tirsdag 2. oktober 2012

Heim, kjære heim!

No har eg vore heime nokre dagar, og har byrja å avklimatisere meg litt! Var visst langt i frå så varmt her heime som i Sør-Afrika. :p
Siste dagane før eg reiste fekk eg ikkje gjort så mykje fornuftig anna enn å pakke og sei hadet til forskjellige folk. Volker (professoren) køyrte meg til flyplassen på torsdag, og eg tilbrakte heile dagen i Johannesburg. Eg hadde store planar om å få gjort ein del arbeid på flyplassen, men macen min nekta å skru seg på heile turen! Når eg kom heim igjen fekk Knut Are ordna den med ein gong. LITT irriterande! Sjølve turen gjekk så greitt som ei så lang reise kan gå, og det var veldig godt å gå ut av flyet på Gardermoen! Sjølv om Knut Are var for sein (bilulykke på vegen, pluss haustferierush) og ingen stod med armane utslått når eg kom ut, var det veldig fint å sjå han igjen! Denne veka blir tilbrakt på Hafslo, Knut Are har teke seg ei ferieveke og me skal nyte hausten på Hafslo fram til søndag! :)

Det er merkeleg kor fort tida går! Plutseleg har eg hatt endå eit Afrika-opphald på over to månadar. Det har som sagt tidlegare vore ganske annleis enn Zambia-opphaldet, og eg har lært utruleg mykje både om meg sjølv (eg har aldri budd åleine før, så det var ein utfordring), folka, samfunnet og politikken i Sør-Afrika.

Mange av dei eg har treft i Sør-Afrika har spurt meg kvifor eg valte å reise til Sør-Afrika. Svaret dei har fått er at eg har vore interessert i Sør-Afrika sidan eg var ganske lita. Eg vaks opp med Mandela og Tutu på TV'n og har vore fasinert av dei lenge. Etter kvart som eg vart eldre har eg forstått meir og meir, og har ikkje vorte mindre fasinert. Når eg skreiv bacheloroppgåva mi, hadde eg i utgangspunktet ein liten del om Mandela, men måtte etter mykje om og men, fjerne det på grunn av mangel på plass. Når eg byrja på masteren kunne eg velje akkurat kor eg ville reise, så då var valet enkelt. Valet vart ikkje vanskelegare av å ha ein sørafrikansk professor og mange artiklar om Sør-Afrika.

Det er mange tragiske skjebner i Sør-Afrika, både for folk og dyr (det blir drepe utruleg mange nashorn for tida for å selge horna deira til Kina); det er mykje kriminalitet, STORE skilnadar mellom fattig og rik, og samfunnet er framleis ganske segregert, i vertfall i Pietermaritzburg. Eg opplevde at dei snakka mykje om "oss og dei", det er ikkje "oss" som sørafrikanarar, men "dei" kvite, "dei" afrikanske, "dei" indiske, og "dei" farga. I utdanningssystemet er det framleis STORE utfordringar og fleire er usikre på om den noverande regjeringa (same parti som Mandela) faktisk vil gjere sitt beste for å betre utdanningssystemet. Ein kan nesten sei at det har gått frå forsoning til korrupsjon, og fleire virkar usikre på kva framtida vil bringe viss det held fram slik. Skilnadane mellom dei skulane eg har vore på (og eg har ikkje vore på dei verste) er så utruleg store at ein kan spørje seg om det i det heile teke er mogleg å snakke om ei minsking av gapet mellom fattig og rik. Eit av mine favorittsitat av Nelson Mandela er: "Education is the most powerful weapon which you can use to change the world". Eg trur det ligg mykje i det. Mange av dei landa som gjer det bra og har bra levekår har utdanna folk. Når massene ikkje har utdanning, er massene ukritiske og lette å leie. Eit av problema i Sør-Afrika er at massene er utan skikkeleg utdanning, og desse er for det meste afrikanske. Dei har frykt for at dei andre partia vil bli dominert av kvite igjen, så viss dei ikkje er fornøgd med noverande regjering, let dei vere og stemme. Ein anna ting med Sør-Afrika er at dei er eit av dei utviklingslanda som brukar mest pengar på utdanning, men utbytte av desse pengane er små. Det er korrupsjon heilt ned til tekstbøker og matprogram og dei har brukt uendeleg mykje pengar på å forandre læreplanen fleire gonger sidan slutten av apartheid. Det er ivertfall mange utfordringar som står i kø før ein kan byrje å tenkje på at gapet mellom fattig og rik skal bli minska.

