torsdag 25. februar 2010

Endeleg fekk eg til å legge ut blogginnlegg! :)

Natt til måndag sov eg svært lite. Først tok det ei stund før eg sovna (kanskje fordi eg for første gong her nede sov veldig lenge på søndag). Deretter bråvåkna eg og såg på klokka når ho var 03.00. Etter det sovna eg og vakna eg heile natta, utan å heilt vite kvifor. Eg visste at eg i halvørska hadde høyrt ein del lydar som eg trudde var folk som stod opp om morgonen eller noko slikt. Når eg kom inn på kjøkkenet møtte eg det eine trøtte ansiktet etter det andre. Det viste seg at i vertfall 6 av oss hadde vakna rundt klokka 03.00, og Stine, Juliane og Renate som søv på same rom (naborommet mitt) hadde då vakna av at deira si dør og døra på naborommet smalt opp utan at dei såg nokon, og hadde etter det så vidt sove heile natta! Det er nok sikkert desse lydane me andre har vakna av òg. Lite overtruisk som eg er, tenkjer eg at det er ei heilt naturleg forklaring på dette, at det sikkert var vinden som blåste opp dørene eller noko slikt. Det har seg òg slik at fleire (ikkje meg heldigvis) har byrja å sjå menneske attmed senga si, og andre ting, som ikkje er der om natta, slik òg dei som budde her i fjor gjorde, men det er nok berre malariatablettane som har byrja med hallusinasjonsbivirkningane sine..Eller…? Spooky. Skal sjå det endar opp med at eg blir både religiøs og byrjar å tru på spøkelse etter tre månadar i Zambia! :p

Trøtt og med skikkeleg ”blåmandag-feeling” reiste eg for å starte den tredje veka mi i praksis. Denne praksisen har eigentleg gått veldig fort, er jo ikkje lenge til eg er ferdig! Eg var litt nervøs og skeptisk til kva dagen ville bringe sidan me aldri avklarte i førre veke når eg skulle undervise. Eg snakka med læraren og ho sa at eg kunne undervise i dag viss eg ville og at dei skulle ha om fuglar. Eg sa at det kunne eg viss ho hjalp meg med kva eg skulle snakke om sia eg ikkje visste så mykje om fuglar i Afrika, og då sa ho at ho skulle vise meg kva dei hadde planlagt. Dette skjedde aldri, og me hadde heller aldri om fuglar, men om gardsdyr, så eg veit ikkje heilt kva som skjedde. Kven veit om eg faktisk skal prøve å undervise nokon gong? Blir spanande å sjå, men eg har i vertfall prøvd å ta initiativ til det nokre gonger. Uansett så er eg mykje meir aktiv i klassa no enn eg var i byrjinga, og eg merkar at læraren og assistenten inkluderar meg meir. I byrjinga sat dei for det meste og snakka til kvarandre på eit av dei 72 zambiske språka mens eg haldt meg mest med barna.. Eg har òg fått spurt læraren om eg kan få intervjue ho i neste veke, noko som var null problem! Så då er det berre å setje i gang å gjere ferdig intervjuguiden og få den godkjent av Ane!

Etter praksis fekk eg booka eit dobbeltrom og singelrom på Fairmount til pappa og mamma kjem hit, så det blir stas! :)

Før me reiste til Zambia, snakka me om at det kunne vore spanande å prøve å ha ei ”fattigmannsveke” her nede, der me finn ut kva nokon av dei fattigaste må greie seg med i løpet av ei veke, og prøve å greie oss på det sjølv! Sosionomane er ikkje heilt sikre på kor mykje (evt.lite) det er endå, men dei trur det er ca. 3000 kwc dagen, det vil seie ca. 4 kroner! I dag snakka me meir om dette, og bestemte oss for at me skal byrje denne fattigmannsveka 7.mars! Då blir det nok veldig mykje nshima, null internett og andre aktivitetar! Me får sjå korleis me greier oss, men eg trur det blir ei kjempe erfaring og eg tenkjer at når folk her nede må leve slik heile tida, må me greie oss ei veke! I vertfall sidan me uansett må leve langt så fattig som dei sia me har skikkeleg tak over hovudet og klede, og kan leve ganske så bra både før og etter denne veka!

Tysdagen var mykje som dei fleste andre vekedagar her. Praksis, litt skulearbeid (ja, eg gjer faktisk det òg!) og avslapping, trening og avslapping. Vart ikkje karate denne gongen for det var berre meg og Carina av oss, så då trente me vanleg styrke i staden.

Onsdag og torsdag måtte eg vere heime frå jobb for eg har fått ein frykteleg hovudverk. : ( Lurer på om det er muskelspenningar eller noko liknande som er grunnen, for eg pleier å få det av og til heime, og den eine skuldra mi knekk nesten kvar gong er rører på den. Det som pleier å hjelpe mot hovudverken heime, er å ligge i eit mørkt, kjølig rom, men det er litt vanskeleg her! Kjedeleg er det i vertfall, og eg håpar det gir seg så fort som mogleg!

I morgontidleg reiser me til Botswana. Me har vore her i snart ein månad så då må me ut av landet for å fornye visumet vårt. Ganske greitt at me MÅ ut av landet to gonger i løpet av opphaldet tykkjer eg! Me veit enno ikkje kor lenge me skal vere der, for me har ikkje funne noko overnattingsplass (i vår prisklasse), men me håpar å finne ein plass me kan sove ei eller to netter. Viss ikkje så blir det ein dagstur der me vil få med oss ein safari! Kjekt blir det nok sikkert uansett :)

Elles så har eg fått forslaget som mamma og pappa har fått til Sør-Afrika tur, og det ser kjempe spennande (og dyrt) ut! Gledar meg mykje allereie, og med tanke på visum så passar det bra at det er akkurat ein månad til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar