lørdag 7. mai 2011

Informasjon til bryllupsgjester

Etter at eg fekk spørsmål frå to av bryllupsgjestene (Kjersti og Christoffer) for lenge sia, om eg kunne lage eit blogginnlegg med praktisk informasjon angåande reisa, opphald, aktivitetar, med meir, så kjem det endeleg!

Reise: 
For å komme direkte til Livingstone med fly, må ein fly innom Johannesburg. Her har ein mange moglegheiter. Dei einaste som flyr frå Johannesburg til Livingstone er British Airways og South African Airways. Ein kan bruke dei ifrå Noreg, eller ein kan kjøpe billett frå Noreg til Johannesburg også frå Johannesburg til Livingstone. Ein kan søke på alle desse ulike søkemotorane som finn dei billegaste reisene, ein kan søke på Lufthansa, KLM, British Airways, South African Airways, osv. Eg har faktisk funne ein del "billege" (alt er relativt) reiser ved å søke alt gjennom eit flyselskap.
Ein anna moglegheit er å fly til Lusaka og ta buss der ifrå til Livingstone. Denne bussturen tek ca. 6 timar (også her er alt relativt), og ein kan få bussar som har same standard som Noreg. På bussturen får ein eit innblikk i Afrika og får sett litt av Zambia. Det går også mindre fly frå Lusaka til Livingstone.
http://www.flyzambezi.com/
Det lønner seg å bruke litt tid på dette og sjå på prisar, tid ein brukar på reisa og kor mange mellomlandingar, osv. Det er mange moglegheiter. Det er også lurt å ikkje vente så alt for lenge med å bestille, sidan det er midt i ferien. Det nyttar ikkje å tenke slik som ein gjer ved "sydenturar" at ein kan få billegbillettar viss ein ventar lengst mogleg, for det går ikkje charterfly til Zambia! :p
Tips: Viss de skal mellomlande i Johannesburg, sjekk når på døgnet de landar der og når neste fly går. Anbefalar ikkje å tilbringe for mykje tid i Johannesburg, ein stor by med mykje kriminalitet, og det beste er å fly frå Europa til Johannesburg om natta slik at ein kjem dit om morgonen, og kan reise rett til Livingstone.

Overnatting:
Her er det veldig mange alternativ og det kjem veldig an på om ein vil bu nærme sentrum eller Victoria Falls, billeg eller dyrt, kva standard ein vil ha, med meir. Taxi er relativt billeg i Livingstone og det er aldri problem å få tak i taxi, ivertfall ikkje på dagtid!
Finn ikkje så mange når eg søker på norske sider, men når ein søker på engelsk finn ein meir. Søk og sjå på pris og berre spør viss de lurer på om eg veit om lodgen er bra eller ikkje.
På denne sida fann eg litt forskjellig: http://www.safarinow.com/destinations/livingstone/hub.aspx
og på denne: http://www.zambiatourism.com/travel/cities/livingstone-where-to-stay.htm

Angåande natta etter bryllupet så er det ein anbefaling å bu i nærheten av David Livingstone Safari Lodge&Spa. Viss ikkje er det lurt å gjere ein avtale med ein eller anna taxisjåfør på førehand om å hente deg/dykk når bryllupet er ferdig (me må skru av musikken 00.00 av hensyn til dei andre gjestene). Det blir ikkje organisert transport til og fra bryllupet. Lodgen ligg eit godt stykke utanfor sentrum. Eit godt alternativ her er å overnatte på Waterfront. Då kan ein berre gå igjenom hagen til David Lstone Lodge, så kjem ein til Waterfront. Her går det også an å sove i telt med seng, 40 dollar for to personar, 30 dollar for ein person i eit telt, utan frukost og med felles dusj. For den eventyrlystne kan ein bruke eget telt til 10$ per person.
 Ellers kan ein få fine rom her også (me såg romma når me var der i påsken). Dei har aircondition og myggnetting.
Prisar i dollar (inkludert frukost):
Riverside twin chalets -    US$105 per person
Riverside single chalets -  US$140
Standard twin chalets -     US&85 per person
Standard single chalet -    US$130
Executive double chalet-  US&120 per person
Executive single chalet -   US$165

