søndag 14. februar 2010

Victoria Falls

Endeleg internett igjen! No sit eg på ZigZag og her har eg vore ein del timar. Internett klikka så klart med ein gang me kom, men no funkar det igjen.. Me har fått "internett" på Willma òg, men det er så treigt at det eigentleg berre er eit ekstra irritasjonsmoment..


Sia sist så har eg hatt to dagar til i praksis som har gått heilt greitt. Fredag fekk me omvisning i landsbyen, der me besøkte eit av husa og fekk helse på ei kjempe søt lita jente! Me fekk òg sjå datalaben til skulen, og låne data med relativt bra internett! Dette internettet kan me få bruke når me har tid.

Eg har òg vore på treningssenteret, noko som var veldig godt! Carina var treningsinstruktøren og gav meg og Marianne nokre fine øvelsar :) 
 På tysdag har me tenkt å prøve karate, så det kan jo bli interessant! 

Elles var me ute fredagskvelden der nokon (blant anna meg) som vanleg gjekk tidlegare heim enn andre.. :p Me var først på Jollyboys til nokre norske som Robert har blitt kjent med, der ei av dei hadde bursdag. Det viste seg at ho som hadde bursdag var svensk. På førehand hadde me samla saman ein pose med forskjellig stuff oppi, bl.a. antibac, såpeboblar, ”Rett i koppen”, penn, osv. I tillegg hadde me laga eit kort til ho med dikt laga mest av Robert. Ho vart ganske glad for det, men me pratte ikkje så mykje med ho etter at ho hadde fått gåva :p Etterkvart reiste dei fleste av oss til West Five, Tony sin backpacker plass.

Så kom me til laurdag som er den beste dagen i Zambia hittil, og som eg har gleda meg mest til; me reiste til Victoria Falls! Fidelis, ein av dei zambiske som var i Noreg i fjor, ordna transport til oss, ein buss frå skulen han arbeidar på, og me reiste heile gjengen, inkludert Fidelis, Barbara og bussjåføren. Me starta med å gå ned til The Boiling Pot, som var ganske bratt ned, men det virka endå brattare oppover! 629 m ned. Nokon såg ein krokodille på vegen! Det var veldig varmt å gå oppatt, og me vart ganske så svette, så då passa det bra å gå bort til fossen for å ta seg ein ”natural shower”. Det var herleg! Vanskeleg å beskrive korleis det var, så bileta får tale for seg sjølv, men humøret var på topp og det virka som alle bekymringar ein hadde vart skylt vekk! 

Laurdagskvelden grilla me igjen, som vanleg god mat! :) Eg hadde eigentleg tenkt å berre vere heime, men det enda opp med at me reiste ut 02.00 og kom heim 04.30.. Med unntak av nokon veldig desperate og innpåsletne fulle menn på den første plassen me var på, hadde me det ganske kjekt. Me reiste på Fairmount etter kvart og der er det litt meir turistar og folk enn der me var først. så der var det mykje betre å vere, og me dansa mykje :)

GRATULERA MED MORSDAGEN MAMMA!!

Ganske kult?! Sommarfugl og gekko på Willma



To fine damer! Juliane og Renate på West Five



Carina og Marianne; African Style



I bussen på veg til Victoria Falls



På veg ned The Boiling Pot



Brua mellom Zambia og Zimbabwe. Her kan ein òg hoppe i strikk



Victoria Falls



Ganske blaut etter "natural shower"



Her går vatnet ned til fossen



Me leitte og leitte etter alle apekattane og bavianane me hadde høyrt skulle vere der, og tilslutt fann me i vertfall nokre bavianar! :)



Etter ein fantastisk dag inviterte me Barbara, Fidelis og bussjåføren på lunsj.



3 kommentarer:

  1. Takk for gratulasjonen! Victoria Falls er hakket bedre enn Heggmyrane, der eg fekk min første skitur i dag! Gleder meg til å vise pappa fossen!!
    Klem frå mamma

    SvarSlett
  2. Såg kjempefint ut, du må vise meg ein gang :) godt å høyre at de ha det bra der nede :)

    SvarSlett
  3. Ja, det var kjempe fint!!
    Eg er med både når pappa kjem og når eg og du Knut Are ein gang i tida skal :)

    SvarSlett