lørdag 6. februar 2010

Vore i Afrika ei veke

ONSDAG:

Onsdag var det grillfest, der me gjekk ilag og handla inn mat og drikke og kosa oss mykje! Middagen vart ikkje ferdig før 10-halv 11 om kvelden, på grunn av uventa problem med grillen.. Til slutt steikte me alt kjøttet i steikepanne og grilla maiskolbane, så me fekk no nett smake grillsmaken. Alice, som er kokka på Willma og den afrikanske mora vår, var med oss og åt også :) Eg var den første som la meg sida eg ikkje var i form, men nokon av dei andre ga seg ganske mykje seinare, eventuelt tidlegare.. :p

Frosk på Willma

Juliane og Maren prøver å få fyr på grillen



Får vel slenga inn eit bilete av meg sjølv og..



Maren var grillsjef!



Carina og Stine styrte på kjøkkenet



Kylling, eit eller anna kjøtt, ris, salat og grilla maiskolbe!

TORSDAG:
Torsdag gjekk me først for å møte Bonface som tok oss med til distriktssjefen for utdanning i Livingstone. Han var veldig hyggeleg og tok godt i mot oss, og eg måtte skrive helsing i boka hans (sidan eg er gruppeleiar denne veka)
På besøk hos distriktssjefen for utdanning

På ettermiddagen hadde me først "torsdagsklubben" som me skal ha kvar torsdag. Der skal me ha ca. 1 t med undervisning, og 1 t med refleksjonar og samtalar oss i gruppa. Denne torsdagen hadde Barbara undervisning om Gender and Society i Zambia. Etter det avtalte me litt korleis me skulle gjere det med mat og gruppeleiar framover.

Etter det igjen, reiste eg, Marianne, Robert og Benjamin på Rite Pub & Grill for å ete middag og høyre på konsert. Nokon av dei andre kom etter kvart. Det var berre instrument, og dei spelte ulik musikk med afrikansk vri, blant anna Beatles!:)


Konsert på kvelden

FREDAG:

Fredag starta me på museumet der me fekk høyre og sjå litt om historia til Zambia. Eg er blitt ein erfaren museumgangar etter USA-turen eg og Knut Are hadde i sommar, så det var heilt greitt. Etter at me hadde ein pause ei stund i sentrum, køyrte me til Dalice University som ligg litt utanfor sentrum. Der fekk me omvisning på uteområdet og biblioteket og me helste på viserektoren. 
På kvelden møtte me 8 frå Høgskolen i Trondheim der dei bur, før me reiste til Tony. Tony er ein mann som den norske gruppa i fjor hadde mykje kontakt med. Plutseleg ein dag stod han på Willma, og sidan då har me sett han.. :p Han vil køyre oss over alt om så me ringer han eller ikkje.. Det er jo greitt det.. I vertfall så opna han og ein kamerat ein backpacker plass for nokre veker sidan, så me har vore der nokre gonger. Formen til meg og Cathrine var ganske dårleg (forkjølelsen er betre, men no er det magen som ikkje har det heilt bra), så me reiste heim når dei andre reiste på disco.


På museum. Det var ikkje lov å ta bilete inne på museumet.








Utafor Dalice University



Uteområdet på Universitetet



Biblioteket



Gekko!



Hagen på Universitetet


Klasserommet til pre-school teachers studentane 



Bilen me køyrte heim att



I dag er formen ganske dårleg for Cathrine, Maren og meg så det blir nok mest mogleg avslapping. Me veit ikkje om me er blitt matforgifta eller kva det er, men me har i vertfall vore dårlege nokre dagar.. Men, men det høyrer med!

Håpar alt er bra heime i det kalde nord! :)


3 kommentarer:

  1. alt vel i det kalde nord :) flott å sjå alle dei opplevelsane de har der nede :) synd at de sku bli sjuke da men :( håpa de kjeme dikka snart! gleda meg til raport etter utplassering.. :)

    SvarSlett
  2. god bedring!
    Kjers10
    P.S. : ta med ein gekko heim te meg.

    SvarSlett
  3. Takk :)
    Trur det kan bli litt vanskeleg å ta med ein gekko heim Kjersti.. trur ikkje eg kjem i gjennom tollen

    SvarSlett