Det går for eksempel an å bu billeg resten av veka og spandere på seg litt meir natta etter bryllupet for å gjere det enklare med tanke på transport.
Andre hotell i nærheten er for eksempel Chrismar Hotel http://chrismarhotels.com/index.php?option=com_content&view=article&id=13&Itemid=8

Chrismar Hotel pleidde me å reise til når me ville ha litt ferie og luksus.

Eit billeg alternativ er backpacker-plassen Fawlty Towers: http://www.adventure-africa.com/
Ein meir bråkete backpacker-plass, Jollyboys: http://www.backpackzambia.com/


Har ein lyst å slå litt på stortromma, fekk me eit tilbod frå David Livingstone Safari Lodge&Spa.
For US$650 per person kan ein få to netter på David Livingstone inkludert frukost, Victoria Falls og Sunset Cruise og transport til Botswana der ein får to netter på Chobe Marina Lodge inkludert tre måltid og 2 game aktivitetar (f.eks safari og båtsafari) per person. Deler ein opp alle prisane, er eigentleg dette eit kjempe tilbod! Og romma på David Lstone er KJEMPE fine! Då kunne ein overnatta der f.eks natta til bryllupet og natta etter bryllupet og Botswana før eller etter. Absolutt noko å tenke på.
http://www.chobemarinalodge.com/
http://www.dlslandspa.com/

Når det gjeld overnatting er det lurt å hive seg rundt, sjekke og bestille snart. Ivertfall viss ein vil ha billegare overnatting. Fleire av dei me snakka med som har fått store reservasjonar frå ulike selskap allereie. ZigZag hadde for eksempel fått reservasjon på heile hotellet 26.-27.desember (men dette kunne endre seg). http://www.zigzagzambia.com/

Zigzag er ein veldig grei plass med god mat (frukosten er ikkje så fantastisk), roleg område og fint basseng. Ho sa det var mogleg dei fekk avbestilling på den reservasjonen, og det går også an å bestille nokon av dei andre nettene der.

Aktivitetar: 
Me vart tipsa om at det kunne vere lurt å bestille nokon av aktivitetane på førehand sidan det kunne vere stor pågang rundt jul.
Her er det også MANGE moglegheiter.
Sunset cruise får de inkludert i bryllupet.




Ellers MÅ de til Victoria Falls.


Kanskje nokon vil kaste seg ut i strikk?

1-2-3 BUNGEE!


Stine var den einaste av oss som var tøff nok til å hoppe utafor ei bru og ned mot elva! Det er tre aktivitetar ein kan gjere på brua mellom Zambia og Zimbabwe; slide, swing og bungee jump! 
Her har Stine gjort ein av dei, men ho gjorde alle tre, tøffa!

Rafting er mogleg, og kanopadling på Zambezi skal visst vere kjempe flott. Ein kan ri på elefantar og gå tur med løver og leopardar, besøke ein village oppfordrar eg alle til å gjere, ein kan fly helikopter eller micro light over Victoria Falls, sitte på hesteryggen ved elva, med meir.
Ei av løvene ein kan gå med



Elles vil eg anbefale alle og reise på Arts Cafe (opna for ca. 6 mnd sia) der dei viser danseshow med dansar frå 4 forskjellige provinsar i Zambia. Eg var på det i påsken og det er kjempe bra! Håpar og trur dei viser showet også i desember, og kunne tenkt meg at me alle hadde reist på det! :)

Her kan ein finne mange ulike aktivitetar: http://www.livingstonesadventure.com/

Andre reisemål:
Mine anbefalingar: Chobe i Botswana og Sør-Afrika!
I Chobe kan ein få flotte safariopplevelsar, og det er kort i frå Livingstone.

