torsdag 29. desember 2011

Mitt Afrika

Kor skal ein byrje etter ei veke på den mest fantastiske plassen på jord?!
Eg vel å byrje på første dagen, så tek me det der i frå!

Flyturen gjekk som smurt utan problem. Me landa på bursdagen til Kjersti, 22.12, og eg hadde avtalt med eigaren på Cafe Zambezi (nyopna restaurant) at han skulle pynte med ballongar og ordne med kake. Bortsett frå at me måtte vente over to timar på maten (noko som passa veldig dårleg sia alle hadde reist langt og ikkje ete skikkeleg mat).


Bursdagsbarnet

Bursdagsselskap



På julafta stod eg, Knut Are, Kjersti og Annette, tidleg opp for å reise til Botswana og feire jul der. Mamma, pappa, Bente og Henning reiste dagen før. Me slappa av ved ”poolen” fram til båtsafari klokka tre. Der fekk me sjå masse elefantar, krokodillar og flodhestar! Heilt fantastisk! På kvelden var det julebuffet på Chobe Safari Lodge. Eg kan godt ha fleire slike julaftar! 


Første juledag stod me opp i 5-tida for å reise på safari. Forrige gong eg var i Afrika, såg eg 4 av dei Big Five; løve, bøffel, nashorn og elefant. Det einaste dyret eg mangla var leopard. The Big Five går ut på dei dyra som var vanskelegast å drepe når dei jakta på dei før. Leoparden er veldig sky og vanskeleg å oppdage. Ein av dei første tinga me fann var ei løve som låg aleine i eit tre, og så fann me Simba og Nala på 2-3 år.


Etter ei stund såg me ein LEOPARD langt borte i trea, kanskje 200 m. Uansett, var me veldig fornøgde med at me endeleg hadde sett ein leopard! 



Etter å ha sett andre dyr, gassa plutseleg sjåføren på noko veldig og snakka mykje i walkie talkien sin.  Me kom fram til ein plass der det stod mange andre bilar. Så såg me at det låg ein leopard 30-40 m unna oppe i eit tre! Heilt fantastisk! Leopard er mitt nye favorittdyr! 


Andre juledag reiste me til Victoria Falls med Kjersti og Annette. Eg var redd for at det ikkje skulle vere nok vatn i fossen, men det var eigentleg akkurat passe! 


 Etter litt avslapping vart me henta av ein bil. Kjersti og Annette hadde ordna ein overraskelse for oss i bryllupsgåve. Etter å ha køyrt eit stykke mot Victoria Falls stoppa me der dei flyg helikopter og mikro fly. Dei hadde ordna mikro flytur til oss over Victoria Falls!! Heilt fantastisk!!

27.12 flytta me frå Willma og bort til Waterfront for å komme nærmare der me skulle ha bryllupet, David Livingstone Safari Lodge & Spa. Det var ein del unødvendig styr som måtte ordnast, men når det var ordna kunne me slappe av. Denne dagen var det også det kraftigaste regnveret eg har sett i Afrika, veldig glad for at det ikkje kom neste dag! Utpå dagen kom foreldra til Knut Are og broren, Kjell Jaran.  Me reiste alle ut og åt på Armadillos på kvelden, kjempe koseleg!

28.12 var den store dagen, og denne dagen kan faktisk ikkje beskrivast med ord! Det vart mykje meir og betre enn me kunne drøymt om med fantastisk stemning og blide mennesker heile dagen!







 

fredag 16. desember 2011

Reisenerver og bryllupsnerver! "Det er to ting på en gang det!"

No er det fem dagar til me set oss på flyet til Zambia!
No er det tolv dagar til me skal gifte oss!
Det er ikkje lenge!
Jøss, så eg gledar meg!!

Eitt av dei første bilete eg tok første gong eg var i Zambia.
Borte i hagen der, skal sermonien vere. Zambezi river er rett attmed.

Me skal på Sunset Crusie på Lady Livingstone
Dei som kjenner meg, skjønnar at dette resulterar i ein del sovnlause netter der alt skal tenkjast og planleggast ned til minste detalj, i tillegg til at eg skal glede meg; Har eg hugsa det? Har me hugsa det? Har gjestene hugsa det? Har me bestilt alt me skal? Har gjestene bestilt alt dei skal? Går flyet? Rekk me flyet frå Johannesburg til Livingstone? Er det noko meir me må gjere? Har me alle papir? Har me nok pengar? Kva aktivitetar skal me gjere? 
Dette er noko av det som kvernar opp igjen og opp igjen i hovudet mitt, som regel nattestid.

I tillegg er det så masse eg skulle gjort og har lyst til å gjere før eg reiser. Eg skulle ha lest meg inn på det eg går glipp av på førelesningane første veka; eg skulle ha lest ferdig museumsstoffet så eg er klar til eventuell jobbing når me kjem heim; eg skulle ha gått mange og lange turar med Tassen før me plasserer han på pensjonat for første gong; eg skulle fått meg ein tur på ski før me reiser; eg skulle fått inn all trening eg kan hos manuell terapeuten før eg reiser; og ikkje minst, eg skulle fått slappa av etter eit hardt semester før me reiser! Akkurat no var det meir fristande å sette på Åge Aleksandersen på TV'n (songen akkurat no er: "Levva livet", noko å tenkje over ein gong i blant) og skrive eit blogginnlegg!



Sett vekk i frå alt dette, så gledar eg meg utruleg mykje! Eg skal tilbake til Zambia, og eg skal ta med meg nokon av dei viktigaste ned dit! Bortsett frå bryllupsplanlegging og bryllup skal me feire julafta med safari i Botswana, besøke Mukuni Village,
 
Victoria Falls så klart,

 
og vere nesten ei veke i Cape Town. I Cape Town skal me blant anna feire nyttårsafta, til Robben Island (obligatorisk), Table Mountain, også har ein del av oss bestemt oss for å leige bil ein av dagane og køyre austkysten til "Kapp det gode håp" og vestkysten tilbake igjen (eler motsatt). Då kan me stoppe kor me vil på vegen og skal blant anna innom Boulders Beach, der det er eit naturreservat for pingvinar. Ein av dei siste dagane skal nokon av oss til Aquila Safari eitt døgn. 

Alt dette ilag med at me skal gifte oss, tenkjer eg må bli ei topp avslutning på dette året!
I slutten av 2010 var eg sikker på at dette året skulle bli det beste i mitt liv, men fram til no har det heller vore veldig opp og ned. Blant anna hadde eg mitt første år som ferdigutdanna førskulelærar, men fekk beskjed om at eg ikkje kunne jobbe i barnehage på grunn av ryggen (noko som førte til uttallege timar med frustrasjon og trening), eg og Knut Are skulle på draumeferie til Zambia i påsken, men han enda opp på sjukehuset og måtte sendast med medisinfly til Johannesburg. Dette har eg skrive om før, men er framleis det verste eg har opplevd.

Heldigvis kom eg inn på master i fleirkulturell og internasjonal utdanning, noko eg hadde veldig lyst til og som eg ikkje angrar eitt sekund på! Men det har vore hardt, mykje å gjere, og i tillegg til togturen fram og tilbake mellom Kongsberg og Oslo, har det ofte gått ut over ryggen og trening (fekk beskjed i oktober at var tilbake der eg var når eg byrja hos manuell terapeuten i april). Bortsett frå det har eg komme i ein fantastisk klasse, med mange ulike erfaringar og bakgrunnar. Eg har lært mykje, og det er mykje eg har kunna knytta det eg såg, erfarte og svar eg fekk på intervju i Zambia, som eg ikkje forstod då, men som eg forstår betre no. Eg møter også meg sjølv og mine eigne meiningar "i døra" ganske ofte, og ser til stadigheit at det er mange andre måtar å tenkje på og gjere ting på som ikkje nødvendigvis er noko dårlegare enn det eg har sett på som den beste måten.

Tilbake til bryllupet og Zambia. Det blir godt å komme tilbake og finne igjen den delen av meg som ligg igjen der nede. Når me kom tilbake i april, var det akkurat som alle mine vestlege, stressa, tidsfikserte, matrielle problem forsvann og prioriteringane vart annleis. Eg gledar meg òg til å treffe alle dei herlege folka og at familie og nokon av vennene mine skal få treffe desse og sjå kva eg har snakka så masse om i snart to år. Desverre er det no ein del av vennene mine som ikkje kan av ulike grunnar noko eg har vore veldig lei meg for (sjølv om eg forstår alle grunnane), men me som reiser skal få det topp!

