torsdag 28. januar 2010

25 t og 30 min igjen

Om 25 t og 30 min skal flyet mitt lette.. Hjelp!! :p
Dagen starta veldig bra med at eg endeleg fekk rett billett, og etter kvart kunne sjekke inn online! Eg fekk velje sete sjølv, og eg sette meg ytterst på den lengste flyturen, for eg er avhengig av å få bevegd meg og går ofte på do på fly :p, og eg kjenner meg sjølv, sit eg innerst ventar eg så lenge som mogleg slik at eg ikkje forstyrrar så mykje, føttene hovnar opp og blæra blir nesten sprengt, og det blir ikkje så veldig behageleg til slutt :p
Maren (ei av dei som skal til Zambia), ringte meg for å høyre kva sete eg hadde, slik at ho kunne bestille i nærheten. Så ho skal sitte attmed meg :) Kjekt å ha nokon å snakke med viss ein ikkje får sove!

Idag har eg teke solarium for siste gang før eg reiser (berre teke 2 gongar før, så eg trur ikkje det har så veldig stor effekt :p). Sidan eg får veldig fort fregner i ansiktet, tenkte eg at eg skulle stille ned styrken på ansiktssol. Når eg låg i solariumet kjente eg at det vart ganske varmt i ansiktet, og når eg var ferdig såg eg at eg hadde stilt OPP styrken på ansiktet.. Var eit gammalt solarium med veldig slitte knappar, så eg såg ikkje pila skikkeleg. Så resultatet vart masse fregner og eit raudleg skjør i ansiktet.. :p Men det blir nok endå meir av det i Zambia!

Ikveld skal eg og Knut Are ut og ete, noko me nesten aldri kostar på oss, så det blir koseleg! Elles så går vel kvelden til å tenke på og snakke om kor lenge det er til me ser kvarandre igjen..
Men, men, tre månadar kjems nok til å gå kjempe fort!

1 kommentar:

  1. Godt det endelig blei rydda opp i billett-rotet so har vore.. =) Turen kjem til å gå so bra, håpa doke har kosa doke ute ikveld! Dessa tre mnd går so fort at før du ana det so e du heime atte.. =)
    Poncho fann ut han sku klatre oppå reolen ilag med prosjektoren, resulterte i eit stort klor på eine handa mi, men men..
    Susanne

    SvarSlett