Safari i Botswana



Båtsafari i Botswana


Solnedgang i Botswana
Sidan dei fleste skal fly innom Sør-Afrika, er det eit veldig greit alternativ og i Sør-Afrika kan ein oppleve det meste. Eg anbefalar Cape Town som by å reise til! Kjempe flott, spesiell og mykje historie. Det er mange alternativ til safari i Sør-Afrika, og ein kan også få strandferie viss ein ønsker det.
Eg seier som tidlegare, finn fram Google og søk!
Det går så klart også an å reise til andre afrikanske land, men desse to er dei mest praktiske.

Her har eg komme med ein del tips og kanskje gjort folk endå meir forvirra og meir usikre på kva dei skal velje og kva dei skal gjere, men det er berre å spørre viss de lurer på noko!

Table Mountain i Cape Town
Robben Island

På veg til Table Mountain






Thonga Beach


 Sei ifra viss det er noko eg har gløymt.

"Once the sand of Africa gets in your shoes, it will always lead you back"

15.april var endeleg dagen her, eg skulle få ta med Knut Are til Livingstone og vise han kva eg har jabba om i eitt år! Eg var veldig spent, for kva om han ikkje likte Livingstone, og kva om han ikkje ville tilbake dit etter å ha vore der ein gong? Eg lurte også på korleis eg kunne gje han eit lite innblikk i kva eg opplevde på tre månadar på berre litt over ei veke.

(Til informasjon: Eg fylte minnekortet på kameraet mitt (2GB) med bilete og video, men dette kameraet ligg ein eller anna plass i Afrika, så dei bileta eg har er dei Knut Are tok med mobilen sin i byrjinga av turen..)

Kanskje den einaste ulempen med Livingstone er turen dit. Den er så alt for lang! Og når ein i tillegg er sjukmeldt med ein lealaus ryggvirvel og musklar nederst i ryggen som ikkje fungerer slik at ein har minimalt med stabilitet, er det dømt til å bli ein ubehageleg tur. Og det vart det!
MEN når me kom fram lørdagen, var alt så mykje bedre. Det å fly over Livingstone, sjå røyken frå Mosi-O-Tunia (Victoria Falls - the smoke that thunders), kjenne varmen når ein kom ut av flyet og sjå alle dei smilande, imøtekommande zambiarane, kan verkeleg få alle problem og smerter til å forsvinne!

Me reiste først til lodgen, Kaazmein Lodge, slappa av litt og prøvde å ta ein dusj (men vatnet funka ikkje). Eg oppdaga fort at det var kakkerlakkar på rommet, og kakkerlakkar er det eine insektet eg verkeleg IKKJE likar! Dette etter mi første natt aleine på eit rom i Venezuela, der eg hadde ein kamp med den første og største kakkerlakken eg har sett nokon sinne.. Kakkerlakken vann og eg såg med lyset på, med bind for auga og musikk på øyra (den lagde ein grusom lyd når eg skrudde av lyset).. Nok om det! På kvelden hadde eg lyst å ta med Knut Are til Rhapsody's for å ete, men det viste seg at dei hadde stengt :/ Så då vart det Pub&Grill. Eg håpa at kokken  hadde blitt litt kjappare på eitt år (ifjor lærte me at me måtte reise dit ca. 1t før me vart svoltne), men det hadde han ikkje. Men maten var god då! Så møtte me min zambiske vennegjeng, og me reiste på Makumba der favorittdama mi sang og dansa. Eg kasta meg utpå dansegolvet for å vise mine zambiske mooves, og plutseleg vart Knut Are tvinga utpå dansegolvet av den eine vokalisten. (Kultursjokk?) To muzunguar som prøver å danse zambisk dans i eit rom med berre zambiarar! Men gøy var det! Etter det tok me turen til Masaka og Pub&Grill har fått diskotek i andre etasje. Kjempe fint, men alt for lite!