Kanskje me får så koseleg besøk når me skal bu på Willma denne gongen òg?!
Gjensynsgleda var stor når eg møtte igjen Alice, Elaine og Jane i april.
Dei kjem alle tre i bryllupet.
Samson og Eunice på besøk i Kongsberg oktober 2010.
Eg gledar meg til å treffe dei i Lstone, og dei kjem begge i bryllupet!
Rektoren på David Livingstone High School, Mapondo,
i Solvorn når deivar på besøk ei veke på Hafslo i fjor haust.
Han kjem òg i bryllupet.

Herlege Namokolo og Mr. Matimba i Solvorn. Dei kjem i bryllupet :)

Barbara passa godt på oss dei tre månadane me
var i Zambia, og er ein sjølvskreven gjest!

Eg har tilbragt mange timar og km i bilen til Mr. Mupoti!
Både han og kona kjem i bryllupet,
og han har ordna transport for oss og gjestene.

"Mr. Willma" eller Mr. Jaani som han eigentleg heiter, eig Willma.
Han har ordna overnatting til oss og kjem i bryllupet :)
Tru det eller ei, men desse to kjem òg i bryllupet! ;)




Dette var nokon av dei herlege zambiske gjestene som kjem i bryllupet vårt!
No er det berre å pakke ferdig, få gjort det eg får gjort, og ikkje stresse over det eg ikkje får gjort.
Neste blogginnlegg blir nok anten i Zambia eller Sør-Afrika!
Ha det topp og god jul!! :))

Sleng med nokre bilete frå utdrikningslaget mitt (dei einaste eg har) med dei beste jentene!




Verdas beste Ine!
Eit bilete seier meir enn tusen ord






lørdag 12. november 2011

NB! NB! VIKTIG INFORMASJON til bryllupsgjester angåande vaksine

Hei!
Eg går ut i frå at dei fleste av dykk som har teke vaksiner no har fått beskjed om at de ikkje treng gulfebervaksine.
Dette har det komme nye reglar på 01.oktober, og alle som reiser mellom Sør-Afrika og Zambia MÅ ha gulfebervaksine og HA MED vaksinasjonskort! Viss ikkje risikerer de å ikkje få reise frå Sør-Afrika til Zambia, noko som vart erfart av ei frå Luster Vidaregåande Skule idag.
Sjå link:
http://www.doh.gov.za/show.php?id=3047

Ellers så gledar me oss veldig og håpar de gjer det også!
Ikkje lenge igjen no!!! :D

lørdag 3. september 2011

Bryllupsgåver

For dei som måtte lure vil me informere om at me kjem til å legge ut ynskjelister til bryllupsfesten som me skal ha HEIME til sommaren.
Det vil sei at me ikkje ynskjer oss noko til sjølve bryllupet i Zambia (litt upraktisk å drakse rundt med gåver i Afrika :p )
Tenkjer òg at det er koslegare for venner og slekt som ikkje blir med til Zambia, å vere med på gåveopninga heime i Noreg.

Har allereie blitt trua med å få med 12 vinglas til Zambia, så derfor informerer me om dette! :p

Når det gjeld dei som blir med til Zambia, så er me meir enn fornøgd med at de faktisk blir med, så ikkje stress med å bruke pengar på gåver viss ikkje de har eit sterkt ynskje om det! ;)


lørdag 23. juli 2011

"Det skjer aldri oss"

Mens eg posta eit innlegg om å alltid tenke positivt, at det var andre som hadde det verre enn meg, og at eg var heldig som budde i eit av verdas beste land å bu i, vart regjeringskvartalet i Oslo råka av ein bombeeksplosjon like før halv fire. Ein byrja raskt å snakke om terror, og at det var det verste som hadde skjedd Noreg sidan 2.verdskrig. Det heile var uvirkeleg og fekk magen til å vrenge seg. Ei lita stund etter fekk me nyheten om at ein AUF-leir på Utøya var angripen av ein mann kledd i politiklede som skøyt rundt seg. Kva skjer?, tenkte nok alle. Dette vart raskt spreidd over store nyhetskanalar verda over, og alle snakka om krigen mot terror.

Eg byrja dette innlegget i gårkveld, og fortset der nedanfor.

