tirsdag 5. januar 2010

Jula 2009 slutt.. kvardagen 2010 startar..

I dag er den siste feriedagen min før eg byrjar på Global Knowledge (me var så heldige at me fekk fri mandag!).
Jula har vore heilt super, men den har gått alt for fort! Det var så mykje eg skulle gjere og ordne, men plutseleg var det den siste dagen i ferien.. Men me har kosa oss skikkeleg med god mat, venner og familie så eg skal ikkje klage :)
I helga byrja eg å pakke ned ein del her i huset som me ikkje treng å ha framme siste månaden. Pakka ned bileter, pynteting, ein del sko, jakkar, vesker o.l. I tillegg har eg sortert klesskapet mitt, kasta mykje og skal gje vekk mykje.

Den siste feriedagen min har eg brukt til å sortere bilete, overføre dei frå det eine til det andre (ganske mykje arbeid), teke meg ein skitur med min kjære og trofaste Tassen ;), slappa av og ordna litt diverse.

Skituren vart vel meir slit enn kos eigentleg. I går gjekk eg på isen, og på slutten kom eg bort i litt vatn slik at det klabba noko voldsomt. Klabbinga vart til is som eg ikkje fekk av, og dette merka eg godt i dag. Det gjekk veldig fint oppover, men bortover og nedover var det verre! :p I tillegg var ikkje Tassen heilt med i dag, så han lukta meir enn han gjekk, så det vart ikkje så mykje drahjelp frå den kanten heller. Men på slutten gjekk det betre, då er det berre nedover. Det ser sikkert veldig bra ut når eg kjem heseblesande og halvvegs plogande på slep etter Tassen som spring nedover bakkane.. men me kjem oss heile ned att så det får vere det viktigaste :p Det er òg veldig god trening for balansen prøver eg å tenke. Eg trur ikkje det er noko form for aktivitet eg kan gje Tassen som gir han meir trening enn når me er på ski (bortsett frå når han er laus så klart).









I gårkveld køyrte eg Knut Are på bussen til Førde, og då gjekk det verkeleg opp for meg at eg så vidt kjems til å sjå han før eg reiser.. :/ Han er i Førde heile veka (har heldigvis studiedag fredagar), og eg reiser jo i slutten av januar..! Eg har heile tida gleda meg til å reise, men no byrjar eg å grue meg litt (noko eg var forbredt på). Eg gruar meg ikkje til opphaldet, men til å reise frå sambuar, familie, venner og sist, men ikkje minst Tassen og Poncho! Likevel trur eg at eg kjems til å få det veldig bra i Zambia, at det blir spennande og ei kjempe erfaring!

I morgon byrjar eg som sagt på Global Knowledge, og skal ha undervisning på engelsk! Det blir interessant, for eg har ikkje hatt engelsk på skulen sidan første året på vgs, 2003/2004. Eg trur ikkje det blir så stort problem med det munnlege, for eg har snakka ein del engelsk, det blir heller verre med det skriftlege.. I vertfall så gledar eg meg til å byrje i morgon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar