torsdag 25. mars 2010

Picture time!


Hmm.. vart visst to blogginnlegg på ein kveld, ny rekord! Legg ved ein del bilete og, deileg å ha internettpinnen heilt for seg sjølv! :p

Laging av collage på Cheshire Home



Marianne, Carina og meg på golfklubben forrige onsdag



Slik ser dei fleste husa i Mukuni Village ut. 



Mukuni Basic School. Det er her Barbara jobbar



På veg bort til pre-school. Barna har samla seg under treet, noko som er vanleg her pga at det er betre å leike i skyggen!



Pre-school



Utafor helsesenteret






Inngangen til palasset til chiefen. Her måtte me sette oss ned på huk og klappe både når me gjekk inn og ut. Eigentleg er det ein chief og ei chiefterness som styrer likt, men me fekk vite etter at me hadde vore der, at chiefternessen var sparka av chiefen! Dei har så klart forskjellige forklaringar på kvifor dette skjedde. Chiefen seier at ho har solgt noko land som høyrer til Mukuni, og chiefternessen seier at chiefen følte seg trua av ho på grunn av kunnskapen hennas, og at han var redd for at ho ein dag ville ta over alt. Ganske vanleg diskusjon når det gjeld kvinner, menn og makt med andre ord.
 Chiefen og chiefternessen er ikkje gift, for dei er i slekt.



Stolen til chiefen. Chiefternessen sin stol stod på sida, utan nokon dekorasjonar. Tilfeldig? 



Palasset bestod av fleire bygg. Me sat inne i bygget der chiefen pleier å ta i mot gjester. Berre så dumt at han var i Tyskland og at chiefternessen hadde fått sparken slik at me ikkje fekk treffe nokon av dei. Dette er stolen til ministeren.

Inngangen til møterommet til chiefen. Her måtte me òg sette oss ned og klappe.



Mukuni Neighbourhood Watch Station: Fengseleg i Mukuni!!



Robert lærer seg eit eller anna zambisk spel



DJ-ane på bursdagsfesten til Renate!



The muzungu dance!



Etter at eg og Robert starta dansinga, slengte fleire seg med!



Carina og Marianne på Lozi-fest



Litt utydleg bilete av hedersgjesten me måtte vente så lenge på.. Ser ivertfall baratane til Loziane godt ;)


Søndag: 
Tilbringte eg så og seie heile dagen på golfklubben med mine treningsvenner Carina, Robert og Benjamin. Golfklubben byrjar å bli eit lite paradis for oss med treningsmoglegheiter, tidenes kyllingburger, super vennleg personale og svømmebasseng! 

Mandag:
Dagen på Cheshire Home gjekk for det meste i observasjon og planlegging av undervisninga me skulle ha på onsdag. Me vart einige om at me skulle undervise om Noreg og snø/vinter, og samanlikne med Zambia og regnsesong. Etter det skulle me ha ulike stasjonar med aktivitetar. Me reiste for å handle inn papir, såpeboblar og anna utstyr me trengte, og me fekk kreative Robert til å lage til ein snøkrystall. Denne snøkrystallen brukte me som mal til å klippe ut mange snøkrystallar barna skulle få bruke til ”blow painting”. På Cheshire Home har dei eit lite treningsrom med tredemølle, sykkel, nokre treningsapparat, o.l. som eg har snakka med nonnene om å få låne. På golfklubben har dei ikkje noko kondisapparat, så det har vorte veldig lite kondistrening her nede, noko eg har savna mykje. Mandag reiste eg og Carina for å trene kondis og litt styrke, og det var herleg! Me betalar for oss nesten ingenting, og det me betalar går til barna på Cheshire Home. Kan det bli betre?
På kvelden laga eg og Veronica til fellesmiddag, veldig enkelt, men godt: Tomatsuppe, makaroni, egg og rundstykke :)

Tysdag:
Om morgonen reiste eg til David Livingstone High School for å observere i Special Class. Rektoren var ikkje der når eg kom, men lærarane hugsa meg så eg vart teken godt i mot. Dei er eigentleg fire lærarar i klassa, men denne dagen var dei for det meste to. Det er 20 elevar i klassa (men det er sjeldan alle er der kvar dag), så samanlikna med Cheshire Home der det er ein lærar og 26 elevar, så har dei eit mykje betre antall og moglegheit til å tilpasse undervisninga. Eg kosa meg mykje denne dagen, og den eine læraren kjente Marjorie og Bessie (to som er i Noreg no) veldig godt. Eg fekk òg ordna eit intervju med ho, så eg skal tilbake fredag å intervjue ho. Etter dette intervjua eg Florence og reiste på trening med Carina. 

Onsdag:
… var ein alle tiders dag! Det starta med at eg, Maren og Veronica hadde ansvaret heile dagen på Cheshire Home, noko som gjekk veldig bra! Me fekk hjelp av læraren, Evelyn til å oversette, for det er ikkje alle barna som kan engelsk så godt. Me snakka ein del om snø, regnsesong, vinter, viste bilete, fekk spørsmål frå barna, osv. Deretter skulle me eigentleg ”blow painte” rundt snøkrystallen, men fant fort ut at det vart vanskeleg. Me fann difor heller svampar som me trykte rundt snøkrystallen. Resultatet vart ganske så bra. Barna fekk ”blow painte” etter på. Etter pausen hadde me stasjonar ute, der eg hadde ansvaret for såpeboblar, Maren for ball og Veronica for ballongar. Gruppene skifta slik at alle fekk prøve alt. Etter det hadde me ein zambisk versjon av ”Hauk og due” à ”Løve og lam”, og heilt til slutt fant Evelyn fram ei tromme og stilte jentene på ei rekke og gutane på ei. Ho spelte og sang mens ei og ei jente og ein og ein gut skulle gå fram og danse med kvarandre. Kjempe gøy! 
















Torsdag: 
Då var eg først på Dambwa Basic School og intervjua ein special education teacher der, og deretter var eg ei lita stund inne i klasserommet til Florence og observerte. Etter det reiste eg til Cheshire Home der me var invitert på avskjedslunsj til ei som heiter Rosa. Rosa er frå USA og har arbeida som frivilleg på Cheshire Home i to mnd. Det var kjempe god mat og kake (Evelyn hadde bursdag på tysdag, mars er den store bursdagsmnd!). Eg hadde avtalt intervju med Evelyn, noko som er eit av dei merkelegaste intervjua eg har hatt. Først hadde me intervjuet der nonnene sat, så Evelyn bytta på å snakke med dei og med meg. Deretter fekk ho ein tlf og sa at eg skulle bli med ho. Då viste det seg at ei venninne av ho var tiltalt i retten, og ho skulle på høyring. Evelyn ville at eg skulle vere med på dette. Fekk ikkje med meg alle detaljane, men det handla om at ei av elskerinnene til mannen til denne venninna hadde tiltalt ho for eit eller anna. Merkelege greier! Me tok resten av intervjuet utanfor rettsalen mens me venta på å komme inn. Det sat mange folk og venta utanfor som òg skulle i retten. Me fekk beskjed om at me måtte flytte oss til den andre rettsalen, så me gjekk bort dit. Dommaren kom inn, dei sa nokre greier på zambisk, så sa han at dei måtte flytte rettsaken til den andre rettsalen og på ein anna dag, for han var i slekt med tiltalte! Så då fekk eg ikkje vite korleis det gjekk med den saka, men eg fekk med meg to andre saker. Den første handla om ein mann som ikkje hadde betalt barnebidrag. Han fekk grei beskjed om å betale mora til barnet, og slutte å sette barn på kvinner som han ikkje kunne betale for! Den andre handla om ein mann som eigentleg ikkje hadde gjort noko, men som hadde vore i retten tidlegare på dagen og slengt drit til kona si. Det var respektlaust i retten, og han hadde fått beskjed om å komme tilbake seinare på dagen for å forklare seg. Han prøvde å forklare seg på zambisk. Dommaren sa han skulle få slippe unna med ein advarsel, men trur du ikkje då denne mannen byrja å slenge meir drit til kona si? Så det enda med at han måtte i fengsel! Merkelege greier igjen! Intervjuet vart så som så, men eg fekk no noko ut av det likevel!! ;)

I morgon skal eg intervjue på David Livingstone High School, få gjort litt skulearbeid og pakke, så får me sjå kva som skjer!

God natt alle sammen!



2 kommentarer:

  1. spennande! eg får faktisk kjempelyst te å ha praksis der sjøl når eg lese om det og ser bildi. men..kanskje ein gang..:)
    fortsett å hold oss oppdaterte:)
    kjersti

    SvarSlett
  2. So kjekt å sjao bilde! Sir ut so di ha da bra :) No e mi ferdige me to vekers bachelorpraksis og e klar fø to veke påskeferie :D Hels adle kjente og kos deg masse!

    SvarSlett