lørdag 23. juli 2011

"Det skjer aldri oss"

Mens eg posta eit innlegg om å alltid tenke positivt, at det var andre som hadde det verre enn meg, og at eg var heldig som budde i eit av verdas beste land å bu i, vart regjeringskvartalet i Oslo råka av ein bombeeksplosjon like før halv fire. Ein byrja raskt å snakke om terror, og at det var det verste som hadde skjedd Noreg sidan 2.verdskrig. Det heile var uvirkeleg og fekk magen til å vrenge seg. Ei lita stund etter fekk me nyheten om at ein AUF-leir på Utøya var angripen av ein mann kledd i politiklede som skøyt rundt seg. Kva skjer?, tenkte nok alle. Dette vart raskt spreidd over store nyhetskanalar verda over, og alle snakka om krigen mot terror.

Eg byrja dette innlegget i gårkveld, og fortset der nedanfor.

Ein og ein halv time etter at den mest grusomme hendinga som har ramma Noreg sidan 2.verdskrig (før Utøya), skreiv bbc: Oslo bomb attack: End of innocence?
Når eg leste dette, traff det meg rett i hjartet! For, ja, i Noreg kan politikarar og kjendisar gå fritt rundt blant oss "vanlege", polititet går ikkje rundt med skytevåpen, me har opne postkassar, tilgjengelege for kven som helst, svært få har hemmelege nummer og adresser og kjendisar gir ofte ut sine personlege telefonnummer. Andre land ser nok på dette som naivt og utrygt, men som Jens Stoltenberg og fleire andre politikarar seier, så skal ikkje bomber og skyting stoppe demokratiet og samhaldet me faktisk har i Noreg!

Korleis kan ein forutsjå at nokon, som òg er ein nordmann, skal ta ein båt ut til AUF-samlinga på Utøya og skyte vilt rundt seg? At nokon skal bombe regjeringskvartalet var nok lettare å forutsjå, men likevel vanskeleg å forhindre ved at politikarar skal slutte å gå fritt blant oss "andre", og hemmeleggjere informasjon om oss sjølv. Det bør sikkert sjåast på sikkerheita og kva ein kan gjere for å unngå slikt i framtida, men det er ikkje opp til meg å finne ut eller avgjere.

Eg håpar at dette ikkje gjer Noreg til eit mistenkeleggjerande samfunn.
"...ikke la oss tvinges til taushet av vold" - Jens Stoltenberg

Heile denne situasjinen får meg til å tenke på fordommar. Kort tid etter at det vart snakka om terrorangrep, kunne ein lese kommentarar rundt omkring om at det sikkert var muslimar som hadde gjort det, og slik går det når ein slepp dei inn i landet. Ikkje berre provoserar slike handlingar meg sterkt, men dei er også usanne. Gjerningsmannen viste seg å vere norsk. Om andre medverkande var av utlandsopphald eller ikkje veit eg ikkje, men mannen som fyrte skota var norsk. Dette viser kor farleg det er å ha fordommar ovanfor andre folkeslag, hudfargar, og/eller religionar. Også må eg berre få sagt, det er ikkje muslimar som står bak all terroren ein høyrer om, det er ekstreme islamistar! Muslimar er like forskjellige som alle kristne, alle humanistar, alle nordmenn.. ikkje slå alle under ein kam!
Det var grusomme hendingar som skjedde igår, og magen min vrei seg når eg såg på nyhetene. Det verste var at det vart berre verre og verre, og alt var så uverkeleg, spesielt når Utøya vart ramma.

Når eg så vaknar idag, og høyrer at 80 er drepne på Utøya, og at talet kan stige i tillegg til at 7 vart bekrefta omkomne etter bomba, veit ikkje kva eg skal tenke. Eg blir redd, forbanna, kvalm, og ikkje minst; veldig, veldig trist! Det er fristande å gå rett å legge seg igjen og gøyme seg under dyna. Mannen som forårsaka alt dette gjorde det aleine, ingen ekstreme islamistiske grupper låg bak. Det var ein norsk mann på 32 år som har budd på beste vestkant i Oslo store delar av sitt liv, som kalte seg sjølv nasjonalistisk, som bomba regjeringskvartalet og rett etter, når alt politi og ambulanse var oppteken i Oslo, reiste ut på ei øy full av politisk engasjerte barn og ungdom, og skøyt dei rett ned.

