lørdag 30. januar 2010

LUSAKA

No sit eg på Lusaka Backpacker, og har fått kjøpt meg internett i 1 time!
Godt å vere ferdig med flyturen, men det skal bli enda betre å komme fram til Livingstone!
I går når eg kom på Flesland og eg skulle sjekke inn på eiga hand, fekk eg berre sjekka inn til Nairobi, ikkje heilt fram! Rimeleg stressa sidan alle dei andre fekk boarding pass heilt fram.. Etter litt styr snakka eg med ho i bagasjeinnsjekkinga, og då skreiv ho ut boarding pass heilt fram til meg.
Det var trist å ta avskjed med Knut Are, og eg angra ei stund på at eg i det heile tatt skulle reise, men det hadde eg forventa ;)

Flyturen var lang og sletsom med minimalt med søvn, men utruleg nok gjekk alt bra og alle fekk bagasjen sin.
Berre drosjeturen frå flyplassen til Lusaka gav utruleg mange inntrykk. Då såg eg verkeleg at eg var komme til Afrika! Mange folk gjekk langs vegen, nokon med ting på hovudet, andre i dress, nokon plassar stod det geiter botn fast til nokre tre, osv. Mykje spennande og nytt å sjå!
Når me kom var det ca 25 grader og veldig lummert. Klamt og godt med andre ord.
Etter at me hadde komme oss i hus, skulle me ut for å kjøpe bussbillettar til i morgon og handle oss mat.
Det er regntid no, og det fekk me brått erfare! Me såg mørke skyar borti horisonten, men tenkte det skulle gå bra å gå for å handle mat.
Plutseleg kom det verste regnet eg nokon sinne har opplevd og sauflokken på 11 kvite nordmenn sprang bortover vegen for å finne ein plass me kunne gå inn. Eg innbillar meg at det såg veldig bra ut for alle dei som var ute og køyrte bil! Me vart kliss i gjennomblaute, men me fekk oss til slutt mat og nokon til å køyre oss tilbake til backpackerplassen. Der fekk me på oss tørre kleder og fekk ete litt mat, så då kom humøret seg etter kvart.
I morgon klokka ni reiser me med bussen til Livingstone. Det skal bli utruleg godt å komme seg til ro på den plassen me faktisk skal vere på i tre mnd!

Snakkast

fredag 29. januar 2010

Reiser visst til Zambia idag..!

No skal me snart sette oss i bilen og køyre frå Førde til Flesland.
Deretter går turen først til Amsterdam, så til Nairobi og til slutt til Lusaka. Me skal overnatte i Lusaka, og reiser til Livingstone på søndag. Spennande!!
Akkurat no har eg mest lyst til å bli heime, men det kjem seg nok når me kjem ned og er ferdige med den lange turen!
Ha ei fin helg! :)

torsdag 28. januar 2010

25 t og 30 min igjen

Om 25 t og 30 min skal flyet mitt lette.. Hjelp!! :p
Dagen starta veldig bra med at eg endeleg fekk rett billett, og etter kvart kunne sjekke inn online! Eg fekk velje sete sjølv, og eg sette meg ytterst på den lengste flyturen, for eg er avhengig av å få bevegd meg og går ofte på do på fly :p, og eg kjenner meg sjølv, sit eg innerst ventar eg så lenge som mogleg slik at eg ikkje forstyrrar så mykje, føttene hovnar opp og blæra blir nesten sprengt, og det blir ikkje så veldig behageleg til slutt :p
Maren (ei av dei som skal til Zambia), ringte meg for å høyre kva sete eg hadde, slik at ho kunne bestille i nærheten. Så ho skal sitte attmed meg :) Kjekt å ha nokon å snakke med viss ein ikkje får sove!

Idag har eg teke solarium for siste gang før eg reiser (berre teke 2 gongar før, så eg trur ikkje det har så veldig stor effekt :p). Sidan eg får veldig fort fregner i ansiktet, tenkte eg at eg skulle stille ned styrken på ansiktssol. Når eg låg i solariumet kjente eg at det vart ganske varmt i ansiktet, og når eg var ferdig såg eg at eg hadde stilt OPP styrken på ansiktet.. Var eit gammalt solarium med veldig slitte knappar, så eg såg ikkje pila skikkeleg. Så resultatet vart masse fregner og eit raudleg skjør i ansiktet.. :p Men det blir nok endå meir av det i Zambia!

Ikveld skal eg og Knut Are ut og ete, noko me nesten aldri kostar på oss, så det blir koseleg! Elles så går vel kvelden til å tenke på og snakke om kor lenge det er til me ser kvarandre igjen..
Men, men, tre månadar kjems nok til å gå kjempe fort!

onsdag 27. januar 2010

Kjente og kjære!





Førde

No har eg teke avskjed med familie, venner, hund og katt med ein klump i halsen og komme fram til Førde. Her skal eg tilbringe litt kvalitetstid med min kjære, før han køyrer meg til Bergen fredagsmorgon.
Billetten er ikkje komme endå, men eg er registrert i systemet, så alt skal gå bra, men eg har lyst å ha det svart på kvitt så eg slepp meir tull..

I gårkveld og i natt har det snødd MASSE på Hafslo. Når eg reiste idag var det ca -4, nysnø og sol. Kjempe fint! Eg vart litt småirritert, for eg har gått og venta på at det skulle komme skikkeleg med snø sidan før jul slik at eg kunne gå/stå på ski, også kom det idag når eg skulle reise og køyre bil til Førde.. Men, men det blir fint for dei som er igjen heime og eg får snart sol så eg skal ikkje klage!

Berre to dagar igjen no!

tirsdag 26. januar 2010

STRESSA!

Gjett kva eg fant ut først i dag når eg skulle skrive ut billetten min!! Eg har fått feil billett!
Er det mogleg? No stressa eg sånn før eg i det heile tatt fekk billetten, også har eg fått feil! Eg skjønnar ikkje at dei har greidd å gjere feil, og eg skjønnar ikkje at eg ikkje såg det når eg fekk billetten på mail?! Eg pleier alltid å vere så nøye med å sjekke alt slikt, men no må eg ha vore så glad for at eg i det heile fekk billetten, at eg ikkje har tenkt over tidspunkta som stod. Kan ikkje skjønne noko anna.
Det som står på biletten eg har fått, er at eg skal reise 06.30 frå Flesland fredagsmorgon, og at eg landar 23.15 i Lusaka same kveld, eit halvt døgn før dei andre!!! Det er eg ikkje så veldig gira på for å sei det mildt! Eg skjønnar ikkje korleis det går an, for eg bekrefta at eg skulle reise 17.05 i frå Bergen to gonger!
Huff, dette trengte eg ikkje no!
Men mamma har satt seg på saken, og skal ringe dei med ein gong i morgon. Håpar verkeleg at ho får ordna det!!

mandag 25. januar 2010

Pakking

No er me endeleg utflytta frå Kalhagen, heile helga gjekk med på nedvask og flytting av dei siste tinga.
Shit me har samla mykje rart! Eg veit ikkje kor mange bossekkar me har kasta, og fortsatt har me mange øskjer, posar og bagar med ting me forhåpentlegvis har bruk for!

Flytting, vasking og pakking generelt er noko av det verste eg veit, så gleden var "stor" når eg idag måtte byrje å pakke til Zambia.. Eller det vil sei, eg har byrja å pakke litt før, men no skulle eg prøve å organisere det litt betre og gjere meg vanskeleg. Men du må tru det er vanskeleg å pakke til tre månadar i Afrika!!!! Me skal heldigvis fly med Kenya Airways for då kan me ta med 2x23 kg. Eg har ikkje så store problem med kiloane, men eg har problem med plassen. Eg har pakka i ein stor koffert og i ein bag som visst nok ikkje var så stor, for den fylte seg opp med ein gang :s Og no har eg ikkje pakka så mykje kle heller. Men det fyller seg fort opp når ein må ha med seg pensumbøker, diverse sko, diverse solkrem, myggspray osv. Så no har eg ei lita pakkekrise, for eg har ikkje stor nok plass i bagen! Kofferten er full, for der har eg tatt dei tyngste tinga..

No er det berre fire dagar igjen til me reiser! Onsdag reiser eg til Førde for å besøke Knut Are, så eg håpar eg har fått ordna pakkeproblemet til dess. Det byrjar å gå meir og meir opp for meg at eg snart skal vere i Afrika i tre månadar, og nattesøvnen ber preg av det.. Eg gledar meg mykje, men tykkjer det er litt skummelt og. Også er det litt trist å drive å sei hadet til alle heile tida. Hadde eigentleg vore best å sagt hadet til alle på ein gang! Ikveld skal eg ete middag med 3xE; Ellen, Elisabeth og Eldbjørg, og det gledar eg meg til :)

Får vel gå tilbake til pakkinga..

lørdag 23. januar 2010

6 dagar igjen!

Om ei veke omtrent på denne tida, landar me i Lusaka, Zambia!
I går var siste undervisningsdag og når eg måtte sei hadet til zambiarar og klassekameratar, gjekk det verkeleg opp for meg at eg skal reise snart! Spennande, skummelt og trist på ein gang!
I helga skal me vaske ned heile huset. Lite kjekt, men det må til. Og ikveld skal me feire bursdagen til søstra mi. :)

tirsdag 19. januar 2010

Hjelp å bli sint!

No har eg fått billetten min! Jippi! :D

Arg..

Som eg skreiv i går har eg hatt litt problem med billettane til Zambia, som er ein vesentleg del av turen!
I går trudde eg at KLM hadde fått ordna det, sidan eg snakka med dei i 20-30 min, men nei da!
I dag når eg kom heim frå Sogndal, hadde eg fått beskjed på telefonsvararen om at eg måtte ringe dei oppatte, for dei hadde to bestillingar inne på meg. Rimeleg bekymra ringte eg dei, og var så heldig å få snakke med endå ein mann som snakka nederlansk-engelsk. Tydlegvis så var ingenting av det eg trudde vart ordna i går, registrert, men mannen sa at dei hadde fått bekreftelse og betaling, men det var to bestillingar så derfor måtte eg bekfrete kven av dei eg skulle ha. Sidan eg berre har betalt eine bestillingen, (og bestillingar som ikkje  er betalt innan 5 dagar blir kansellert) og det er ulikt nummer o.l. på dei, i tillegg til at eg bekrefta billetten eg skulle ha, i går, skulle ein tru at det ikkje var så vanskeleg å vite kva bestillingen eg skulle ha. Men tydlegvis!

Etter å ha høyt på endå meir dårleg "på vent-musikk" og etter at mannen sa akkurat det samme som mannen i går, vart eg rimeleg sint (noko eg sjeldan blir på fremmande folk), men mannen lovde meg at alt skulle vere i orden no, og at eg skulle få billettane innan tre dagar (i går var det to). Det vart ikkje noko "thank you" eller "good bye" frå min kant idag, berre OK!
No har eg i vertfall fått bekreftelse på mail om at det er i orden (det fekk eg ikkje i går), så no får eg verkeleg håpe at dei har greidd å ordne det, slik at eg slepp å reise åleine til Zambia!

mandag 18. januar 2010

Skummelt..

Eg har gått heile forrige veke og helga å venta på billettane mine, men har ikkje fått dei.
Idag snakka eg med andre i klassen, og fekk vete at alle hadde fått dei torsdag/fredag, bortsett fra meg og Robert (men han fikk idag). Då vart eg rimeleg stressa! Så no har eg vore på telefon med ein mann som snakka Nederlansk-Engelsk i 20-30 min, vore på vent med dårleg musikk, og til slutt fekk eg eit svar. Dei hadde motteke betalingen for seint (sjølv om eg betalte samme dag), så dei hadde kansellert bestillingen! Er frist på 72 timar på å motta betalingen. Men pengane har blitt trekt frå kontoen og han sa at dei hadde motteke betalingen, så han ordna bestillingen på nytt og eg skal få billettane innan to døgn! Jammen bra at eg ringte!

Fredag hadde me utflyttings/avskjedsfest med gode venner, og det var ein topp kveld! Var ein del som ikkje kunne komme, men ein del som kom, og kvelden vart veldig kjekk! Fekkt til og med gåver; Frå Elisabeth og Ellen fekk eg tidenes søtaste toalettmappe med ei helsing på, og mange praktiske ting som er kjekke å ha, oppi. Frå Eldbjørg fekk eg Fisherman's Friend, Lakerol og Ricola, og frå Christoffer (som desverre ikkje kunne komme), fekk eg handsprit :p
Resten av helga har gått med til pakking, pakking, pakking og pakking! Byrjar å bli ganske lei, men me har fått ut det meste. Neste helg blir det nedvask av hus. Spennande..

No er det berre 11 dagar igjen!

Kjems til å savna dikka!
(Plukka ut anstendige bilde, de får sei ifra viss de vil at eg skal fjerna ;)
(Nokon av bileta har eg fått av Kjersti)


Meg og Elisabeth!


Meg og Bård Stian!


Susanne og Håvard


Meg og 3xE; Eldbjørg, Elisabeth og Ellen


Min kjære og meg :)


Kjersti og meg!


Knut Are, Håvard og meg


Ine og meg!



Hafslo søndagsmorgon


lørdag 16. januar 2010

Prøve å registrere meg på bloggurat.net. Veit ikkje heilt korleis eg gjer det :p

presentert bloggen min


Jeg har plassert min blogg i Sogndalsfjøranorske bloggkart!


Fant ikkje ut korleis eg kunne legge til Hafslo på kartet, så då vart det Sogndal

Konkurranse

Tenkte eg skulle prøve å vinne ei rettetang i konkurransen til Anette som går i klassen min!
Hadde vore veldig fint å hatt med til Zambia! ;)

Her er linken til konkurransen: http://anettehsu.blogg.no/1263633983_minnar_om_konkurranse.html

torsdag 14. januar 2010

Onsdag 13.01 = ein topp Global Knowledge dag! :D

I går hadde me ein heilt topp dag! Etter tre timar med metodeundervisning (som ikkje var fullt så topp.. :p ), gjekk me i grupper på to som Ane hadde delt oss inn i. Kvar gruppe fekk 500,- kvar, og den eine skulle lage eit tradisjonelt norsk måltid, og den andre eit zambisk måltid til 20 personar. Eg var med den gruppa som skulle lage zambisk mat, og det vart shima med kjøtt! Eg var på gruppe med Aubrey, Siwale, Marjorie, Renate, Marianne, Juliane og Maren. Ein fin, fin gjeng!
Me laga til eit budsjett før me reiste og handla, og hadde ansvaret for drikke, mens den andre gruppa hadde ansvar for dessert. Etter å ha handla alt me trengte hadde me igjen ca. 20 kr, så me hadde eit ganske nøyaktig budsjett.
Logisk nok var det Siwale, Marjorie og Aubrey som hadde ansvaret for matlaginga, men me norske hjalp til så godt me kunne! Den andre gruppa laga fiskebollar og gulrotkake. Til saman hadde me mat til i vertfall 40 personar, så me vart gode og mette, og hadde ein del rester som zambiarane tok med seg :)
Me starta med shima, som me nok kjems til å ete mykje av i Zambia. Det var kjempe godt! Me åt på "the Zambian way", der me brukte fingrane istaden for kniv og gaffel.. Litt grisete og vanskeleg til å byrje med, men veldig artig!

På kvelden samla mesteparten frå klassen hos Marianne på studentheimen, og det var kjempe kjekt! Med musikalinnslag frå både Norge og Zambia, vart stemninga på topp. Etter kvart reiste nesten alle på Meireiet, og der dansa me, dansa me, dansa me og dansa me. Ein super kveld og ein super gjeng og eg er glad for at det er denne gjengen eg skal reise til Zambia med!! :D
Hadde vore endå betre viss dei i frå Zambia hadde vore der når me skal dit, but another time! :)

tirsdag 12. januar 2010

Presentation on English about learning theories!

I dag hadde eg framføring på engelsk om læringsteoriar. Eg snakka om sosial konstruktivisme som er mest vanleg i Noreg. Du må tru eg var nervøs! Eg har brukt mykje energi på å førebu framlegget, og på å grue meg, men det gjekk jo bra! Det gjer som regel det, men det er ikkje så lett å tenke på det før ein er ferdig.. :p Rett før meg snakka ein i frå Zambia om ein anna læringsteori, og då vart eg endå meir nervøs. Han har jobba som lærar i mange år, og var veldig flink og trengte så vidt å bruke notatar ein gong! Men som sagt så gjekk det bra med meg. Tre zambiarar kom bort til meg etterpå og sa; "Kjempe bra!", så det var kjekt :)
Så no er eg ferdig med nesten det einaste som er å grue seg til i Global Knowledge (bortsett frå bacheloroppgåve, munnleg eksamen og ein presentasjon me skal ha for skulen i mai så klart :p )

Ha ein fin vinterkveld!

lørdag 9. januar 2010

Snart reiseklar!

No er flybillettane bestilt!
Me reiser 29.januar, 5 i frå Bergen (inkludert meg) og 6 i frå Oslo.
Alle møtast i Amsterdam og tek fly ilag til Lusaka. Deretter blir det ein ca. 6 timars busstur frå Lusaka til Livingstone, der me skal vere. Då får me eit brått møte med den zambiske kulturen, noko me har godt av! I tillegg får me tid til å fordøye alle inntrykka mens me er på ein humpete busstur :p
Eg reiser 17.05 fra Bergen, noko som passar perfekt, for då kan Knut Are køyre meg frå Førde om morgonen! :)Eg er framme i Lusaka ca. 12.00 neste dag.

