torsdag 31. desember 2009

Nyttårsafta

I dag er det nyttårsafta, og eg skal lage min første nyttårsmiddag (med hjelp av Kjersti, søstra til Knut Are)! Mamma og pappa er i Levanger hos mormor, så i år måtte me greie oss sjølv :p Me pleier alltid å ha kalkun på nyttårsafta, så derfor ville eg ha det i år òg. Men for å gjere det litt enklare kjøpte me ikkje ein heil kalkun, men berre kjøtt som er ferdig marinert og som skal settast inni ovnen som ei steik. I tillegg har mamma laga sausen (eg spurte ho korleis ein laga det, og når ho skulle forklare fann ho ut at ho fekk lage den sjølv :p ), så eigentleg burde det ikkje vere noko problem å få til ein god middag! Likevel er eg litt spent, for me blir åtte stykk, der eg ikkje kjenner tre av dei som kjem. Me skal feire med Kjersti, Susanne, Håvard, eit vennepar av dei og ein kompis av dei.
Eg trur det blir koseleg, og gledar meg!

Eg gledar meg òg til det nye året, som eg trur har mykje spennande med seg!
Først turen til Zambia allereie i januar, så er eg ferdig utdanna førskulelærar i juni. Deretter blir det jobbsøking og mest truleg flyttar me på oss (vekk frå Sogn og Fjordane for ein periode). I tillegg har eg tenkt å ta master i spesialpedagogikk, deltid (over tre år, slik at eg kan arbeide samtidig). Det har eg mest lyst å ta i Østfold.
Så 2010 blir eit spennande år med mykje nytt!

tirsdag 29. desember 2009

"Vinter og sne.. en skiløper suser av sted..!"

Eg kosar meg med juleferie og det som høyrer med.
No har eg fått teke både første turen i trekket (forrige lørdag) og i dag fekk eg den første turen på langrenn! :) Det kom ganske mykje snø 2.juledag, så då fekk dei køyrt opp 3 km av løypene. Dei kunne endå ha køyrt meir viss dei hadde brukt snøscooter, men det har dei ikkje gjort.. Men no fekk me i vertfall gå på ski, eg, pappa og Tassen! Det var herleg! Blå himmel (men ikkje sol når me gjekk) og mjukt. Det kan endå komme meir snø, men det var meir snø i løypa no enn dei første turane i fjor. Tassen vart ganske sleten, som i fjor spring han for harde livet i byrjinga, slik at han blir veldig fort sleten. I tillegg var det ganske mjukt, så han sank ganske mykje ned i snøen. Det blir anna trening for han når han kan springe og eg sklir bak, i forhold til når me går tur eller joggar! Han må vel venne seg til det igjen ;)
No skal eg utnytte den vetle tida som er igjen før eg reiser til å gå på ski og stå på ski. Slik er det når ein reiser til Zambia midt i skisesongen.. :p

I dag reiser me ein tur til Lærdal (til foreldra til Knut Are), så då blir det vel neppe ski, men det blir koseleg å ta seg ein tur dit igjen! Det har vorte alt for lita tid til å reise til Lærdal denne hausten, når eg har hatt arbeidshelg har Knut Are hatt fri, og motsett og elles har me hatt mykje anna å gjere. Så no er det på tide!

Ha ei fortsatt fin jul, og snart eit godt nyttår!!

fredag 25. desember 2009

GOD JUL ALLE SAMAN!




No er det 1.juledag, og julafta levde opp til forventningane! Eg har gleda meg nesten sia august, så det var bra at julafta endeleg kom!
I år var me fleire enn me pleier å vere, farfar er på besøk frå Fredrikstad og Knut Are og Henning (som er sambuaren til søstra mi, Bente) var med å feira jul for første gong! Det var kjempe koseleg, og det vart ekstra mange julegåver under treet i år!
Eg er fornøgd med kveldens julegåver, fekk mykje av det eg ønskte meg; m.a. steikepanne, solbriller, vaffeljern, cdar, m.m., og ein del praktiske ting å ha med på turen: STOR koffert, fotoalbum med bilder av familien eg kan ha med på turen og mimre heim, reiseapotek, og andre småting som er greitt å ha på tur!

Eg vil ønske alle der ute ei kjempe god jul! :D



Første jula Knut Are og Henning feirar på Hafslo.
Vart nok med gåver i år.

Tassen måtte få pakke òg!
Han fekk òg to griseøyrer av Bente og Henning.







onsdag 16. desember 2009

Ser lyset i tunellen!


No har jammen snøen komme, og eg har berre ein eksamen igjen! På fredag klokka 13.00 er det nemmeleg juleferie! :)
Det skal bli godt, og eg føler at me har fortjent det ekstra mykje i år, etter ein veldig travel haust!
I juleferien blir det full avslapping, kos med god mat og familien. Ser fram til det :)
Skal begynne og pakke ned litt ting i huset òg i løpet
av ferien, sidan me flyttar ut før eg reiser til Zambia! Har samla seg opp litt av kvart i løpet av 2 og 1/2 år visst..
Spørst om ikkje det blir litt planlegging av Zambiaopphaldet i ferien òg, skal i vertfall planlegge kor me skal reise når pappa og mamma kjem på besøk i påsken! Spennande! :)

Endeleg ser Hafslo ut slik det skal gjere på denne tida! Kvitt! :D Så lenge snøen for lov å bli liggande fram til eg reiser til Zambia, så er eg fornøgd! ;)

torsdag 10. desember 2009

Nesten reiseklar!

Då var alle vaksinene i boks, eg har fått henta malariatablettar, og pass og reiseforsikring var i boks når eg reiste til USA i sommar. Så då er det berre å få tak i flybillettar! Men det skal me visst ikkje gjere før i januar alle sammen, litt i siste liten spør du meg, men me må jo ha pengar òg!
Ellers så går dagane i eksamenslesing - eksamen - eksamenslesing til ny eksamen.. Sånn det skal vere for ein student med andre ord! :p
No er det berre 8 dagar til juleferie, og 14 dagar til julafta, så eg skal nok halde ut!! Hadde det berre komme litt snø òg, så hadde alt vore så mykje bedre!
Ha ein fin dag! :)