onsdag 31. mars 2010

Biltur og safari



Siste kvelden i Cape Town reiste me til Waterfront for å ete. Eg var fast bestemt på at eg SKULLE ha fisk. Sidan Zambia har litt mangel på hav, er det heller ikkje så mykje fisk der, så eg har ikkje ete fisk sidan eg var i Noreg. Sidan Cape Town ligg attmed havet, tenkte eg at det måtte vere mogleg å få fisk. Og det fekk eg, men det var ikkje Sør-Afrikansk fisk, det var norsk laks! Super godt : ) Sidan me skulle tidleg opp neste dag, vart det ein tidleg kveld i Cape Town.


4 nobelprisvinnarar, (hugsar ikkje kven han heilt til venstre var) Desomnd Tutu, Klerk og Mandela


Waterfront




Neste morgon vart me henta litt før sju også reiste me til flyplassen. Flyturen til Durban tok om lag to timar, og i Durban hente me leigebilen som var med i pakken. Me køyrte 42 mil nordover til KwaZulu-Natal-området. Der var me booka inn på Mkuze Falls Private Game Reserve. Beskrivelse i reiseprogrammet: ”Dere drar på leting etter de ”uoppnåelige Big Five” (elefant, løve, neshorn, bøffel og leopard). Fantastiske dyreopplevelser i fem stjerners lodge, og en helt unik safari opplevelse er garantert”.


Pappa prøvar å venne seg til å køyre på feil side! "Alt er jo motsatt av hva jeg er vant til"


På veg mellom Durban og lodgen 


Etter å ha køyrt ein del timar på motorveg tok me av og køyrte på ein skogsveg og 15 km inn i bushen låg lodgen. På vegen såg me (mange) impala, gaselle, andre liknande dyr, struts, SEBRA (det har eg ikkje sett før i Afrika) og nasehorn, så me skjønte at me var på veg inn i safari-land! Lodgen var kjempe fin, med eit elektrisk gjerde rundt slik at dei ikkje skal få besøk av ”the Big Five” (løve, nashorn, leopard, bufffalo og elefant).  All mat, drikke, safari og liknande er inkludert i prisen. Middagen bestod av 5 rettar, der hovudretten var impala! Det var 13 andre gjestar utanom oss der tre var svenskar og resten nordmenn! Eit resultat av kven som har hatt minst problem etter finanskrisa?
Luksusen her er noko anna enn eg er vant med frå Livingstone, så det blir skikkeleg deileg feriekjensle for meg! 





Impala byrjar å bli eit vanleg syn for meg no, og var så klart det første dyret me såg på veg til lodgen


Struts :)


Ein "vannbukk" (mi oversetting)


Me hadde ingen planar om å ut av bilen heller!


Lodgen


Rommet mitt


Onsdagsmorgon vart me vekt klokka 05.00 og fekk litt å bite i før me reiste ut på safari. Då var eg klar til å gjere eit oppgjer med løvene som eg hadde eit litt ublidt møte med i Botswana. Det var ein norsk familie på fire med oss i bilen, og me køyrte for å leite etter løvene først. Etter å ha køyrt ei stund kom me til eit vatn og der fant me løver! Ein flokk på ca. 12-13 stk som låg attmed vatnet, leika og slappa av. Denne gongen var det ikkje fullt så skummelt, for det var ingen som reiste seg i bilen slik at løvene la merke til oss! Etter at me hadde sett på løvene ei stund, kom det ein flokk på om lag 25 elefantar som og ville vise seg fram for oss! Dei drakk vatn, markerte seg og yppa litt med kvarandre. Eit fantastisk syn!




Trackeren sit til pynt framme på bilen, men når me kom til løvene sette han seg bak til oss.








Fekk litt dajeavu når denne gjekk forbi meg der eg sat, men den var ikkje fullt så skummel som den svære hannen i Botswana!


Flotte, men late dyr!





Nesten heile gjengen samla


Ein liten flokk med elefantar som kom for å drikke


Me trudde dei kosa, men dei prøvde visst å finne ut kven som var tøffast


Eg hadde vore litt skeptisk viss eg hadde såtte frampå den bilen!


Møtte på ein flokk med gnuar på veg heim


Gribbar

Klokka 15.30 skal me ut på ny safari, det er litt overskya i dag, men forhåpentlevis får me sett litt solnedgang og!




mandag 29. mars 2010

Table Mountain

Idag tok me Cable Car opp til toppen av Table Mountain. Kjempe fint!

Venta i kø litt øve ein time for å komma til Cable Caren som skulle ta oss opp til Table Mountain (litt over 1000 m.o.h.)

Nytt skilt..



