onsdag 17. februar 2010

Delte følelsar og inntrykk






No har eg snart vore tre veker i Zambia, og byrja å venne meg til å ikkje ha internettilgang så ofte, derfor stressar eg ikkje med å komme meg på ein internettkafe for å t.d. blogge, sjekke facebook eller mail/msn kvar einaste dag, og det går eigentleg veldig greitt. Dei arbeidar framleis med å få internett på Willma, men det har eg slutta å håpe på. Eg veit ikkje kvifor dei ikkje får det til å fungere heller.

No har endeleg regnet komme til Livingstone! Det var etterlengta, i vertfall blant dei innfødde her. Det har vore veldig varmt og ikkje regna sidan me kom hit, og no er det jo ”rainseason”. Men no har me fått periodar med skikkeleg regn og mykje lyn og torden og straumbrot! (Straumbrot har me for så vidt hatt heile tida... :p)

Eg har for øvrig vore sprek sia sist! På måndag var eg og Marianne på styrkerommet og trente, og på tysdag var eg, Marianne, Carina og Juliane på karate. Ja, du leste rett; karate!! Me såg at dei skulle ha karatetimar første gongen me var på treningssenteret, og sia då har i vertfall eg vore veldig gira på å prøve det. Kva plass kan vel vere betre å prøve sånt enn i Afrika der ein ikkje kjenner nokon, har eg tenkt. Planen var eigentleg at me skulle på ein blanding av karate og aerobic på søndag klokka 10, men sia dansa til klokka var halv 5 laurdagsnatta, så vart ikkje det noko av… Men tysdag var me altså på karate. Me visste ikkje heilt kva me skulle forvente oss, og eg kjente eg byrja å bli ganske nervøs når me nærma oss og me såg ein karatemann med svart belte. ”Håpar han er instruktøren og ikkje ein av dei som skal vere med på timen!” Det viste seg at denne mannen var instruktøren og han var frå Kroatia eller noko sånt (fekk det ikkje heilt med meg, men i vertfall eit europeisk land). Han var taekwondoinstruktør, men karateinstruktøren var med for å lære seg taekwondo, viss eg forstod det rett. Så teknisk sett er det vel taekwondo me har vore på, og ikkje karate. Eg trur ikkje karateinstruktøren lærte så veldig mykje nytt, for det var berre oss fire norske som aldri har gjort noko liknande før, karateinstruktøren og taekwondoinstruktøren som var der, så det vart ganske basic! Sjølv om det sikkert ikkje var så nyttig for karatemannen, så var det veldig bra for oss! Me hoppa og sparka og slo, tok armhevingar, lærte ulike utgangsstillingar og angreps- og forsvarsslag og spark, og svetta skikkeleg! Det var kjempe kjekt å lære noko heilt nytt, og dette skal me fortsette på. Så de får passe dykk når eg kjem heim igjen og (forhåpentlegvis) har trent karate eller taekwondo, eller kva det no var for noko, i tre mnd! ;)  

Eg har òg køyrt bil sia sist. I Afrika, på venstre sida!! Grunnen er at me har snakka med Tony om å få låne ein bil med han slik at me kan kome oss til og frå SOS på eiga hand. Vegen dit er veldig grei, først veldig humpete, men så og seie utan trafikk, så eit lite stykke på hovudvegen der vegen er ganske grei standard. Dette har me spurt om ei stund, og han har sagt ja, men så har det ikkje vorte noko meir med det. I går ville han ”godkjenne” dei som skulle køyre før han lånte vekk bilen, og det skjønnar eg jo, så då reiste eg, Carina og Tony på køyretur i går. Eg hadde aldri trudd at eg skulle køyre bil i Afrika, i vertfall ikkje på venstre side, men her kastar eg meg visst stadig ut på nye ting :p Det gjekk veldig bra, og Tony skrøyt mykje av oss og sa han kunne sjå at me var sjåførar.. Har snart hatt lappen i 5 år, så det skulle vel eigentleg berre mangle.. I dag tidleg forsov han seg når han skulle levere bilen, så det enda med at han køyrte og henta oss, så eg veit ikkje kva det blir med denne låninga av bil, men me har i vertfall køyrt bil i Afrika! :p

