lørdag 4. august 2012

Sanibona! Ngaleli sonto ngina...

("Hallo! Denne veka har eg.... (på zulu))

På måndag reiste me frå Livingstone til Johannesburg, og deretter til Pietermaritzburg. Me landa 19.00, og eigaren der eg bur kom og henta oss på flyplassen. Han køyrte oss til Ridgeway Close, som skal vere heimen min fram til slutten av september.
Margie (den andre eigaren) hadde laga sandwich til oss og viste oss rundt i den vetle, koselege leilegheiten 'min'.

På tysdag gjekk me litt rundt i området Scottsville som eg bur i, før eg reiste på ein "independent school" (privat skule) for jenter, som eg har brukt som pilotskule denne første veka. Den ligg ikkje langt unna der eg bur. Der tok deputy headmasteren meg godt i mot, og me avtalte korleis veka skulle bli. Det var veldig uvant for meg å gå rundt på denne rike skulen. For det første fann eg nesten ikkje inngangen, for heile skuleområdet var inngjerda (slik alle eigedommar i Sør-Afrika er på grunn av sikkerheit). Inne på skuleområdet minna det meg litt om Galtvort (Harry Potter). Alle jentene hadde flotte uniformar, og når eg kom gåande gjekk alle til sides og sa "Good morning". Skulen har det meste dei treng av ressursar, ganske høg "school-fee" og dei fleste elevane kjem frå øvre middelklasse eller rike familiar. Nokon av elevane er der på stipend. Av lærarane så er alle kvinner bortsett frå to menn, og alle kvite bortsett frå fire (ei zulu, tre indarar). Kontrastane er store til det ein les om i ulike artiklar, bøker og aviser om fulle klasserom, for få lærarar, mangel på skulebøker, foreldre som ikkje har råd til å betale "school-fee", osv.
Etter at eg hadde vore der, reiste me til kjøpesenteret i Scottsville og shoppa litt.
Gata eg bur i


 På onsdag reiste eg tilbake til skulen klokka 08.00, og møtte læraren som er ansvarleg for Life Orientartation (som er faget eg fokuserar på når eg analyserar læreplanen).

 Plakatar i Life Orientation klasserommet



Eg intervjua ho og snakka ein del rundt oppgåva mi. Veldig hyggeleg og imøtekommande dame. Eg tilbrakte nesten heile dagen med ho. Først var eg med i ein geografitime ho hadde med grade 8, der dei jobba med eit prosjekt på datarommet. Etter det vart eg med nokon av desse jentene til auditoriumet, der dei skulle øve til ein sang- og dansekonkurranse. Det enda med at eg måtte vere med å øve på ein fellesdans dei skulle ha, noko som var gøy. Seinare var eg med i ein Life Orientation-time der dei hadde munnlege presentasjonar om suksessfull kommunikasjon. Det var ein veldig velartikulert klasse og interessant å høyre på. Når timen var slutt, delte eg ut spørreunderskøkelsane mine til dei som ville fylle dei ut. Etter lunsj intervjua eg rektoren på skulen som er ei kvinne. Det var litt skummelt, men gjekk bra. Ho virka som ei litt streng dame, men hadde mykje interessante ting å komme med. På slutten av dagen var eg med ei anna lærerinne som har Life Orientation med eine grade 12. Der fekk eg bruke heile timen til forskninga mi. Eg starta med å presentere meg sjølv og svare på spørsmål, før eg delte ut spørreundersøkinga. Dei fleste svarte. Etter dei var ferdige å fylle ut, starta ein veldig interessant diskusjon om problem med rydding og vasking på internatkjøkkenet (dei elevane som bur langt unna, bur på internat på skulen). Det var nokon av dei svarte elevane som starta å snakke om dette, og dei sa at dei var lei av å rydde etter dei andre jentene. Dei kom inn på mange interessante aspekt, slik som heimekultur, oppdragelse, fysisk straff, kultur, osv. Det var tydlegvis eit tema som hadde låge og murra ei stund, for jentene var veldig engasjerte. Når dei snakka om fysisk straff, sa læraren at når ho var lita vart dei straffa av lærarane. Ei av dei svarte elevane vart veldig overraska: "Did white people get hit?? I didn't know that! I thought it was only black people who got hit!" Læraren avslutta med at dei kanskje ikkje delte så mykje om kvarandres kulturar som dei trudde.

