søndag 21. mars 2010

Over halvvegs!

No har me vore i Zambia i 7 veker, 6 veker igjen!
Onsdag var me halvveges i opphaldet, noko som betydde at eg måtte gje vekk mitt kjæraste single-room til anten Benjamin eller Robert. Robert, Benjamin og Veronica trakk lapp om kven som skulle ha kva rom, mens eg flytta inn til Marianne og Carina. Sjølv om eg savnar rommet mitt (som var eit av dei beste på Willma), ganske mykje, må eg sei at det er veldig koseleg å bu med Marianne og Carina, og ikkje minst dele seng med Carina!! :p

Sidan onsdag har eg vore på endå ein out-reach med Cheshire Home. Då besøkte me først ei jente på litt over eitt år som har væske i hovudet, slik at hovudet er kjempe stort! Så skulle me besøke ei jente med CP, men ho var ikkje heime. Så reiste me til to andre som skal til Lusaka på operasjon, for å informere familien om kva som skal skje osv. Eg tykkjer det er kjempe spennande med out-reach, og det er ein god moglegheit til å få sett seg rundt i Livingstone.

Torsdagskvelden reiste me ut på ein ny plass for å ete og feire bursdagen til Veronica. Ein veldig koseleg kveld, med ei veldig fornøgd bursdagsjente som fekk mp3-spelar av oss! :)

Fredag reiste me til Mukuni Village, der Barbara arbeidar. Først besøkte me skulen hennas, fekk observere litt i nokon av klassane. Så var me innom pre-school og klinikken. Etter det reiste me til palasset for å sjå korleis Chief Makuni bur. Han var selfølgeleg i Tyskland, så me fekk ikkje helst på han, men me fekk vite mykje interessant om skikkar og historie. Har så klart mange bilete, men kamera har eg gløymt igjen heime på Willma, så dei får de sjå ein anna gong.

Fredagskvelden hadde Renate invitert til bursdagsfest. Folk dei arbeidar med på sosial kontoret var invitert og læraren me arbeidar med på Cheshire Home. Det var ein kjempe kveld!! Innleigd DJ, anlegg, pynta til fest og god vegetarmat og drikke!! Eg er blitt kjent som litt av ei danseløve her nede (trur det har noko med musikken å gjere, når eg høyrer den MÅ eg danse, i tillegg til at så og seie alle afrikanarar dansar!), og Robert spurte meg om eg og han skulle danse. Eg var litt skeptisk sidan ingen andre dansa, men som Robert sa; nokon må byrje! Så då dansa me framfor alle og dreit oss litt ut, og plutseleg så dansa alle! Kjempe kjekt!

Laurdagen var det tid for avslapping etter MANGE timar med dansing, og på kvelden reiste eg, Marianne og Carina på Lozi-festen me eigentleg skulle på forrige helg. Me kledde på oss chatengaen vår, og var klar for stamme-feiring. Me åt ikkje så mykje mat før me reiste for me skulle jo få mat på festen, og me reiste dit i god tid, for festen skulle jo byrje klokka 18.00. Hallo?? Me har vore i Zambia i 7 veker, skulle tru me hadde lært!! Det var nesten ingen som kom før klokka var 19-20.00, og Lozi-ministeren var æresgjest, og ingenting skjedde før han kom. Han var veldig TIA så han kom 3-3 og 1/2 time for seint! Når han kom dansa dei litt for han, sang, holdt tale, osv, før me endeleg kunne få i oss litt mat (kl 22.00). Maten var litt vassen pommes frites, eit kjøttstykke og litt salat. Ministeren åt og så reiste han igjen!! Sjølv om me kanskje vart litt skuffa angrar eg ikkje på at me reiste, for då fekk me vertfall oppleve korleis ein Lozi-fest er.

Sia eg ser at litt folk lese bloggen min, må eg berre sei at blir veldig glad for ein kommentar i ny og ne! ;)

7 kommentarer:

  1. Godt de ha da bra kjære pus, va godt å sitte på MSN leeeeenge idag =) har nedtelling i stillhet for tiden, men da e vel snart på tide å begynne med ofentleg telling att da tiden går fort no =)

    SvarSlett
  2. Eg er vel ikkje så verst til å legge inn kommentar, vel? :-) Er Lozi ein stamme i distriktet? Gleder meg til å sjå deg danse når vi kjem nedover:-)
    Klem frå mamma

    SvarSlett
  3. må no sei eg ha vore litt flink å kommentera eg òg:p men ikkje so masse i det siste, sia eg alltid må prøva tre gange før eg får lagt ut noke..:p
    uansett, høyres spennande ut! spes det der me out-reach, det kunne eg og ha tenkt meg å vore med på, sjøl om det bli mange sterke inntrykk.

    på fredag lagde eg taco te marjorie, bessie, bernadette og xavier, fordi marj fortalte at dei hadde spurt om ungane sin favorittmat i praksisen no, og nesten alle sa taco. ingen va dei hadde smakt taco før, so eg tenkte eg kunne laga te dei, sjøl om det ikkje e norsk da:p det blei kjempekjekt:)

    so du e blitt ei danseølva ja, eg for min del håpa du fortsette me det når du kjemme te Norge att! ;)

    SvarSlett
  4. Jeg må innrømme at jeg leser her hver gang du har skrevet,og koser meg veldig med det.Er også inne på Maren sin blogg og de andre jentene. Dere er så flinke å skrive og alle de fantastiske bildene.For noen utrolige opplevelser dere kan ta med dere videre i livet. Tone (Robert sin mamma)

    SvarSlett
  5. Heija!

    Eg kan vel seie at eg har vore dårleg på kommentering i det siste.

    Vil seie tusen takk for kortet du sende. Vi fekk det idag. Veldig kjekt med ei helsing heeeeilt frå Afrika!

    Virka so du har det heilt topp i Zambia! E nok mange opplevelsa og inntrykk å fordøye. Vi gler oss til du kjeme heim og vi får høyre ka du har opplevd. Skal takke frå Christoffer og Håvard for kortet. Stor klem frå oss tre på Hestnes!

    SvarSlett
  6. So koseleg med litt kommentarar! Ja, mamma, Kjersti og Knut Are, de pleier å vere flinke å kommentere! :)

    Det er mange opplevelsar, ja, som me kjem til å ha med oss resten av livet! Håpar berre ikkje me gløymer å sette pris på kor bra me har det så alt for fort!
    God påskeferie til alle! Eg for min del skal feire påske i Sør-Afrika med mamma og pappa! Det blir stas :)

    SvarSlett
  7. Ja nå er det ikke lenge før vi møtes i Johannesburg! regn o dårlig vær her. Klem fra pappa.

    SvarSlett