søndag 16. september 2012

Besøk av ubaba 2

Tysdag sette me oss i bilen tidleg og sette kursen mot Drakensberg og Antbear Guest House. Sidan me hadde heile dagen, bestemte me oss for å køyre nokre sidevegar i staden for berre motorvegen. Me køyrte om Edendale som er der apartheid-regjeringa flytta dei fleste svarte i Pietermaritzburg-området når dei skilte rasene. Området rundt der er ganske fattig og ein stor kontrast til dei rike områda. Det er også den same vegen som ein køyrer når ein skal til den fattige skulen eg har vore på. 
Vegen går opp i fjellheimen og det var mange fjellandsbyar på vegen.

 På veg opp frå Edendale mot Vulindlela

 Nokre damer med tømmerstokkar på hovudet på veg mot Impendle

Me køyrte forbi same fjell som eg, Knut Are, Volker og Max køyrte mot for å finne snøen. Det heiter "Kvinnebryst" på Zulu.

 Her nærmar me oss Antbear Guest House som har utsikt mot Giant's Castle.

 Antbear Guest House var veldig koseleg og fredeleg, der dei fleste møblane var laga av eigaren og andre som jobba der. 

 Me tok oss ein runde på dette stilege sjakkbrettet.

Me tok oss ein gåtur rundt gjestehuset etter at me kom fram.

 Utsikta frå gjestehuset vart endå finare med solnedgang!


 Sola på veg ned bak Giant's Castle



Me var heilt åleine på gjestehuset første dagen, men hadde ein koseleg middag likevel i lag med to av dei som arbeidar der. Dei gav oss mykje nyttig informasjon om området og fjellturar me kunne gå, og hadde også nokre interessante diskusjonar både om utdanning og samfunnet generelt.

Onsdag køyrte me mot Giant's Castle som er eit fjellområde ca 1 times køyring unna gjestehuset. Me vart litt forvirra til å byrje med sidan me køyrte eit stykke unna fjellet Giant's Castle, men fant etter kvart ut at både fjellområdet og fjellet heitte det same.

 Det var flott å køyre mot Giant's Castle og me køyrte forbi fleire fjellandsbyar med Drakensberg i bakgrunnen. 


På veg opp mot naturreservatet, Giant's Castle. Heile Drakensberg er på UNESCO's World Heritage liste


Han eine som arbeida på gjestehuset anbefalte oss å gå på World's View som  ligg 1842 m.o.h. Den turen skulle ta ca 4 t. Problemet var at me ikkje fant ut kor stien byrja og brukte nesten 30 minutt før me i det heile teke fant stien! Motivasjonen sank litt, men når me først fant den, vart det ein fin tur.

Det var nydeleg utsikt store delar av vegen.

Når me nærma oss World's View høyrte me nokon som ropte frå ein topp bortanfor. Me trudde dei ropte på oss, og at World's View var den toppen. Me møtte ei spansk dame nedanfor toppen. Det var ikkje oss dei hadde ropt på, men dei hadde ropt til kvarandre når mannen hennar nådde toppen. Ho sa at det ikkje var World's View, men me bestemte oss for å prøve å komme oss på den toppen også. Me møtte mannen når han var på veg ned, han sa det var veldig tungt, men fin utsikt. Han hadde rett i at det var tungt, for det var veldig bratt og mykje laus jord som lausna kvar gong ein tok tak. Men etter litt staheit, kom eg meg opp (pappa kom så klart opp ei stund før meg). Når eg kom opp vart eg heilt svimmel og kvalm, og måtte legge meg ned litt. Mest truleg det at eg pressa meg ganske hardt i høgden som var grunnen. Men etter litt jus og kjeks var det verdt det, for utsikta var nydeleg med 360 graders utsikt utover fjellheimen. 








Godt å komme nedatt! ;)

 På toppen av World's View


Me brukte ca 4.5 timar til saman på turen, så når me kom tilbake til gjestehuset var det nesten mørkt. Til middag såg me at de hadde komme to folk til på gjestehuset, eit godt vaksent par frå Australia. Dei var veldig hyggelege og me åt middag ilag med dei og dei to ansatte me åt med kvelden før. All maten er laga av lokale råvarer så langt det let seg gjere, og av oppskrifter som dei to eigarane har samla frå ulike reiser opp igjenomm åra. Mannen er i frå Sør-Afrika og kona hans frå Tyskland. Me møtte ikkje ho, mene han åt frukost med oss begge dagane. Han var ein ganske original type, og det var interessante diskusjonar under alle måltida.

Torsdag køyrte me mot Kamberg, som er eit anna fjellområde i Drakensberg-fjella. Hovudattraksjonen der er gamle gruveteikningar/"Rock Art", laga av bushmen/San-folket. Det var ca 1 times gåtur opp til gruvene, og eg var blitt sylta forkjøla etter fjellturen dagen før, så me gjekk ganske roleg. Gruvene ligg 2020 m.o.h. så det var bra stigning denne dagen også. Grunnen til at teikningane ligg så høgt oppe (for det er verkeleg ingen andre ting der oppe, lite vegetasjon og lite levevennleg), er at det var ein heilag plass for san-folket, og dei tenkte at dei var nærare gudane sine viss dei teikna så høgt oppe. Gruveteikningar var ein veldig spirituell ting for san-folket og det var berre sangoomane (tradisjonelle leiarar/healerar) som hadde lov å gjere det. Dei teikna ting dei såg når dei var i transe og snakka med forfedrene sine. Zuluane trur framleis på mykje av det same som san-folket.