Ein og ein halv time etter at den mest grusomme hendinga som har ramma Noreg sidan 2.verdskrig (før Utøya), skreiv bbc: Oslo bomb attack: End of innocence?
Når eg leste dette, traff det meg rett i hjartet! For, ja, i Noreg kan politikarar og kjendisar gå fritt rundt blant oss "vanlege", polititet går ikkje rundt med skytevåpen, me har opne postkassar, tilgjengelege for kven som helst, svært få har hemmelege nummer og adresser og kjendisar gir ofte ut sine personlege telefonnummer. Andre land ser nok på dette som naivt og utrygt, men som Jens Stoltenberg og fleire andre politikarar seier, så skal ikkje bomber og skyting stoppe demokratiet og samhaldet me faktisk har i Noreg!

Korleis kan ein forutsjå at nokon, som òg er ein nordmann, skal ta ein båt ut til AUF-samlinga på Utøya og skyte vilt rundt seg? At nokon skal bombe regjeringskvartalet var nok lettare å forutsjå, men likevel vanskeleg å forhindre ved at politikarar skal slutte å gå fritt blant oss "andre", og hemmeleggjere informasjon om oss sjølv. Det bør sikkert sjåast på sikkerheita og kva ein kan gjere for å unngå slikt i framtida, men det er ikkje opp til meg å finne ut eller avgjere.

Eg håpar at dette ikkje gjer Noreg til eit mistenkeleggjerande samfunn.
"...ikke la oss tvinges til taushet av vold" - Jens Stoltenberg

Heile denne situasjinen får meg til å tenke på fordommar. Kort tid etter at det vart snakka om terrorangrep, kunne ein lese kommentarar rundt omkring om at det sikkert var muslimar som hadde gjort det, og slik går det når ein slepp dei inn i landet. Ikkje berre provoserar slike handlingar meg sterkt, men dei er også usanne. Gjerningsmannen viste seg å vere norsk. Om andre medverkande var av utlandsopphald eller ikkje veit eg ikkje, men mannen som fyrte skota var norsk. Dette viser kor farleg det er å ha fordommar ovanfor andre folkeslag, hudfargar, og/eller religionar. Også må eg berre få sagt, det er ikkje muslimar som står bak all terroren ein høyrer om, det er ekstreme islamistar! Muslimar er like forskjellige som alle kristne, alle humanistar, alle nordmenn.. ikkje slå alle under ein kam!
Det var grusomme hendingar som skjedde igår, og magen min vrei seg når eg såg på nyhetene. Det verste var at det vart berre verre og verre, og alt var så uverkeleg, spesielt når Utøya vart ramma.

Når eg så vaknar idag, og høyrer at 80 er drepne på Utøya, og at talet kan stige i tillegg til at 7 vart bekrefta omkomne etter bomba, veit ikkje kva eg skal tenke. Eg blir redd, forbanna, kvalm, og ikkje minst; veldig, veldig trist! Det er fristande å gå rett å legge seg igjen og gøyme seg under dyna. Mannen som forårsaka alt dette gjorde det aleine, ingen ekstreme islamistiske grupper låg bak. Det var ein norsk mann på 32 år som har budd på beste vestkant i Oslo store delar av sitt liv, som kalte seg sjølv nasjonalistisk, som bomba regjeringskvartalet og rett etter, når alt politi og ambulanse var oppteken i Oslo, reiste ut på ei øy full av politisk engasjerte barn og ungdom, og skøyt dei rett ned.

Fabian Stang sa relativt tidleg igår at me skal hedre dei omkomne og pårørande med å stå samla og ikkje gøyme oss i frykt.

Det er viktig at alle står samla, at ein ikkje byrjar med rasistiske uttalingar med ein gong ein ser noko slikt skje , og at ein er sterke. Sterke for alle dei som omkom, og alle pårørande. La ikkje dette øydelegge det norske samfunnet og gjere det norske folk mindre opne. Ikkje ver redd for å gå ut i frykt for kva som kan skje neste gong, men gå ut og vis dei som treng det at du er der for dei. Vis at i Noreg står me samla uansett kvar me høyrer til politisk og religiøst, og uansett kva hudfarge me har. La oss vise at det norske folk fordømmer slike handlingar og at i Noreg er det demokrati, samhald, toleranse og respekt for andre som gjeld!

Mine tankar går til alle dei pårørande, såra og resten av det norske folk.

Tenn lys for alle dei omkomne idag, og gi dine nære ein klem!