På kvelden reiste eg og Knut Are på eit større kjøpesenter på utskikk etter nokre sko og diverse. Det viste seg at dette kjøpesenteret stengte klokka 18.00 så me hadde ikkje mykje tid, og når me ringte taxi måtte me vente 1 time. Det er ein stor forskjell frå Zambia. I Zambia må ein nesten jage vekk taxisjåførar, mens her i Sør-Afrika har eg hatt store problem med å få tak i taxi til no. Etter dette såg me ein dokumentar eg fekk låne av læraren, som heiter Testing Hope. Denne vart laga 11-12 år etter apartheid når den første generasjonen etter apartheid skulle skrive matric (eksamen etter grade 12). Dokumentaren fulgte 4 svarte elevar frå ein township utanfor Cape Town. Det viste seg at desse hardtarbeidande elevane, hadde store problem med å gjennomføre eksamen i forhold til rikare elevar (som regel kvite) på grunn av ressursmangel opp igjennom utdanninga. Nokon av dei gjorde det veldig bra på eksamen, men kom likevel ikkje inn på dei universiteta dei ville på grunn av at skulen ikkje hadde tilbudt dei alle faga dei skulle hatt på high school. Slik er nok situasjonen endå for mangem særleg fattige, svarte elevar.

Torsdag reiste eg til skulen igjen halv 8 og hadde Life Orientation med den andre grade 12 (det er to) saman med ho som er ansvarleg for Life Orientation. Der fekk eg bruke timen til forskninga, slik som igår ettermiddag. Eg starta med å fortelje om meg sjølv og oppgåva og levere ut spørreundersøkinga. Så fekk eg intervjue to av jentene, ei med engelske anar og ei zulu. Det vart ein interessant samtale, og begge sa det var interessant for dei også for dei hadde ikkje tenkt på at dei lærte så lite om afrikansk kultur på skulen. Jenta som var zulu fortalte og ein del om diverse ritual dei gjorde heime under spesielle sermoniar, noko den kvite jenta ikkje visste noko om. Begge skulle ønske dei kunne lære meir om tradisjonelle kulturar samtidig som dei lærte det dei treng for å arbeide og leve i ei moderne verd.


Etter at eg hadde vore heime ein tur for å pakke, vart eg med nokon av grade 10-jentene out reach til ein nærliggande barneskule for fattige barn. Alle 10-klassingar på denne skulen må vere med på dette eit visst antall timar i månaden, samtidig som dei i 11.klasse har diverse anna "community work". 10-klassingane som er på out reach, har ein skuletime med elevane på skulen, både for å gi lærarane litt fri og for å gi barna litt forandring. Dei har også vore med på å bygge leikeplass, måle, osv. Denne skulen var ein no-fee skule, med for få lærarar. Det var veldig få elevar på skulen denne dagen, og læraren frå skulen eg har vore på spurte om kvifor. Svaret var at når det var så kaldt, var det mange foreldre som ikkje sendte barna på skulen og det var ingenting dei kunne gjere med det, samtidig som mange ikkje hadde råd til transport. Skulen har også problem med at lærarane ikkje dukkar opp, eller reiser heim før dei skal, og dei er allerede for få. Det var ein ganske liten skule med 142 elevar og 5 lærarar. 4. og 5. klasse og 6. og 7.klasse måtte ha timar ilag, fordi dei ikkje hadde nok lærarar. Det var veldig interessant å sjå dei relativt rike jentene undervise desse fattige barna. Eg snakka med nokon av jentene etterpå om kva dei syns om å vere med på out reach, og alle sa at dei likte det veldig godt. Det fekk dei til å verdsetje det dei hadde mykje meir, i tillegg til at barna vart så glad for å sjå dei. Rett ved skulen var det store, flotte hus der foreldra mest truleg sender barna sine på dyre, private skular (etter å ha lest igjennom ca 30 spørreundersøkingar frå elevane og snakka med ulike lærarar, viser det seg at alle meiner at dei offentlege skulane er ganske dårlege, mens det er i dei private ein får skikkeleg utdanning med gode lærarar).


 Apekattar rømte frå leikeplassen når eg kom gåande
 Skulen eg har vore på denne veka har bidratt med å bygge leikeplassen

 Grønnsakshage



Når eg var tilbake til leilegheita, snakka eg litt med Richard som eg bur hos. Me kom inn på kva eg hadde gjort denne veka, og me kom inn på saken med mangelen på skulebøker Sør-Afrika har hatt i det siste. Fleire hundre skular har ikkje fått skulebøkene sine og det er snakk om korrupsjon og det eine og det andre innad i regjeringa i forhold til desse bøkene. (Textbook scandal) Korleis skal ein greie å fylle det store gapet som er mellom dei rike og fattige i Sør-Afrika, når dei fattige ikkje ein gong får bøker å lese i, sit i overfylte klasserom med underkvalifiserte lærarar som ofte kjem og går som dei vil, mens dei rikare har datamaskiner, internett, power-point, engasjerte, godt utdanna lærarar som gir mykje av seg sjølv?


I halv eitt-tida sette me oss i leigebilen Knut Are henta mens eg var på skulen, og køyrte mot kysten. Durban ligg ca 45-50 min utanfor Pietermaritzburg og Amanzimtoti ligg ca 1 time unna. Amanzimtoti har 7 km med strand og er ein populær plass om sommaren. Me sjekka inn på Amanzimtoti Beach Rest som er eit veldig koseleg og fint gjestehus. Kontrastane var store frå out reach tidlegare på dagen.. Me gjekk ned på stranda med ein gong. Med tanke på at det er vinter var det ikkje mange folk der, men temperaturen var god likevel. Desverre ikkje mogleg å bade på grunn av store bølgjer og mangel på hainett, men når eg vassa kjentes vatnet varmt og godt ut. Det er det indiske hav som ligg her.

 Litt skeptisk sjåfør som må køyre på feil side av vegen!
 På veg frå Pietermaritzburg til Amanzimtoti



 Trappa frå gjestehuset til stranda
 Toti Beach

 Vinter i Sør-Afrika..(Kaldt om natta!)
 Fisking i bølgene

Jogging på stranda




På kvelden prøvde me å få tak i ein taxi sidan det ikkje var så mange restaurantar rundt gjestehuset, men det fekk me ikkje tak i (opptatt i to timar..). Så då tok me oss ein tur på Debonnaires og åt pizza istaden. Lært at skal eg noko til eit visst tidspunkt her, så må eg bestille taxi i god tid! Eg kunne sikkert leigd bil, men etter å ha sett på trafikkbiletet er eg for skeptisk til det.

 Laurdag tilbrakte me på stranda igjen. Deileg å starte dagen med ein joggetur!
 På kvelden åt me på ein veldig god, italiensk restaurant "Georgio".
 Restauranten ligg på hotellet "The View" som har utsikt over byen og kysten
 Laurdagen var det litt mindre vind og fleire folk på stranda.
Hainettet var oppe igjen, så eg fekk endeleg bade! Deileg temperatur i vatnet

Ikveld skal me på bowling og i morgon reiser me tilbake til Pietermaritzburg etter ei avslappande og herleg helg i Amanzimtoti!

På måndag skal eg på ein anna independent/privat skule, som faktisk er ein av dei dyraste i heile Sør-Afrika. Eg har fått høyre at kontrasten frå skulen eg har vore på denne veka til den eg skal på i neste veke, kjem til å bli stor, så DET er eg ganske spent på! Eg skal på fattigare skular etter kvart, men desse har det vore litt vanskelegare å få tak i på forhand, med tanke på internett-tilgang, svaring på e-post osv.

Salani kahle! (Hadet bra!)

2 kommentarer:

  1. Hei igjen! Interessant å lese som alltid! Fint at alt går bra så langt, og kos dere videre!
    Klem fra mamma og pappa :-)

    SvarSlett
  2. Her går det berre bra, ja :)
    Blir nok litt annleis etter at Knut Are har reist neste helg, men det skal nok gå bra då og!

    Klem tilbake!

    SvarSlett