søndag 19. august 2012

Ngingedwa - Eg er aleine

Ei veke har gått sidan Knut Are reiste, og eg har overlevd så langt! ;) Vekedagane gjekk veldig fort, men helga har vore ganske seig sidan eg ikkje har blitt kjent med nokon i nærheiten og ikkje har hatt så mykje å finne på. Fekk vite i går at pappa tek turen 08.september, så då vart eg veldig glad! Han har vore litt fram og tilbake og eg var byrja å tru at han ikkje kom til å komme, men plutseleg bestilte han billettar til Durban og blir ca ei veke :) 

Denne veka har eg vore innom alle skulane eg skal bruke i oppgåva mi, og det har vore som ei reise til ulike verdenar! På måndag reiste eg til "lågare-middel klasse" skulen og tilbrakte dagen der. Skulen har 1500 elevar, og området rundt er eit gammalt industriområde. Under apartheid vart folk (i hovudsak "farga"/"coloured") flytta hit av regjeringa, for å arbeide i industrien. Dei måtte betale ganske høg leige for husa, men fekk aldri kjøpe dei sjølv. Ein del av husa har heilt grei standar, men ein del av dei er "informal settlements" - skur. I 1994 fekk dei fleste ei ganske billeg leige, som ganske fort gjekk over til nedbetaling og dei fleste eig husa sine sjølv no. Skulen var før ein skule kun for "farga", men er i dag ein skule for svarte, farga, nokon indarar og ein kvit elev. I lærarstaben er det ingen kvite (sjeldan at kvite arbeidar på fattigare skular). Skulen har problem med dop, vald og diverse blant elevane, noko som har mykje å gjere med samfunnet rundt. Skulen prøver så godt dei kan å arbeide med samfunnet rundt for å få dei meir involvert, blant anna så arrangerte dei ein korfestival på onsdag i samfunnshuset i området (for første gong). Då stilte ulike barneskular og vidaregåande skular opp til korkonkurranse, og alle var velkomne til å høyre på. Dette var og ein "fund raiser" for skulen. Eg var med på dette og hadde det veldig gøy. Skulane som kom på første, andre og tredje vart heilt ville og jubla, skreik, sang og dansa. Kora var utruleg flinke og eg fekk gåsehud fleire gonger. Alle sang ein engelsk sang (kristen) og ein afrikansk (sikkert også kristen). Dei kosa seg heile tida, men ein kunne spesielt sjå når dei sang sin afrikanske sang, så lyste dei opp og publikum jubla og dansa med. Etter konkurransen tok eg ei øl med nokon av lærarane på skulen. Smågalne folk, men veldig artige. Dei snakkar veldig fort, veldig høgt, i munnen på kvarandre og med ei dialekt eg tykkjer er litt vanskeleg å forstå, men eg lo når dei lo og satsa på at det gjekk bra! :p Ei av lærarane har sonen sin på skulen rett nede i gata her, så eg får sitte på med ho fram og tilbake kvar gong eg skal på skulen. Veldig praktisk og greitt å sleppe og ta taxi heile tida! (Savnar zambiske taxisjåførar! Desse er dyre og mange av dei er sure).

Det meste er forskjellig på denne skulen frå dei to rike skulane eg har vore på. Som sagt er 'rasefordelinga' både blant personal og elevar ganske forskjellig, beløpet foreldra må betale er det STOR forskjell på (her betalar dei eit relativt lite beløp, mens nokon slepp å betale og får mat frå staten gjennom "feeding-scheme"). Ein anna forskjell er miljøet mellom lærarane. På dei to rike skulane var alle veldig høflege og korrekte mot kvarandre, mens her er dei veldig tøffe i språket mot kvarandre, tullar mykje, er høglydte og ler mykje. Eg tilbrakte ein god del tid på lærarrommet når eg var på skulen måndag og onsdag, mens eg venta på folk å intervjue osv, og høyrte nokon ganske utrulege historiar om ting som har skjedd på skulen (blant anna nokon lærarar som har blitt trua av elevar, ein vart det på onsdag faktisk, demotiverte elevar, rusproblem, osv). Til å byrje med tenkte eg, veldig norsk pedagogisk, at kanskje kulturen dei hadde seg i mellom var med på å påverke korleis elevane oppførte seg. Men etter å ha høyrt meir historiar om korleis miljøet utanfor skulen er, forholda nokon av elevane veks opp i (utan foreldre, med foreldre, men foreldre som mishandlar, ikkje er heime, rus, valdtekt, kriminalitet, osv), i tillegg til at det er 1500 elevar og i nokon klasserom over 70 elevar og ein lærar, så byrja eg å tenkje at det kanskje heller er slik at lærarane må vere slik for å overleve på skulen. Dei seier det sjølv også, når du er ny på skulen og skal byrje å undervise så må du vise den styggaste sida av deg sjølv for å vise elevane at du også kan vere tøff i trynet. Så kan du etter kvart byrje å vise den skikkelege sida av deg sjølv. Samtidig er det mange av lærarane som har arbeida på denne skulen i mange år, og som ikkje kunne ha tenkt seg noko anna. Eg må sei at eg beundrar desse lærarane som arbeidar her og kor mykje omtanke dei viser angåande forholda elevane deira lev i. Samtidig som dei er lei seg for at dei ikkje kan hjelpe alle og at det er umogleg for dei å kjenne alle elevane ein-til-ein med mindre dei kjem til dei med problema sine, sidan dei som sagt har så mange elevar i klassa. Det er og ganske stor forskjell på rektorane. På dei to rike skulane har rektorane ei meir lik rolle som rektorar heime. På middelskulen er rektoren nesten som ei vaktbikkje, som kjem på høgtalaren kvar gong han ser at nokon ikkje har gått inn til time eller høyrer bråk. Han er og ganske disiplær, og det er ofte elevar (og av og til foreldre) blir kalt inn på kontoret hans. Samtidig har han ein enorm omtanke for elevane og miljøet rundt, og har arbeida på denne skulen i veldig mange år. Skulen treng nok ein mann som er streng. 

Eg har fått gjort ganske mykje på denne skulen i løpet av veka. Eg manglar intervju med rektor (som er supertravel heile tida med personalmangel, disiplinering, klassebesøk osv), nokon fleire elevar og ein eller to lærarar. 

På tysdag var eg innom dei to rike skulane, på den eine intervjua eg ein lærar og på den andre var eg berre innom for å hente nokon spørjeundersøkingar. Sidan dagen ikkje vart så lang, kom eg meg endeleg på klatring, som er noko eg har planlagt sidan før eg reiste ned. Eg gjekk ut i frå at det kom til å bli tungt, men ikkje at det kom til å bli så tungt! Den siste turen eg klatra var armane heilt gele og eg hadde null sjans til å klatre meir! Men det var gøy å gjere noko nytt!

Torsdag tok eg meg ein "fridag" frå forsking, og reiste på Universitetet for å lese i staden for. Volker (professoren som tok oss med til fjella) har ordna eit eige kontor til meg og tilgang til biblioteket! Superglad for det, håpar berre eg får litt meir tid til å bruke det etter kvart (veldig travelt å reise rundt og forske heile tida, rekk nesten ikkje å fordøye noko av det ein samlar inn). Eg fekk ein liten krisesituasjon når eg sat og las på torsdag, og byrja å tenke at eg ikkje fann ut noko nytt i forskinga mi, og når eg reiser heim igjen er det for seint, for då må eg ha alt stoffet klart. Eg tykkjer det er veldig vanskeleg å vite kva eg skal grave djupare ned i; kva som er interessant, og kva som ikkje er så interessant, når eg gjer intervjua mine og eg føler av og til at alt eg finn er sagt før. Eg bestemte meg for å prøve å få samla to lærarar frå kvar av skulane til ei fokus/diskusjonsgruppe, der dei kan snakke om kva hovudproblema er og kva som må gjerast for å minske gapet mellom dei fattige og dei rike elevane. Dette vil og gjere oppgåva mi meir deltakande, i staden for at eg som ein utanforståande skal sei kva som er og ikkje er problemet etter å ha analysert ein-til-ein intervju. Eg sendte mail til dei to rike skulane, og dei er med. Eg skal snakke med "middelskulen" i morgon, og den fattige skulen (som eg reiste til på fredag) er også med! 

På fredag reiste eg som sagt til den fattige skulen eg skal bruke i prosjektet mitt. Det var ein veldig kald og regntung morgon (10 grader), stor forskjell frå onsdag når det var 34 grader! Skulen ligg ca ein time utanfor byen, me køyrte forbi der på veg tilbake frå fjella forrige veke. Rektoren bur i Pietermaritzburg, så han kom og henta meg. På denne skulen betalar foreldra ingenting for at ungane skal gå der, og mange er på "feeding-scheme". Skulen har 760 elevar ca og 23 lærarar. Området rundt denne skulen er veldig fattig, men er framleis ikkje blant dei fattigaste for skulen er ikkje i eit skur og dei har straum og vatn. Dei har mykje problem med rus, elevar som blir foreldre, foreldrelause elevar, osv. 

Eg fekk gjort mykje i løpet av denne dagen, intervju med tre lærarar, undersøking i to klassar og intervju med tre elevar. Når eg intervjua desse tre jentene som går i grade 12, så måtte eg omformulere nokon av spørsmåla i forhold til kva eg har gjort med alle dei andre elevane. Dette var fordi at to av jentene var foreldrelause, der den eine var ansvarleg for husholdning, mens den andre hadde ein eldre bror, og den siste mista far sin i juli. Då er det ikkje alle spørsmåla på intervjuguiden min som er like relevante for dei. Når eg spure kva hovudutfordringa deira var, svarte den eine foreldrelause jenta at det var mat. Det var ofte ho kom på skulen uten å ha ete nokon ting, og ofte var det einaste ho åt, det ho får på skulen. Ein anna ting som var interessant med desse intervjua, var at alle tre jentene var så opptekne av utdanning ikkje berre for at dei ville få ein god jobb (som ofte er svaret frå dei rikare elevane), men fordi dei ville få ein god jobb slik at dei kan forbetre forholda for familien sin. Dei ville bygge nye hus og sørge for mat, og flytte til eit anna område. Ikkje åleine, men med familien. Dei ville også forbetre forholda for heile samfunnet sitt. Etter denne dagen følte eg at oppgåva var på rett veg igjen.

Frå august og fram til oktober har alle elevane i grade 12 (på den fattige skulen) ekstra lange dagar og undervisning på laurdag (dei skriv eksamen i november). Rektoren sa at grunnen til dette var at mange av elevane ikkje hadde moglegheit til å studere etter skulen. Nokon var ansvarlege i husholdning og måtte sørge for mat og stell av yngre søsken, nokon var unge mødre, andre hadde foreldre som inviterte folk heim til fest (hugsar ikkje ordet for det, men det er noko som ein del gjer i dei fattige områda. Det er akkurat som dei har bar heime, der folk betalar for å drikke der), osv. På rikare skular der elevane bur på internat, har elevane ofte leksehjelp på ettermiddagen, og dei har berre skulen å bekymre seg over. I tillegg har mange av desse elevane så store personlege problem at dei treng ekstra tid. Så det er eit forsøk på å hjelpe elevane med å få litt bedre resultat på avsluttande eksamen, for forskjellen er stor frå dei rikare skulane. Eg spurte rektoren om lærarane får noko ekstra lønn for dette, men det gjer dei ikkje. "They do it for the love of teaching". 

Nedanfor kjem nokon bilete av dei ulike skulane, berre for å gi eit lite innblikk i skilnaden mellom dei.

Eg anar ikkje kor mange mål med eigedom den rikaste skulen har, men det er stort! Skulen har og mange bygningar, alle elevane bur på internat, og dei fleste lærarane bur på skulen i eigne hus.
Biblioteket og teaterbygningen.
Utsikt over litt av tomta. Skuletomta strekk seg heilt ned til elva nedanfor bakken der.
Ein av lærarane har planta ein hage med berre indigenous (lokale) planter
Eit av internathusa. Skulen har maks 24 elevar i ein klasse.
"Middelskulen". Bygningane er heilt greie utan i frå, men dei er kalde om vinteren og varme om sommaren, og skulen manglar mykje av basistinga dei treng. I tillegg er mange av klasseromma overfylte, med over 70 i ein klasse.
Under taket der får dei fattigaste mat sponsa av staten.
Biblioteket på den rike skulen. Dei har eit stort bibliotek med to faste ansatte. Dei har også fleire datamaskiner.

Biblioteket på den fattige skulen. Alle bøkene dei har er donert frå universitet og folkebibliotek, noko som vil sei at bøkene er gamle og ikkje veldig relevante for vidaregåande elevar. I tillegg er ein del av biblioteket blitt gjort om til personalrom, for personalrommet dei har er alt for lite. Det er ingen som arbeidar her fast. Læraren som har ansvaret for biblioteket sa ho hadde så lyst til å få meir tid til å arbeide der, og ho ville lære elevane korleis dei skulle samle informasjon utan å plagiere. Dei som er så heldige å få stipend til å gå på universitetet kan ikkje å samle informasjon eller å bruke ei datamaskin.



Det var veldig dårleg ver når eg var på den fattige skulen, så eg fekk oppleve kor frykteleg kalde romma blir. Skulen manglar det meste, og har som middelskulen ein del overfylte klasserom, mens andre er ok størrelse på. Mange av elevane som svarte på spørreundersøkinga mi var over 20 år, noko som vil sei at dei har måtta gått opp igjen fleire gonger.

Når me reiste var skulen full av geiter (ikkje bilete av det), og me køyrte til og med over ei geit på veg heim! :( Det var så tåkete at me såg ikkje den (eg trur den allerede var overkøyrt). Når me reiste dit om morgonen låg det ein stor, død hest i vegen! Ikkje ein bra dag for dyr. 

Kontoret mitt! 

På fredagskvelden reiste eg på klatring igjen, og denne kvelden var det "Women's night", noko som betydde gratis klatring. Det var ganske mykje folk og det var kjekt å treffe litt folk. 

Idag reiste eg til ein anna park, denne gong Wylie Park. Eg leste på internett at det skulle gå an å gå opp til World's View (utsiktspunktet me stoppa på, på veg til fjellet). Problemet var at det var ingen skilt langs stien i det heile teke. Vegen delte seg på ein plass, og den vegen eg valte gjekk bort til bilvegen. Det var så varmt (34 grader fann eg ut etterpå) at eg orka ikkje å gå heile den andre vegen. Men eg fekk litt utsikt likevel! :)



Denne veka blir nok for det meste tilbrakt på "middel-skulen", før eg reiser til Cape Town for å besøke Sara på torsdag! Sara går i klassa mi og gjer forsking i CT ein mnd før ho reiser til Uganda i September. Gledar meg veldig til å treffe ho igjen, snakke om oppgåva, og vere litt sosial utanfor skulane igjen!





2 kommentarer:

  1. Lykke til videre, Anne Grethe og god tur til Cape Town :-) Tida vil nok gå fort nok framover, skal du sjå!!

    Klem fra mamma

    SvarSlett