tirsdag 6. april 2010

Fantastisk ferie med mange opplevingar!

(Til informasjon så har eg lagt ut nokre fleire bilete under innlegget om Table Mountain for dei som har lyst å sjå det..  bla deg heilt ned på sida og trykk på eldre innlegg.) Blir òg veldig happy for ein kommentar eller to! :p


Etter ein fantastisk ferie er eg no "heime" i Livingstone igjen, men eg er ikkje heilt heime for eg er på Fairmount og ikkje på Willma. Eg skal bu på Fairmount til mamma og pappa reiser. Men kvelden har me tilbrakt på Willma der me (Maren --> Du er ein super god grillsjef! Tusen takk :) har grilla og kosa oss, min norske familie i Norge og min norske familie i Zambia! ;) Utruleg kjekt å sjå alle igjen!

Sia eg har vore utan internett-tilgang den siste tida, og opplevd VELDIG mykje, blir dette ein lang blogg med mange bilete, så de får lese de som orkar og har tid :p

Onsdag:
Etter å ha slappa av attmed bassenget (dessverre overskya, men behageleg temperatur), var det tid for litt mat igjen før det var ny safari. Me hadde med oss ein familie med mor og to barn frå Durban i Sør-Afrika, som har vore her på safari mange gonger. Det var greitt å treffe nokon andre enn nordmenn på denne lodgen, for når gruppa med nordmenn som var her tidlegare på dagen reiste, kom det eit busslass med 13 stk frå Kristiansand!
På denne safarien var me på jakt etter White Rhino, nasehorn. Me køyrte rundt og leita og såg mykje på vegen; sebra, gnu, kudu, impala (så klart), elefantar, andre bukkliknande dyr og ein liten krokodille.




Det har regna veldig mykje i regnsesongen, så eine brua har mista ein del av betongen. Då hadde dei laga til noko profesorisk der bilen akkurat gjekk over utan å køyre utfor!
Trackeren Jeremy passar på at me kjem oss trygt over!

Etter ei stund køyrte Phillip utafor vegen og nedover i bushen. Der såg me plutseleg eit nasehorn med ein liten unge! Så no har eg sett 4 av ”the Big Five”, manglar leopard, men den tvilar eg på at eg kjems til å få sjå! Me køyrte etter nasehorna, men dei ville ikkje vere med oss, så dei reiste frå oss. Me såg fleire, men kom ikkje heilt innpå dei (men nærme nok).
 
Så reiste me dit løvane hadde vore tidlegare på dagen, og fann igjen nesten alle som låg og sov litt lenger oppe i skråninga.
  


Deretter var det tid for drink og litt mat og då fekk me plutseleg nærbesøk av nokre elefantar. Kjenner eg blir ekstra skeptisk når eg ser at trackeren og sjåføren byrjar å bli skeptisk! Alle måtte hoppe inn i bilen, og vente på at elefantane reiste sin veg. Eg byrjar å få ein del nærmøte med ville afrikanske dyr no! Ganske skummelt, men veldig spennande!






Jeremy (trackeren) grilla spyd til oss med kudukjøtt, noko som var veldig godt! På veg heim igjen vart det mørkt, og då var det endå meir skummelt å vere ute i bushen! Høyrte berre masse forskjellige lydar, men såg ingenting! Me såg to ugler og ein slange (!). Fekk ikkje med meg kva slangen heitte, men den var i vertfall giftig og lammar nervesystemet ditt viss du blir bitt!
Etter ein fin dag med veldig bra safari, var det tid for middag igjen. Før middagen fortalte sjefen på lodgen litt om historia til zuluane (ein stamme frå Sør-Afrika), og plutseleg høyrte me rop og plystring. Då kom det ein gjeng med zuluar som sang, dansa og spelte trommer for oss. Makan til kondis og spenst skal du leite lenge etter!



Kokken på denne lodgen er heilt fantastisk og lagar dei beste gourmetrettar. Denne kvelden var det koldtbord med mykje forskjellig god mat, og me kosa oss med familien frå Durban og Phillip.