Heim att reiser me òg i frå Lusaka. Ein anna grunn til at me reiser frå Lusaka enn den eg nemnte ovanfor, er at då flyr me med Kenya Airways, og då er det lov å ha med 2 x 23 kg baggasje. Det trur eg kjem godt med! Eg reiser heim den 29.april klokka 11.05 og landar i Bergen 09.20, 30.april! Dette blir spennande!!! :D

I tillegg har pappa og mamma bestilt flybillett til påsken, og eg skal møte dei i Sør-Afrika der me skal reise litt rundt, før me reiser til Livingstone.

I dag handla eg ein del av det eg treng, myggspray, myggnett, solkrem og henta ut reseptar på ulik medisin. Så no er det ikkje lenge til eg er heilt reiseklar!!

tirsdag 5. januar 2010

Då var me i gang!

I dag hadde me første undervisningsdag, på engelsk..! Me var alle oss norske og 8 frå Zambia.
Me gjorde forskjellige aktivitetar for å bli litt kjent, som i hovudsak gjekk ut på kva me visste om Afrika og Europa, stereotypiar, forventningar til Global Knowledge, m.m. Etter ei stund gjekk me saman to og to, ein norsk og ein zambiar. Litt skummelt til å byrje med, men det gjekk no greitt! :)
Kjenner at det skal bli greitt å friske opp att engelskkunnskapane litt!!
Gledar meg til å fortsette!

Jula 2009 slutt.. kvardagen 2010 startar..

I dag er den siste feriedagen min før eg byrjar på Global Knowledge (me var så heldige at me fekk fri mandag!).
Jula har vore heilt super, men den har gått alt for fort! Det var så mykje eg skulle gjere og ordne, men plutseleg var det den siste dagen i ferien.. Men me har kosa oss skikkeleg med god mat, venner og familie så eg skal ikkje klage :)
I helga byrja eg å pakke ned ein del her i huset som me ikkje treng å ha framme siste månaden. Pakka ned bileter, pynteting, ein del sko, jakkar, vesker o.l. I tillegg har eg sortert klesskapet mitt, kasta mykje og skal gje vekk mykje.

Den siste feriedagen min har eg brukt til å sortere bilete, overføre dei frå det eine til det andre (ganske mykje arbeid), teke meg ein skitur med min kjære og trofaste Tassen ;), slappa av og ordna litt diverse.

Skituren vart vel meir slit enn kos eigentleg. I går gjekk eg på isen, og på slutten kom eg bort i litt vatn slik at det klabba noko voldsomt. Klabbinga vart til is som eg ikkje fekk av, og dette merka eg godt i dag. Det gjekk veldig fint oppover, men bortover og nedover var det verre! :p I tillegg var ikkje Tassen heilt med i dag, så han lukta meir enn han gjekk, så det vart ikkje så mykje drahjelp frå den kanten heller. Men på slutten gjekk det betre, då er det berre nedover. Det ser sikkert veldig bra ut når eg kjem heseblesande og halvvegs plogande på slep etter Tassen som spring nedover bakkane.. men me kjem oss heile ned att så det får vere det viktigaste :p Det er òg veldig god trening for balansen prøver eg å tenke. Eg trur ikkje det er noko form for aktivitet eg kan gje Tassen som gir han meir trening enn når me er på ski (bortsett frå når han er laus så klart).









I gårkveld køyrte eg Knut Are på bussen til Førde, og då gjekk det verkeleg opp for meg at eg så vidt kjems til å sjå han før eg reiser.. :/ Han er i Førde heile veka (har heldigvis studiedag fredagar), og eg reiser jo i slutten av januar..! Eg har heile tida gleda meg til å reise, men no byrjar eg å grue meg litt (noko eg var forbredt på). Eg gruar meg ikkje til opphaldet, men til å reise frå sambuar, familie, venner og sist, men ikkje minst Tassen og Poncho! Likevel trur eg at eg kjems til å få det veldig bra i Zambia, at det blir spennande og ei kjempe erfaring!

I morgon byrjar eg som sagt på Global Knowledge, og skal ha undervisning på engelsk! Det blir interessant, for eg har ikkje hatt engelsk på skulen sidan første året på vgs, 2003/2004. Eg trur ikkje det blir så stort problem med det munnlege, for eg har snakka ein del engelsk, det blir heller verre med det skriftlege.. I vertfall så gledar eg meg til å byrje i morgon!