søndag 28. februar 2010

Botswana = berg og dalbane når det gjeld inntrykk og følelsar!

For nokon dagar! Rett etter at eg blogga sist reiste me til sjukehuset med Cathrine som hadde vore dårleg heile dagen, og det enda med at ho vart innlagt på sjukehuset. Maren og Renate bestemte seg for å vere igjen med ho, mens me andre skulle reise til Botswana.

Klokka halv 8 fredagsmorgon kom bussen og henta oss og me starta vår eventyrferd til Botswana. Bussen køyrte oss til grensa, og for å komme over grensa måtte me ta ei ferje som kan ta ein lastebil om gangen. Det vil sei at lastebilane mellom Zambia og Botswana må stå i fleire dagar før dei kjem seg over grensa! Når me hadde teke ferja prøvde me å finne ut korleis me skulle komme oss til campingplassen og snakka med ein som jobba som safari-sjåfør som heitte Blessing. Han hadde aldri høyrt om campingplassen som heitte Chobe Safari Camp, men han kunne køyre oss til Chobe Safari Lodge. Der hadde dei heller aldri høyrt om denne campingplassen. Blessing måtte reise å hente nokon andre turistar, men han skulle prøve å finne ut kor me hadde booka, og komme tilbake til oss. Dei på lodgen hjalp oss å ringe rundt og prøve å finne ut kva som hadde skjedd. Etter kvart kom Blessing og sa at han ikkje fant det, og tok oss med på ein internettkafé. Der fekk eg opna ein mail frå campingen, der det stod at dei såg at me hadde bestilt gjennom ”Hostelbookers”, men campingen var dessverre ikkje opna endå!! Hadde eg vore i Noreg hadde eg sjekka mailen min regelmessig og sett denne før me reiste, men det er litt vanskeleg her nede.. Stine skreiv ein sint mail til hostelbookers, for me tykkjer det er ganske utruleg at det går an å bestille telt på ein camping som ikkje er opna endå!!

Me fant ut at det gjekk an å bu i telt på lodgen, så me bestilte tre telt og eit dobbeltrom. Eg og Carina delte telt, og teltet var alt anna enn kva eg hadde forestilt meg! Det var større enn rommet mitt på Willma, hadde tregolv og seng! Så slik sett var det ikkje noko stress å sove i telt i Afrika! : ) Me fekk i oss litt mat og bestilt safari til neste dag. Litt under 600 kr for 6 timar med safari og 3 timar med båttur! Etter det bestemte me oss for å sjekke ut sentrum, noko som var litt større enn Hafslo og ikkje veldig fint. I tillegg byrja det å høljeregne mens me leitte etter ein nokolunde skikkeleg plass å ete, som me tilslutt fant. Det vart ein tidleg kveld, for safarien skulle byrje 06.00 neste morgon.

Eg vakna mellom halv 5 og 5 av tre skot ikkje så langt unna teltet.. Mest truleg vaktene som skøyt etter nokon dyr som kom for nærme.. Var veldig gira og spent på safarien så eg følte meg lysvaken! Det var bekmørkt når me reiste, men vart fort lyst igjen. Det første me såg var ein impala som sprang over vegen før me var kommen til parken (veldig spesielt då, men etter å ha sett 100 og ørten impala utover dagen, så var det ikkje så spesielt :p). Så kom me til eit baviantre der dei leika og kosa seg. Guiden vår, Lucky, sa at me skulle prøve å sjå etter løver først, for dei var lettast å få auge på i morgontimane. Seinare på dagen vart det så varmt, så då låg dei for det meste og sov. Etter ei lita stund fekk han inn ein melding på walkietalkien sin, og sa at ein av dei andre bilane hadde funne ei løve. Me reiste dit, og der var det ei skikkeleg løve! Ei stor løve med skikkeleg manke som låg og slappa av. Det var fleire bilar der, og me tok bilete som nokon galne alle mann. Veronika reiste seg opp for å ta bilete, og fekk etter kvart beskjed om at det måtte ho IKKJE gjere! Løvene ser på bilen som eit stort objekt og byrjar ein å bevege seg, kan dei identifisere deg.. Etter ei lita stund reiste løva seg og byrja å gå mot oss.. Eg sat ytterst og følte at løva såg rett på meg og var overbevist om at dette var slutten.. Robert sat attmed meg, stiv som ein stokk, og eg køyrte hovudet inni armen på han. Eg skulle i vertfall ikkje få augekontakt med den løva! Det var interessant å kjenne på korleis eg reagerer når eg trur eg skal bli angrepen av ei løve = eg byrjar å le! Eg greidde ikkje å slutte å le, og sat og sa høgt til meg sjølv; ”Du må ikkje le, du må ikkje le!” Løva gjekk rett attmed bilen der eg sat, før den gjekk over vegen og ned i skogen der kompisen, damene og barna var. Fytti katta så redd eg var, men for ei oppleving! Resten av safarien hadde forskjellig å by på, mellom anna MANGE impala, sjiraffar, elefantar, buffalo, MANGE fuglar (mellom anna Zuzu frå Lion King aka Flying Chilli) med meir. Batteriet mitt gjekk selvfølgeleg tomt på safarien, men me var ganske mange som tok bilete, så det trur eg går bra ;)

Me stoppa i 08.00 tida for å ete frukost og gå på do, noko som enda med at me gjekk på do i naturen for doane var dei eklaste me nokon sinne har sett! Det var fullt i svarte larver over heile dosetet… URK!! Veronika byrja å bli dårleg mens me var der, og byrja plutseleg å kaste opp. Ho sat dårleg resten av safarien.

Me kom tilbake igjen til lodgen i 12-tida, la oss ved bassenget og slappa av og åt litt, mens Veronika gjekk for å legge seg. Etter ei stund kom ho tilbake, såg veldig dårleg ut, og me bestemte at ho og Juliane skulle reise på den private klinikken me hadde sett i sentrum. Carina skulle nett inn på rommet mens me venta på maten, men kom aldri igjen. Etter ei stund kom Stine og sa at Veronika låg nesten besvimt i resepsjonen og at dei måtte få ho på sjukehuset så fort som mogleg. Dette tykte me var ganske ekkelt.. Sia me hadde bestilt båttur reiste me andre på den, og fekk ordna det slik at Veronika og Juliane fekk igjen pengane sine. Sia me var ganske sikre på at Veronika vart innlagt, tenkte me ikkje noko over at det skulle vere noko problem at Juliane var igjen med ho åleine.. Når me var ute på båten fekk me melding frå Juliane at legen hadde gitt ho ei sprøyte og nokre tablettar og sendt ho heim igjen til lodgen! Juliane måtte følge med på korleis det gjekk og prøve å få i ho mat. Når dei åt, spydde Veronika med ein gong..
Båtturen var veldig spennande for me såg dei dyra me ikkje fekk sett på safarien, i hovudsak krokodille og flodhest, men etter at me hadde sett dei hadde me mest lyst til å snu og komme tilbake til Veronika og Juliane!

Når me kom tilbake sov Veronika og hadde gjort det ei stund, og me vart enige om at alle skulle sove der ei natt til. Me fekk ordna ei ekstra madrass på rommet til Veronika sia ho var sjuk, så fire sov på rom der, mens resten sov i telt. Eigentleg hadde me tenkt å prøve ut ein anna campingplass som var litt billegare, men sia den låg eit stykke unna sentrum vart det litt bal med tanke på Veronika. Det vart endå ein tidleg kveld, der me sjekka innom Veronika regelmessig. Neste morgon vakna me ”teltarane” tidleg, reiste på butikken og handla inn frukost som me åt utafor rommet til resten. Ganske så koseleg og med ein god nyhet om at Veronika ikkje hadde spydd heile natta! Sidan me ikkje fekk til å ringe sjåføren som skulle hente oss, fekk me Maren til å ringe oss og tok taxi til grensa. Der gjekk alt veldig fort, noko som enda med at me måtte vente på bussjåføren i to timar.. Det var ganske merkeleg å sjå forskjellen på pågangen frå dei ”innfødte” på Botswana-sida og Zambia-sida. I Botswana fekk me så vidt tak i taxi, mens dei i Livingstone nesten slosst om å få deg inn i taxien sin. På Botswana-sida av grensa var det ingen som snakka til oss, mens det på Zambia-sida kom folk med ein gong som skulle selje oss ting, veksle pengar for oss, vite kor me budde og kva telefonnummer me hadde. Til slutt kom bussen, og etter at me hadde stoppa ei stund for å skifte dekk etter ei punktering, var me endeleg ”heime” på Willma! :) Kjennest ut som me har vore vekke i ei veke!