Sør-Afrika generelt er utruleg komplekst, men også utruleg interessant. Uavhengig av utfordringane og det "negative", har Sør-Afrika fått meg til å komme tilbake fire gonger, så det er noko med dette landet, eller dette kontinentet, som får deg til å ville reise tilbake. Kvar gong eg har komme heim igjen veit eg at det ikkje er siste gong eg reiser dit. Som dei seier: "Once the sand of Africa gets in your shoes, it will always lead you back." ;) Folket i Sør-Afrika er utruleg varierte med ei samling av mange ulike kulturar, religionar og personar. Desse har vist meg eit heilt særeigent humør og humor og er gjestfrie som få (sjølv om zambiarar er endå meir gjestfrie i mine auge). Dei er oppriktig interessert når dei møter deg, og vil så gjerne at du skal ha det bra. Sjølv om dei har sine utfordringar, vil dei hjelpe andre så godt dei kan og du kan vere sikker på at du får deg ein god latter i løpet av ein samtale. Mange av dei folka eg har møttt har vore utruleg engasjerte og har lyst til å gjere Sør-Afrika til eit betre land å leve i, for fattig og rik. Elevar som lærarar og professorar. Dette gjer meg eit stort håp, for som ein av mine andre store heltar, Desmond Tutu seier: "Do your little bit of good where you are. It's those little bits of good put together that overwhelm the world". Når så mange av dei eg har møtt er så engasjerte og har eit oppriktig ynskje om å forandre situasjonen for samfunnet rundt seg, er eg overbevist om at dei vil få det til, litt etter litt.

"I want to see like South Africa in future many people being educated. Because I saw that many people are struggling because some of them didn't get the change to go to school, so I think that maybe it could change the situation in future for that following generation" (Afrikansk jente 17 år, på den 'fattige' skulen). 

"I would like to study and to follow my education now and to study more afterwards, cause I really, I find it interesting that our law in our country has very big gaps of which the criminals tends to jump through, so I would like to close those gaps. And especially in society today cause alot of crime has come from unemployment and poverty so as a, as an attorney I see myself trying to just close those gaps, trying to bring the country back together". (Farga gut 18 år, på 'middel'-skulen.

Legg ved nokre bilete av noko av det eg har opplevd dei siste månadane. Takk til alle som har fulgt med på bloggen min denne gongen også! (Kanskje blir det nokre innlegg etter kvart som masteren tek form, me får sjå!) Siyabonga (tusen takk) og sala kahle (hadet bra)!


 Det verkar veldig lenge sidan eg og Knut Are var i Zambia!

 Strandliv i Amanzimtoti ei helg...
 ..snømannlaging nokre dagar etter..
 .. og strandliv i Durban neste dag. Sør-Afrika er verkeleg variert! Både i natur, folk og ver!
 Helgetur til Cape Town, og vintur
 Besøk til dagsenter for fattige og foreldrelause barn
Fekk sett den nye statuen av Mandela to gonger.
 
 Besøk av pappa og tur til Spionkop
 Tur til Drakensberg
 World's View
   Kamberg og gruvekunst


søndag 23. september 2012

Sawubona! (Hallo/god kveld)


Måndag tilbrakte eg heime for å prøve og bli frisk etter ”fjellsjuka”. Fekk teke ein del telefonar (blitt veldig flink til å ringe med min ”telefonskrekk” her nede! ;), og gjort dei siste avtalane før eg skal reise. Eg reiste på klatring og treningssenteret på ettermiddagen, og det hjelpte visst ikkje så mykje på å bli frisk..

Tysdag skulle eg eigentleg intervjue ei mor frå ”middelskulen”, men ho var sjuk så det vart utsett.På onsdag reiste eg til ”middelskulen” for å sei hadet til alle der. Det er den skulen eg har vore mest på, og eg har likt meg veldig godt. Har byrja å forstå kva dei seier på lærarrommet og no! ;) Det var fullt stress der den dagen, på grunn av nasjonale prøvar i førstespråk for niande klasse, i tillegg til avsluttande eksamenar for grade 12. I tillegg hadde utdanningsdepartementet prestert å sende dei eksamenane på afrikaans, i staden for engelsk så ein av lærarane måtte køyre inn til sentrum og prøve å finne eksamen å engelsk. Du må tru dei var stressa! Men alt ordna seg til slutt. Etter å ha vore der i nokre timar og snakka ein del med dei eg har vore mest med, reiste eg på kjøpesenteret for ein siste gong. Det kjøpesenteret har alt du måtte tenke deg frå tivoli og kino til flotte klede og god mat. Den som hadde hatt litt meir pengar! ;) Eg nærmast kollapsa når eg kom heim igjen, for formen har ikkje vore bra denne veka! 

Torsdag var ein veldig interessant dag og ein dag eg var veldig fornøgd med. Skulane eg har vore på har vore relativt fattige offentlege skular og veldig rike skular. Eg følte at eg trengte å snakke med nokon på ein rikare offentleg skule for å høyre deira synspunkt. Eg reiste til ein tidlegare modell-C skule (som vil sei ein skule som var berre for dei kvite under apartheid). Modell-C skulane har ganske store ressursar og har relativt høge school-fees i tillegg. Etter demokratiet kom til Sør-Afrika, har mange av modell-C skulane sett ei stor tilstrøyming av svarte, farga og indiske elevar, fordi foreldra veit at dei får bra utdanning der, men dei fattige skulane har ikkje hatt noko tilstrøyming av kvite elevar. Difor finn ein på dei fattige skulane berre svarte og kanskje farga, mens på dei rikare skulane finn ein mykje meir blanding. Som vanleg på desse store skulane, hadde eg problem med å finne inngangen (eg gjekk dit), fordi det er store gjerdingar rundt heile så ein kan ikkje gå inn kor som helst. Til slutt fann eg inngangen, og det var ein stor skule. Dei har litt over 1000 elevar, og som sagt før var det berre kvite der, men no har dei faktisk 95% svarte. Dei rikaste av dei kvite sender elevane sine til private skular. Rektoren var veldig imøtekommande og hyggeleg, og ordna alt for meg den dagen. Først intervjua eg han, og som med dei fleste eg har intervjua så måtte han verkeleg tenke over dei spørsmåla eg stilte han om kultur og ulikskapar. Han tykte det var veldig interessant, og det fekk han til å tenke over at dei kanskje burde fokusere meir på dei ulike kulturane enn dei gjer no. Han skriv master sjølv no, og han ser på tenåringsgraviditet, men skal fokusere på guterolla i forhold til det. Eg skulle ønske eg hadde vore på denne skulen tidlegare, for eg trur han kunne ha hjelpt meg å ordne mykje, men eg har no greidd meg greitt sjølv og! På kontoret hans hang det sitat frå Desmond Tutu og Jonathan Jansen (ein stor mann i Sør-Afrika i forhold til morsmål i utdanninga, som døydde mens eg var her nede), og ein kunne sjå og føle at han var oppteken av mykje av det same som meg. Han er kvit og gjekk på den same skulen når han var ung, men då var den berre for gutar. Han sa at han ikkje visste noko om dei svarte og korleis dei hadde det før han kom på universitetet, for dette var noko som ikkje vart snakka om, og viss lærarane prøvde å snakke om det, kunne dei få problemar med apartheidregjeringa.
Etter intervjuet med han, viste han meg rundt og me snakka med ulike elevar. Han hadde ein veldig vennleg tone med dei, samtidig som dei viste respekt. Også her helste dei fleste elevane på oss når me kom gåande, og gjekk til sides. Så fant han ei indisk lærar som eg kunne intervjue, og etter litt te gjekk me på kontoret hennar. Ho var ei veldig engasjert og livleg dame, som hadde vore aktiv med ANC (partiet til Mandela, og dei som har hatt makta sidan 1994) og i kampen mot apartheid før demokratiet. Dei ulike eg har snakka med her er ikkje redde for å sei kva dei meiner om situasjonen i landet og er har ikkje høyrt ein som har sagt at dei er fornøgd med noverande regjering! Etter det intervjua eg ein afrikansk og ein kvit lærar (blir veldig ”rasefiksert” både av å vere her og av oppgåva mi).