Fabian Stang sa relativt tidleg igår at me skal hedre dei omkomne og pårørande med å stå samla og ikkje gøyme oss i frykt.

Det er viktig at alle står samla, at ein ikkje byrjar med rasistiske uttalingar med ein gong ein ser noko slikt skje , og at ein er sterke. Sterke for alle dei som omkom, og alle pårørande. La ikkje dette øydelegge det norske samfunnet og gjere det norske folk mindre opne. Ikkje ver redd for å gå ut i frykt for kva som kan skje neste gong, men gå ut og vis dei som treng det at du er der for dei. Vis at i Noreg står me samla uansett kvar me høyrer til politisk og religiøst, og uansett kva hudfarge me har. La oss vise at det norske folk fordømmer slike handlingar og at i Noreg er det demokrati, samhald, toleranse og respekt for andre som gjeld!

Mine tankar går til alle dei pårørande, såra og resten av det norske folk.

Tenn lys for alle dei omkomne idag, og gi dine nære ein klem!



fredag 22. juli 2011

Terror i Noreg

På ein dag som dette er det igjen viktig å huske på at handlingar som dette ikkje blir utført av rasar eller hudfargar, 
av statar eller verdensdelar, men av enkeltpersonar og grupper som har mista fokus på det som er viktigast i verda: 
Samhold, omsorg, forståelse, empati og kjærleik. ♥

On a day like this it is important to remember that actions like this are not done by races or skin color, by states or continents, but of individuals and groups that have lost focus on what is most important: Unity, care, understanding, empathy and love.




http://www.bbc.com

Se alltid lyst på livet! Sa mor og far til meg. Tro alltid at det beste bare hender deg!

Eg startar denne bloggen med eit sitat frå Lillebjørn Nilsen:


Se alltid lyst på livet!
Sa mor og far til meg.
Tro alltid at det beste
bare hender deg!


Når ein møter motgang, er det fort gjort å tenke at det verste alltid skjer deg, at du har uflaks, at du er uheldig og det er fort å tenke at når noko er over, kjem det berre noko nytt. Tru meg, dette er eg ein ekspert på, og russenamnet mitt på vidaregåande var: "Jinx". "Jinx" er eit engelsk ord for forbannelse, og eg fekk dette russenamnet fordi eg var mykje sjuk og uheldig. Sjølv om eg ofte kan tenke mykje negativt og ventar på det neste som skal skje, noko som nok kjem av at det alltid er noko nytt som skjer :p, så meiner eg òg at eg er flink til å komme meg igjennom ting når det er som verst, og at eg ikkje gir meg, uansett kva hindringar som møter meg på vegen! Eg prøver alltid å tenke at det er nokon som har det verre enn meg, så eg har ingenting å klage over, for eg har ein god kjærest, god familie og gode venner, og er født i eit av verdas rikaste land!
Så her kjem eit blogginnlegg om våren og sommaren min, som er både positivt og negativt, optimistisk og pessimistisk! ;)

"Verken optimister eller pessimister kan unnværes. De er som røde og hvite blodlegemer;
hvis det ene slaget fikk overtaket, ville verden gå under
" - Nils Petersen.

Helse
Eg har slete med ryggen sidan eg var 13-14 år, så det har på mange måtar vorte ein vane å ha vondt i ryggen. I mars vart det derimot verre enn nokon gong, og i april kom eg meg til slutt til manuell terapeut, Einar Hoven. Eg har hypermobile ledd, og har hatt det meste ut av ledd, og Hoven sa at den eine ryggvirvelen nedst i ryggen var heilt lause og at musklane rundt ikkje fungerte som dei skulle. Han sa eg kunne trene det opp igjen, slik at eg ivertfall kunne leve med det, men eg burde ikkje jobbe med barn.