 Me fant nokre få gruveteikningar på vegen opp også, men dei var litt meir slitte enn dei øverste.

 Eland (den største antilope-arten), er eit heilag dyr for san-folket, så derfor er mange av gruveteikningane av eland.

 Me hadde flott utsikt denne turen også.


 Teikningar av elandar, andre dyr, jegarar og sangoomas (tradisjonelle leiarar/healarar).

 Ein jegar. For å få raudfargen brukte dei ein spesiell type krittstein og elandblod.

 Dette ser ut som ein inskripsjon, men det er kritt-teikning dette også, dei har berre brukt ein anna type stein. 

Guiden oppe ved gruvene kom frå landsbygda like nedanfor og var veldig oppteken av å ta vare på tradisjonen og historia. Han studerer i Pietermaritzburg, men noko ganske anna enn kultur og tradisjon; business studies (forretningsstudier). Eg måtte så klart spørre han litt om utdanning også, og spurte om barna på skulen like nedanfor lærer noko om tradisjonane og kulturen sin på skulen, eller om dei berre lærer meir moderne ting (slik tilfellet er i dei skulane eg har besøkt i Pietermaritzburg-området). Han sa at dei lærte ganske mykje om det, og at dei også hadde samarbeid med guidane i gruvene, som kom til skulen for å fortelje. Men dei lærer det ikkje på grunn av læreplanen, men på grunn av at lærarane og skulen er oppteken av det.

Her er fjellet Kamberg (Afrikaaner-navn, men det betyr det same på zulu), som er heilag for san-folket og zuluane. Dei kan ikkje peike på fjellet med peikefingeren, dei må bruke ei heil hand eller knyttneve, fordi det er fornærmande for gudane og forfedrene deira som høyrer til dette fjellet. 

Etter fjellturen køyrte me mot Pietermaritzburg igjen, og stoppa innom Nottingham Road og åt deileg lunsj på ein koseleg kafe der. Mens me sat der byrja det å tordne og regne, så me var utruleg heldige med veret på fjellturane! 

Fredag hadde me tenkt å køyre til Pietermaritzburg sin versjon av World's View, der ein får utsikt over heile byen (eg og Knut Are var der), men når me kom så langt kom tåka og regnet så det var ikkje så mykje vits i. Men me køyrte rundt i området der (som er eit veldig rikt område) og pappa fekk sjå den rike skulen eg har vore ein del på. På kvelden reiste me ut og åt på "stam-restauranten" vår, Spur, som ikkje ligg så langt unna der eg bur. Så reiste me på Harry Gwala-stadium for å sjå Maritzburg United mot Free State Stars. Me snakka om det heile veka at me hadde lyst på kamp (etter at me såg Maritzburg United-kamp på TV'n), men var usikre heilt til me kom til stadion, på grunn av veret. Men når me kom dit slutta det og regne, og me fant ut at me like godt kunne reise inn. Billettane kosta 40 rand, så det hadde ikkje vore krise om me måtte reise før den var slutt uansett. Maritzburg United ligg i toppdivisjonen i Sør-Afrika, og leiar serien akkurat no faktisk. Men dei er visst ikkje eit av dei beste laga, dei pleier å ligge meir på midten av tabellen. Det var ikkje så mykje folk der, men stemninga var god likevel med vuvuzela, synging og dans. :) Kampen enda 1-1, og den kunne ha vore meir spennande, men det var kjekt å vere på kamp uansett!

Etter at det endeleg slutta å regne på laurdag, gjekk me ein tur ned i sentrum for å ete lunsj, og resten av dagen tilbrakte me eigentleg inne framfor TV'n på grunn av dårleg ver. Men etter alt me har gjort denne veka, hadde me eigentleg fortjent det! ;)

No er eg tilbake i leilegheita igjen etter å ha vore med og køyrt pappa til flyplassen i Durban (Charles som eg bur hos, køyrte). Denne veka blir siste innspurt på feltarbeidet, men eg har eigentleg ikkje så mykje igjen. Det har vore veldig interessant å vere her og eg har lært mykje, men det skal bli godt å komme heim også! ;) 





10 kommentarer:

  1. lese fortsatt eg :)
    de ha no jammen opplevd mykje mens far din ha vore dar! fjellturane ser heilt fantastiske ut! DA landskapet! og gruvetegningane va flotte.
    og alt anna, eigentle.
    kos deg siste tiden, gleda meg te å sjå deg atte! <3

    SvarSlett
  2. Skal bli godt å få deg heim, også :-)
    God bedring og lykke til med siste innspurt!
    Klem fra mamma

    SvarSlett
  3. Kjersti: Bra du fortsatt lese! ;)
    Me hadde da heilt nydele! Sør-Afrika ha alt ein måtte trenga av landskap! :) Eg ska kosa meg, og eg gleda meg te å komma heim og gå på fjelltur med DEG! ;)

    Mamma: Takk for da! Snakkast om ikkje so lenge! :)

    Klem te dikka begge! :)

    SvarSlett
  4. Det er spennande og lesa om alt du opplever, Anne Grethe. Og mange fine bilder so eg få rlyst å reisa dit :) Flott at du delar :)

    SvarSlett
  5. Veldig kjekt at du følg med, Anne Kari! :)
    Du får ta deg ein tur ein gang! Absolutt verdt det!
    Berre å sei ifrå viss du treng reisetips! ;)

    SvarSlett
  6. Ville berre sei hei eg:)

    SvarSlett
  7. Koseleg det, anonym. Hei til deg og!
    Kven er du? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra og få reisa så godt referert! Det var ikke alt jeg fikk med meg like godt.
      Mvh Pappa

      Slett