Elles så kom Ane på måndag. Når eg var ferdig i dusjen etter at eg og Marianne hadde vore på trening, stod Ane på kjøkkenet vårt! Det var veldig koseleg å sjå ho igjen, og få snakke med ho om alt me har opplevd og lurt på! Ho vart med oss å ete middag. Elles så har eg hatt både gode og mindre gode dagar i praksis denne veka. Tysdagen var vel ein av dei ”verste” med tanke på støynivå, kontroll på barna, krangling og slossting, men elles så føler eg at eg byrjar å få bra kontakt med ein del av barna, og eg har lært meg dei fleste namna. Det er litt vanskeleg for både i går og i dag kom det barn som ikkje har vore der før mens eg har hatt praksis, så då må eg prøve å bli kjent med dei og lære meg namna på dei. Nokon av barna byrjar å få litt respekt for meg, men eg føler meg av og til ganske hjelpeslaus viss eg er åleine med barna, for då kan det til tider ta heilt av! :p Men utruleg nyttig og lærerikt for meg, for eg har arbeida med å bli ein tydlegare vaksen i praksisperiodar heime òg, så her får eg verkeleg prøvd meg! Hadde rettleiing med Ane i dag (me snakka i to timar!), og då snakka me både om oppgåva, praksis og opplevingar meir generelt. Veldig greitt og hjelpsomt for min del. Me vart einige om at eg skal kaste meg utpå og foreslå for læraren i klassa mi at eg vil prøve å ha litt undervisning med hjelp frå ho. Det var eg som foreslo det, men eg har vore litt usikker på om eg har vore klar og om eg tør, men eg fant ut at eg fekk snakke med Ane om det, for då MÅ eg gjere det ;) Så eg skal ta det stegvis, for eg har veldig lyst, men vil ikkje kaste meg heilt utpå med ein gong, sidan eg veit det kan bli ganske kaos visst eg skal ha alt ansvaret åleine! Me fekk snakka mykje om oppgåva mi òg, og eg trur eg byrjar å få litt klarare for meg kva eg skal fokusere på. Interessant trur eg i vertfall det blir og eg tykkjer det er spennande å forske på noko som faktisk ikkje er forska så mykje på før!

Me har det stort sett berre bra, med innslag av heimlengsel og periodevis kultursjokk her og der! Det er utruleg mange ting ein tek for gitt i Noreg, som eg ser allerede etter tre veker. Blant anna: Berre det å kunne legge seg utan å måtte spraye seg med myggspray og ligge i myggnetting, kunne ta seg ein dusj og bestemme om ein vil ha kaldt eller varmt vatn, ikkje anten eller alt etter kva humør dusjen er i, kunne gå på internett når ein vil, og når ein er på internett er det faktisk veldig kjapt og ein får gjort det ein vil utan at ein må logge seg på 10 gonger, kunne stole på at straumen ikkje går fleire gonger i veka, og når straumen går så er den ikkje vekke i minst to timar, kunne ringe og sende sms til venner og familie utan at det kostar ein liten formue, kunne vaske kleda i vaskemasking og oppvasken i oppvaskmaskin, og ikkje minst bu i eit land der dei fleste faktisk har det veldig bra med ein velferdsstat som fungerar bra, og der dødsfall ikkje er ein vanleg del av kvardagen til mange av barna! Fytti katta så godt me har det og så godt me har av å vere her! Det var dagens formaning. :p


Alt i alt er Livingstone ein kjempe fin plass med hyggelege og imøtekommande folk, sjølv om me ikkje alltid veit kva intensjonane deira er.. Me har i vertfall ikkje opplevd så veldig mange ubehagelege/”skumle” situasjonar.

Håpar alt står berre bra til heime! ”Speaks”

5 kommentarer:

  1. jaja, du får passe på oss no du da sia eg e delvis handicappa :p
    det e vertfall flott og sjå at de bedrive dagane med nyttige ting ;)
    Ha heimlengsel eg og men eg sjønna vertfall om de har da. :/

    SvarSlett
  2. Ååh..so fint du ha da kjekt. Viss du e trist og lei føda du e langt vekke heimatteifrao mao du hugsa pao at du faor ein opplevelse fø livet :) I kveld ska eg pao Donkeyboy. (takka vere kjæresten din). Vekao starta bra me Paperboys i jaor. Ti neste aor ska adle oss reisa ilag ;) Hels godtfolk, spesielt Robert! Kos dikka og prøv å nyt kver einaste dag :) Eldbjørg

    SvarSlett
  3. ville berre sei at eg fortsatt føle me sjøl om du ikkje høyre fra meg so ofte!
    bilkøyring i afrika høyres skummelt ut:p
    revyen gjekk ganske bra trur eg, forresten, sjøl om du ikkje ha spurt:p
    kjers10

    SvarSlett
  4. Du e skikkelig tøff AG! Virka so du har da bra i Zambia, til tross for heimlengsel.

    I helga e Christoffer og katten åleine på Hestnes, men trur det går bra. :D Gler oss til du kjem heim!

    SvarSlett
  5. So kjekt å høyra fra dikka :) Hjalp på :)
    Me ha da so regel berre bra!

    SvarSlett