torsdag 15. april 2010

Tilbake til kvardagen og plutseleg mindre å blogge om


Sidan mamma og pappa reiste har det ikkje skjedd mykje nytt her i Livingstone! Det har for det meste gått i skulearbeid, litt soling, litt avslapping, osv.
Ane (læraren vår) har vore her igjen, og måndag gjekk til rettleiing med ho og fagøkt på kvelden. Me kom fram til mykje spennande i rettleiinga, og eg gledar meg til å sjå korleis oppgåva blir når ho ein gong i tiden blir ferdig :p Det er både positive og negative sider med å skrive bacheloroppgåva si i Zambia; Det var veldig enkelt å finne eit interessant tema å skrive om, noko eg verkeleg har lyst til å finne ut om og som eg aldri kunne ha skrive om heime i Noreg. Det er òg veldig lærerikt og intervjue folk på engelsk frå ein anna kultur, for det er så mykje ein må tenkje på som ein ikkje tenkjer over når ein intervjuar norske. Men.. det er vanskeleg å finne teori ein kan bruke, for det er ikkje berre å gå på biblioteket eller søke på internett så finn ein alt ein treng! Det er òg ganske varmt, så midt på dagen har eg ikkje sjans til å jobbe. Eg har lyst å gjere ferdig så mykje som mogleg mens eg er her nede, dagane flyg så me får berre håpe eg kjem i mål. Ferdig blir eg nok uansett.

Tysdag fekk eg vere med Carina på jobb på FSP(Benjamin jobbar òg der, men han var sjuk). FSP står for ”Family Streghtnening Program”, og dei samarbeidar med SOS. Dei hjelper familiar som er veldig fattige, mellom anna med å betale for skule, uniform, mat, og liknande. Eg hadde ein del FSP barn i klassa mi, og var interessert i å sjå korleis FSP arbeidar. Som dei fleste plassar eg har vore her nede, så gjer dei ein kjempe jobb! Carina måtte sitte og gjere kontorarbeid dei første timane, mens eg fekk vere med to av karane på kontoret rundt til ulike heimar. Me gjekk rundt i nærområdet til kontoret. Nokon av besøka var til nye heimar for å finne ut om dei var så fattige at dei kunne få hjelp eller ikkje. Alle me besøkte var fattige, men dei kan ikkje hjelpe alle med ein gong, så dei må velje ut kven som har det verst.. :/ Nokon av besøka var til heimar dei allerede hjelper, for å sjå korleis det gjekk osv. Så var det tilbake til kontoret ei lita stund, før me skulle køyre for å besøke ein ny familie. For å komme dit måtte me køyre langs jernbanelinja før me kom til eit hus som var 8 km unna vanleg veg, og 13 km unna eit marked. Der var det veldig Afrika med jordhytter, høns som gjekk rundt, ingen straum (men dei hadde fått tak i eit solcellesystem som dei brukte, veldig smart!), osv. Etter at sosialarbeidaren hadde fått den informasjonen han trengte, reiste me tilbake til kontoret. Så fekk me vere med på eit ”community meeting” der ein del av kvinnnene og tre menn i området snakka om.. ja, kva dei snakka om anar eg ikkje for dei snakka på zambisk, men eg trur møta handlar om korleis dei kan forbetre samfunnet dei bur i, osv, også får dei hjelp av sosialarbeidaren.

Elles så flyg tida no, eg er ikkje heilt klar for å heime igjen. Kunne berre Knut Are og alle kjære heime komme hit og vore med meg ei stund, så hadde det vore mykje betre. Eg kjems til å komme heim med blanda følelsar; veldig glad for å sjå alle heime, men kjems til å savne alle her, både dei som bur her og ikkje minst alle eg har budd oppå i tre mnd (seperasjonsangst!), Livingstone, Zambia, Afrika! But, that’s life.

12 kommentarer:

  1. Sku gladleg komme og våre dar me deg, men desverre ekje skulen ferdig enda og mykje styr e på trappene her heime som må fiksast. men eg e gladleg med deg tilbake seinare ein gong! og da gleda eg meg te! <3

    SvarSlett
  2. skjønna ke du meina also!!:) Menne, no ha da seg no slek at heim da ska du å keti e du i bergen slek ca? berre slek at eg ha ting og tang klart. Kjemme du innom i sentrum først knut are, elle fere du rett til flyplassen og henta jentao di? (satsa pao du lese ditta?) Ge gleda ,meg no i vert fall t å fao storslagent besøk!
    -Linda-

    SvarSlett
  3. gjekk vist litt fort datta ser eg..mange trykkleifa pao slutten dar;) hehe, men tippa da va forstaoele

    SvarSlett
  4. eg fere inn på torsdag slek att eg sleppe å kjøyra på natti, hakje lyst å sovna naor ho kjem att, sjøl om ho sikkert e ganske trøtt.

    SvarSlett
  5. Tida går styggfort no!!
    Helsa:-)
    Mamma

    SvarSlett
  6. Tida kjem til å flyge! Kos dykk resten av tida òg - helsa!
    Mamma

    SvarSlett
  7. oki, skal du sova av meg (og eirik) dao elde ke?
    ja no spørst da ke lenge denna vulkanen skal spy ut oska so hindra flytrafikk til norge annao. Tenk om du blir "askefast" i Afrika... jaujau.. da går vel øve;)
    -Linda-

    SvarSlett
  8. Knut Are: Ja, me får ta da ein anna gang! :)
    Linda: Eg landa halv ti tidn fredagsmorgon. E du på skuln dan dagen? Gleda meg te å sjå dikka igjen! :) Me får satsa på at aska ha flytta seg te dan ti, viss ikkje so kjemme eg når eg kjemme :p
    Mamma: Ska helsa tebake!!

    SvarSlett
  9. Ja ta da neste aor :p Linda: nei eg tenkte eg sku nett besøka ein kammerat eg ikje ha treft sia Sandane (ikkje da at eg kjem te å sjao so mykje te han sia da sikkert bli litt seint og han sikkert ska på jobb, men eg må no nett sjao innom :) so eg blir hos dei fra torsdag til fredag ;)

    SvarSlett
  10. Ps hvis oskao ikkje fløtta seg so ska eg fløtta ho! :P (elles so faor eg hiva meg i Gølfen og henta deg :P litt usikker pao om dan klara å sømja øve alt vatne men :p)

    SvarSlett
  11. hehehe...oki Knut Are, dan e go:)
    Anne Grethe: Eg e ganske sikker pao at eg ha fri dan dagen so eg venta i spenning naor de kjemme t byn. Knut Are kan no få henta deg aleina tenkje eg, so skal helle eg stao klar med champisn her inne..hahaha.. elle brunostskjiva og heimalaga saft!

    SvarSlett
  12. Begge dele høyrtes fristande ut!

    SvarSlett