søndag 23. september 2012

Sawubona! (Hallo/god kveld)


Måndag tilbrakte eg heime for å prøve og bli frisk etter ”fjellsjuka”. Fekk teke ein del telefonar (blitt veldig flink til å ringe med min ”telefonskrekk” her nede! ;), og gjort dei siste avtalane før eg skal reise. Eg reiste på klatring og treningssenteret på ettermiddagen, og det hjelpte visst ikkje så mykje på å bli frisk..

Tysdag skulle eg eigentleg intervjue ei mor frå ”middelskulen”, men ho var sjuk så det vart utsett.På onsdag reiste eg til ”middelskulen” for å sei hadet til alle der. Det er den skulen eg har vore mest på, og eg har likt meg veldig godt. Har byrja å forstå kva dei seier på lærarrommet og no! ;) Det var fullt stress der den dagen, på grunn av nasjonale prøvar i førstespråk for niande klasse, i tillegg til avsluttande eksamenar for grade 12. I tillegg hadde utdanningsdepartementet prestert å sende dei eksamenane på afrikaans, i staden for engelsk så ein av lærarane måtte køyre inn til sentrum og prøve å finne eksamen å engelsk. Du må tru dei var stressa! Men alt ordna seg til slutt. Etter å ha vore der i nokre timar og snakka ein del med dei eg har vore mest med, reiste eg på kjøpesenteret for ein siste gong. Det kjøpesenteret har alt du måtte tenke deg frå tivoli og kino til flotte klede og god mat. Den som hadde hatt litt meir pengar! ;) Eg nærmast kollapsa når eg kom heim igjen, for formen har ikkje vore bra denne veka! 

Torsdag var ein veldig interessant dag og ein dag eg var veldig fornøgd med. Skulane eg har vore på har vore relativt fattige offentlege skular og veldig rike skular. Eg følte at eg trengte å snakke med nokon på ein rikare offentleg skule for å høyre deira synspunkt. Eg reiste til ein tidlegare modell-C skule (som vil sei ein skule som var berre for dei kvite under apartheid). Modell-C skulane har ganske store ressursar og har relativt høge school-fees i tillegg. Etter demokratiet kom til Sør-Afrika, har mange av modell-C skulane sett ei stor tilstrøyming av svarte, farga og indiske elevar, fordi foreldra veit at dei får bra utdanning der, men dei fattige skulane har ikkje hatt noko tilstrøyming av kvite elevar. Difor finn ein på dei fattige skulane berre svarte og kanskje farga, mens på dei rikare skulane finn ein mykje meir blanding. Som vanleg på desse store skulane, hadde eg problem med å finne inngangen (eg gjekk dit), fordi det er store gjerdingar rundt heile så ein kan ikkje gå inn kor som helst. Til slutt fann eg inngangen, og det var ein stor skule. Dei har litt over 1000 elevar, og som sagt før var det berre kvite der, men no har dei faktisk 95% svarte. Dei rikaste av dei kvite sender elevane sine til private skular. Rektoren var veldig imøtekommande og hyggeleg, og ordna alt for meg den dagen. Først intervjua eg han, og som med dei fleste eg har intervjua så måtte han verkeleg tenke over dei spørsmåla eg stilte han om kultur og ulikskapar. Han tykte det var veldig interessant, og det fekk han til å tenke over at dei kanskje burde fokusere meir på dei ulike kulturane enn dei gjer no. Han skriv master sjølv no, og han ser på tenåringsgraviditet, men skal fokusere på guterolla i forhold til det. Eg skulle ønske eg hadde vore på denne skulen tidlegare, for eg trur han kunne ha hjelpt meg å ordne mykje, men eg har no greidd meg greitt sjølv og! På kontoret hans hang det sitat frå Desmond Tutu og Jonathan Jansen (ein stor mann i Sør-Afrika i forhold til morsmål i utdanninga, som døydde mens eg var her nede), og ein kunne sjå og føle at han var oppteken av mykje av det same som meg. Han er kvit og gjekk på den same skulen når han var ung, men då var den berre for gutar. Han sa at han ikkje visste noko om dei svarte og korleis dei hadde det før han kom på universitetet, for dette var noko som ikkje vart snakka om, og viss lærarane prøvde å snakke om det, kunne dei få problemar med apartheidregjeringa.
Etter intervjuet med han, viste han meg rundt og me snakka med ulike elevar. Han hadde ein veldig vennleg tone med dei, samtidig som dei viste respekt. Også her helste dei fleste elevane på oss når me kom gåande, og gjekk til sides. Så fant han ei indisk lærar som eg kunne intervjue, og etter litt te gjekk me på kontoret hennar. Ho var ei veldig engasjert og livleg dame, som hadde vore aktiv med ANC (partiet til Mandela, og dei som har hatt makta sidan 1994) og i kampen mot apartheid før demokratiet. Dei ulike eg har snakka med her er ikkje redde for å sei kva dei meiner om situasjonen i landet og er har ikkje høyrt ein som har sagt at dei er fornøgd med noverande regjering! Etter det intervjua eg ein afrikansk og ein kvit lærar (blir veldig ”rasefiksert” både av å vere her og av oppgåva mi).

Når eg var ferdig med lærarintervjua, ropte han opp tre elevar på høgtalaren. Han sa at dei er med i debattlaget på skulen, og konkurrerer nasjonalt. Dei har slått mange av dei rikaste skulane i området. Det var ei afrikansk jente, ein indisk gut og ein kvit gut. To av dei betalar reduserte school-fees, og rektoren sa at dei var eit bevis på at ein ikkje treng å komme frå rike familiar for å bli noko. Eg vart utruleg imponert over å snakke med desse tre ungdommane! Det var akkurat som å snakke med medstudentar på master, og ein skulle tru dei hadde lest alt pensum og alle artiklane eg brukar for oppgåva mi! Velreflekterte og smarte ungdommar, som ikkje var redde for å sei kva dei meinte! Dei diskuterte seg i mellom og drog diskusjonen over på mange interessante tema. Eg spurte dei akkurat dei same spørsmåla som eg har spurt andre elevar. Mitt håp er at dei endar opp med å styre utdanninga i Sør-Afrika eller noko, for då trur eg det kan gå rette vegen! ;) Det var tydeleg at dei var glad i å snakke, for dei brukte 2.5 timar! (Gruar meg til å transkribere (skrive ned) den samtalen!) Eg hadde ei god kjensle når eg gjekk der i frå, og følte at dei siste brikkene i datainnsamlinga fall på plass. Etter den dagen var eg mildt sagt sleten, så kvelden vart brukt til å chatte og sjå på TV!

Fredagen vart for det meste brukt til transkribering også møtte eg Volker (professoren eg har hatt kontakt med på Universitetet) til lunsj. Eg og pappa stussa litt over det når han var her, at det nesten ikkje er nokon kvite i sentrum. Me åt ulike plassar i sentrum og gjekk rundt, men dei kvite såg ut til å gøyme seg. Eg spurte han eg bur hos (Charles), kvifor det var slik, og han sa at dei har alt dei treng i forstadane og på kjøpesenteret, pluss at sentrum er blitt veldig skittent med ein del kriminalitet, så dei føler seg ikkje heilt trygge der. Uansett, Volker tok meg med på ein ganske koseleg restaurant for lunsj, i nærleiken av kjøpesenteret, og då fann eg ut kor alle dei kvite er! :p Der var det nesten berre kvite! Det var som vanleg veldig hyggeleg å snakke med Volker, og det er alltid greitt å snakke med nokon som arbeidar innanfor det feltet eg forskar i! Me stressa tilbake for å rekke heim til meg til ho var tre, for eg skulle eigentleg intervjue rektoren på den fattige skulen klokka tre. Men når eg ringte han halv fire var han framleis på skulen (ein time utanfor Pietermaritzburg), og spurte om me kunne gjere ein ny avtale i oktober, for han skulle til Durban heile neste veke. Eg sa at eg reiste på torsdag, og spurte om han hadde tid på søndag eller måndag (måndag er offentleg fridag; Heritage Day).

