einaste plassen i verda der nashornet og elefanten delar økosystem med verdens eldste fisk, ”coelacanth” (veit ikkje det norske namnet) og kvalen. Parken inneheld 526 ulike artar med fugl, 50 amfibium, 128 reptilartar, inneheld innsjøsystem, sumpar, ”reed and papyrus wetlands”, savannah, vegeterte kystdyner og sandstrender. Det marine økosystemet har 1039 fiskeartar, 100 korallartar, 812 marine ”mollusc” og store delfinpopulasjonar og mange kvalar.

Me køyrte i litt over tre timar, før me kom dit me måtte parkere bilen og vente på skyss. På vegen var det skikkeleg ”Real Africa” igjen, med alt i frå Township-hus til strå/jordhytter. Grunnen til at me måtte parkere bilen og ikkje kunne køyre sjølv lenger var at vegen er så dårleg så vanlege bilar kjem ikkje fram. Me vart henta opp i ein safariliknande bil, og køyrte i ca. 1 t og 15 min. Det hadde regna mykje, så det var store dammar i vegen, og vegen bestod av liknande sand som ein finn på strender. Vegetasjonen rundt var nydeleg med store skogar, og til slutt såg me havet. Me køyrte bratt nedover og kom til lodgen vår. 


Hytta vår er i ekte Robinson Crusoe-stil, og me treng ikkje gå langt før me ser utover den vakre stranda og havet! Det er ikkje mobildekning her, og dei har funne ein profesorisk måte å få straum på (men internett har dei! I vertfall på maskina til manageren) Her skulle me vere i tre netter, snorkle, bade, gå tur i bushen, padle på elva med flodhest og krokodille, m.m. 






        


Inngangen til hytta vår
Laurdag:
Me starta dagen bra med ein bushwalk med den innfødte zuluen Maxwell. Lodgen er 68% statleg eigd, så dei fleste som arbeidar her er født i området.
Maxwell tok oss med på tur inn i bushen i om lag 1 t, der han fortalte om trea og insekta me såg og fuglane me høyrte. Det var ein veldig fin start på dagen, og me lærte mykje nytt.

Her er eit tre som har hatt honning i seg. Når Maxwell og vennene var barn, pleidde dei å leite etter honning inne i desse trea. Då tente dei på gummi frå bildekk som dei tok inni hola for å røyke ut biene og gjere dei svimle. Ein dag hadde dei gjort dette, og då var det ikkje bier som hadde komme ut, men ein Black Mamba! Den hadde tydlegvis òg vorte svimmel av gummirøyken, så den rakk ikkje å gjere dei noko, men dei lærte at dei aldri skulle stikke handa inn i treet. Etter det hadde dei byrja å bruke ein spiss pinne, for å finne ut om det var slange inni treet eller berre bier.


I botnen av dette treet er det ein dam med vatn. Dette brukar dyr og fuglar å drikke av, og zuluane brukar det som helbredande vatn.

Dette har vore huset til ein snigel. Inne i skalet kan ein finne ei slags saft viss ein vrir av tuppen. Dette likar apekattane og andre dyr og ete, og er ein heldig å finne skalet før dyr har øydelagt det, kan ein i følgje zuluane bruke safta til å helbrede astma!






Maxwell: Som alle levande skapningar kan òg tre bli sjuke. 
Dette stakkars treet har kreft, du kan sjå svulstane.



Skilt som står på vegen ned til Thonga Beach Lodge

Beautiful Thonga Beach!

Etter at eg og pappa hadde teke oss ein joggetur på stranda, var det tid for Ocean Experience. Då køyrte me båt ut på havet på leit etter delfinar og kvalar (fann dessverre ingen), og for å snorkle ved nokon av korallreva dei har her. Eg elskar å bade så det passa perfekt for meg. Såg masse fiskar eg ikkje anar kva heiter og to skilpadder. Etter å ha slappa av ei stund ved stranda, sette me oss i bilen med Eugene for å køyre til eine innsjøen og sjå på solnedgangen. Maxwell og eine bartendaren var med på vegen for å hoppe av der dei budde. Dei fortalte om det me såg rundt oss og litt om korleis det var å bu der. Så køyrte me nedover til innsjøen.



Der fekk me drinkar, lokale cashewnøtter og litt kjøtt, mens me såg på at sola gjekk ned i lag med ein del fuglar, ein krokodille, tre-fire flodhestar og ein zulu! Veldig flott! :)







Viss du ser godt etter ser du ein flodhest ute i vatnet oppe til venstre. Krokodillen var vanskeleg å sjå, men den ligg på flata oppe til høgre.



Ein del av dei som arbeidar på lodgen song og dansa tradisjonelle zulusongar/dansar for oss før mat.

Søndag:
Denne dagen var ikkje fullt så tettpakka som dei andre. Eg og pappa stod litt tidleg opp for å ta oss ein joggetur på stranda. Kva er vel betre enn å starte dagen med å jogge på ei lang sandstrand også hoppe i havet?!
Resten av dagen tilbrakte me ved stranda og snorkla i ca. 1 t ved land. Endå ein deileg dag!

 
Siste kvelden på Thonga Beach Lodge

Måndag: 
Denne dagen starta me med ein kajakktur på innsjøen for å sjå etter flodhestar og krokodiller. Eg og pappa var i ein kajakk og mamma og Warrick (han som var med oss frå lodgen) i ein. Det var ganske tungt arbeid så tidleg på morgonen før frukost, men det var veldig flott. Me såg igjen dei fire flodhestane me såg når me såg på solnedgangen, men me ville ikkje komme så alt for nærme dei.. Så var det å sette seg i bilen til Maxwell og forlate flotta Thonga Beach og alle dei hyggelege folka som arbeidar der! Etter å ha humpa oss fram til leigebilen, eller "turtle on home" som det stod på eit skilt, køyrte me til flyplassen i Durban. På vegen stoppa me innom eit Fair Trade-marked, der hovudsakeleg zulukvinner har laga det dei sel. Og der hadde dei masse fint! Skulle hatt ein ekstra koffert slik at eg kunne handla alt eg kunne tenke meg her nede! 


Frå Durban flaug me til Johannesburg der me overnatta ei natt, og tysdag sette me nasa heim mot Livingstone!