Lions Head



Utsikt mot Cape Town





Camps Bay



Kvite runde tingen nede på biletet er den nye stadionen dei har bygd til VM


Me and my dad :)




Lions head i bakgrunnen




Lions head og Lions rump :p


Ein galning som skal rappellere ned frå Table Mountain (ikkje heilt ned). Han var så klart nordmann! :p


"Bessie" - eit dyr som likar å henge på Table Mountain. Beskrivelsen som stod i informasjonen: Liknar p å ein feit brun hare utan øyrer, og næraste slektning til elefanten! Merkeleg skapning!





søndag 28. mars 2010

” Education is the most powerful weapon which you can use to change the world”

Etter å ha greidd meg ganske så bra aleine (kan vel ikkje sei eg var aleine, men aleine ”muzungu” (kviting)), sette eg nasa mot Sør-Afrika. Der møtte eg mamma og pappa i Johannesburg, noko som var veldig kjekt, men òg rart! Merkeleg at dei plutseleg var i Afrika. Då fekk eg vite at noko av det første som hadde skjedd når dei kom til Afrika, var at ein mann hadde insistert på å hjelpe mamma med å ta ut peng. Mamma hadde skjønt at det var uglar i mosen og prøvd å få han vekk, men han hadde hengt over ho. Pappa var òg ordna med bagasjeoppbevaring. Etter at mannen hadde gått, hadde mamma ringt for å få sperra bankkortet. Etter ei stund hadde nokon som har oversikt over banktransaksjonar ringt og sagt at det hadde blitt tatt ut ein del pengar frå kortet til mamma, og dei lurte på om det var ho som hadde gjort det. Det viste seg at banken ikkje hadde sperra kortet og at mannen som skulle ”hjelpe” mamma hadde fått den informasjonen han trengte og trekt 13-14 000 frå kortet til mamma! Fin start på ferien det.. Men ho får det i vertfall tilbake på forsikringa!

Me hadde ein del timar å vente i Johannesburg før me skulle ta fly vidare til Cape Town. Når eg sat og såg rundt meg utanfor flyplassen i Johannesburg, fekk eg følelsen av at eg ikkje var i Afrika. Det verka meir som eg var i USA eller Europa. Forbi meg køyrte den eine nye Audien, BMWen, Mercedesen, Wolkswagen, og liknande etter den andre, bilar eg ikkje har sett på to mnd. Bygningane rundt meg var store, det var i vertfall ingen skur eller jordhytter!

Lunsj i Johannesburg mens me venta på flyet til Cape Town

Når me kom til Cape Town i 2300 tida, vart me henta på flyplassen i ein splitter ny mercedes og hotellet var noko av det finaste eg hadde sett, utan myggnetting, varmt vatn i springen og internett på rommet! (Det var vel eigentleg ganske vanleg vestleg hotellstandard, men krava mine har senka seg ganske mykje her nede)

Hotellet vårt i Cape Town. Table Mountain har gøymt seg bak skyene

Etter ei veldig god natts søvn bestemte me oss for å gå ned til hamna, Waterfront, der me sette oss på ein sightseeingbuss. Det er ein veldig grei måte å få oversikt over byen på, og me tok ei rute som gjekk rundt Table Mountain. Det var ein veldig fin tur og Cape Town viste seg å vere ein veldig fin by! Fjell, mykje vegetasjon, fine hus, strender, hav, osv.

Ganske merkeleg kjensle å komme til Cape Town og få kultursjokk andre vegen enn når eg kom til Zambia! Å gå i frå ”The real Africa” der ein så tydeleg ser fattigdommen over alt ein går og der ein kan vite heilt sikkert at ingen av ”muzunguane” er innfødte, der vegane er fulle i store hol som blir oversvømt med ein gong det regnar, til å komme til ein by med svære, flotte hus, høge bygningar, flotte bilar, både kvite og mørke er innfødte, og bedre vegstandard enn dei fleste vegar i Noreg, var ganske rart. Det er så klart mykje fattigdom, HIV/aids, arbeidsledigheit, osv. i Sør-Afrika og, men ein ser tydeleg at det er eit mykje rikare land enn Zambia. Eg tok meg sjølv i å tenke fleire gonger: ”Kva verdensdel er eg eigentleg i no?” 

Waterfront 

Godt å endeleg sjå litt fjell igjen!



Cape Town

Under apartheid vart ca. 60 000 av dei svarte innbyggjarane tvangsflytta her i frå til getthoar.

Table Mountain



Litt andre hus enn eg er vant med frå Zambia..


Beautiful!!






Den nye fotballstadionen dei har bygd til VM

Litt akrobatikk mens me åt lunsj

Etter bussturen åt me lunsj der me fekk underholdning av både akrobatar og musikarar. Deretter gjekk turen til Robben Island, og då vart eg minna på at eg var i Afrika igjen. Sidan eg var lita har Nelson Rolihlahla Mandela alltid vore eit stort førebilete og ein helt for meg, og var ein av hovudgrunnane til at eg ville til Cape Town. Robben Island er ei øy med mykje historie, ikkje berre frå apartheid. Den første personen kom på 1600-talet, og dei siste reiste i 1991! Det har vore isolat for ulike sjukdommar, isolat for ”mad people”, fengsel for kriminelle og politiske fangar. 


