onsdag 12. september 2012

Besøk av ubaba (pappa)


Sidan pappa skulle komme på besøk laurdag den 08.09, gjorde eg så mykje eg kunne av feltarbeidet i løpet av dagane før han kom. På onsdag var ein spesielt produktiv dag, der eg starta med eit besøk til Isidono (zulu for i nød) Educare i lag med grunnleggaren av Youth of Choice, Jubulani (han eg møtte på festivalen på søndag). Dette var ikkje ein del av feltarbeidet, men likevel veldig nyttig. Isidungo Educare er eit dagsenter/barnehage for foreldrelause og trengande barn i alder 1-6 år. Dama som starta det bygde ut huset sitt for tre år sidan, for å gi eit tilbod for desse barna. Ho får ikkje noko støtte frå staten, alt kjem frå eiga lomme og sponsorar. Det kan vere opp til 100 barn der, i eit lite, lite hus. Foreldra betalar 100 rand i månaden (ca. 77 kr), som skal dekke alt frå lønn til dei fire som jobbar der til mat og straum. Ho prøver å lære dei alfabetet, tal osv, og dei syng, dansar og leikar. Youth of Choice har sponsa barnehagen ein del, og Jubulani hadde med ballar til barna. Styraren sa at ho skulle ønske ho hadde meir leiker og ting på uteplassen, for no har dei berre ei huske og nokre bøtter og spadar. Området rundt var veldig fattig, der dei fleste husa var skur/rønner. Det var ein bra start på dagen å synge og danse med dei søte små! Eg smeltar kvar gong! På vegen til og frå spurte Jubulani meg mange utfordrande spørsmål i forhold til oppgåva mi og kva ungdommane eg intervjuar svarar, noko som fekk hjernen til å kverne og eg måtte tenke over mykje eg ikkje har tenkt over før.

 Eigaren har dekorert barnehagen sjølv, og til mykje av pynten har ho brukt gamle blad, plastikkposar og liknande. Dette rommet brukar dei til eterom.

 Dei eldste i barnehagen

 Dei minste i barnehagen


 "If you happy and you know it, clap your hands"




 Litt seinare på dagen reiste eg til den rike skulen, der eg var til ca klokka ni på kvelden. Først hadde eg eit intervju med ein mannleg lærar, som opprinneleg kjem frå England. Etter det hadde eg fokusgruppe/diskusjonsgruppe med lærarar frå dei ulike skulane, bortsett frå ”middel-skulen” (dei starta med eksamen neste dag, så dei var ganske travle). Som eg har skrive før, ville eg ha denne fokusgruppa slik at forskinga mi kanskje vart litt meir deltakande, i staden for at eg skal prøve åleine å alanysere og finne ut kva utfordringane for dei er. Eg var veldig spent på korleis det skulle gå sidan eg aldri har gjort det før og lærarane ikkje kjente kvarandre. Det var litt nervøst og stille i byrjinga, men det kom seg etterkvart, og det utvikla seg til å bli veldig interessant. Ein kunne sjå at dei to lærarane frå den fattige skulen kom frå totalt forskjellig verd frå dei to lærarane frå dei to rike skulane, og at utfordringane var veldig forskjellige. Men det var nyttig for alle å kome saman, diskutere og kanskje lære noko frå kvarandre. Når diskusjonen var ferdig vart eg med han som har vore kontaktpersonen min på den rike skulen heim (han bur på skulen) og åt middag med han og kona som kom etter kvart, før eg reiste på eit av internathusa for å intervjue/snakke med nokon av grade 12 gutane. Dette viste seg å bli ei diskusjonsgruppe det også, for det var seks gutar samla og dei hadde ganske sterke meiningar om det eg spurte dei om. Samtidig var dei veldig ”guttete” og har tydeleg eit anna liv enn dei fattige, foreldrelause ungdommane eg intervjua på måndag. Det er veldig lærerikt og utfordrande for meg som intervjuar å snakke med så ulike ungdommar, for eg må heile tida tilpasse kva eg spør om og kva eg seier/korleis eg reagerer. Eg merka at eg av og til måtte halde meg litt i skinnet med tanke på nokon av svara eg fekk nokon av desse gutane, for poenget med forskinga mi er å få deira syn ikkje at eg skal sei til dei kva som (i følge meg) er rett og gale.

Torsdag og fredag intervjua eg to mødre på ”middel-skulen”, og det var veldig greitt å endeleg få litt foreldreperspektiv inn i oppgåva og. Eg veit ikkje kor mange foreldre eg får intervjue, for det er litt vanskelegare å organisere enn dei andre deltakrane, men eg får i vertfall nokon perspektiv. Det var drittver heile veka forresten, fram til laurdagsmorgonen når eg og Charles reiste til Durban for å hente pappa, då var det strålande sol.

