lørdag 19. februar 2011

Så var eg her igjen!

Eitt år sidan livet forandra seg
No er det over eitt år sidan eg reiste til Zambia og eg følte for å skrive eitt innlegg! På mange måtar virkar det veldig lenge sidan, og på andre måtar virkar det som om det var i går!
No har ei ny gruppe med studentar komme ned og tatt over "vår" plass, og vår gruppe er sikkert på veg inn i gløymeboka :p

Mykje har skjedd sidan mitt fantastiske eventyr i Zambia, men Zambia har på mange måtar vore med meg heile året!

Forlovelse
Kort tid etter eg kom heim igjen, nærare sagt 8.mai vart eg og Knut Are forlova! Når eg var i Zambia fekk eg ein melding frå han med store hint om at han hadde lyst å gifte seg. Natt til 8.mai utan mykje planlegging og romantisk setting (eg er ikkje så veldig tradisjonell av meg), valde eg å fri til Knut Are og han sa: JA! :) <3



Ikkje nok med det, han sa ja til å gifte seg i ZAMBIA!

Når eg var ved Victoria Falls med mamma og pappa såg eg eit brudepar som tok bilete framfor fossen, og då bestemte eg meg for at det vil eg og! Eg kan ikkje tenke meg eit meir romantisk motiv, og heldigvis var Knut Are med på dette. (Det kjem meir bryllupssnakk seinare i innlegget)


Komme seg tilbake til kvardagen
Når eg kom heim igjen måtte eg og gjere siste innspurt på bachelor-skrivinga og førebuingar til munnleg eksamen, begge med veldig gode resultat!
Eg måtte også byrje å søke jobb, på ein heilt ny plass; Kongsberg. Knut Are kom inn siste året på fagskulen der, så me bestemte oss for å flytte dit. Det enda med at eg plutseleg fekk tre jobbintervju i Kongsberg midt i alt bachelorstresset, og eg fekk jobb som pedagogisk leiar ganske fort.

Etter Zambia tok det ei stund før eg "vart meg sjølv" igjen, og eg vart nok aldri heilt den samme som før eg reiste ned. Sjokket var stort når eg kom til Zambia, men det vart nok endå større når eg kom heim igjen! Det var vanskeleg å tilpasse seg det "vanlege" livet igjen, og det var mykje som virka ganske meiningslaust. I tillegg savna eg alle dei fantastiske folka eg vart kjent med i Zambia, og ikkje minst dei eg budde sammen med i tre mnd og delte gode og mindre gode opplevingar med, nesten 24 timar i døgnet.
Før tre mnd i Zambia...

Etter tre mnd i Zambia...


Samtidig var det utruleg godt å sjå alle heime igjen, men vanskeleg sidan dei ikkje hadde opplevd det eg hadde gjort, og eg tykte det var vanskeleg å få dei til å forstå.

Familiehelg i Kongsberg! Mamma, Henning, Knut Are, Bente, Pappa og farfar

Eg måtte også ta innover meg alle dei inntrykka eg hadde fått, som eg ikkje fekk tid til å fordøye når eg stod midt opp i det. 
Å kombinere alt dette med å bachelorstress, jobbsøking og planlegge framtida si, slik som jobb og flytting til ein ny plass, var ikkje berre, berre.

Zambia i Noreg
I løpet av sommaren flytta me til Kongsberg, ein fin og passe stor (liten) by med kort avstand til Oslo. Eg byrja å jobbe som pedagogisk leiar i barnehage og Knut Are på skulen. Til tider virka Zambia veldig langt unna, men heldigvis fekk eg ta Zambia med meg inn i barnehagen! Eg fekk ha fleirkulturelt innhald som hovudinnhald dette året, og landet me starta med var selfølgeleg Zambia! Me arbeida med det i tre månadar, og hadde det heilt topp både store og små. Me fekk ete kylling og nshima, danse til zambisk musikk, spele zambiske trommer, lære om flagg, kart og kultur, og mykje meir, og ikkje minst; me fekk besøk av to zambiske global knowledge studentar; Eunice og Samson!

http://www.numedal.net/default.aspx?ArticleID=96863&MenuID=8954

Sightseeing i Kongsberg

Klar for zambisk dans og musikk med Eunice og Samson i barnehagen.


The Zambian Way

Eunice laga deileg nshima og kyllingstuing heime hos meg og Knut Are

Me tok dei med ein dagstur til Oslo. Her kosar me oss på Aker Brygge.

