søndag 7. februar 2010

Siste feriedag

I morgon byrjar praksis og eg er ganske spent! Veit ikkje heilt kva eg går til, og det er mange ulike tankar som svirrar rundt. I morgon trur eg at me berre skal møte dei folka me skal ha med og gjere, og få omvisning, men eg veit ikkje. Spennande blir det ivertfall!

Barna har ikkje så lange dagar, så me skal berre vere i praksis fra 8-12 (trur eg, slik eg har forstått det frå dei som var her i fjor i vertfall), så då har me tid til å skrive på oppgåva etter det. Det tykkjer eg er ganske greitt, for eg byrjar å bli ganske stressa. Har vore dårleg nesten heile veka, så eg har ikkje fått komme i gang med oppgåva. Eg veit noko lunde kva eg skal skrive om, og skal snakke med ei lærerinne på onsdag, så eg satsar på at eg kjem skikkeleg i gang då.

I dag skulle me eigentleg i kyrkja alle mann, men eg og Renate var ikkje i noko god form, så me vart heime. Eg følte meg ganske bra når eg stod opp, heilt til eg byrja å lage meg mat. Då fekk eg ei voldsom kvalmebyge, og måtte springe på rommet mitt.. Så då fant eg ut at det ikkje var så veldig gunstig å sitte i ei kyrkje. Men etter å ha sove heile dagen, kom eg meg opp og følte meg ganske ok. Fekk i meg eit knekkebrød og ei banan utan at det kom i retur, så etter kvart ringte eg Maren og fant ut kor dei var, og tok taxi dit. Renate var desverre fortsatt sjuk, så ho vart igjen heime. Eg ringte til ein taxisjåfør som me har brukt mykje, og som eg stolar på, og han køyrte meg til resten. Dei var på eit hotell me ikkje har vore på før, for å teste ut internett og bassenget der. Chrismar Hotel heiter det. Det var kjempe fint der, men skype funka ikkje for min del i vertfall, og nettet vart ganske ustabilt på slutten. Der fekk eg i meg ein halv toast utan problem, så formen er nok stigande! :D

Resten av kvelden skal nok gå til å slappe av og førebu seg på morgondagen.

Gigant snegel i graset på ZigZag lørdag


Hotel Chrismar




Ventar på at Tony skal hente oss


AFRICA! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar