onsdag 10. mars 2010

Dambwa Basic School = 1726 elevar vs 61 lærarar!

I dag har eg og Robert vore på Dambwa Basic School som er skulen Florence arbeidar på. Der var me innom ”special class” som er for elevar med spesielle behov. Det er 15 elevar til saman, men klassa er delt i to slik at halvparten er om morgonen og resten om ettermiddagen. Dei er delt inn etter nivå, og er i alderen 8-21 år. Me var òg innom 1.klassen som Florence undervisar i. Der er det 43 elevar, og Florence er aleine som lærar! Tenk på det! Likevel virka det som ho hadde ganske god kontroll på klassa, og ho greier å tilpasse undervisninga til kvar elev ved å dele opp i grupper etter nivå. I nokon av dei eldste klassane kunne det vere over 60 elevar på 1 lærar. Me spurte rektoren (som forresten var ein veldig hyggeleg og artig mann), kor mange elevar det var til saman på skulen: 1726, men dei kom til å bli nærmare 1900 snart! Kor mange lærarar: 61 der kanskje 6 er menn! Alle 1726 er ikkje på skulen samtidig. Nokon er på skulen om morgonen og andre om ettermiddagen. I morgon går turen til David Livingstone High School. Spennande å reise rundt å sjå forskjellige skular!


Florence visar fram målinga dei skal bruke til "blow painting". (Litt dårleg kvalitet på bilete ser eg..)


Går rett inn i lærarrolla ;)



43 elevar på 6 år - 1 lærar


Frimenutt. Ganske mange elevar samla!

Money for sex - say no!


På måndag hadde eg eigentleg store planar om både kvinnetog og cruise, men eg var heime i senga i staden for :/ Slik er det når magen ikkje er heilt på topp. Eg og Knut Are hadde òg jubileumsdag måndagen, heile 8 år! For at ikkje alle planane den dagen skulle gå i vasken, reiste eg ut med nokon av dei andre for å ete og feire meg og Knut Are : ) Renate var daten min for kvelden, og me kosa oss mykje.




Tysdagen tilbrakte me for det meste i bassenget, noko som var veldig deilig!
I kveld skal me ut å ete med to lærarar frå samfunnsfag som kjem i dag. Det er ikkje mangel på besøk for tida!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar