lørdag 30. januar 2010

LUSAKA

No sit eg på Lusaka Backpacker, og har fått kjøpt meg internett i 1 time!
Godt å vere ferdig med flyturen, men det skal bli enda betre å komme fram til Livingstone!
I går når eg kom på Flesland og eg skulle sjekke inn på eiga hand, fekk eg berre sjekka inn til Nairobi, ikkje heilt fram! Rimeleg stressa sidan alle dei andre fekk boarding pass heilt fram.. Etter litt styr snakka eg med ho i bagasjeinnsjekkinga, og då skreiv ho ut boarding pass heilt fram til meg.
Det var trist å ta avskjed med Knut Are, og eg angra ei stund på at eg i det heile tatt skulle reise, men det hadde eg forventa ;)

Flyturen var lang og sletsom med minimalt med søvn, men utruleg nok gjekk alt bra og alle fekk bagasjen sin.
Berre drosjeturen frå flyplassen til Lusaka gav utruleg mange inntrykk. Då såg eg verkeleg at eg var komme til Afrika! Mange folk gjekk langs vegen, nokon med ting på hovudet, andre i dress, nokon plassar stod det geiter botn fast til nokre tre, osv. Mykje spennande og nytt å sjå!
Når me kom var det ca 25 grader og veldig lummert. Klamt og godt med andre ord.
Etter at me hadde komme oss i hus, skulle me ut for å kjøpe bussbillettar til i morgon og handle oss mat.
Det er regntid no, og det fekk me brått erfare! Me såg mørke skyar borti horisonten, men tenkte det skulle gå bra å gå for å handle mat.
Plutseleg kom det verste regnet eg nokon sinne har opplevd og sauflokken på 11 kvite nordmenn sprang bortover vegen for å finne ein plass me kunne gå inn. Eg innbillar meg at det såg veldig bra ut for alle dei som var ute og køyrte bil! Me vart kliss i gjennomblaute, men me fekk oss til slutt mat og nokon til å køyre oss tilbake til backpackerplassen. Der fekk me på oss tørre kleder og fekk ete litt mat, så då kom humøret seg etter kvart.
I morgon klokka ni reiser me med bussen til Livingstone. Det skal bli utruleg godt å komme seg til ro på den plassen me faktisk skal vere på i tre mnd!

Snakkast

3 kommentarer:

  1. Spennande:D bra at du ha komme trygt fram!
    håpa det bli lagt ut litt bilde her og ettekvert;)
    kjers10

    SvarSlett
  2. Godt å høyre at du e kommen trygt fram! Her kosa vi oss både folk og dyr.. =) Katten har fått vere ute i 18 minus idag og Tassen har det kjekt her virka det so.. =)

    SvarSlett
  3. Den katten ligna ein smule på Poncho.. :P

    Susanne

    SvarSlett