onsdag 3. februar 2010

Life is good! :)

Då har me vore nokre dagar i Afrika, og eg har så klart blitt forkjøla! Som forventa eigentleg.  I tillegg har eg fått ein del myggstikk som er kjempe store og klør noko heilt forferdeleg! Sjølv om eg søv i myggnetting og sprayar meg med myggspray heile tida..!

I går hadde me møte med dei zambiarane som var i Noreg i fjor, og lagde planar framover. Planen vart ganske fullpakka! Museum, ulike kyrkjer, Victoria Falls, ein landsby, ulike "town ships" +++ i tillegg skal det vere plass til praksis og bachelorskriving inni der og..
Etter møtet var me ute og åt på ein restaurant som heitte Armadillos. Eg åt Chicken Tikka Masala, kjempe godt!! :)

Det har vore ganske godt å berre slappe av dei første dagane og venne seg til varmen, men det skal bli godt å få noko å gjere òg. Det blir ganske lange dagar i vertfall no når eg er sjuk, for eg er slapp og orkar ingenting, men eg gidd ikkje å berre sitte på rommet mitt.
Ikveld skal me ha grillfest, før det tettpakka programmet byrjar i morgon. Håpar formen kjem seg.

Eg greier ikkje å legge til linken til bloggen til Maren, så eg skriv den her. Ho har lagt inn ein del bilete òg.
http://marenhelen.blogg.no/

Willma Guest House! :)


Carina utafor Willma mens me venta på sjåfør (Afrika tid.. :p)

På Armadillos



Armadillos

Armadillos fortsatt. Likte veggen :)



Chicken Tikka Masala :)

Juliane og Robert et nshima!

 
Nokon som har hatt fest på leggen min..sjølv om eg sprayar meg med myggspray heile tida og søv i myggnetting..


Cathrine kosar seg i bassenget på ZigZag. Ein fantastisk plass med gratis basseng og internett og god mat!! 


ZigZag. Her har me hengt i heile dag! Fantastisk!


Maren - The Ultimate Blogger!


Eit tøft ansikt på eit tre attmed bassenget på ZigZag :p














5 kommentarer:

  1. eg elska når du legge ut bile! (og skrive sjølsagt) Deijlige( det ordet MÅ seiast med haugesundsdialekt!)dei myggstikki du ha anlagt deg, det høyre med! :p
    og god bedring!
    Kjers10

    SvarSlett
  2. So far, so good. Snev av misunnelse., men unne deg da siao du e so tøffe so tårde å reisa :) Eldbjørg, your love.

    SvarSlett
  3. Eg og vil, kaldt her og lite vettugt å gjere på når ein e ferdig med lekse og sånt. Bra at eg i da minste ha hunden her til og holde meg med selskap, han ha fått meg med på ein del gåtura i det siste :) God bedring puusen!

    SvarSlett
  4. Takk ska de ha :)
    Kjersti: Ja, eg har funne ut at viss eg gjer bileta ganske små så tek det ikkje så alt for lang tid å laste dei opp..
    Du veit kva eg seier Eldbjørg, vil ikkje høyre noko om misunnelse når du hadde moglegheita sjølv! :p Nei da, eg skjønnar at det ikkje er berre berre å reise til Afrika i tre mnd.
    Knut A: Det er bra at de får trent dikka litt! ;)

    SvarSlett