søndag 7. mars 2010

Gått endå ei veke i Livingstone!

No har stresset etter Botswana roa seg, pasientane har vorte meir eller mindre friske og det har vore tilbake til kvardagen. Denne veka har vore den siste veka mi i praksis på SOS. Eg skal vere ærleg; Eg har ikkje hatt undervisning! Forrige veke var eg veldig innstilt på det, men så vart eg sjuk og gjekk glipp av tre dagar (eine dagen reiste me til Botswana). Denne veka måtte eg manne meg opp igjen og møtte ulike hindringar på vegen.. Dei driv og byggjer ny veg rett attmed SOS, og tysdag kom det plutseleg gravemaskinar, lastebilar og andre maskinar rett utafor klasseromma. Som i Noreg vart barna veldig interessert i dette, pluss at det bråka noko grusomt, så det vart ikkje noko meir undervisning den dagen. Onsdag fekk eg meg nokon sjokkopplevelsar i klasserommet slik at eg rett og slett måtte gå ut, og då stod eg og Robert og prata ganske lenge om mykje forskjellig. Me fekk prata ein del om det me har opplevd i praksis, ein del om oppgåva og gruppa. Denne veka har det regna noko va(t)nvittig, regnet i Bergen kan berre gå og legge seg! Når ein ser ut er det akkurat som når ein ser regn på film og tenkjer; Det der er falskt regn! Livingstone er ikkje vant med så mykje regn, og mesteparten av byen har virka som det har gått i oppløysing denne veka.. Vegar, straum, internett, folk kjem seg ikkje på jobb, og på torsdag kom nesten ingen av barna på skulen. Så den dagen var det 10 barn i klassa mi, og ingen undervisning, så då fekk eg heller ikkje undervist. Fredag var siste dagen min, så då var eg litt rundt omkring og sa ha det. I tillegg så har aldri læraren min nemnt at eg skal undervise sjølv om eg har spurt om det fleire gonger, så eg trur ikkje ho har vore så ivrig på det.. Mange unnskyldningar! :p

MEN når eg byrjar i praksis på Chesire Home SKAL eg undervise! Maren og Veronika som er vernepleiarar, har hatt praksis der heile tida, og dei seier at der er moglegheitane store for at eg kan undervise, for dei har fått tilbodet mange gonger.

Tida på SOS har gått fort, eg har lært mykje og sett mykje, og sjølv om eg kjems til å savne barna, kjenner eg at det eigentleg er nok. Eg har vore der i fire veker, og det er mykje det same som skjer kvar dag. Eg har òg fått ein del informasjon på oppgåva mi, og fredag tok eg med læraren min ned til byen og intervjua ho. Der kom det fram mykje eg får bruk for i oppgåva mi.

Neste veke skulle me eigentleg ha ”fattigmannsveke”, men sidan tre nettopp er byrja å bli friske, utsett me den til litt seinare. Trur ikkje det er så lurt å gå rett på ”fattigmannsevke” når magen nettopp er byrja å fungere nokolunde normalt! Eg har studieveke neste veke, og byrjar å få ein del planar. Måndag (kvinnedagen) er faktisk helligdag her i Zambia, og då skal dei fleste av oss på eit båtcruise på Zambezi River der alle pengane går til fattige barn. Tysdag skal me på SOS og forhøyre oss litt om korleis me kan bli fadder (me tre førskulelærarane har lyst til å bli fadder her, sidan me veit korleis SOS i Livingstone fungerar, og me kjenner mange av barna). Seinare på dagen kjem Florence for å snakke med oss tre om førskulesystemet i Zambia. Onsdag skal eg besøke skulen til Florence, der dei mellom anna har ein ”special education class”, og torsdag skal eg mest truleg besøke David Livingstone High School. Det er den skulen mamma og Luster Vidaregåande Skule har samarbeid med, så då tenkte eg at eg nett kunne stikke innom dei og helse på. Elles så har eg mykje å skrive på oppgåva mi, så dagane skal nok gå!

Onsdagskvelden var siste kvelden til Ane, så då reiste me ut for å ete. Me åt på golfklubben (det er der me trenar), og det var veldig koseleg :)



Torsdagsmorgon fant eg ein invitasjon på golvet på rommet mitt, der det stod: ”Vi vil herved invitere deg til en kulinarisk helaften den 05.03.10 – altså kommende fredag. HVA står på tapeten? God mat, god drikke, godt selskap. HVA skal dere gå i? Klær du føler deg nydelig i. NÅR begynner det? 20.00timer. HVA må dere bidra med? En oversikt over hva og hvor mange enheter du ønsker under middagen innen torsdagskveld. HVA må huskes på selve dagen? Godt humør, kamera, myggspray og en ting du forbinder med oppholdet hittil. Renate, Juliane og Stine.” Det tykte eg var kjempe koseleg av dei!
Fredagsmorgon sat ein SOS datamann (veit ikkje kva han heiter) på med oss eit stykke i taxien, og spurte kva som var planane for kvelden. Me sa at me skulle ete middag, og at det var siste dagen vår på SOS. Han sa: ”Maybe I will intrude”. Etter ei lita stund kom han ned til barnehagen og snakka med læraren til Robert. Etter det sa læraren til Robert at dei alltid pleidde å gjere noko med studentane når dei var ferdige i praksis. Det enda med at me inviterte alle lærarane på middagen (etter samtale med Renate), men det var berre to som kunne komme, og mest truleg datamannen. Så me var spente på å sjå kven som kom! :p

Eg fekk etterkvart melding frå læraren min om at ho ikkje kunne komme på grunn av regnet, så det enda med at ingen kom. Men me kosa oss mykje for det! Jentene hadde laga god vegetarmat (Renate er vegeterianar), nudlar og woka grønsaker som var gratinerte, kjempe godt! Dei hadde òg ordna til skåler med sjokolade og chips, og laga adjektivforteljing ;) 







Maren og sin nye Bob Marley chatenga

Laurdag reiste me til ein skikkeleg afrikansk village. Det var akkurat som ein ser på TV. Der møtte me ein av dei som bur der som var veldig snill og viste oss rundt i heile landsbyen. Barna flokka seg rundt oss og fulgte etter oss heile turen. Det var interessant å sjå korleis dei fattigaste bur her, og tenkje over at ein del av barna eg har hatt i praksis faktisk bur under slike forhold! Dei har problem med elefantar i denne landsbyen, for dei kjem og et opp avlingane deira og kan øydelegge husa. Mannen som viste oss rundt, fortalte oss òg at ein av gutane som var der hadde mista mora si og søstra si på grunn av elefantar som hadde komme om natta. Faren hadde greidd å få med seg den guten, men ikkje dei to andre. Ganske fælt å tenkje på. Folka i landsbyen var veldig hyggelege og verka glad for å sjå oss! 

THE REAL AFRICA!

Forskjellige hus i villagen

Eit av dei største problema dei hadde i villagen var faktisk elefantar. Han som viste oss rundt hadde vakna midt på natta av at hundane bjeffa, og då var det elefantar som stod utanfor og åt på trea. Elefantane et og øydelegg avlingane.



Eit anna problem når ein bur i jordhus er regnet. Dette huset hadde rasa ned no når det regna så mykje, mens dei som budde der låg og sov. No hadde dei prøvd å sette den opp igjen.



Akkurat som ein ser på TV. Barna flokka seg rundt oss.



Ein av dei lokale pubane



Ein anna lokal pub. Det var mange av dei, med heimelaga øl som me ikkje turte smake på.. :p Guiden vår står heilt til høgre.



Det var mange forskjellige hus. Nokon budde berre i telt som dei hadde fått frå frivillige.



Ein del av byen hadde elektrisitet og på den eine puben hadde dei jukeboks :)




På kvelden reiste nokon av oss ut for å ete, og etter det prøvde me ein afrikansk pub som heiter Limpos før ferda gjekk vidare til Fairmount. Eg, Renate og Stine vart igjen mens resten reiste heim igjen. Etter kvart skulle me til ein anna danseplass der ein går forbi mange gatebarn og vaksne som søv på gata. Renate ville at me skulle reise og kjøpe mat til desse, og spurte dei me var med (var med nokon me har blitt venner med) om det var greitt. Dei vart med oss og me gjekk rundt og leverte mat. Plutseleg var det ein som vart ganske sint på oss, som me fekk vite heitte Isac og som var ein av sjefane på gata. Me fekk høyre historia hans og hadde ein lang samtale der han fekk komme med sitt. Han ville ikkje at me skulle komme der og gi litt mat og tenkje at me då hjelper dei. Han hadde budd på gata i 20 år (og var 33 år) og hadde sett mange kvite som kom for å ta bilete og diverse av dei (det gjorde ikkje me), og han hadde blitt utnytta av mange. Når han såg kvite forbinda han dei med rike menneske som kom for å ta i frå dei afrikanske.. Ville me hjelpe han skulle me komme med kunnskap om korleis dei kunne hjelpe seg vidare sjølv. Dette var litt av det han sa. Utruleg sterkt og lærerikt!


5 kommentarer:

  1. må ha vore spennande å besøka den afrikanske landsbyen, kan tenka meg det kjemme mange inntrykk der. sammeleis me dei uteliggarane.

    e ikkje alle plassa det e like ideelt å ha praksisperioden sin (det fekk eg oppleva i haust) og det høyrtes ikkje ut so det va so ideelt der du ha vore no..får satsa på det bli bedre på den andre plassen!

    bra at folk e friske att.

    kjers10

    SvarSlett
  2. Mykje interssant lesing her, ja! De får verkeleg opplevd mykje både på godt og vondt..
    Fint at du vil besøke David Livingstone High School - helsa masse; eg gleder meg til å besøke dei att! Deg òg, sjølvsagt :-)

    Klem frå mamma!

    SvarSlett
  3. Kjerst: Men da e ein bra erfaring og ha med seg! Eg ha faktisk vore på ein av dei bedre praksisplassane eg ha kunna vore på her nede..
    Me oppleve mykje heile tidn!

    Folk e friske igjen, men no e eg blitt dårleg igjen.. So da vart ikkje noko kvinnetog eller cruise på meg, berre låge i sengi med mageknip og sprunge på do.. Men håpa da bli bedre snart!

    Mamma: Ja, her får ein oppleva både koslege turistting og real life!
    Eg ska helsa mykje, ja. Kjekt at du gleda deg til å besøka meg og! :p

    Anne Grethe

    SvarSlett
  4. ja, sjølsagt e det ein bra erfaring, og sikkert bra å ha hatt praksis der, va ikkje det eg meinte. men fins kanskje bedre plassa med tanke på muligheten din for å få undervisa sjøl og ta styring:)

    kjersti

    SvarSlett
  5. og god berding!

    kjersti

    SvarSlett