Søndag ordna me oss rom på ZigZag, for det var litt tungvint å ringe resepsjonen kvar gong ein måtte på do. Kaazmein Lodge hadde eit kjempe fint område og kunne vore veldig bra, viss dei berre hadde vedlikeholdt det litt. Me tok også turen til David Livingstone Safari Lodge&Spa (heretter DLSL&S), der me skal ha bryllupet, der me fekk møte bryllupsplanleggaren vår og frisøren min. Bryllupsplanleggaren vår heiter Nina Granholm, ei svensk jente som var til Zambia som sjukepleiarstudent for nokon år sidan, og har budd i Zambia i 5 år. Veit verkeleg ikkje kva me skulle gjort utan ho! Trur ivertfall ikkje det hadde blitt mykje bryllup. Kjempe flink med kontroll på alt som me ikkje har kontroll på! Frisøren er frå Cape Town og var ei søt lita dame, som eg trur forventa at eg skulle ha mykje peiling på sminke og hårfrisyrar.. :p Men eg trur ho skjønte korleis eg ville ha det tilslutt.

Når det gjeld DLSL&S, så vart me overraska over kor fint det faktisk var der!
Lodgen ligg heilt nede ved Zambezi River og hadde utruleg flotte omgivelsar. 
Knut Are kosar seg med is på lodgen.

Heilt grei utsikt

Mot Mosi-O-Tunia (Victoria Falls - The Smoke That Thunders)
Me skal ta med bryllupsgjestene på sunset cruise på båten som ligg der, Lady Livingstone, og har reservert det midterste dekket.

Basseng nede ved Zambezi

Borti hagen der, ned mot elva, skal me ha sermonien


Middag på golfklubben. Golfklubben har fått nye eigarar, noko eg merka på kyllingburgaren. Den var ikkje like god som ifjor! (Men eg åt den tre gonger i løpet av ferien likevel..:p)

Måndag var den store "bryllupsplanleggingsdagen"! Me tilbrakte heile dagen med Nina. Ho henta oss på ZigZag og køyrte oss først til Jollyboys der me møtte ho som skal lage bryllupskaka. Deretter reiste me til City Council der me møtte han som skal vie oss. Tru det eller ei, men me skal IKKJE ha prest! :p Han som skal vie oss blir kalla magistrant på engelsk, meir som ein byfogd. Han var ein artig, stor zambiar, og eg er spent på korleis det blir :p Sjølv om han er magistrant, blir det nok litt snakk om kristendom likevel. Vanskeleg å unngå det i Zambia. Etter det køyrte me til DLSL&S. Der møtte me ein som skal ha eit innslag under/etter middagen (hemmeleg :p) og fekk møte sjefen på DLSL&S (endeleg!) Inntrykket eg fekk av han etter alt styret rett over jul, var ikkje så bra, men no vart heldigvis det inntrykket retta. Han var ein kjempe hyggeleg Sør-Afrikanar som virka som han ville gjere alt for oss. Med tanke på at foreløpig ingen av gjestene våre skal bu der, og me skal ha bryllupet på lodgen hans midt i romjula, var han utruleg hjelpsom! Han viste oss rundt på Lady Livingstone, lodgen, me avtalte kor me skulle ha sermonien og kor me skulle ha middagen, me fekk sjå eit vanleg rom og ei bryllupssuite, og ikkje minst, me fekk smake på maten! Eg har vore litt misfornøgd med at dei berre har hatt buffet å tilby oss og at det ikkje har vore noko typisk afrikansk mat på menyen. Men når me fekk smake eit utvalg av maten, kan eg berre sei: NAM! (Og smaksprøvene var gratis! :p) Me møtte også han som skal ordne partytelt for oss (me giftar oss i Zambia i regntida, så me MÅ ha telt!) Etter denne dagen var me forståeleg nok, veldig gira og fornøgde med heile opplegget! 
Denne krokodillen kom opp til vatnet til DLSL&S når han var liten, for to år sidan, og har blitt der sidan.
Kanskje han besøker oss under sermonien??
Zig Zag

Ein gekko som Knut Are vart så fasinert av. 