Det var veldig kjekt og sjå pappa igjen, og han hadde ein bra tur sjølv om bagasjen hans ikkje kom fram. På måndagsettermiddag hadde me byrja å tenke at kofferten var borte for alltid, men etter å ha vore på flyplassen i Pietermaritzburg og snakka med ei hyggeleg og SERVICEINNSTILT dame (etter å ha snakka med sure, likegyldige folk på flyplassen i Durban fleire gonger), så kom endeleg kofferten måndagskveld!

Utpå dagen laurdag gjekk me ned til sentrum slik at pappa kunne orientere seg litt, og me reiste ut og åt på kvelden. Me gjorde mykje det same på søndag (kom ikkje i gong med så mykje mens me venta på kofferten, pluss at det var godt å slappe av og sole oss litt også!) 


Statue av Mahatma Ghandi i sentrum. Ghandi vart kasta av toget i Pietermaritzburg fordi ein kvit mann likte ikkje at han sat på første klasse, og Ghandi ville ikkje på tredje klasse sidan han hadde betalt for første. Dette starta kampen hans mot rasesegregering.


Tinghuset. Pietermaritzburg har ein del flotte, Viktorianske hus frå kolonitida.



Slappar av med ei øl i skyggen etter mykje gåing i sentrum.

Måndagsmorgon (i dag) reiste me opp på flyplassen som sagt, og etter at me hadde snakka med ho dama om kofferten, leigde me bil. Me sette snuten mot Spionkop, som ligg over 20 mil utanfor Pietermaritzburg. Målet var Spionkop Battlefield, der det var eit slag mellom engelskmennene og boerane i 1900. Engelskmennene kom dårlegast ut av det og mista rundt 343, fekk 563 skadde og 187 vart tekne til fange, mens Boerane mista 68, fekk 134 skada og ingen vart tekne til fange. Sidan mange av dei falne var i frå Liverpool, har dette slaget betydd mykje for Liverpool fotballklubb, og i 1906 vart det bygd ei ny tribune på Anfield som vart kalla The Kop. Kop er forresten Afrikaansk og betyr ”bakketopp”.    

På vegen dit køyrte me innom minnesmerket ved der Nelson Mandela vart arrestert for 50 år sidan, same plass som eg og Knut Are var på, og me køyrte ein del sidevegar med nydeleg natur.


Når du står langt unna ser du berre jernstenger, men når du kjem nærmare, ser du dette!

Lunsj på Wintonton

Nashorn sett frå vegen!

 Spionkop Dam

Sebra sett frå vegen

Etter kvart kom me til Spion Kop, men det skulle vise seg at det ikkje var berre, berre å finne slagmarka! Det stod merka på kartet, men det var ikkje eit einaste skilt på den vegen me køyrte, som viste til slagmarka. Etter å ha køyrt ganske lenge fram og tilbake, og hit og dit, reiste me innom Spionkop Lodge. Der fekk me endeleg forklart vegen, og fekk og litt kort historie. Liverpool-supportarane har kjøpt ein minnesbenk som står på denne lodgen, til minne om alle supportarane som omkom på Hillsborough, heimebana til Sheffield Wednesday i 1989. Den 15.april kvart år, kjem det Liverpool-supportarar til denne lodgen, og dei reiser til slagmarka for å legge ned blomar.



Vegen me skulle køyre var ein heilt tilfeldig gardsveg, utan eit einaste skilt før me kom heilt opp til porten til slagmarka. Slagmarka ligg oppe på ein bakketopp med nydeleg utsikt. Me var ganske spent på om vår vetle leigebil ville greie å komme seg fram dit, for det var ganske gjørmete, humpete og sporete, men me kom oss både fram og opp.

Sjølv om det var ganske disig i lufta, var det nydeleg utsikt frå toppen, og me kunne sjå kvifor dei kriga om den plassen for ein hadde oversikt langt utover frå alle kantar. Etter iherdig innsats og ganske mykje tid for å finne denne slagmarka, var me veldig fornøgde når me stod på toppen der og såg utover. Det føltes som me var dei einaste på milsomkrets, for det var ingen andre å sjå nokon veg anna enn ein hest og nokre kyr. Ei ganske herleg kjensle i grunn. 








 Hovudminnesmerket til engelskmennene. Dei mista 343 menn i slaget, fekk 563 skadde og 187 menn vart tekne til fange.




 Boer-minnesmerket. Dei mista 68 i slaget, fekk 134 skada og ingen teke til fange.





I morgon går turen til Antbear Guest House der me skal vere fram til torsdag. Håpar veret tillet nokre fine fjellturar i Drakensberg-fjella! :)




2 kommentarer:

  1. sikkert godt med å besøk av far din:) Det blir virkelig en spennende masteroppgave du får til slutt. Håper virkelig jeg får muligheten til å lese den:) Stoor klem<3

    SvarSlett
  2. Ja, da va veldig godt å få besøk! :)
    Du får nok heilt sikkert mulegheten te å lesa masteren, so lenge du gidda! ;)
    Håpa alt går bra heima og at du finne ein jobb snart! :)
    Lykke te!

    SvarSlett