mandag 8. februar 2010

Første dag i praksis

Vakna spent og smånervøs, visste ikkje heilt kva eg skulle vente meg.
Tony kom og henta oss og køyrte oss til SOS Childrens Village. Der gjekk me inn til ein mann i administrasjonen og fant fort ut at han ikkje visste kven me var. Då tenkte me med ein gang at no var det noko styr, og at dei ikkje var klar over at me kom. Han tok ein telefon til ei som heldigvis visste om oss. Eg, Robert og Cathrine gjekk ned til kindergarten og snakka med sjefen der, mens Carina og Benjamin vart igjen. Det er tre avdelingar, ein avdeling for 2-4 åringar, ein for 4-5 åringar og ein for 5-6 åringar. Cathrine skal vere på den yngste, eg på den mellomste og Robert på den eldste.
Eg var eigentleg ganske usikker på kva eg skulle sei og gjere heile dagen, kva barna hadde lov til og ikkje lov til, kva som skulle skje, osv.. Det vart veldig mange inntrykk på ein gang. Det er noko som er mykje likt som i Noreg, men og mykje som er veldig forskjellig! Dei brukte mykje sang og ein kan kanskje samanlikne timane litt med timane i ein norsk 1.klasse. Berre at her er det 30 4-5 åringar og 1-2 vaksne! Med omsyn til teieplikt veit eg ikkje kor mykje eg kan skrive om kva som skjedde i timane, men eg kan i vertfall sei at noko av det vart ein brå overgang.
Sjølv om dagen ikkje var så lang (09.00-12.15) så er eg ganske sleten no, og har mange inntrykk å fordøye og tenke over.

Ikveld skal me på kino; Sherlocks Holmes, for å få noko heilt anna og tenke på!
Men eg trur det vil bli veldig lærerikt og ei god utfordring og erfaring å ha med seg seinare!

Carina og Benjamin klare for første arbeidsdag.
(Idag var så klart ein av dei varmaste dagane med den sterkaste sola)


"Første skuledag". Nyinnkjøpt skjørt for anledningen!

5 kommentarer:

  1. spennande me første praksisdag! skjønna at det e masse nytt å fordøye, men snart kjemme du nok inn i rutinane, kå ungane ha lov te og ikkje lov te og kåleis dagane går der, og da blir det nok kjekt! :) vil jo alltid ver ein omstilling når du reise halve kloden rundt for å ta praksisen din=)

    SvarSlett
  2. -helsing kjers10 :p

    SvarSlett
  3. Er artig å følgje med på det de får vere med på! Er sikker på at dette blir ei kjempeoppleving og veldig lærerikt! Høyrest ur til at du er i betre form òg, så no vil det berre gå oppover, og tida vil fly for fort!

    Helsing mamma

    SvarSlett
  4. heisann :)
    er så kjekt å les om hvordan du har det. kan tenke meg at du sitter igjen med mange intryk etter første dagen. kommer nok til å bli en lærerik praksis:) godt å lese at du har blitt i bedre form:)
    hilsen Elisabeth

    SvarSlett
  5. Har dei giraffar i barnehagen?
    Ditta går bra veit du. kos deg:)

    SvarSlett