Tysdag tok me turen innom David Livingstone High School og fekk eit gledeleg gjennsyn med rektoren og Namukolo. Mr. Matimba var desverre i Lusaka. Me viste Knut Are rundt, og såg at dei hadde komme godt i gang med å bygge muren til den nye Special Education Class som Luster VGS har vore med å sponsa. Me hadde tenkt oss ein tur til Mr.Price (favoritt klesbutikken vår i fjor), men den var ikkje der lenger! Kleda var visst alt for dyre for dei lokale, så dei la den ned. 

Me reiste innom bokhandelen og handla varer til vennskapsbarnehagen til barnehagen eg arbeidar i, i Lyngdal. Før eg reiste hadde me påskefrukost i barnehagen der me samla inn i underkant av 800,-. For dette fekk eg mykje når eg handla i Zambia! 24 skrivebøker, ein del plastelina, 8 øskjer med fargeblyantar, 5 øskjer med kullstiftar, 5 lesebøker og nokre teikneblokker. Framleis var halvparten av pengane igjen, og for dei handla me gavekort på bokhandelen. Onsdag køyrte min gode taxivenn, Mr. Mupoti oss til Simoonga, der vennskapsbarnehagen ligg. Simoonga er ein landsby i nasjonalparken Mosi-O-Tunia, ca. 20 km utanfor Lstone, på veg mot Botswana. Det er ein veldig fattig landsby, med ca. 2700 innbyggjarar. Dei har ikkje straum, og har tre vannpumper. Mange av barna manglar foreldre pga HIV/AIDS og malaria er eit stort problem. Det eine bygget var sponsa av danskar, og alt utstyret førskulen hadde, var sponsa av danskar. Du kan lese meir om det danske prosjektet her: http://simoonga.dk/index.php/sider/index/1
Samarbeidet mellom vår barnehage og førskulen i Simoonga er uavhengig av dette. Det var Ane Bergersen (læraren min på Global Knowledge), som hjalp oss å starte prosjektet i forbindelse med Zambia-prosjektet me hadde i haust. http://numedal.net/default.aspx?ArticleID=99935&MenuID=5746

Når me kom til Simoonga reiste Mr. Mupoti innom barneskulen og fekk tak i headteacher Chester som eg hadde skrive nokre mailar med på førehand. Alle førskular og skular er stengt i april, så me forventa ikkje så mykje, men hadde lyst å overlevere gåvene, teikningar frå barna og sjå plassen. Chester var gift med den eine førskulelæraraen, og fekk ho til å komme med nøklar. Me vart vist rundt og overleverte gåvene og teikningane som dei vart veldig glad for. Det eine bygget var som sagt sponsa av danskar, og var det første bygget i landsbyen med innlagt do og vask. 
Dette bygget var eit solid og flott bygg som lærarane var veldig stolte av. 
Førskulen har to bygg, over 80 barn og 5 førskulelærarar. 

Eteplassen til førskulen. Lærarane ønskjer å bygge eit tak over slik at dei er beskytta mot regn og sol.

Sjølvlaga leikeplass

Taxisjåfør Mr.Mupoit, meg, headteacher Chester og to av førskulelærarane med barn og barnebarn.

Me avtalte at me skulle komme tilbake langfredag og då skulle dei organisere teikningar frå barna.
Lunsj den dagen åt me med Marjorie og Bessie, to av zambiarane som var i Noreg i fjor. Det var kjempe koseleg å sjå dei igjen og me snakka mykje om korleis livet etter Global Knowledge hadde vore. Dei fortalte at det hadde vore vanskeleg å komme tilbake til Zambia etter 9 månadar i Noreg. Det var mange av deira vener som ikkje forstod, eller ikkje ville forstå korleis og kvifor dei hadde forandra seg og kva dei hadde opplevd. Det var også mykje dei hadde lært i Noreg som dei hadde lyst å prøve ut, men som dei ikkje hadde ressursar til. 

Etter lunsj traff me kjære Barbara igjen, ho som var til god hjelp og viste oss rundt når me kom til Zambia i fjor med Global Knowledge. Ho tok meg og Knut Are med til Mukuni Village. Der stoppa me innom palasset til chief Mukuni, marknadsplassen utanfor palasset (ikkje ein grei plass å vere når ein er berre to muzunguar og minst 20 deseperate zambiarar som vil selgje tinga sine for dei treng pengar..), me fekk sjå eit typisk zambisk villagehus, skulen og eine kyrkja. Ein finfin tur. På veg tilbake stoppa me innom løvene og leopardane, der me fekk gratis omvisning. I år hadde dei to supersøte løveungar på 3 mnd som var lause ute. Desse klappa me og leika med, i solnedgangen! Fantastisk følelse, og det er mange flotte bilete av det ein plass i Afrika! :p

På kvelden tok me med Aubrey, ein anna Global Knowledge student som var i Noreg i fjor, på middag på Armadillo. Her er me på det nye diskoteket til Pub&Grill, som har eit blått lys som gir ein flott farge på oss muzunguar! 

Torsdag tok me turen til SOS Childrens Village, der eg fekk møte mitt fadderbarn på snart to år! Ho var veldig søt, men sjenert! Veldig kjekt å ha eit fadderbarn som eg kan besøke og sjå korleis har det. Eg hadde med nokon av mine gamle bamsar. Knut Are fekk også omvisning på SOS. Skulane er som sagt stengt i april, så eg fekk ikkje treffe nokon av "mine" elevar eller lærarar frå i fjor.

Etter SOS reiste me til Willma der eg fekk eit GLEDELEG gjensyn med Alice, Elaine og Jane. Elaine vart så glad når ho såg meg at ho byrja å grine, noko som gav meg ein stor klump i halsen. Dei vart veldig glade for bryllupsinvitasjonane!

Ting har forandra seg på Willma også.. Det er berre Motinta som arbeidar i resepsjonen av dei som arbeida der i fjor (ho traff eg nokon dagar før), baren er open kvar dag, heile dagen(!), dei har forandra rommet til meg, Carina og Marianne. Slått sammen vårt bad med fellesbadet og laga det til eit nytt rom, og laga nytt bad på vårt rom. Noko som var ganske rart! Og dei hadde TO TV-ar på conferance room! I tillegg hadde Jane eit barn på 1 og 1/2 mnd..

Torsdagskveld reiste me på Sunset Cruise på Zambezi River.

Lady Livingstone i bakgrunnen.



Tidleg fredags morgon reiste me tilbake til Simoonga. Der vart me møtt av over 20 barn (ikkje verst når skulen er stengt), som teikna teikningar til barna i Lyngdal. Dei fleste teikna villagehus og menneseker. 







Sjølvlaga klatrestativ med zambiske fargar.



Etter at me hadde vore i Simoonga, kom Namukolo og dottera Christina på litt over eitt år på besøk til ZigZag. Me åt lunsj ilag og kosa oss masse! 

