mandag 3. september 2012

Imbila yeswela umsila ngokuyalezela – Do things for your self


I byrjinga av veka var eg på ”middel-skulen” måndag og onsdag (fekk endeleg intervjua rektoren!) og tysdagen jobba eg heime for eg var blitt forkjøla. Onsdagskvelden reiste eg på treningssenteret ganske nærme der eg bur, og på torsdag var eg på universitetet og klatring  på kvelden. Det var frykteleg varmt, så hendene vart sveitte og eg glapp heile tida. Ikkje vant med å trene i 30 grader!

Fredag var òg ein frykteleg varm dag, og etter å ha tilbrakt dagen på universitetet var eg frykteleg slapp og ør i hovudet. På universitet snakka eg ein god time med Volker, generelt om utdanning i Sør-Afrika. Det var godt å snakke med ein professor igjen! ;) Eg hadde tenkt meg på spinning på ettermiddagen, men det enda med ein litt for lang siesta i staden for. På kvelden reiste eg til Ascot Bush Lodge for å ete middag og sjå om det var noko liv på karaokekveld. Det har hengt lappar om det rundt omkring. Når eg kom dit var det ingen andre enn eigaren og dei som jobba der. Dei hadde hatt nyopning kvelden før, så då hadde det vore fullt. Det enda med at eg fekk snakke om sørafrikansk politikk og utdanningssystem heile kvelden og fekk gratis mat og øl, så turen var ikkje heilt mislykka! Men med tanke på at eg reiste dit for å prøve å bli kjent med folk, så var det litt mislykka! :p

Laurdag er det verkeleg ikkje mykje å fortelje om! Eg var på kjøpesenteret nesten heile dagen (ingen god ide på ein laurdag; stod i kø halvparten av dagen), og slappa av ’heime’.

I går var det ”Rainbow-festival” på rugby stadionen til PMB, som ligg rett nede i vegen for meg. Eg har sett plakatar henge rundt i byen lenge, så eg har vore fast bestemt på å reise dit ei stund. Festivalen var ei feiring av at sommaren er på veg (1.september er ”vår” i Sør-Afrika), og det var mange sørafrikanske artistar som skulle opptre, for det meste hip-hop. På billettane stod det at dørene opna klokka 10, men eg tenkte eg var lur og kjente til tid i Afrika, så eg venta ”heilt” til halv eitt. Det viste seg at eg ikkje er så kjent med tid i Afrika likevel, for konsertane byrja ikkje før rundt 5. Før den tid var det Dj’ar som spelte. Det var greitt i grunn for det var sol (men litt kald vind) og eg sat og snakka med nokre lokale jenter mens me venta. Dei fleste artistane som skulle opptre der hadde vore på konsert i Durban kvelden før, så det var ikkje alle som hadde komme seg etter det endå..




Etter kvart sat eg litt for meg sjølv og åt ute på grasmatta, når ein av fotografane kom bort til meg. Han viste meg det ’flotte’ bilete han hadde teke av meg mens eg åt pommes frites, og spurte kor eg kom i frå. Når eg svarte, sa han: ”Oh, Norway! Hvordan går det? Går det bra?” Det viste seg at han er gift med ei som heiter Stine frå Hammerfest som bur på Bekkestua, og at han skal flytte dit i oktober! Den forventa eg ikkje! Eg snakka ein del med han, og det viste seg at han er grunnleggaren av noko som heiter Youth of Choice. Det er ein organisasjon for ungdom der dei hjelper ungdommane med å vere aktive og arbeide frivillig i lokalsamfunnet. Han sa at eg berre skulle sei i frå viss eg ville bli vist rundt i byen eller viss eg hadde noko problem. Etter å ha søkt litt på Facebook i dag (måndag) spurte eg han (på Facebook) om eg kunne vere med å hjelpe til når dei har nokon aktivitetar. Det kunne eg, så på onsdagsmorgonen skal eg vere med dei når dei ska besøke foreldrelause og ’sårbare’ barn. Onsdag blir forresten ein travel dag! Etter at eg har vore med Youth of Choice, skal eg til den rike skulen for å først intervjue ein lærar, så skal eg ha diskusjonsgruppe med to lærarar frå kvar skule eg har vore på for å diskutere utfordringar og ulikskapar i utdanningssystemet og kva som kan gjerast for å minske gapet mellom fattig og rik (det blir spennande og litt skummelt! Aldri gjort noko slikt før). Etter det skal eg på middag hos han som har ’hatt ansvaret’ for meg på skulen (han og familien bur på skulen), og til slutt skal eg intervjue nokre av gutane i grade 12. Dagen kjem til å gå unna i vertfall!

