onsdag 17. mars 2010

Ny praksisplass og nye inntrykk

Måndag starta eg min to vekers praksis på Cheshire Home. Dette er som skrive tidlegare eit dagsenter for barn med ulike funksjonshemningar. Det er nokre nonner som driv det, og dei har ein spesial utdanna lærar. Denne læraren har 26 barn med veldig forskjellige funksjonshemmingar, behov og nivå! Første dagen sat eg berre og observerte ilag med Veronika. Tysdag var eg med eine nonna, Veronika og Maren "out reach". Då køyrer dei rundt til ulike landsbyar for å besøke ulike barn som treng fysioterapi og anna hjelp. Når ein endeleg byrjar å venne seg til verda her nede, får ein Afrika midt i fleisen igjen! Det første huset me besøkte var i eit ganske fattig område og huset var lite. Når me kom inn lukta det sterkt urin og det var nesten heilt mørkt. Inntil veggen sat det ei jente i rullestol. Denne jenta var født utan noko problem, men mora hennar hadde drukke og ikkje brydd seg med ho når ho var lita, så ho hadde ikkje fått den stimuleringa ho trengte. Dette har ført til at ledda ikkje fungerar skikkeleg, ho var veldig kort, og driv no og opererar bein og armar for at dei skal kunne fungere betre. Ho hadde heller ikkje noko språk. No bur ho med faren, stemora og resten av familien. Dei er til saman 10 stk som bur i det vetle huset! Afrika midt i fleisen igjen!
Me besøkte òg to andre barn med ulike funksjonshemmingar. Veldig spennande og lærerikt!

Elles så går dagane som vanleg, opp og ned, nye inntrykk kvar dag, trening, "vanleg norsk liv", kultursjokk, osv.

Eg vil anbefale andre å gå inn på Renate og Robert sin blogg: http://zimzalazambia.blogg.no/
Renate har bursdag på laurdag, og har eit veldig bra bursdagsønske som det ville gleda meg veldig viss nokon der heime hadde gjort noko med!! :) (I skrivande stund har ho ikkje lagt ut bloggen, men det kjem i løpet av dagen)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar