torsdag 31. desember 2009

Nyttårsafta

I dag er det nyttårsafta, og eg skal lage min første nyttårsmiddag (med hjelp av Kjersti, søstra til Knut Are)! Mamma og pappa er i Levanger hos mormor, så i år måtte me greie oss sjølv :p Me pleier alltid å ha kalkun på nyttårsafta, så derfor ville eg ha det i år òg. Men for å gjere det litt enklare kjøpte me ikkje ein heil kalkun, men berre kjøtt som er ferdig marinert og som skal settast inni ovnen som ei steik. I tillegg har mamma laga sausen (eg spurte ho korleis ein laga det, og når ho skulle forklare fann ho ut at ho fekk lage den sjølv :p ), så eigentleg burde det ikkje vere noko problem å få til ein god middag! Likevel er eg litt spent, for me blir åtte stykk, der eg ikkje kjenner tre av dei som kjem. Me skal feire med Kjersti, Susanne, Håvard, eit vennepar av dei og ein kompis av dei.
Eg trur det blir koseleg, og gledar meg!

Eg gledar meg òg til det nye året, som eg trur har mykje spennande med seg!
Først turen til Zambia allereie i januar, så er eg ferdig utdanna førskulelærar i juni. Deretter blir det jobbsøking og mest truleg flyttar me på oss (vekk frå Sogn og Fjordane for ein periode). I tillegg har eg tenkt å ta master i spesialpedagogikk, deltid (over tre år, slik at eg kan arbeide samtidig). Det har eg mest lyst å ta i Østfold.
Så 2010 blir eit spennande år med mykje nytt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar