mandag 27. august 2012

Cape Town


Byrjinga av veka gjekk med på forsking på ”middelskulen” på måndag (rektoren har aldri tid til intervju så eg brukar mykje tid på å vente på at han skal få tid), frisør (stripa og stussa det, fornøgd med resultatet og billeg var det) og transkribering på tysdag, og onsdagen var eg på universitetet og på ein av dei rike skulane. På torsdag tok eg turen til Cape Town.
Flyet gjekk ikkje før 17.00, men transporten eg skulle ta gjekk klokka 10, så det vart ein ganske lang reisedag. Offentleg transport her i Pietermaritzburg er elendig. Nesten alle har bil, og dei bussane som går, går tidleg, tidleg om morgonen (04.30) eller for seint til at eg hadde rukke flyet. Transporten eg tok er ein shuttle frå Underberg til Durban, via Pietermaritzburg. Eg trudde den gjekk i frå sentrum der alle bussane går i frå, så eg venta der (eg trudde det var ein minibuss eg skulle ta, men det var ein heilt vanleg bil). Men når eg ringte dei viste det seg at dei reiste frå ein heilt anna plass. Heldigvis kom dei og henta meg. Eg vart sittande å vente ganske lenge, og mens eg sat der kom det ei søt gammal dame og sette seg med meg. Ho var veldig hyggeleg og spurte meg om alt mellom himmel og jord, før ho plutseleg byrja å snakke om dommedag og ”den verkelege meininga med Bibelen”. Det viste seg at ho var frå Jehovas Vitne og at ho ville selge meg blada dei har. Ho traff dessverre feil person, så eg avslo høfleg. Ho sa at det var greitt, men kva enn som skjedde med ein her i livet så skulle eg vite at det var på grunn av dei valga eg tok, så ynskte ho meg ein fin dag :p Rett etterpå kom det ein journalist som ville spørje meg spørsmål om presidentkampen i ANC (dei skal velje leiar i desember). Eg sa at det kunne ho gjerne gjere, men at eg berre visste om Jacob Zuma som kandidat (han er president no). Det vart ikkje noko intervju for ho måtte springe og flytte bilen som stod i vegen for ein buss.
Etter kvart kom transporten min og eg kom meg på flyplassen.

 Deileg lunsj på flyplassen

Flyet mitt landa i halv åtte tida, og eg tok ein taxi til Trill Road i Observatory. Der bur Sara i eit hus med 10 (trur eg) andre (tre jenter og resten er gutar og dei kjem frå mange forskjellige land). Det var veldig greitt der, ho hadde eit stort rom og felleskjøkkenet og stova var ganske stor. Me reiste ut ganske fort for å få i oss litt mat, ilag med Michael frå USA og Richie frå Irland. Eg og Sara åt Springbook (ein antilopetype), noko som var veldig godt. Etter det spelte me litt biljard før me reiste og la oss.


Neste morgon stod me opp klokka 07.00 fordi me skulle på vintur. Me vart henta ca halv ni. Me reiste ilag med ei som arbeidar på ein backpacker like oppe i gata som Sara kjenner (Adelade) og andre turistar. Adelade er i frå England, men har budd i Sør-Afrika sidan ho var 14 (ho har budd ikkje så langt unna Pietermaritzburg faktisk, så ho har gått på vidaregåande her). I 10-tida kom me til første vinfarmen og lærte alt ein skal gjere når ein smakar på vin. Det var veldig interessant og vinen var god. Me var på i alt fem vinfarmar den dagen og fekk smake på mykje forskjellig vin, så resten seier seg sjølv. :p Vinområdet utanfor Cape Town er veldig fint med nydelege fjell og natur. På ein av farmane fekk me òg smake på mykje forskjellige ostar og på ein anna vinfarm åt me lunsj. 





Desse geitene lagde veldig god geitost!

Ein cameleon i dårleg forkledning


Beyerskloof Pinotage






Table Mountain frå Table View (utafor Cape Town)

Lions Head og Lions Rump i solnedgang

På kvelden reiste me ut i Long Street for å treffe Pricilla, som er ei anna jente som arbeidar på backpackeren oppe i gata for Sara (Sara budde der første veka). Der åt eg og Sara to gode pizzaer; Mandela og Obama. Mandela var så klart best, men Obama var ein god nummer to! ;) Etter kvart møtte me Simon som Sara bur med og to venninner av han (alle tre frå Sveits). Me var på konsert med tre forskjellige band, dansa og kosa oss. Kvelden enda dessverre ganske dårleg, for ei lita stund etter at eg hadde sendt ein sms til Knut Are, oppdaga eg at begge telefonane mine var borte frå veska mi (iphone og ein gammal Nokia. Eg hadde to fordi Knut Are ikkje får motta sms frå det Sørafrikanske nummeret mitt). Då vart kvelden brått slutt og me reiste heim igjen. Eg hadde veska på meg heile kvelden, men det var veldig fullt der og ein periode vart eg skubba litt fram og tilbake, så då har vel nokon nytta sjansen. Utruleg kjipt! Ei anna venninne av Sara opplevde akkurat det same når dei var ute for to veker sidan.
Neste dag var første prioritet å komme seg til politistasjonen slik at eg fekk anmeldt tjuveriet (for forsikringsselskapet). Etter det tilbrakte me faktisk heile dagen i sentrum utan at me gjorde så veldig mykje. Trøtte og sletne kan du sei. Eg fekk kjøpt meg ein enkel Samsung til ca 180 kr og eit nytt sim-kort, og me åt sebra (!) til lunsj. Eg har aldri ete sebra før, så det var veldig spennande å smake. Det er vanskeleg å beskrive kva det smakte, det smakte ikkje som noko anna, men var utruleg mørt og godt! I seks tida møtte me dei tre frå Sveits og Michael på Long Street Cafe, åt ein enkel middag før me reiste på Long Street Backpackers der dei to sveitsiske jentene budde. Der var det reagge-konsert med eit Sørafrikansk band, Jampara.
 Skikkeleg rastafari-band


 Etter det reiste me tilbake til Observatory og spelte litt biljard før det vart ein tidleg kveld.
I dag åt me ein god frukost på ein liten kafe like ved Sara, og resten av dagen har gått med på reising og avslapping i leilegheita. 

1 kommentar:

  1. Høres ut som ei kjekk helg, dette, tross alt:-)
    Ett spørsmål: Tålte du all vinen?? ;-)

    Klem fra mamma

    SvarSlett