onsdag 27. januar 2010

Førde

No har eg teke avskjed med familie, venner, hund og katt med ein klump i halsen og komme fram til Førde. Her skal eg tilbringe litt kvalitetstid med min kjære, før han køyrer meg til Bergen fredagsmorgon.
Billetten er ikkje komme endå, men eg er registrert i systemet, så alt skal gå bra, men eg har lyst å ha det svart på kvitt så eg slepp meir tull..

I gårkveld og i natt har det snødd MASSE på Hafslo. Når eg reiste idag var det ca -4, nysnø og sol. Kjempe fint! Eg vart litt småirritert, for eg har gått og venta på at det skulle komme skikkeleg med snø sidan før jul slik at eg kunne gå/stå på ski, også kom det idag når eg skulle reise og køyre bil til Førde.. Men, men det blir fint for dei som er igjen heime og eg får snart sol så eg skal ikkje klage!

Berre to dagar igjen no!

2 kommentarer:

  1. Vi skal passe godt på Ponchoen.. Han e ein skikkelig kosekatt! So fort eg sette meg i sofaen kjem han og legg seg attmed.. =)

    Susanne

    SvarSlett
  2. Ja, han e so go atte! :)
    Tusen takk igjen!

    SvarSlett