søndag 14. mars 2010

Dagane flyg

No har me ganske snart vore her halve tida, og tida går utruleg fort! Tykkjer helga kjem heile tida og at eg ikkje gjer anna enn å stå opp og legge meg. Samtidig kjennest det ut som eg har vore her i evighetar, for det har skjedd så utruleg mykje på desse 6 vekene!

Sia sist blogginnlegg har eg og Robert vore på David Livingstone High School, skulen som Luster VGS (skulen mamma arbeidar på), samarbeidar med. Der vart me teke utruleg godt i mot, følte oss som noko mykje meir enn to usle studentar :p Rektoren snakka ei stund med oss, viste oss rundt og gleda seg mykje til mamma kjem innom :) Han viste oss ein "special education class", som eg skal få lov å observere i tysdag, 23.mars. Interessant å reise rundt å sjå ulike skular, helse på rektorar og sjå korleis ting fungerar :)

Fredag reiste først eg, Carina og Marianne til Maramba Market, der dei selg alt mogleg. Der kjøpte eg meg chatenga (lokalt plagg som er som eit skjørt dei surrar rundt seg) og kjole. Etter det reiste me til golfklubben der me var heile dagen, bada, trena og kosa oss. Ein topp dag! Me var òg nett innom heimen til Mr.Mupoti, vår faste taxijåfør, og fekk helse på familien hans. :)
Yngste sonen til Mupoti, 1 og 1/2 år

På kvelden var det grilling, leenge sia sist (i vertfall to veker! :p) Det er blitt veldig varmt her no, trur ikkje det har vore so varmt tidlegare i opphaldet, så me slit litt med å få gjort så mykje!

Laurdag hadde Robert bursdag, og det måtte så klart feirast! Me skulle eigentleg på Lozi-fest på kvelden (ein av stammane her som hadde pengeinnsamlingsfest, var òg derfor eg kjøpte meg chatenga), men den vart utsett til neste veke. Robert ville at me skulle reise til ein backpacker plass me ikkje har vore på før, der me har høyrt at dei har vannsklie, basseng osv.. Me tok taxi og køyrte langt inni bushen og fant til slutt fram. Når me kom fram til bassenget viste det seg at dei hadde gjort ein litt for dårleg jobb med å rense bassenget, så renseanlegget var blitt tett og vatnet såg ut som krokodillevatn! Det låg til og med ein daud Alf i vatnet!! (Alf er det me kallar froskane her nede). Så då måtte me fint reise der i fra, og reiste til Chrismar der me fekk lov å bruke det andre bassenget dei har der, med bar  i bassenget! Der kosa me oss mykje og reiste etter kvart tilbake til Willma der me fortsatte feiringa.

Lozi with a Mosi! Jentene hadde kjøpt seg chatenga, og gutane hadde fått låne barat (usikker på korleis ein skriv det), som er eit hovudplagg loziane brukar. Berre dumt det ikkje vart lozi-fest likevel!

Bar i bassenget, sol, ball, og godt selskap! Kan det bli betre?

Idag blir det nok å sitte på ZigZag heile dagen og slappe av.

Håpar alt står bra til heime!

1 kommentar:

  1. Fint at de vart så godt mottekne på David Livingstone High School - fekk mail av Mr Matimba i dag der han fortalde om besøket dykkar. Gledar meg til å sjå dei att! Ikkje lenge til vi kjem nedover no - trur det blir ei kjempeoppleving! :-)
    Klem frå mamma

    SvarSlett