Laurdag var det endeleg ”The Witness Hilton Arts Festival” som eg har sett fram til i fleire veker. Det er ein stor festival med nokon av dei beste skodespela i Sør-Afrika, musikk, marknad, mat også vidare. Eg hadde førehandsbestilt dei ulike billettane (noko som var bra, for alt eg reiste på var utsolgt), og bestemte meg for å tilbringe heile dagen der. Festivalen varte frå fredag-søndag, men det kostar med 250 rand tur-retur å komme dit, så eg bestemte meg for å bruke ein dag der. Eg starta dagen med å sjå skodespelet ”Boesman & Lena”(du kan lese om dei ulike skodespela viss du trykker på linken), som vart ein ganske tragisk start på dagen, klokka 10 om morgonen. Skodespelet vart vist første gang under apartheid i 1969, og handlar om eit ’farga’ par sine utfordringar under apartheid. Dei er veldig fattige og bulldosarar sendt frå apartheidregjeringa har køyrt over heimen deira same morgon. Så dei er ute og går på utkikk etter ein ny plass å bu. Boesman er ganske valdeleg og begge er alkoholikarar. På sin veg møter dei ein afrikansk mann som berre snakkar Zulu, og som er veldig sjuk. Boesman vil ikkje ha noko med denne ”kaffiren” (det dei kalla afrikanarar under apartheid) å gjere, men Lena tek han til seg som ein ven og gir han det vetle ho har av mat og eit teppe. Heile historia var eigentleg ganske tragisk og enda med at Zuluen døydde og Lena gjekk tilbake til å gå på vandring med valdelege Boesman, men det var utruleg bra skodespelarar og veldig interessant. Alle eg har snakka med her nede har høyrt om skodespelet, og det var veldig viktig når det vart vist første gong (då med kvite skodespelarar med svartmåling i ansiktet). Dei farga her nede er ofte fanga litt midt-i-mellom alle dei andre. Dei er ikkje svarte, dei er ikkje kvite, dei er ikkje indiske, så dei er ikkje heilt sikre på kor dei høyrer heime. Mange av dei seier at dei ikkje har nokon kultur, men som eg har sett og Volker har sagt, så har dei ein veldig sterk kultur (alle har kultur, har dei ikkje?) Du kan samanlikne dei litt med afroamerikanarar, og dei eg har møtt er ganske røffe og har mykje humor. Hadde eg sett dette skodespelet i juli trur eg ikkje eg hadde forstått så mykje (verken humoren eller dialekta (ein blanding av engelsk og afrikaans), men etter å ha vore her i to månadar og tilbrakt mykje tid på ”middelskulen”, forstod eg ganske mykje (bortsett frå afrikaansorda).

Rektoren på den tidlegare modell-C skulen var på det same skodespelet, så eg fekk snakka ein del med han etterpå. Det neste showet eg var på, var Paul Zerdin. Han er ein buktalar frå England, og var utruleg morosam! Det var ikkje noko djupare meining med showet hans, berre rein humor. På festivalen er det også mange forskjellige bodar over heile området, akkurat som ein marknad, så etter Paul Zerdin hadde eg planlagt litt tid til å gå og sjå i dei ulike bodane. Det var berre to problem; eg hadde ikkje pengar og den mobile minibanken fungerte ikkje + at det kom ein skikkeleg tordenstorm. Det enda med at eg måtte springe rundt i regnet og ringe til ein taxi for å køyre meg til næraste minibank (hadde ofte vore veldig praktisk med eigen bil!). Dei tre første minibankane eg var på fungerte ikkje på grunn av straumbrot, men den fjerde fungerte! Det vart eit ganske dyrt uttak til slutt kan du sei.. (flaks at det er så mange minibankar i Sør-Afrika, som regel ein for kvar bank på kvart vetle kjøpesenter). Høljeregnet og torden/lynbygene roa seg litt når eg kom tilbake igjen, så eg fekk brukt litt pengar på marknaden likevel! :p Etter nokre timar med shopping og mat, skulle eg på den einaste konserten eg hadde bestilt billettar til (det var også ein del gratiskonsertar rundt omkring på området). Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, men det viste seg å vere to litt avdanka musikalartistar som song musikalsongar.. Så det var ikkje heilt for meg. Musikalar er morosamt viss du ser ein heil musikal, men når det berre er songane er ikkje eg så gira. Men etter det reiste eg på ”Brothers in Blood” som var eit veldig aktuelt skodespel om fordommar mellom muslimar, jødar og kristne, lokalisert i Cape Town. Dei ulike historiene deira kom til slutt saman og det var innom både fordommar, fanatiske religiøse, abortproblematikk, med meir. Kvelden avslutta eg med humor, med stand-up komikaren Marc Lottering. Han er ein farga komikar frå Cape Town som er blitt veldig kjent i Sør-Afrika, og eg kunne fort forstå kvifor. Han var innom mykje av raseproblematikken og skilja eg har sett mens eg har vore her og var morosam utan å vere ekkel og utan å henge ut nokon (viss du forstår kva eg meinar). På same måte som med ”Boesman & Lena” hadde eg nok ikkje fortstått noko av dette for to månadar sidan, men etter å ha fylgt med i media, observert sørafrikanarar og lært meg å forstå ”fargadialekta” ganske bra, så tykte eg han var hysterisk. Hilton-området er veldig rikt, noko som innebar at det nesten berre var kvite på festivalen, noko som var noko av det første Lottering kommenterte. Men han sa det var bra det var mørkt, for då kunne han berre late som at alle var farga! :p

Søndag (i dag) reiste eg først til Glenwood, som er eit tidlegare fargaområde i nærleiken av ”middelskulen” eg har vore på, for å intervjue ei mor. Det var heime hos ho. Det var eit ganske lite hus i eit relativt fattig område (meir som eit township-hus), og det var ulike folk som budde i huset. Ho sa det var dumt eg ikkje kom dit tidlegare, for då kunne ho ha teke meg med på ulike hendingar i området. Ho var ei veldig gjestfri og hyggeleg dame. Etter at eg hadde vore hos ho, reiste eg på eit ”garden show” (hageshow) i Royal Agricultural Showgrounds. Pietermaritsburg er kjent som ”city of choice” (byen med valmoglegheiter) og ”city of flowers” (byen med blomar). No som våren er her, ser eg meir og meir av det siste sidan gatene er fulle med vakre blomane trær og ulike blomar. Dei har ”Sunday Tribune Garden Show” kvart år, der ulike lokalsamfunn konkurrerer i ulike hageoppsetningar. Det var mange utruleg vakre kreasjonar i tillegg til mange andre bodar med ulike ting. Pietermaritzburg er med og konkurrerar i Chelsea Garden Show som visstnok er eit veldig stort hageshow i England, og har vunne mange prisar. 













Eg fekk kjøpt ein fin blomekreasjon til Margie og Charles, som eg kunne gi til dei når eg reiste dit på braii (sørafrikansk tradisjon = grilling med nesten berre kjøtt, lite grønt) i kveld. 



Når eg var på braii fekk eg ha nokre nye interessante diskusjonar om utdanning sidan dottera deira som er lærar var der, og ei venninne av Margie skriv doktorgrad om morsspråk i utdanning. Eg fekk også ete godt kjøtt! ;) Grunnen til at det har skjedd så mykje denne helga, er at det er langhelg. I morgon er det som sagt ”Heritage Day”, som er ein ganske ny offentleg fridag som skal handle om å feire alle dei ulike kulturane som er i Sør-Afrika. Dette tenkte eg ville innebere mykje forskjellige kulturelle hendingar rundt om, men problemet er at ingen eg spør (uansett kva rase dei er), veit om noko som skjer i morgon! Heritage Day er og blitt kjent som braii-day, så dei fleste er eigentleg berre heime og grillar med vener. (Sør-Afrika har forresten 11-12 ulike offentlege heilagdagar, og viss dei kjem på ein torsdag eller søndag, får dei fri fredag eller måndag, så dei har mange fridagar! :p ) Eg skal prøve å sjå om eg finn ei kulturell hending ein eller anna plass i byen, etter at eg (forhåpentlegvis) har intervjua rektoren, som er det siste intervjuet eg har igjen.

Også er det berre tre-fire dagar til eg reiser heim! Tida flyr!  

3 kommentarer:

  1. Håper du fikk snakke med rektoren i dag, da! Opptatt mann! Ellers er det vel pakking som står på programmet framover..
    Velkommen heim - gleder meg :-)

    Klem fra mamma

    SvarSlett
  2. Hei.
    Ja, i dag ordna det seg endeleg, så no er alt i boks! :)
    No er det berre pakking igjen, ja.
    Takk, takk :)

    SvarSlett