Knut Are har diabetes og skifta nål på insulinpumpa på dagen, og etter lunsj vart han veldig dårleg. Me tenkte han hadde ete noko mat som ikkje var bra, og eg reiste ut med Barbara på middag, eit (fantastisk) danseshow, og dansa litt sjølv. Når eg kom tilbake til ZigZag var Knut Are framleis dårleg og kasta opp mykje, og når eg målte blodsukkeret hans, var det skyhøgt. På lørdagsmorgonen tok eg han med til min "favorittlege" Dr. Shafik, for blodsukkeret var så høgt at me ikkje fekk kontrollert det. Knut Are fant etterkvart ut at han ikkje fekk insulin i kroppen, og når me tok ut nåla, var den bøygd. Det vil sei at han ikkje fekk insulin i kroppen på nesten eitt døgn. Hos Shafik tok dei ingen blodprøvar eller urinprøvar, dei målte berre temperaturen og blodtrykket, og eg målte blodsukkeret. No var det så høgt at det ikkje gjekk an å måle det, det stod berre "HI" på blodsukkerapparatet. Eg måtte forklare Shafik og sjukepleiarane kva insulinpumpa var for noko, og eg ba dei om å gi Knut Are eit drypp sidan han ikkje åt noko og berre kasta opp. Slik dreiv me på fram til onsdag. Eg snakka med forsikringsselskapet kvar dag og prøvde å få han overflytta til Johannesburg sidan dei ikkje hadde kunnskap hos Shafik. I tillegg så var doktoren aldri der, og han fekk ikkje mat eller drikke, det måtte eg reise å handle. Søndag skulle me eigentleg reise til Noreg, og Knut Are skulle prøve å ta seg ein dusj og sjå an formen. Når eg kom inn igjen på rommet, sov han og eg snakka ikkje med han igjen før mandag.. Når han var vaken, kasta han opp. 

Onsdag var eg veldig frustrert og lei, og Knut Are var endå meir frustrert og lei. Air-conditionen på rommet fungerte ikkje, og det vart berre varmare og varmare i Livingstone. Me følte også at ingen på sjukehuset skjønte oss, og dei sa til Knut Are at så lenge du et så blir du bra. Problemet var at kvar gong han åt så kasta han opp, og sidan han hadde kasta opp sidan fredag var han veldig sår i spiserøyret, slik at det brant nedover halsen kvar gong han svelgte. Blodsukkeret låg på rundt 11 frå søndag til onsdag. Eg reiste på Shoprite for å handle litt, og då kjente eg plutseleg ei hand på skuldra. Handa tilhøyrte Randi Jepsen, ein av lærarane mine på Global Knowledge og sensoren på bacheloroppgåva mi. Ho er sjukepleiar, og har ansvaret for sjukepleiarstudentane i Førde som reiser til Zambia. Det var utruleg godt å sjå ho igjen, og eg fortalte ho fortvila alt som hadde skjedd. Ho hadde høyrt rykter frå nokon av taxisjåførane og Aubrey. Ho var i Livingstone på ferie med mannen sin, Rolf, som også er sjukepleiar. Han arbeidar på Førde sjukehus. Han spurte om Knut Are hadde fått sukkervatn, noko som var vanleg behandling i Noreg, mens ein gir ekstra insulin. Han meinte at Knut Are kanskje hadde fått noko som heiter diabetisk ketoacidose, http://www.nettdoktor.no/sykdommer/fakta/diabetessyreforgiftning.php
Eg sa at han ikkje hadde fått sukkervatn, berre saltvatnsdrypp når eg bad om det og masse medisin me ikkje visste kva var. 

Eg spurte Randi og Rolf om dei kunne komme ein tur på besøk til Knut Are. Om så dei ikkje fekk gjort noko, så kunne ivertfall han snakke norsk til nokon som forstod han og hadde kunnskap om diabetes. Det kunne dei, og dei kom litt utpå dagen. Og då byrja ting endeleg å skje! Dei fekk sjukepleiarane til å gi han dette sukkervatnet og såg på all medisinen han hadde fått. Mesteparten var antiobiotika mot mageinfeksjon, og var ikkje bra med tanke på at han hadde byrjande magesår for nokon år sidan. I tillegg hadde han ikkje mageinfeksjon. Plutseleg kom det ein Sør-Afrikanar inn på rommet som hadde ansvaret for å sende pasientar frå Livingstone til Johannesburg. Forsikringsselskapet hadde endeleg vakna, og sendt han dit. Han tok masse prøver og byrja å organisere overflytting. Flyplassen i Livingstone stengjer 19.00 så han måtte arbeide kjapt. Det han venta på var bekreftelse frå forsikringsselskapet om at dei betalte for ambulansefly. Endeleg fekk me det bekrefta, og han fekk flyplassen til å halde opent. Me vart køyrt med ambulanse til flyplassen og der kom det eit lite fly med ein lege og to pilotar som flaug oss til Johannesburg. Der vart me henta i ein ny ambulanse, og køyrt til sjukehuset. Me kom fram rundt 00.30, og Knut Are vart sendt på akutten. Eg fekk sove på eit rom på sjukehuset fram til klokka 6. Då sjekka eg inn på ein lodge rett over vegen, og eg fekk lov å besøke Knut Are klokka 11.00. Då var blodsukkeret der det skulle vere, og han hadde ikkje kasta opp sidan Randi og Rolf var på sjukehuset. Alle var overraska over behandlinga på Shafik og sa at det var sukkervatnet som hadde hjelpt. Fredag følte Knut Are seg betre og greidde for første gong på ei veke og ete mat. Det gjorde framleis veldig vondt på grunn av alle såra, men han fekk ivertfall i seg noko. Han vart utskriven, me ringte forsikringsselskapet, og dei fekk ordna flybillettar til oss same kveld.
På veg frå sjukehuset til eit kjøpesenter for å handle klede. For det første var alt skittent, og for det andre var det mykje kaldare i Johannesburg enn i Livingstone og me hadde ikkje nok varme klede med oss.
For meg er ikkje dette Afrika, men vesten.. :p


Kjøpesenteret

Lodgen eg sov på, City Lodge.


RANDI JEPSEN OG ROLF HORNE: TUSEN TAKK FOR HJELPA!!! :D

Lørdag var me heime i Kongsberg, og vart henta på togstasjonen av vår gode nabo, Helle. På kvelden kom mamma og pappa, noko som var veldig godt! Me var veldig sletne, og Knut Ar e var framleis slapp, men det var utruleg godt å vere heime! Knut Are vart sjukmeldt veka etter me kom heim, men no får han i seg mat og sjekkar blodsukkeret ofte! :) 

Fordelar og ulempar med å vere på sjukehus i Livingstone:
- Har mange venner som kom på besøk og tok meg med ut for å ete og tenke på noko anna. Haldning: Me skal gjere deg sterk slik at du kan vere sterk for Knut Are.
- Lite eller ingen kunnskap om sukkersjuka, og mistanke om at Dr.Shafik halte ut tida for å tjene litt ekstra pengar på oss. Det første han informerte om var at forsikringsselskapet dekkjer utgiftene, og når eg var innlagt eitt døgn i fjor betalte eg over 1000 dollar utan å få mat og drikke og behandling, men ein haug med tablettar. Legen var også fråværande mesteparten av tiden.

Fordelar og ulempar med å vere på sjukehus i Johannesburg:
- Heilt anna standard på sjukehuset, legane og sjukepleiarane. Fekk mat og drikke, og vart overvåka (ivertfall på akutten)
-Kjente INGEN og har høyrt mykje skummelt om Johannesburg, så mesteparten av tida vart tilbrakt på sjukehuset eller aleine på lodgen der tankane får fritt omløp. Måtte ete åleine, og ordne alt åleine. 

"Ein lærer så lenge ein lever", er det noko som heiter og det tenkjer me å nytte i denne situasjonen også. Det gjekk bra, og Knut Are er heldigvis ikkje heilt skremt vekk frå tanken om å reise tilbake til Zambia og ikkje minst gifte oss der. Men no veit me kva kunnskap dei har om diabetes type 1 i Livingstone (nesten ingen), og me veit kva forhandsreglar me må ta neste gang me skal reise! 

Når ein bloggar så sjeldan, så blir det laange innlegg. Ivertfall når ein har så mykje å fortelje!
OVER OG UT!