Torsdag:
Phillip (og Jeremy som er tracker) er ein mann som leverar! På den første safarien me var på i går, spurte dei me var med om me kunne leite etter løvene. Då fant me heile løveflokken og fekk vere midt i mellom løve- og elefantflokken. På den andre safarien i går sa han at me skulle leite etter nashorna, og dei fann me. Nokon av dei andre som var på safari på onsdag var så heldige å fekk sjå fire gepardar som låg rett attmed bilen, rett etter at me hadde vore på same plass. Dette trur eg irriterte Phillip litt, og på morgonsafarien på torsdag sa han at me skulle prøve å finne gepardane. Etter å ha køyrt rundt ei stund, sett andre dyr og sett på ferske gepardspor, fant me den eine geparden! Eit fantastisk flott dyr, som me kom ganske nær. Den gjekk ganske i eitt med graset, og me køyrte etter den fram til den gøymte seg inni nokre tre. Korleis Jeremy og Phillip i det heile greidde å sjå denne geparden som var ganske langt unna, er utruleg for meg, men dei overraskar stadig!



Etter å hatt ein del behagelege timar på solsenga attmed bassenget, var det tid for ein ny safari. Phillip spurte oss om det var noko spesielt me hadde lyst å sjå. Me svarte buffalo. Phillip sa me skulle prøve, men det kunne bli vanskeleg for dei var sist sett oppi fjella. Når me starta safarien såg me mørke skyer borti horisonten, så Phillip sa at me skulle køyre fort bort til fjellet, leite etter buffaloane og så reise tilbake igjen. Etter å ha køyrt i kanskje 5 minutt smilar Jeremy og Phillip og peikar bortover mot elva. Der stod det tre buffalo-oksar som hadde skilt seg frå resten av flokken!! Me køyrte så me kom så nærme dei som me kunne. Jeremy og Phillip leverte igjen!!


Sidan me fann buffaloane med ein gong, hadde me tid til meir safari, så me køyrte vidare. Det regna ganske masse heile onsdagskveld og natt, og det såg me tydeleg på vegane som var sleipe og gjørmete. Safaribilen har vist at den kjem seg fram nesten overalt, før me plutseleg stod bomfast! Då sat me fint i det!





Phillip og Jeremy tok det heile ganske med ro og lo og såg ut som dei kosa seg mens dei fant tre og kratt til å stabilisere under hjulet. Me prøvde å køyre etter ei stund, og alle i bilen klappa når me trudde me hadde komme oss laus. Men då kom det plutseleg eit brak, før hjulet datt i gjennom bakken!
Då var det berre å flytte alt materialet dei nettopp hadde funne, alle gjekk ut av bilen og Phillip fekk etter kvart bilen på trygg grunn. Me køyrte rundt utan noko spesielt mål, før Jeremy peika inn i skogen (den mannen har falkeblikk, han ser ALT). ”White rhino” sa han fornøgd. Eg såg ingenting, før dei plutseleg stod rett framfor oss i vegen!



  
Så fekk Phillip beskjed frå ein safarimann på nabolodgen, at han hadde funne dei fire gepardane. Me køyrte dit, eg såg som vanleg ingenting mens Jeremy og Phillip peika ivrig oppover skråninga. Eg måtte komme heilt oppi gepardane før eg greidde å sjå dei, for dei låg flate på bakken og sov. Me spurte korleis dei hadde greidd å sjå dei, og då svarte dei at dei hadde sett halen bevege seg! Gepardane hadde nettopp jakta på ein impala, så dei var utslitte og hadde fulle magar!


  




Etter endå ein vellukka safari var det tid for meir mat, denne gongen kudufillet, nesten like godt som impala!

Fredag:
Det regna kraftig heile torsdagskvelden og natta, så elva var blitt så stor at me ikkje fekk kryssa ho. Det er på den andre sida av elva mesteparten av dyra er, men me reiste ut likevel for å sjå kva me fann. Jeremy såg ein elefant inne i bushen, og Phillip køyrte så me fekk sjå betre. Då såg me plutseleg minst 22 elefantar som bada, leika og kosa seg i vatnet mens dei kryssa elva! Eit fantastisk syn som ikkje kan beskrivast :)




Me såg ikkje mange dyr denne dagen, men me fann igjen dei fire gepardane som låg midt på ein open plass. Like late som i går, men ikkje fullt så store magar!


