torsdag 14. januar 2010

Onsdag 13.01 = ein topp Global Knowledge dag! :D

I går hadde me ein heilt topp dag! Etter tre timar med metodeundervisning (som ikkje var fullt så topp.. :p ), gjekk me i grupper på to som Ane hadde delt oss inn i. Kvar gruppe fekk 500,- kvar, og den eine skulle lage eit tradisjonelt norsk måltid, og den andre eit zambisk måltid til 20 personar. Eg var med den gruppa som skulle lage zambisk mat, og det vart shima med kjøtt! Eg var på gruppe med Aubrey, Siwale, Marjorie, Renate, Marianne, Juliane og Maren. Ein fin, fin gjeng!
Me laga til eit budsjett før me reiste og handla, og hadde ansvaret for drikke, mens den andre gruppa hadde ansvar for dessert. Etter å ha handla alt me trengte hadde me igjen ca. 20 kr, så me hadde eit ganske nøyaktig budsjett.
Logisk nok var det Siwale, Marjorie og Aubrey som hadde ansvaret for matlaginga, men me norske hjalp til så godt me kunne! Den andre gruppa laga fiskebollar og gulrotkake. Til saman hadde me mat til i vertfall 40 personar, så me vart gode og mette, og hadde ein del rester som zambiarane tok med seg :)
Me starta med shima, som me nok kjems til å ete mykje av i Zambia. Det var kjempe godt! Me åt på "the Zambian way", der me brukte fingrane istaden for kniv og gaffel.. Litt grisete og vanskeleg til å byrje med, men veldig artig!

På kvelden samla mesteparten frå klassen hos Marianne på studentheimen, og det var kjempe kjekt! Med musikalinnslag frå både Norge og Zambia, vart stemninga på topp. Etter kvart reiste nesten alle på Meireiet, og der dansa me, dansa me, dansa me og dansa me. Ein super kveld og ein super gjeng og eg er glad for at det er denne gjengen eg skal reise til Zambia med!! :D
Hadde vore endå betre viss dei i frå Zambia hadde vore der når me skal dit, but another time! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar