tirsdag 24. november 2009

Reiseførebuingar

No er det berre om lag to månadar til me reiser til Zambia!
På fredag byrja eg med vaksineringa. Eg tok difteri og den tredje dosa av hepatitt A og B (dei to første tok eg når eg reiste til Venezuela), så no er eg vaksinert mot hepatitt i minst tjue år!
For å få resept på malariatablettar, måtte eg visst til legen, så dit skal eg i morgontidleg. Eg skal høyre kor mykje dei tablettane ein tek kvar dag kostar, i forhold til dei som ein tek ein gong i veka. Den ein tek ein gong i veka er billegast, men kan òg gi bivirkningar som hallusinasjonar, depresjon, mareritt o.l. difor må ein teste den ut før ein reiser. Sidan kroppen min vanlegvis reagerer på ein del forskjellig, er eg litt skeptisk til desse tablettane, og ganske sikker på at eg hadde fått ein reaksjon. Eg er heller ikkje så gira på å teste ut tablettane i eksamensperioden, og møte opp på munnleg samfunnsfageksamen, og sjå rosa elefantar! :p Eg får høyre kva legen seier i morgon.
11.desember skal eg ta dei siste vaksinene, så då er eg forhåpentlegvis reiseklar, når det gjeld vaksinering i vertfall!

onsdag 11. november 2009

Byrjar å nærme seg

No bloggar eg for første gang! Eg tenkte det var lurt å ha ein blogg når eg reiser til Zambia, slik at alle her heime kan følge med og misunne meg :p Her skal eg prøve å skrive kva me held på med og legge ut bileter. Det blir sikkert ikkje så mykje blogging no i starten, men eg reknar med at etter jul startar blogginga for fullt!

No er det under tre månader til me skal reise!
I går hadde me "Zambia fest" der målet var at me skulle bli betre kjent.
Det virkar som ein bra gjeng som skal reise, og eg trur me kan bli ein fin liten "familie"! :)