Etter fantastiske dagar med safari, var me klar for nye eventyr. Etter ein god frukost sette me oss i bilen og køyrte lenger nordover, nesten til grensa til Mosambique. Målet var Thonga Beach Lodge. Denne lodgen er plassert i eit ”World Heritage Site” ved Mabibi. Isimangaliso Wetland Park vart Sør-Afrika sin første ”World Heritage Site” i 1999. Parken er på 332 000 hektar, inneheld tre store innsjøsystem, 8 ”interlinking” økosystem, 700 år gammal fisketradisjon, mesteparten av Sør-Afrikas gjenverande sumpskog, Afrikas største ”estuarine system” og 25 000 år gamle vegeterte kystdyner.

Det er den einaste plassen i verda der nashornet og elefanten delar økosystem med verdens eldste fisk, ”coelacanth” (veit ikkje det norske namnet) og kvalen. Parken inneheld 526 ulike artar med fugl, 50 amfibium, 128 reptilartar, inneheld innsjøsystem, sumpar, ”reed and papyrus wetlands”, savannah, vegeterte kystdyner og sandstrender. Det marine økosystemet har 1039 fiskeartar, 100 korallartar, 812 marine ”mollusc” og store delfinpopulasjonar og mange kvalar.

Me køyrte i litt over tre timar, før me kom dit me måtte parkere bilen og vente på skyss. På vegen var det skikkeleg ”Real Africa” igjen, med alt i frå Township-hus til strå/jordhytter. Grunnen til at me måtte parkere bilen og ikkje kunne køyre sjølv lenger var at vegen er så dårleg så vanlege bilar kjem ikkje fram. Me vart henta opp i ein safariliknande bil, og køyrte i ca. 1 t og 15 min. Det hadde regna mykje, så det var store dammar i vegen, og vegen bestod av liknande sand som ein finn på strender. Vegetasjonen rundt var nydeleg med store skogar, og til slutt såg me havet. Me køyrte bratt nedover og kom til lodgen vår. 


Hytta vår er i ekte Robinson Crusoe-stil, og me treng ikkje gå langt før me ser utover den vakre stranda og havet! Det er ikkje mobildekning her, og dei har funne ein profesorisk måte å få straum på (men internett har dei! I vertfall på maskina til manageren) Her skulle me vere i tre netter, snorkle, bade, gå tur i bushen, padle på elva med flodhest og krokodille, m.m. 






        


Inngangen til hytta vår
Laurdag:
Me starta dagen bra med ein bushwalk med den innfødte zuluen Maxwell. Lodgen er 68% statleg eigd, så dei fleste som arbeidar her er født i området.
Maxwell tok oss med på tur inn i bushen i om lag 1 t, der han fortalte om trea og insekta me såg og fuglane me høyrte. Det var ein veldig fin start på dagen, og me lærte mykje nytt.

Her er eit tre som har hatt honning i seg. Når Maxwell og vennene var barn, pleidde dei å leite etter honning inne i desse trea. Då tente dei på gummi frå bildekk som dei tok inni hola for å røyke ut biene og gjere dei svimle. Ein dag hadde dei gjort dette, og då var det ikkje bier som hadde komme ut, men ein Black Mamba! Den hadde tydlegvis òg vorte svimmel av gummirøyken, så den rakk ikkje å gjere dei noko, men dei lærte at dei aldri skulle stikke handa inn i treet. Etter det hadde dei byrja å bruke ein spiss pinne, for å finne ut om det var slange inni treet eller berre bier.


I botnen av dette treet er det ein dam med vatn. Dette brukar dyr og fuglar å drikke av, og zuluane brukar det som helbredande vatn.

Dette har vore huset til ein snigel. Inne i skalet kan ein finne ei slags saft viss ein vrir av tuppen. Dette likar apekattane og andre dyr og ete, og er ein heldig å finne skalet før dyr har øydelagt det, kan ein i følgje zuluane bruke safta til å helbrede astma!






Maxwell: Som alle levande skapningar kan òg tre bli sjuke. 
Dette stakkars treet har kreft, du kan sjå svulstane.



Skilt som står på vegen ned til Thonga Beach Lodge

Beautiful Thonga Beach!

Etter at eg og pappa hadde teke oss ein joggetur på stranda, var det tid for Ocean Experience. Då køyrte me båt ut på havet på leit etter delfinar og kvalar (fann dessverre ingen), og for å snorkle ved nokon av korallreva dei har her. Eg elskar å bade så det passa perfekt for meg. Såg masse fiskar eg ikkje anar kva heiter og to skilpadder. Etter å ha slappa av ei stund ved stranda, sette me oss i bilen med Eugene for å køyre til eine innsjøen og sjå på solnedgangen. Maxwell og eine bartendaren var med på vegen for å hoppe av der dei budde. Dei fortalte om det me såg rundt oss og litt om korleis det var å bu der. Så køyrte me nedover til innsjøen.



Der fekk me drinkar, lokale cashewnøtter og litt kjøtt, mens me såg på at sola gjekk ned i lag med ein del fuglar, ein krokodille, tre-fire flodhestar og ein zulu! Veldig flott! :)







Viss du ser godt etter ser du ein flodhest ute i vatnet oppe til venstre. Krokodillen var vanskeleg å sjå, men den ligg på flata oppe til høgre.



Ein del av dei som arbeidar på lodgen song og dansa tradisjonelle zulusongar/dansar for oss før mat.

Søndag:
Denne dagen var ikkje fullt så tettpakka som dei andre. Eg og pappa stod litt tidleg opp for å ta oss ein joggetur på stranda. Kva er vel betre enn å starte dagen med å jogge på ei lang sandstrand også hoppe i havet?!
Resten av dagen tilbrakte me ved stranda og snorkla i ca. 1 t ved land. Endå ein deileg dag!

 
Siste kvelden på Thonga Beach Lodge

Måndag: 
Denne dagen starta me med ein kajakktur på innsjøen for å sjå etter flodhestar og krokodiller. Eg og pappa var i ein kajakk og mamma og Warrick (han som var med oss frå lodgen) i ein. Det var ganske tungt arbeid så tidleg på morgonen før frukost, men det var veldig flott. Me såg igjen dei fire flodhestane me såg når me såg på solnedgangen, men me ville ikkje komme så alt for nærme dei.. Så var det å sette seg i bilen til Maxwell og forlate flotta Thonga Beach og alle dei hyggelege folka som arbeidar der! Etter å ha humpa oss fram til leigebilen, eller "turtle on home" som det stod på eit skilt, køyrte me til flyplassen i Durban. På vegen stoppa me innom eit Fair Trade-marked, der hovudsakeleg zulukvinner har laga det dei sel. Og der hadde dei masse fint! Skulle hatt ein ekstra koffert slik at eg kunne handla alt eg kunne tenke meg her nede! 


Frå Durban flaug me til Johannesburg der me overnatta ei natt, og tysdag sette me nasa heim mot Livingstone! 



5 kommentarer:

  1. so fantastisk masse du oppleve! no blir eg litt misunnle her eg site kjenne eg! kult å sjå alle dei dyri:D
    gleda meg te du kjemme heim og førtele om alt! :D
    Kjers10

    SvarSlett
  2. Ja, da e berre å hiva seg rundt og ta turen!!!! ;)
    Bli nok veldig mykje å fortella og veldig mange bilde å visa, so me får ta tidn te hjelp!

    SvarSlett
  3. So flott kjære, gleda meg kjempemasse te eg og du kan ta turen dit ein gong :) va utruleg masse fint og lese, men eg gleda meg virkeleg til å høyre det frå deg sjølv når me ser på bilde fra turen :) Anne Grethe the explorer :) du ha masse å visa meg vanlege og kjedelige gubben din ettekvart, Venezuela og Afrika +mange andre plassa so du ha vå før me vart ilag :)

    SvarSlett
  4. Hei igjen:)Jammen er det freistande å ta ein tur, du har opplevelsar å dela med mange når du kjem heim:) E er no glad e fekk tips om bloggen so e kan nyta tekst og bilder, og drøyma meg vekk ei stund:)

    SvarSlett
  5. wow, wow, wow!!! Jammen santen masse de har fått tid til den stunda foreldri din ha vore dar also!!!! steikje ke herle!:) eg e misunnele, JA; men no e endele våren kommen til bergen OG da regna neeeeeeeesten ikkje (menst eg ha vore her ette påsken i vert fall, og no e da meldt bra ei lita stundt framøve). So eg hakje da soooo gale, men mao innrømma at safari i Sør Afrika frista meir enn Bergen dao... jj... forresten, saog du hadde skreve molluscs oppi her, da betyr blautdyr (snegla, blekksprut, maneta å slekt dar:) jj... biologien kjem t nytte ser eg! haha..
    talast:)
    klemziklamz frao Linda

    SvarSlett