Sidan eg hadde vore der nesten heile dagen, og skulle tidleg opp neste dag reiste eg heim relativt tidleg og fekk berre med meg tre band. Men eg har i vertfall komme meg ut denne helga og gjort ein innsats for å vere sosial! ;) 

Det treng ikkje å vere masse folk for å danse!

Ei dansegruppe

 AKA er tydlegvis veldig populær, spesielt blant damene!
 African Motion

I dag (måndag) var eg på landsbyskulen utanfor Pietermaritzburg igjen, og vart henta tidleg av rektoren på skulen. Det var heldigvis ikkje like kaldt og tåkete som forrige gong, ingen daude dyr langs vegen, men det har vore ganske kaldt siste dagane (etter den intense varmen som var før helga blir 17-18 grader (med vind) kaldt!) Eg fekk tilbake nokon av spørreundersøkelsane frå lærarane (men ikkje så mange som eg hadde håpa på), og intervjua tre elevar. Som eg skreiv forrige gong eg var på denne skulen, så er det noko heilt anna å intervjue desse elevane her enn dei på dei andre skulane, og eg blir overraska over kor opne dei er mot meg berre gjennom ein kort samtale. Eg må heile tida tenkje over kva spørsmål eg stiller dei for det er ikkje alt som er like relevant for desse som for dei elevane som berre treng å bekymre seg over lekser og kanskje ein kjærast. To av elevane var foreldrelause (då passar det ikkje å spørje og grave så mykje om kva foreldra gjer og kva dei kan hjelpe dei med heime osv), og den eine guten sa at det var så vanskeleg å konsentrere seg om skulen for han var så sint. Han hadde draumar, men han klarte ikkje gjere noko med dei så lenge han var så sint. Jenta sa at det var vanskeleg å gå så svolten heile tida. Når eg snakkar med desse elevane, får eg lyst til å hjelpe dei på ein eller anna måte, men det er over 700 elevar på denne skulen der dei fleste har problem på ein eller anna måte, så ein føler seg litt hjelpelaus.



Geitekilling på skuleplassen

Ei høne på skuleplassen

Eg skulle eigentleg intervjue rektoren på skulen i dag, men slik som rektoren på ”middel-skulen”, så var han veldig oppteken heile dagen. Han var så oppteken at me ikkje kom oss der i frå før over 1 time etter at me eigentleg skulle. Det var ein ting eg byrja å lære i Zambia, TIA (Time in Africa) som ofte inneber venting, men dette opphaldet har eg verkeleg fått praktisert det! Men eg prøver så godt eg kan å gjere noko konstruktivt mens eg ventar, lese teori, transkribere, skrive notat, osv, men ein blir lei av å vente likevel! :p Når me kom tilbake, køyrte me halve byen rundt for å hente dotrene hans på to skular, før han køyrte meg heim.

Resten av veka går med på å samle inn siste rest av data (har nesten alt eg treng i løpet av denne veka, manglar berre intervju med rektoren på landsbyskulen og nokon foreldre), og vente på at pappa kjem på laurdag! :)

3 kommentarer:

  1. Kjempegøy å lese om turen din Anne Grethe :) Og skjønner man føler seg litt hjelpeløs når en møter så mange skjebner. Men jeg vil tro du hjelper dem litt likevel bare ved å interessere deg for deres hverdag og ikke minst vise omsorg med ditt herlige vesen! Gleder meg til å lese mer fra deg! Klem :)

    SvarSlett
  2. Takk for gode ord, Mary-Ann! :) Får håpa du har rett!
    Håpa alt går bra i nye jobben? Blir nok ein Molde-tur etter kvart! :)
    Klem!

    SvarSlett
    Svar
    1. Alt bra så langt, men mye å sette seg inn i! :) Nå er kjøkkenet snart på plass og innflytning nært forestående så da er det bare å komme på besøk når det måtte passe! Take care ;)

      Slett