Ikkje jobbe med barn?! Det var som eit slag i magen, etter å ha utdanna seg som førskulelærar, der ein faktisk jobbar med barn, og etter å ha jobba eitt år som pedagogisk leiar. Eg burde jobbe på kontor, og ikkje ha ein jobb som innebar mykje løfting og tungt arbeid. Eg hadde tenkt å ta master uansett som jo vil  gi ein jobb med mest kontorarbeid, men eg har heile tida tenkt at eg hadde alternativet, og kunne jobbe i barnehage viss eg ville det. No har eg vent meg til tanken, sjølv om det fortsatt er kjipt, og er glad for at eg ivertfall kan ta med meg førskulelærarutdanninga inn i vidareutdanninga.

Eg har framleis mykje vondt, hatt vondt kvar dag i over 4 mnd, men eg merkar at treninga hjelp litt. Eg trener tre gonger i veka hos manuell terapeut i slynge for å trene opp stabiliteten i ryggen (ikkje no i sommar for det er stengt), og eg kjenner at eg toler meir. Men det er framleis vondt kvar dag, og å køyre bil/sitte på, gjere husarbeid, stå/gå/sitte/eller ligge for lenge i same stilling gjer vondt, og eg kan ikkje løfte noko særleg. Heldigvis har eg ei kjempegod støtte i Knut Are som har tatt seg av husarbeid, all løfting og bæring, smurt meg inn med ibux gel, trøsta meg når eg har vore lei, fått opp humøret når eg har vore sint og sur, i det heile vore heilt topp!


Sommar
Sjølv om det ikkje virkar slik i skrivande stund (det høljar ned vassrett ute!), så er det no sommar. Sidan me var i Zambia i påska og skal gifte oss i desember, har me logisk nok ikkje vore på noko utanlandsferie i sommar.
Men me har kosa oss mykje her i Noreg, vore på festival og besøkt familie, slekt og venner.
Me starta ferien med over ei veke heime. Kjempegodt å kunne vere heime over litt lengre tid, einaste minuset var at Knut Are jobba natt som aviskøyrar (han jobba som det ved sida av skulen i fjor). Første natta kom han seint heim, og når han kom heim var det utan min bil! Den stod på Leikanger, utan olje. Seinare på dagen vart Christoffer med oss til Leikanger for å taue bilen tilbake til Hafslo! Etter nokon dagar, fant Knut Are ut at det var botnpanna som var øydelagt og måtte skiftast. Bilverkstadet skulle ha 7000,- berre for jobben, så då fant Knut Are ut at han ville gjere det sjølv. Så han bestilte delane, jobba natt, sov på dagen og mekka på ettermiddagen! Litt av ein ferie for han! Sidan me skulle reise til Kongsberg tysdag 05.juli, var det litt stress å få bilen ferdig, men mandag hadde han fiksa bilen, flinke "jobbemannen"! :p
Klar for Rockabilly-fest! 2.juli arrangerte naboane mine (Søhoel)
med Joar Søhoel i spissen, Rockabilly-fest på Beim, Hafslo!
Kjempe bra initiativ, bra stemning og kjempe gøy!
Tysdagen henta me Kjersti i Sogndal og sette nasa mot Kongsberg. Onsdagen skulle me nemleg på Telenor Arena for å sjå Iron Maiden med Alice Cooper som oppvarming! Eg fekk melding av Kjersti før jul ein gong, der ho spurte om me ville vere med på konserten. Eg fant ut at det kunne vere ei fin julegåve til Knut Are, noko han vart veldig glad for. Endeleg var dagen komme, og me var klar! Det var ein bra konsert med mykje liv. Det var spesielt morosamt å sjå over 60-år gamle Alice Cooper med masse sminke, sære antrekk og sceneshow! Iron Maiden var også spreke og levde opp til forventningane!


Alice Cooper med norsk landslagsdrakt og norsk flagg
Ventar på Iron Maiden
Familien Brille på tur!
Super kule og super svette! Det var varmt på Telenor Arena!
Iron Maiden

Neste dag køyrte eg Kjersti til Hokksund slik at ho kunne ta bussen til Sogndal igjen, og eg og Knut Are køyrte til Stavern. Der skulle me på Stavernfestivalen (var der i fjor også). Stavern er ein superkoseleg liten by ved skjærgården, som får ganske bra artistar til Stavernfestivalen. I år var hovudattraksjonane for meg Roxette og BigBang, men det var også mange andre bra artistar! Blant anna Montèe, Henning Kvitnes, Admiral P, Jarle Bernhoft, Kurt Nilsen, med meir. Me kosa oss masse, sjølv om me ikkje var like heldige med vêret som ifjor! (Ifjor - strålande sol, i år - skiftande, men for det meste, høljeregn).
Roxette! Roxette var den første CD'n eg fekk! :)
Knut Are og Montèe
Jarle Bernhoft

Fint vêr!

Etter 4 dagar i Stavern, sette me snuten mot Levanger, noko som skulle vise seg å vere ein laaang tur. Over 11 timar tok det frå me sette oss i bilen til me kom fram!
Etter mange timar i bil, stoppa me på Tynset og
var litt turistar på noregs største spark.

Når me kom fram var Merete (søskenbarnet mitt) og John Olav (typen hennar) der, og dei hadde kjøpt ein pizza til oss. Den smakte veldig godt etter mange timar i bil! Hovudgrunnen til Levangerturen, var for å besøke mi 94 år gamle mormor! Det var veldig koseleg å treffe ho igjen, men det merkast at ho blir eldre for kvar gong.. Elles fekk me treffe litt slekt, søskenbarn og tante og onkel, og me fekk treffe Marianne!
Utsikt frå Nesset på Levanger (der mamma kjem frå)
Tur på Skogn med Marianne
Etter nokon dagar i Levanger sette me snuten mot Lærdal. Denne turen skulle eigentleg ta 7-8 timar, men enda opp med å ta 11.5 timar! Først var Hell-tunnelen stengt på grunn av ein hengar som hadde usikra last, slik at me først stod lenge i kø, så måtte me snu og køyre ein omveg. Seinare var dei ei bilulykke ved Dovre, som gjorde at me stod lenge i kø. Elles var det vegarbeid som stengte eine snarvegen me pleier køyre, og som gjorde at me måtte vente ei stund på Dovrefjellet. Men me kom fram til slutt!

I Lærdal var me i fire dagar, der kosa me oss mykje med Johannes (nevø) og var på fjelltur til Sendalen. Veldig bratt, men fin tur!


Tassen prøver å få seg nye venner i Lærdal
Johannes :)
Hjort i Sendalen
Rast i Sendalen. Tassen følgjer nøye med på hjorten oppe i lia!
Bratt opp og bratt ned!
Vassing i fjellelva
No er me i Kongsberg nokon dagar, der Knut Are har jobba litt i barnehagen, før me reiser til Hafslo igjen i morgon for ei lita veke.


Skule
No er det under 1 måned til eg byrjar på skulen og eg er kjempe spent! Det er alltid spennande å byrje i ein ny klasse og ikkje minst på ein ny skule! Ikkje minst når det er ein del internasjonale studentar, all undervisning blir på engelsk og eg skal ta master! Byrjar å få sommarfuglar i magen allereie, men eg kan ikkje vente med å byrje!

Før eg reiste til Zambia, hadde eg tenkt å ta master i spesial pedagogikk (noko som var bra eg ikkje gjorde, med tanke på ryggen), men når eg kom heim igjen, følte eg ikkje at dette var det eg ville. Eg byrja å google litt, og søkte på førskulelærar + internasjonalt. Då fant eg master i internasjonal utdanning ved høgskulen i Oslo (einaste skulen som har det), og når eg leste studieplanen, var det som om utdanninga var skapt for meg! Så venta eg eitt år før eg kunne søke, og kryssa fingrane for at eg kom inn!

Tidleg i juni var eg tilfeldigvis inne på SøknadsWeb og der stod det at søknad var innvilga og at eg kunne takke ja eller nei. Eg vart kjempe glad! Etter nokon dagar fekk eg ein mail der det stod at eg var komme inn og dei ønska meg velkommen som student. Plutseleg nokon dagar etter fekk eg eitt brev der det stod at eg hadde fått tilbod om å stå på venteliste. VENTELISTE! Eg vart kjempe lei meg, stressa og fortvila, og var heilt sikker på at flaksen min hadde slått til igjen og at eg ikkje var komme inn. Eg vart ekstra frustrert sidan eg no ikkje har så mange andre alternativ enn vidareutdanning på grunn av helsa. Først ringte eg mamma fortvila, sjølv om eg eigentleg visste ho ikkje kunne gjere så mykje (men godt å ha nokon å spørje om råd). Ho sa eg mest truleg var komme inn, men at eg skulle ringe skulen neste dag. Neste dag ringte eg skulen og vart sett over til mange forskjellige personar. Til slutt traff eg på rett person og sa kva som hadde skjedd. Ho sa at det hadde skjedd ein "feilformulering". I mailen eller i brevet?, spurte eg. I brevet. Så eg var komme inn, og ho beklaga feilen. Ho skulle berre visst kor bekymra eg vart over den "feilformuleringen"! :p Så då vart eg like glad som første gong eg såg eg kom inn, og pusta letta ut! Eg har allereie fått timeplan for heile skuleåret 2011/2012 og veit når eg skal levere oppgåver og ha eksamen. Det er noko eg ikkje er vant med frå tidlegare, men veldig glad for!

Her kan du lese meir om master i internasjonal utdanning


Bryllup
No er det snart 5 månader til bryllupet, og det meste er på plass! Ikkje verst, men greitt å ha alt ordna når ein skal gifte seg i Zambia! 

Me har bestilt flybillettar - me reiser til Zambia 21.12, og til Cape Town 30.12. Heim igjen reiser me 05.01.12. Kjempe glad og takknemleg for at Ine (forlovar) har bestemt seg for å reise samtidig som oss, og ikkje etter julafta, sjølv om ho har ein liten gut og kjærest heime! Då får me litt tid til å gjere litt "brud-forlovar"-ting i Livingstone, sidan det ikkje blir så mykje av det her heime. 

Kjersti og Annette skal reise samme dag som oss også, og Christoffer, Håvard og Susanne reiser dagen før!  Mamma, pappa, Bente og Henning reiser samme dag som oss, men til Lusaka for å så ta bussen der i frå. Så det blir ein gjeng som feirar jul i Afrika istaden for Noreg denne jula! Me (meg, Knut Are, Ine, Kjersti og Annette) har bestemt oss for å reise til Botswana tidleg på julafta for å feire med safari. Me blir eitt døgn, for det er ein del å ordne for oss i Livingstone før bryllupet. Pappa, mamma, Bente og Henning blir nokon dagar i Botswana. Bryllupsreisa blir i Camps Bay, ca. 15 min utafor Cape Town, mens Bente, Henning, Ine, Kjersti, Annette, Christoffer, Håvard og Susanne skal vere i Cape Town. Me gjer nok ein del aktivitetar ilag, og kanskje blir det ei storfeiring på nyttårsafta? Me skal eit døgn på ein safari som ligg utanfor Cape Town, der dei hentar og leverer oss. 

All overnatting er bestilt, dei viktigaste detaljane til bryllupet bestemt, og kjole kjøpt! Eg gledar meg veldig, og kunne ikkje drømt om eit meir perfekt bryllup og bryllupsreise! :D