søndag 12. august 2012

Kusa Kusa (Everyday is different)

I dag blir det mykje tekst og mange bilete. Tatt ein evigheit å få laste dei opp. Nokon av bileta er litt små, men skal bli større når du trykker på dei.

Leilegheita mi

Måndag, 06.08.12
Etter ei strålande strandhelg i Amanzimtoti, var det tilbake til kvardagen igjen. Måndag reiste eg til ein av dei dyraste skulane i sørlege Afrika! Foreldra her bruker rundt 2 millionar i året på utdanninga til barna sine (inkludert internat, treningsutstyr, mat osv). Knut Are køyrte meg dit på morgonen. Skulen ligg i eit gardsområde ca 30 minutt utanfor Pietermaritzburg sentrum. Skulen har eit STORT inngjerda område med mange flotte, eldre bygg. Eg fekk ein skikkeleg Harry Potter følelse når eg kom inn der, med andre ord ein veldig britisk skule. Det er ca 500 elevar frå grade 8. – 12. der alle bur på internat. Når dei byrjar på skulen blir dei utdelt ulike hus, og desse husa utgjer visst mykje av identiteten deira mens dei er på skulen (sa eg Harry Potter??). Forskjellen blir ubeskriveleg stor frå ”rønneskulane” mange av skuleelevane i landet går på, i klasserom med opptil 70 elevar, ikkje nok skulebøker, materiell, mat, lista er lang.

Etter å ha køyrt eit godt stykke inn på skuleområdet fann me biblioteket og Knut Are slapp meg av. Han reiste tilbake for å levere bilen, mens eg tilbrakte dagen på skulen. På biblioteket møtte eg kontaktpersonen eg har hatt på skulen. Grade 11 kom så til biblioteket for å jobbe med ei oppgåve i Life Orientation, og eg fekk delt ut spørjeundersøkinga mi. Det var litt rart å reise frå ein rein jenteskule til ein rein guteskule, men høflegheita var den same; ”Hello mam” (får ein ikkje til å føle seg gammal.. :p) sjølv om gutane var litt meir høglydte og tulla meir enn jentene. I nitida reiste eg til rektoren for å intervjue han. Eg vart møtt av eit stort kontor og ein mann i dress og slips. Rektoren var veldig hyggeleg og interessert i oppgåva mi (eg har maila ein del med han først), og eg fekk mykje spennande ut av han både om utdanning og samfunnet generelt.
Etter intervjuet spurte eg kontaktpersonen min om out reach programmet eg hadde lest skulen har. Han tok meg med dit og eg snakka ei stund med han som er dagleg leiar der. Skulen stiller med lokale og materiale, men sjølve drifta er avhengige av donorar. Programmet har drive på i 11 år, og har samarbeid med fleire fattige skular. Dei som arbeidar der er stort sett pensjonerte lærarar som har arbeida på den rike skulen. Hovudområda dei hjelp til med er naturfag, matte og data, og dei trener opp lærarane i dei fattige skulane innanfor desse områda. Etter ein lang samtale om kva programmet driv på med, med dagleg leiar, reiste me i naborommet for å treffe ein av mattelærarane som arbeidar der og for å drikke te. Kontaktpersonen min spurte ho om eg kunne vere med ho når ho skulle reise til ein av skulane neste dag. Det kunne eg og ho skulle hjelpe meg å finne ulike kontaktar. Seinare på dagen delte eg ut spørjeundersøkinga til to grade 12, og hadde gruppeintervju med 4 grade 11-elevar. 

Tysdag, 07.08.12
Tysdagsmorgon vakna eg til høljeregn. Taxien kom og henta meg 06.20 for å køyre meg til Wembley (ein bydel i Pietermaritzburg) der eg skulle møte mattelæraren for å bli med ho til landsbyen ho skulle besøke. Der vart eg teke i mot av hushjelpen (noko dei fleste har her), og ho gjekk for å hente læraren. Det viste seg at turen var avlyst på grunn av SNØ! Fleire vegar mellom Johannesburg og Durban var visst stengt på grunn av snø, og om så me kom fram dit me skulle ville verken elevar eller lærarar møte opp på grunn av snø og kulde. Eg tilbrakte litt tid der og åt frukost med ho og mannen, før ho køyrte meg tilbake. Mens eg var der ringte ho ein av rektorane ho samarbeida med og avtalte at han skal ta meg med til sin skule neste veke (ein fattig skule utanfor Pietermaritzburg). Rektoren bur i PMB, så eg kan sitte på med han. Seinare på dagen fekk eg endeleg tak i ein anna rektor som eg har prøvd å få tak i sidan mai (ein rettleiaren min kjenner), og eg skal møte han på måndag. På ettermiddagen gjekk eg i regnet bort til Universitet for å treffe Volker Wedekind. Han er ein professor eg kom i kontakt med gjennom Stephanie Matseleng (ho eg skulle treffe i Johannesburg). Han skal skaffe ein plass eg kan sitte å arbeide på og tilgang til biblioteket. Han viste meg rundt på skulen før me køyrte for å hente son hans, Max. Skulen strekkjer seg over eit stort område med mange ulike avdelingar. Han køyrte meg heim etter at me hadde henta sonen. Han sa han kunne ta meg og Knut Are med på ein køyretur torsdagen viss veret var betre. 

Onsdag, 08.08.12
Dagen starta med høljeregn, med etter kvart letta det. Me bestemte oss for å reise ein tur ned i sentrum for å sjå oss rundt. Først prøvde me å finne bussbillett til Durban til fredag, men fant berre bussar som gjekk 05.00 om morgonen.. Så tok me turen til Natal Museum. Der var det både utstillingar av mange ulike dyr, og interessant utstilling av Pietermaritzburg si historie, alt i frå historia til dei første afrikanarane, dei første indarane som kom, engelskmennene og boerane, til apartheid historie. Dei hadde òg ein fotballutsilling i forbindelse med VM i 2010. 
    













Etter dette gjekk me rundt i byen. Målet var togstasjonen der me såg etter ein statue av Mahatma Ghandi (han vart kasta av toget i PMB under apartheid, og dette fekk han til å bestemme seg for å kjempe mot apartheid i Sør-Afrika), men denne fann me ikkje. (Me vart veldig svoltne på vegen, så leita ikkje så godt heller :p) 






Torsdag, 09.08.12 (Nasjonal kvinnedag/fridag i Sør-Afrika – kvinner protesterte i Durban mot passlova (afrikanarar måtte gå rundt med pass over alt dei skulle) under apartheid)
I halv-eitt tida kom Volker og Max og henta oss, og me starta ”road-trippen” vår. Målet for turen var Drakensberg og me var på jakt etter snøen! Drakensberg er på UNESCO’s World Heritage liste og er eit fjellområde ca 1 time utanfor PMB. Først stoppa me på ”Old Road Worlds View” der me fekk utkikk over heile PMB. 
Der såg me korleis byen hadde blitt rasedelt under apartheid. Dei indiske var plassert heilt til venstre (frå der me stod) for byen, dei kvite i sentrum og dei svarte i homelands til høgre. Målet med delinga var at rasane ikkje skulle ha noko med kvarandre å gjere. Byen er meir blanda no (svarte og indarar flyttar til rikare, kvite område), men områda er framleis dominert av dei rasane som vart plassert der under apartheid. I dette området var det store, flotte hus eller villaer, meir som amerikanske ranchar.
 


Etter dette køyrte me til Howick, der Nelson Mandela vart arrestert 04.08.1962 og deretter hamna i fengsel i 27 år.

Forrige laurdag, 04.08 (50 år etter) vart det avduka ein ny skulptur på denne plassen. Til å byrje med såg det berre ut som høge stålpinnar, men når ein kom nærmare og stod på ein bestemt plass, såg ein ansiktet til Madiba. Stilig! I bakgrunnen såg me dei snødekte fjella. Nydeleg.




Me køyrte så høgt opp me kom utan å sette oss fast (grus/sandveg + smelta snø = gjørme) og gjekk ut for å leike i snøen! Me hadde snøballkrig og laga snømann. Det vart artig å høyre reaksjonen til Max etter kvart som me kom nærmare snøen og alle spørsmåla han hadde. Han har sett snø i Europa (dei har familie i England og Frankrike, og har nettopp besøkt Tyskland), men ikkje i heimlandet sitt. Det var MANGE andre som tenkte det same som oss denne dagen. I Noreg jaktar me sola, i KwaZulu-Natal jaktar dei snøen. Nesten alle bilane hadde til og med plassert store mengder på panseret som dei tok med seg ned frå fjellet :p
 





                                                             



 På veg tilbake igjen køyrte me gjennom dei svarte ”homelands”, ein stor var Edendale, noko som var ein STOR forskjell frå det rike, kvite området me køyrte gjennom på veg til Drakensberg. Her var det ”townshipar” med rønner og hus.



 På veg heim reiste me innom Volker og drakk te med han og kona hans.



Ein gigantisk avokado eg fekk av Volker, som hadde dåtte ned i hagen hans.


Fredag, 10.08.12Fredag tok me taxi til Durban slik at Knut Are skulle få sjå byen før han reiste heim igjen. Me visste ikkje heilt kor me skulle, så me bad taxien sleppe oss av i sentrum. 




Der var det stappfulle gater (kræsja i folk når me gjekk), så sidan me gjekk rundt utan mål og meining fann me fort vegen ned til stranda. 
Der var det ein lang strandpromenade (fleire km lang). Me gjekk på denne ganske lenge for å sjå oss om, før me gjekk til ein restaurant Volker anbefalte oss. Den ligg på ein pir slik at ein sit over bølgjene og har nydeleg utsikt. Denne restauranten ligg rett attmed Sea World, så me tok turen dit etterpå. Der hadde dei eit stilig og bra gjennomført akvarium inne i eit gammalt, stort skipsvrak. I tillegg hadde dei ulike utstillingar med haiar, pingvinar, selar og delfinar. Me fekk med oss delfinshowet. Delfinar er alltid stas 











Laurdag, 11.08.12
Laurdag var dagen kommen. Knut Are måtte tilbake til Noreg igjen. Me kom (alt for) tidleg på flyplassen, så vart sittande ute der ei stund og vente. Flyplassen er ca same størrelse som Haukåsen (Sogndal flyplass), så det var ikkje mykje å finne på der, men sola skein så me sat ute og nøyt den. Det var ganske rart og sjå flyet lette utan meg i det. Me har ivertfall hatt tre supre veker, der me har sett og gjort mykje i tillegg til at eg har fått gjort ein god del skulearbeid. Ikkje verst! ;) Når eg kom tilbake til leilegheita tok eg meg ein treningstur i området. Ein (av mange) forskjellar her frå Noreg, er at absolutt alle hus og bygningar er inngjerda med høge murar og/eller piggtråd på toppen. På enden av gata eg bur i er det eit stort idrettsanlegg, men sidan det er vaktar og gjerdingar rundt og ligg attmed ein skule tør eg ikkje gå inn på den før eg har forhøyrt meg om alle kan bruke den eller om den berre er for skulen. Hadde eg sett eit slikt idrettsområde heime, hadde eg brukt den utan å nøle, om så den låg på ein skule.


 Inngangen og hagen 'min'.

Søndag, 12.08.12
Etter å ha vaska litt kle the African way (for hand, med tilhøyrande blemmer på knokane), tok eg turen til Botanisk Hage. Den er ein av åtte botaniske hagar i Sør-Afrika. Der var det mange flotte stiar og nydeleg natur, og eg fekk til og med gått litt i oppoverbakke. ;) 










I ettermiddag var eg på joggetur i området der eg hadde eit elegant fall midt i bustadområdet der eg bur, trur det stod til 10 i stil! Sidan eg får vondt både her og der av å jogge på asfalt spring eg på plenen inntil murveggane. Nokon hadde festa ein grøn ståltråd til treet sitt som eg hekta meg fint inn i og hamna pladask på handledd og kne. Trur eg hadde fått mindre vondt hadde eg sprunge på asfalten! :p Kvelden skal gå med til transkribering av intervju (skrive av ord for ord kva som er sagt på opptakaren). Det tek så uendeleg lang tid!

Shalabais





2 kommentarer:

  1. Dere har jammen opplevd mye på den tida dere har vært der! Håper du får ting å fylle tida med når du er alene, også!!
    Klem fra mamma!

    PS: Sogndal tapte 0-3 for RBK..

    SvarSlett
    Svar
    1. E mangen parka her, so eg får ta ein park per helg! ;)
      3-0???? :( :O

      Slett