Ved hjelp av Ane Bergersen, læraren på Global Knowledge, har me og fått oppretta ein vennskapsbarnehage i Simoonga, litt utanfor Livingstone. Me hadde basar i barnehagen i anledning FN-dagen der me samla inn pengar til barnehagen i Zambia. Ane handla for oss når me var der, og tok bilete.  Kjempe bra for barna å lære litt om bistand i tidleg alder! ;)

Nokon veker før Eunice og Samson kom til Kongsberg, måtte me heim til Hafslo ein tur for der kom det eminent besøk i frå David Livingstone High School! Dei samarbeidar med Luster Vidaregåande skule, og kom på besøk med to elevar, internasjonal koordinator, rektor og den tidlegare rektoren; kjære Mr. Matimba (som eg fekk gleda av å møte i Zambia.)



Tur til Jostedalsbreen

Namukolo og Mr. Matimba på middag på Linahagen Kafe, Solvorn. 


Den eine eleven som var med, Derrick, var veldig flink og danse, og her dansar han på Jostedal Hotell. Eg er med, "litt" pinlig berørt uti filmen. Ikkje verst at eg tør å legge ut dette! :p (Legg den ikkje ut for å vise mine prestasjonar, men for å vise Derrick sine!) 

Det har vore veldig stas for meg å kunne ta ein del av Zambia med til Noreg, og ikkje minst latt Knut Are få ta del i det! Eg trur det har gitt han ein litt betre innsikt i kvifor eg forelska meg slik i det zambiske folket! :)

Bryllup
Når ein skal gifte seg i eit anna land, og ikkje minst når ein skal gifte seg i Zambia, så trengs det visst ein del planlegging, mykje planlegging! :p
Me byrja tidleg å kontakte nesten alle tenkelege hotell i Livingstone, for å sjå om nokon kunne hjelpe oss. Etter kvart landa me på David Livingstone Safari Lodge and Spa, http://www.dlslandspa.com/, som gav oss eit veldig godt tilbod. Me fekk ein bryllupsplanleggar, Liz, som ordna alt for oss og var veldig flink, og det vart mykje mailsending fram og tilbake. Me landa på datoen 29.12.2011, og byrja å invitere folk. Me vart einige om at me skulle komme tilbake med eit ca antall gjester etter jul, og betale depositum då. Når eg kontakta bryllupsplanleggaren etter jul, tok det ei stund før me fekk svar. Endeleg fekk me svar og det viste seg at lodgen hadde skifta eigarar og nesten alle ansatte, og gjett kva; dei NEKTA å ha bryllupet vårt den 29.desember. Gjett om stressfaktoren vart høg og tårene kom fram i augekroken! Det vart veldig mykje mailar fram og tilbake igjen, og Liz foreslo at me kontakta nokon av dei me hadde vore i kontakt med tidlegare. Det gjorde me og fekk tak i ein ny planleggar, Nina. Ho budde i Livingstone (mens Liz budde i Zimbabwe). Ho fekk ordna det slik at me kunne ha bryllupet den 28.desember, og me må leige ein "marque" og ha middagen i hagen, og ikkje i restauranten. Det har vore veldig mykje styr, men no virkar det som alt byrjar å gå i orden, og me trur det blir ein veldig spesiell dag/kveld.

Eg vil ikkje skrive alt her, for nokon ovveraskelsar må gjestene få! Men me skal ivertfall ha sermonien i hagen til lodgen, ta bilete framfor fossen, der kjære Ine er fotograf, og deretter skal alle på sunset cruise. Me skal ete middag på lodgen etter cruiset. Det blir nokon afrikanske innslag, og fargar og pynt blir afrikansk. 
Desverre er det ikkje så mange som kan komme (noko me forstår), men me blir ein fin gjeng og: 
ME GLEDAR OSS! 

I påsken tek eg med meg min framtidige betre halvdel til Zambia. Då får han sett kor han skal gifte seg :p, bli kjent med mine zambiske venner og me skal møte planleggaren og lodgen for  å planlegge litt meir ansikt til ansikt! Det gjer det heile mykje meir betryggande for oss! Det blir kjekt å få vise han Livingstone, og kanskje han får eit litt betre inntrykk i korleis me har hatt det der!

Det er store moglegheitar at eg kjem til å skrive meir om planleggina framover, slik eg ser mange andre "brides to be", gjer. Me får sjå, me får sjå! :)