Konklusjon:
Hostelbookers: Ikkje veldig oppdatert på kva plassar dei har liggande ute
Chobe Safari Lodge: Kjempe flott lodge med GOD service
Folk i Botswana (som me har møtt): Hjelpsomme og mindre pågåande enn i Zambia
Safari: TOPP!
Båtsafari: TOPP!   


Sia batteriet mitt var tomt, manglar eg litt bilete frå safarien. Har ein del på mobilen og skal kopiere med andre, så det kjem kanskje meir etter kvart

Eine ferja mellom Zambia og Botswana


Ein lastebil om gangen..

                                       
På ferja





Vind i håret i safari-bilen til Blessing


Ventar på ein plass å bu


Senga mi i teltet vårt


Ganske så stort telt!


Eg og Carina på oppdagelsesferd rundt lodgen. "Beware crocodiles"


Pumba og familien i hagen til Lodgen


Prøvde ut drinkane på Chobe Safari Lodge

Klar for safari! (Litt tidleg på morgonen...)


Bavianar


Ein av mange impala


Løva som skulle drepa meg... :p


På veg bort til bilen


Etter dette tok ikkje eg meir bilete, for då var ansiktet mitt inni sida på armen til Robert!

Lita stund etter dette var batteriet mitt tomt, så no kjem nokon av bileta til Carina


Piknikk i jungelen! 


Sjiraff :)


Fine sjiraffane!


Etter å ha køyrt heile dagen utan å sett ein einaste elefant, men berre masse elefantbæsj, kom det plutseleg ein heil gjeng på veg tilbake til lodgen!





Me såg òg igjen kompisen til han som "prøvde å drepe meg" tidlegare på dagen


På båttur (no er det mine bilete igjen). Ei vannøgle


Hippo! Ein av flodhestane fekk faktisk òg eit raserianfall, så det såg ut som den hadde tenkt å angripe båten vår.. What a day! :p





Me kom ganske nær krokodillen og! Såg først ut som den var utstoppa for den låg heilt i ro og gapa lenge, før den plutseleg datt uti vatnet.



Carina, Stine og Marianne :)



Vakker solnedgang i Botswana!


Bassenget på Chobe Safari Lodge. Skal du til Botswana så anbefalar eg verkeleg å reise dit! Kjempe fint, super service og ikkje alt for dyrt!





6 kommentarer:

  1. Høyrest kjempeartigt ut med safari både til lands og til vanns, spennande med "løveattak" da:) Synd folk blir sjuke, men håpe det ikkje e noko alvorleg og at dei kjem seg fort!
    Klem Bente

    SvarSlett
  2. Ja, det var ganske så artig og spennande skal eg sei deg!! ;)
    Håpar og trur det går betre med dei no!

    Klem tilbake støresøsta! :)

    SvarSlett
  3. Kjempeartig å lese og sjå bileta! Det er jammen ikkje berre berre i Afrika!! Håpe verkeleg at sjukdomskvoten dykkar er oppbrukt no, og at resten av opphaldet går knirkefritt!

    Klem frå mamma

    SvarSlett
  4. wuææææææ.... eg trur eg hadde hatt samme reaksjon som deg på da dare "løveangrepet" also! Høyrdest ut som ein kjempeartig tur (med unntak av sjukdom å rote med overnatting dao..). Me lyte snakkast ein dag du har tid (viss du ikje er overbooka allerede med fam og kjæraste når du e på nett!?;) )
    Kosa deg vidare,
    gla i deg!!!

    -Linda-

    SvarSlett
  5. Da va masse fint å lese her :) dumt me sjukdom og sånn :( masse fine bilde dao, gleda meg til me ska sjå igjøno når du kjeme atte :) Linda: ska vel la ho få gi deg eit par minutt og ;) foresten annegrethe dinna sida likte eg litt og: http://nybogard.weebly.com håpa de kosa dikka viare og at dei so e sjuke blir betre =)

    SvarSlett
  6. heisann!
    safari hørtses spennende ut :) hørtes litt skummelt ut med den løven som kom mot dere. håper alt står bra til med dere alle :)

    Klem Elisabeth

    SvarSlett