Når eg var ferdig med lærarintervjua, ropte han opp tre elevar på høgtalaren. Han sa at dei er med i debattlaget på skulen, og konkurrerer nasjonalt. Dei har slått mange av dei rikaste skulane i området. Det var ei afrikansk jente, ein indisk gut og ein kvit gut. To av dei betalar reduserte school-fees, og rektoren sa at dei var eit bevis på at ein ikkje treng å komme frå rike familiar for å bli noko. Eg vart utruleg imponert over å snakke med desse tre ungdommane! Det var akkurat som å snakke med medstudentar på master, og ein skulle tru dei hadde lest alt pensum og alle artiklane eg brukar for oppgåva mi! Velreflekterte og smarte ungdommar, som ikkje var redde for å sei kva dei meinte! Dei diskuterte seg i mellom og drog diskusjonen over på mange interessante tema. Eg spurte dei akkurat dei same spørsmåla som eg har spurt andre elevar. Mitt håp er at dei endar opp med å styre utdanninga i Sør-Afrika eller noko, for då trur eg det kan gå rette vegen! ;) Det var tydeleg at dei var glad i å snakke, for dei brukte 2.5 timar! (Gruar meg til å transkribere (skrive ned) den samtalen!) Eg hadde ei god kjensle når eg gjekk der i frå, og følte at dei siste brikkene i datainnsamlinga fall på plass. Etter den dagen var eg mildt sagt sleten, så kvelden vart brukt til å chatte og sjå på TV!

Fredagen vart for det meste brukt til transkribering også møtte eg Volker (professoren eg har hatt kontakt med på Universitetet) til lunsj. Eg og pappa stussa litt over det når han var her, at det nesten ikkje er nokon kvite i sentrum. Me åt ulike plassar i sentrum og gjekk rundt, men dei kvite såg ut til å gøyme seg. Eg spurte han eg bur hos (Charles), kvifor det var slik, og han sa at dei har alt dei treng i forstadane og på kjøpesenteret, pluss at sentrum er blitt veldig skittent med ein del kriminalitet, så dei føler seg ikkje heilt trygge der. Uansett, Volker tok meg med på ein ganske koseleg restaurant for lunsj, i nærleiken av kjøpesenteret, og då fann eg ut kor alle dei kvite er! :p Der var det nesten berre kvite! Det var som vanleg veldig hyggeleg å snakke med Volker, og det er alltid greitt å snakke med nokon som arbeidar innanfor det feltet eg forskar i! Me stressa tilbake for å rekke heim til meg til ho var tre, for eg skulle eigentleg intervjue rektoren på den fattige skulen klokka tre. Men når eg ringte han halv fire var han framleis på skulen (ein time utanfor Pietermaritzburg), og spurte om me kunne gjere ein ny avtale i oktober, for han skulle til Durban heile neste veke. Eg sa at eg reiste på torsdag, og spurte om han hadde tid på søndag eller måndag (måndag er offentleg fridag; Heritage Day).

Laurdag var det endeleg ”The Witness Hilton Arts Festival” som eg har sett fram til i fleire veker. Det er ein stor festival med nokon av dei beste skodespela i Sør-Afrika, musikk, marknad, mat også vidare. Eg hadde førehandsbestilt dei ulike billettane (noko som var bra, for alt eg reiste på var utsolgt), og bestemte meg for å tilbringe heile dagen der. Festivalen varte frå fredag-søndag, men det kostar med 250 rand tur-retur å komme dit, så eg bestemte meg for å bruke ein dag der. Eg starta dagen med å sjå skodespelet ”Boesman & Lena”(du kan lese om dei ulike skodespela viss du trykker på linken), som vart ein ganske tragisk start på dagen, klokka 10 om morgonen. Skodespelet vart vist første gang under apartheid i 1969, og handlar om eit ’farga’ par sine utfordringar under apartheid. Dei er veldig fattige og bulldosarar sendt frå apartheidregjeringa har køyrt over heimen deira same morgon. Så dei er ute og går på utkikk etter ein ny plass å bu. Boesman er ganske valdeleg og begge er alkoholikarar. På sin veg møter dei ein afrikansk mann som berre snakkar Zulu, og som er veldig sjuk. Boesman vil ikkje ha noko med denne ”kaffiren” (det dei kalla afrikanarar under apartheid) å gjere, men Lena tek han til seg som ein ven og gir han det vetle ho har av mat og eit teppe. Heile historia var eigentleg ganske tragisk og enda med at Zuluen døydde og Lena gjekk tilbake til å gå på vandring med valdelege Boesman, men det var utruleg bra skodespelarar og veldig interessant. Alle eg har snakka med her nede har høyrt om skodespelet, og det var veldig viktig når det vart vist første gong (då med kvite skodespelarar med svartmåling i ansiktet). Dei farga her nede er ofte fanga litt midt-i-mellom alle dei andre. Dei er ikkje svarte, dei er ikkje kvite, dei er ikkje indiske, så dei er ikkje heilt sikre på kor dei høyrer heime. Mange av dei seier at dei ikkje har nokon kultur, men som eg har sett og Volker har sagt, så har dei ein veldig sterk kultur (alle har kultur, har dei ikkje?) Du kan samanlikne dei litt med afroamerikanarar, og dei eg har møtt er ganske røffe og har mykje humor. Hadde eg sett dette skodespelet i juli trur eg ikkje eg hadde forstått så mykje (verken humoren eller dialekta (ein blanding av engelsk og afrikaans), men etter å ha vore her i to månadar og tilbrakt mykje tid på ”middelskulen”, forstod eg ganske mykje (bortsett frå afrikaansorda).

Rektoren på den tidlegare modell-C skulen var på det same skodespelet, så eg fekk snakka ein del med han etterpå. Det neste showet eg var på, var Paul Zerdin. Han er ein buktalar frå England, og var utruleg morosam! Det var ikkje noko djupare meining med showet hans, berre rein humor. På festivalen er det også mange forskjellige bodar over heile området, akkurat som ein marknad, så etter Paul Zerdin hadde eg planlagt litt tid til å gå og sjå i dei ulike bodane. Det var berre to problem; eg hadde ikkje pengar og den mobile minibanken fungerte ikkje + at det kom ein skikkeleg tordenstorm. Det enda med at eg måtte springe rundt i regnet og ringe til ein taxi for å køyre meg til næraste minibank (hadde ofte vore veldig praktisk med eigen bil!). Dei tre første minibankane eg var på fungerte ikkje på grunn av straumbrot, men den fjerde fungerte! Det vart eit ganske dyrt uttak til slutt kan du sei.. (flaks at det er så mange minibankar i Sør-Afrika, som regel ein for kvar bank på kvart vetle kjøpesenter). Høljeregnet og torden/lynbygene roa seg litt når eg kom tilbake igjen, så eg fekk brukt litt pengar på marknaden likevel! :p Etter nokre timar med shopping og mat, skulle eg på den einaste konserten eg hadde bestilt billettar til (det var også ein del gratiskonsertar rundt omkring på området). Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, men det viste seg å vere to litt avdanka musikalartistar som song musikalsongar.. Så det var ikkje heilt for meg. Musikalar er morosamt viss du ser ein heil musikal, men når det berre er songane er ikkje eg så gira. Men etter det reiste eg på ”Brothers in Blood” som var eit veldig aktuelt skodespel om fordommar mellom muslimar, jødar og kristne, lokalisert i Cape Town. Dei ulike historiene deira kom til slutt saman og det var innom både fordommar, fanatiske religiøse, abortproblematikk, med meir. Kvelden avslutta eg med humor, med stand-up komikaren Marc Lottering. Han er ein farga komikar frå Cape Town som er blitt veldig kjent i Sør-Afrika, og eg kunne fort forstå kvifor. Han var innom mykje av raseproblematikken og skilja eg har sett mens eg har vore her og var morosam utan å vere ekkel og utan å henge ut nokon (viss du forstår kva eg meinar). På same måte som med ”Boesman & Lena” hadde eg nok ikkje fortstått noko av dette for to månadar sidan, men etter å ha fylgt med i media, observert sørafrikanarar og lært meg å forstå ”fargadialekta” ganske bra, så tykte eg han var hysterisk. Hilton-området er veldig rikt, noko som innebar at det nesten berre var kvite på festivalen, noko som var noko av det første Lottering kommenterte. Men han sa det var bra det var mørkt, for då kunne han berre late som at alle var farga! :p

Søndag (i dag) reiste eg først til Glenwood, som er eit tidlegare fargaområde i nærleiken av ”middelskulen” eg har vore på, for å intervjue ei mor. Det var heime hos ho. Det var eit ganske lite hus i eit relativt fattig område (meir som eit township-hus), og det var ulike folk som budde i huset. Ho sa det var dumt eg ikkje kom dit tidlegare, for då kunne ho ha teke meg med på ulike hendingar i området. Ho var ei veldig gjestfri og hyggeleg dame. Etter at eg hadde vore hos ho, reiste eg på eit ”garden show” (hageshow) i Royal Agricultural Showgrounds. Pietermaritsburg er kjent som ”city of choice” (byen med valmoglegheiter) og ”city of flowers” (byen med blomar). No som våren er her, ser eg meir og meir av det siste sidan gatene er fulle med vakre blomane trær og ulike blomar. Dei har ”Sunday Tribune Garden Show” kvart år, der ulike lokalsamfunn konkurrerer i ulike hageoppsetningar. Det var mange utruleg vakre kreasjonar i tillegg til mange andre bodar med ulike ting. Pietermaritzburg er med og konkurrerar i Chelsea Garden Show som visstnok er eit veldig stort hageshow i England, og har vunne mange prisar. 













Eg fekk kjøpt ein fin blomekreasjon til Margie og Charles, som eg kunne gi til dei når eg reiste dit på braii (sørafrikansk tradisjon = grilling med nesten berre kjøtt, lite grønt) i kveld. 



Når eg var på braii fekk eg ha nokre nye interessante diskusjonar om utdanning sidan dottera deira som er lærar var der, og ei venninne av Margie skriv doktorgrad om morsspråk i utdanning. Eg fekk også ete godt kjøtt! ;) Grunnen til at det har skjedd så mykje denne helga, er at det er langhelg. I morgon er det som sagt ”Heritage Day”, som er ein ganske ny offentleg fridag som skal handle om å feire alle dei ulike kulturane som er i Sør-Afrika. Dette tenkte eg ville innebere mykje forskjellige kulturelle hendingar rundt om, men problemet er at ingen eg spør (uansett kva rase dei er), veit om noko som skjer i morgon! Heritage Day er og blitt kjent som braii-day, så dei fleste er eigentleg berre heime og grillar med vener. (Sør-Afrika har forresten 11-12 ulike offentlege heilagdagar, og viss dei kjem på ein torsdag eller søndag, får dei fri fredag eller måndag, så dei har mange fridagar! :p ) Eg skal prøve å sjå om eg finn ei kulturell hending ein eller anna plass i byen, etter at eg (forhåpentlegvis) har intervjua rektoren, som er det siste intervjuet eg har igjen.

Også er det berre tre-fire dagar til eg reiser heim! Tida flyr!  

søndag 16. september 2012

Besøk av ubaba 2

Tysdag sette me oss i bilen tidleg og sette kursen mot Drakensberg og Antbear Guest House. Sidan me hadde heile dagen, bestemte me oss for å køyre nokre sidevegar i staden for berre motorvegen. Me køyrte om Edendale som er der apartheid-regjeringa flytta dei fleste svarte i Pietermaritzburg-området når dei skilte rasene. Området rundt der er ganske fattig og ein stor kontrast til dei rike områda. Det er også den same vegen som ein køyrer når ein skal til den fattige skulen eg har vore på. 
Vegen går opp i fjellheimen og det var mange fjellandsbyar på vegen.

 På veg opp frå Edendale mot Vulindlela

 Nokre damer med tømmerstokkar på hovudet på veg mot Impendle

Me køyrte forbi same fjell som eg, Knut Are, Volker og Max køyrte mot for å finne snøen. Det heiter "Kvinnebryst" på Zulu.

 Her nærmar me oss Antbear Guest House som har utsikt mot Giant's Castle.

 Antbear Guest House var veldig koseleg og fredeleg, der dei fleste møblane var laga av eigaren og andre som jobba der. 

 Me tok oss ein runde på dette stilege sjakkbrettet.

Me tok oss ein gåtur rundt gjestehuset etter at me kom fram.

 Utsikta frå gjestehuset vart endå finare med solnedgang!


 Sola på veg ned bak Giant's Castle



Me var heilt åleine på gjestehuset første dagen, men hadde ein koseleg middag likevel i lag med to av dei som arbeidar der. Dei gav oss mykje nyttig informasjon om området og fjellturar me kunne gå, og hadde også nokre interessante diskusjonar både om utdanning og samfunnet generelt.

Onsdag køyrte me mot Giant's Castle som er eit fjellområde ca 1 times køyring unna gjestehuset. Me vart litt forvirra til å byrje med sidan me køyrte eit stykke unna fjellet Giant's Castle, men fant etter kvart ut at både fjellområdet og fjellet heitte det same.

 Det var flott å køyre mot Giant's Castle og me køyrte forbi fleire fjellandsbyar med Drakensberg i bakgrunnen. 


På veg opp mot naturreservatet, Giant's Castle. Heile Drakensberg er på UNESCO's World Heritage liste


Han eine som arbeida på gjestehuset anbefalte oss å gå på World's View som  ligg 1842 m.o.h. Den turen skulle ta ca 4 t. Problemet var at me ikkje fant ut kor stien byrja og brukte nesten 30 minutt før me i det heile teke fant stien! Motivasjonen sank litt, men når me først fant den, vart det ein fin tur.

Det var nydeleg utsikt store delar av vegen.

Når me nærma oss World's View høyrte me nokon som ropte frå ein topp bortanfor. Me trudde dei ropte på oss, og at World's View var den toppen. Me møtte ei spansk dame nedanfor toppen. Det var ikkje oss dei hadde ropt på, men dei hadde ropt til kvarandre når mannen hennar nådde toppen. Ho sa at det ikkje var World's View, men me bestemte oss for å prøve å komme oss på den toppen også. Me møtte mannen når han var på veg ned, han sa det var veldig tungt, men fin utsikt. Han hadde rett i at det var tungt, for det var veldig bratt og mykje laus jord som lausna kvar gong ein tok tak. Men etter litt staheit, kom eg meg opp (pappa kom så klart opp ei stund før meg). Når eg kom opp vart eg heilt svimmel og kvalm, og måtte legge meg ned litt. Mest truleg det at eg pressa meg ganske hardt i høgden som var grunnen. Men etter litt jus og kjeks var det verdt det, for utsikta var nydeleg med 360 graders utsikt utover fjellheimen. 








Godt å komme nedatt! ;)

 På toppen av World's View


Me brukte ca 4.5 timar til saman på turen, så når me kom tilbake til gjestehuset var det nesten mørkt. Til middag såg me at de hadde komme to folk til på gjestehuset, eit godt vaksent par frå Australia. Dei var veldig hyggelege og me åt middag ilag med dei og dei to ansatte me åt med kvelden før. All maten er laga av lokale råvarer så langt det let seg gjere, og av oppskrifter som dei to eigarane har samla frå ulike reiser opp igjenomm åra. Mannen er i frå Sør-Afrika og kona hans frå Tyskland. Me møtte ikkje ho, mene han åt frukost med oss begge dagane. Han var ein ganske original type, og det var interessante diskusjonar under alle måltida.

Torsdag køyrte me mot Kamberg, som er eit anna fjellområde i Drakensberg-fjella. Hovudattraksjonen der er gamle gruveteikningar/"Rock Art", laga av bushmen/San-folket. Det var ca 1 times gåtur opp til gruvene, og eg var blitt sylta forkjøla etter fjellturen dagen før, så me gjekk ganske roleg. Gruvene ligg 2020 m.o.h. så det var bra stigning denne dagen også. Grunnen til at teikningane ligg så høgt oppe (for det er verkeleg ingen andre ting der oppe, lite vegetasjon og lite levevennleg), er at det var ein heilag plass for san-folket, og dei tenkte at dei var nærare gudane sine viss dei teikna så høgt oppe. Gruveteikningar var ein veldig spirituell ting for san-folket og det var berre sangoomane (tradisjonelle leiarar/healerar) som hadde lov å gjere det. Dei teikna ting dei såg når dei var i transe og snakka med forfedrene sine. Zuluane trur framleis på mykje av det same som san-folket.

 Me fant nokre få gruveteikningar på vegen opp også, men dei var litt meir slitte enn dei øverste.

 Eland (den største antilope-arten), er eit heilag dyr for san-folket, så derfor er mange av gruveteikningane av eland.

 Me hadde flott utsikt denne turen også.


 Teikningar av elandar, andre dyr, jegarar og sangoomas (tradisjonelle leiarar/healarar).

 Ein jegar. For å få raudfargen brukte dei ein spesiell type krittstein og elandblod.

 Dette ser ut som ein inskripsjon, men det er kritt-teikning dette også, dei har berre brukt ein anna type stein. 

Guiden oppe ved gruvene kom frå landsbygda like nedanfor og var veldig oppteken av å ta vare på tradisjonen og historia. Han studerer i Pietermaritzburg, men noko ganske anna enn kultur og tradisjon; business studies (forretningsstudier). Eg måtte så klart spørre han litt om utdanning også, og spurte om barna på skulen like nedanfor lærer noko om tradisjonane og kulturen sin på skulen, eller om dei berre lærer meir moderne ting (slik tilfellet er i dei skulane eg har besøkt i Pietermaritzburg-området). Han sa at dei lærte ganske mykje om det, og at dei også hadde samarbeid med guidane i gruvene, som kom til skulen for å fortelje. Men dei lærer det ikkje på grunn av læreplanen, men på grunn av at lærarane og skulen er oppteken av det.

Her er fjellet Kamberg (Afrikaaner-navn, men det betyr det same på zulu), som er heilag for san-folket og zuluane. Dei kan ikkje peike på fjellet med peikefingeren, dei må bruke ei heil hand eller knyttneve, fordi det er fornærmande for gudane og forfedrene deira som høyrer til dette fjellet. 

Etter fjellturen køyrte me mot Pietermaritzburg igjen, og stoppa innom Nottingham Road og åt deileg lunsj på ein koseleg kafe der. Mens me sat der byrja det å tordne og regne, så me var utruleg heldige med veret på fjellturane! 

Fredag hadde me tenkt å køyre til Pietermaritzburg sin versjon av World's View, der ein får utsikt over heile byen (eg og Knut Are var der), men når me kom så langt kom tåka og regnet så det var ikkje så mykje vits i. Men me køyrte rundt i området der (som er eit veldig rikt område) og pappa fekk sjå den rike skulen eg har vore ein del på. På kvelden reiste me ut og åt på "stam-restauranten" vår, Spur, som ikkje ligg så langt unna der eg bur. Så reiste me på Harry Gwala-stadium for å sjå Maritzburg United mot Free State Stars. Me snakka om det heile veka at me hadde lyst på kamp (etter at me såg Maritzburg United-kamp på TV'n), men var usikre heilt til me kom til stadion, på grunn av veret. Men når me kom dit slutta det og regne, og me fant ut at me like godt kunne reise inn. Billettane kosta 40 rand, så det hadde ikkje vore krise om me måtte reise før den var slutt uansett. Maritzburg United ligg i toppdivisjonen i Sør-Afrika, og leiar serien akkurat no faktisk. Men dei er visst ikkje eit av dei beste laga, dei pleier å ligge meir på midten av tabellen. Det var ikkje så mykje folk der, men stemninga var god likevel med vuvuzela, synging og dans. :) Kampen enda 1-1, og den kunne ha vore meir spennande, men det var kjekt å vere på kamp uansett!

Etter at det endeleg slutta å regne på laurdag, gjekk me ein tur ned i sentrum for å ete lunsj, og resten av dagen tilbrakte me eigentleg inne framfor TV'n på grunn av dårleg ver. Men etter alt me har gjort denne veka, hadde me eigentleg fortjent det! ;)

No er eg tilbake i leilegheita igjen etter å ha vore med og køyrt pappa til flyplassen i Durban (Charles som eg bur hos, køyrte). Denne veka blir siste innspurt på feltarbeidet, men eg har eigentleg ikkje så mykje igjen. Det har vore veldig interessant å vere her og eg har lært mykje, men det skal bli godt å komme heim også! ;)