Båtturen til Robben Island tok om lag 20 minutt, og me køyrte rundt i ein buss med tidenes guide! 
Guiden hadde vore generalsekretær i  PAC, den radikale vetlebroren til ANC (African National Congress, Mandela sitt parti), og pleier å vere guide når dei har store folk på besøk, kan nemne Mandela sjølv, Bing Crosby, Hilary Clinton, Obama, og kong Harald for nokre mnd sidan. Gudien hadde ein eigen måte å fortelje på og hadde tydeleg mykje kunnskap. Han spurte dei ulike folka som var i bussen kor dei kom i frå, og han kunne sei kva det landet hadde bidrege med på både godt og vondt. Me stoppa mellom anna ved eit hus, der Robert Sobukwe hadde vore isolert i 9 år. Sobukwe var den første presidentet i PAC. Regjeringa frykta kva han kunne gjere og at skulle få fleire til å bli med seg, så han fekk ikkje lov å prate med nokon heile den tida han sat i fengsel. Dette førte til at han fram til han døydde hadde problem med stemmebanda.

Utsikt mot Cape Town

Etter å ha køyrt rundt på øya og sett mange av dei viktige plassane, gjekk me av ved fengselet. Der fekk me ein ny guide. Han hadde vore i fengsel på Robben Island sjølv i 7 år. Dommen hans var at han var terrorist. Han hadde arbeida med å rekruttere folk til partiet. Første rommet me var i hadde hatt om lag 60 fangar. Dei hadde ikkje senger, men tre tepper, ikkje glas i vindauga, tre dusjar, osv. Dei måtte stå opp 4 om morgonen for å rekke å vaske seg, og dei fekk berre ordne seg tre gonger i veka. Cella innehaldt opptakar slik at voktarane kunne høyre om fangane diskuterte noko politisk. I fengselet var det så klart ingen kvite, men det var delt opp i tre andre grupper, indarar, farga og dei svarte. Me fekk sjå ein plakat der det stod kva indarane og dei farga fekk ete og ikkje ete, og kva dei mørke fekk ete. Indarane og dei farga fekk litt meir enn dei svarte. Når ein vart fange på Robben Island hadde ein ikkje lenger noko namn, men ein fekk utdelt eit nummer. Mandela sitt er det kjente: 46664



Dei svarte fangane fekk ikkje lov til å ha langbukse, sokkar, sko eller jakke. Dei måtte gå i shorts og t-skjorte heile tida, uansett kor kaldt det var ute. Dei måtte og arbeide ved ei gruve der det var veldig sterkt lys, utan at dei fekk lov til å ha solbriller. I dag er det ikkje lov å ta bilete av Mandela med blitz, etter at augene hans vart øydelagt når han arbeida ved gruva. Arbeidet dei gjorde var meir som ei straff enn nyttig arbeid, for steinane dei gravde ut vart ikkje brukt til noko. Fangane fekk ikkje lov til å få besøk av barn under 18 år, så dei som hadde barn (som Mandela) fekk ikkje sjå eller høyre dei heile si tid i fengselet. Me besøkte så klart cella til Mandela. Han budde ikkje i fellescelle, men hadde ei eiga celle. Den hadde heller ikkje seng, men berre tre tepper. Desse teppa måtte brettast på akkurat den måten voktarane sa, viss ikkje vart fangane slått og sparka. Mandela hadde ikkje do i cella han sat på i 18 år, men ei bøtte han måtte bruke. Mandela var 44 år når han kom i fengselet, og 77 når han endeleg vart sett fri. Som sagt sat han 18 av desse åra på Robben Island.

Regjeringa hadde dei politiske fangane og kriminelle fangane i lag i håp om at dei politiske fangane skulle bli som dei kriminelle og gløyme kva dei kjempa for. Men det enda med at dei kriminelle vart politisk interessert! På denne tida fekk ikkje dei svarte i Sør-Afrika lov å utdanne seg, men på Robben Island utdanna dei kvarandre. Dette førte til at når fangane kom heim i frå fengselet kunne dei ha fleire universitetsgradar med seg i bagasjen. Til og med dei kvite fangevoktarane kom heim med fleire universitetsgradar. Som Mandela seier: 
Education is the most powerful weapon which you can use to change the world.”



Mandela, som Martin Luther King Jr. og Mahatma Gandhi før han trudde ikkje på hevn, men på reconciliation (forsoning). Etter å ha opplevd det dei svarte opplevde i sitt eige land ville nok dei fleste ha gått til krig eller gjere noko for å hevne alt det vonde dei hadde opplevd. Men når Mandela og ANC vann valet og Mandela vart president hadde heile Sør-Afrika vunne, ikkje berre dei svarte. Som Mandela sa når han hadde vunne valet: 

 ”Today we are entering a new era for our country and its people. Today we celebrate not the victory of a party, but a victory for all the people of South Africa... The struggle for democracy has never been a matter pursued by one race, class, religious community or gender among South Africans. In honouring those who fought to see this day arrive, we honour the best sons and daughters of all our people. We can count amongst them Africans, Coloureds, Whites, Indians, Muslims, Christians, Hindus, Jews - all of them united by a common vision of a better life for the people of this country.”


Tenk hadde fleire vore som Mandela!

Både eg og mamma gjekk tom for batteri, så det er pappa som har bilete frå sjølve fengselet. Pappa har ikkje med kameraledning, så dei bileta får de sjå ein anna gong :)