torsdag 22. april 2010

Kva eg har gjort på den siste veka


Fredagskvelden hadde vår kjære partyplanner laga til quiz i ekte Meieriet-stil med spørsmål som for det meste handla om Zambia og opphaldet her. Veldig kjekt, i vertfall sidan eg vann og vart: ”The smartest muzungu in Livingstone”! :p Litt flaks, men mest rein kunnskap! :p Renate hadde laga til ein finfin plakat og ein gåvepose med litt av kvart oppi.

Laurdag reiste eg og Carina på fotballkamp, Manchester United – Manchester City. Sidan eg vart med på Arsenal-kamp, vart det United-kamp også. På Arsenal-kampen tok det aldri heilt av i salen, men på United-kampen var det noko heilt anna! Det var ein del folk og dei klappa, plystra og skreik for kvar minste ting. Vart det innkast til United så jubla dei, såg dei Alex Ferguson så plystra og klappa dei, vart det frispark så jubla dei, scora United og vann i 93 minutt så: Klikka alle galen! Det var folk som hoppa og sprang oppå dei ustabile borda i kinosalen, dei skreik, jubla og heiv av seg United-draktene sine, nokon sprang òg oppå scena framfor lerretet og sprang rundt der i bar overkropp og jubla og skreik. Det er noko av det villaste eg har sett når det kjem til ein TV-kamp. Men gøy var det!

Etter kampen henta trekløveret meg i taxi også reiste me til Waterfront. Eg hadde endå ikkje vore på Zambezi River, for når alle dei andre var på cruise på kvinnedagen, var eg sjuk. Men no skulle eg, trekløveret, Marianne og Cathrine skulle på boozecruise/sunsetcruise. Det var veldig koseleg. Me såg ingen dyr, men solnedgangen var veldig fin og eg fekk endeleg teke eit cruise på Zambezi River. Eg fekk eit litt uheldig møte med ei pølse på dette cruiset, så resten av kvelden gjekk det i vatn og dogåing.. :p

Ein av dei tinga me har lært på Global Knowledge er forskjellen på ”Kulfilter A og B”. Vestleg kultur høyrer i hovudsak til under kulturfilter A, og afrikansk kultur under kulturfilter B. Kulturfilter A meiner mellom anna at dei kan kontrollere verda, dei likar å planlegge og analysere og tida går, mens kulturfilter B aksepterer verda som den er, har ei holistisk forståing og tida kjem. Når ein ser på desse punkta er eg VELDIG kulturfilter A, men denne veka fekk eg eit godt eksempel på at kulturfilter A ikkje alltid fungerer. Eg og Carina har vore litt slappe med treninga etter Sør-Afrika og Zanzibar, og denne veka hadde me planlagt kor flinke me skulle vere. Me skulle stå opp tidleg kvar dag, gjere skulearbeid nokon timar, reise på golfen og trene, gjere meir skulearbeid, så vere sosiale på kvelden. Dette har då ikkje gått etter planen.. Me starta bra på søndagen med både trening og skulearbeid. Måndag reiste me på siste souvenirshopping, vart så varme at me ikkje orka å trene, men fekk gjort litt skulearbeid. Tysdag tilbrakte eg heile dagen i senga og på do, før Carina på kvelden fann meg skjelvande i senga med feber, mageknip, ryggsmerter, hovudverk, astma-anfall osv, og kommanderte meg til legen. Det førte til ei natt på sjukehuset med oppkast, oksygenmaske og dospringing, og heile onsdagen var eg i senga der. Som alltid tok legen ein malariatest, det hadde eg ikkje, så då hadde eg mest truleg mageinfeksjon. Onsdagen hadde eg ikkje feber og kroppen generelt var ok, men magen var ikkje bra. Etter å ha låge i senga heile dagen utan å få mat (eg fekk i meg mat, men den var det Carina som hadde med) eller informasjon, spurte eg legen om eg kunne ta med meg medisinen og reise heim. Det fekk eg lov til, og eg fekk med meg ein haug med medisin og beskjed om å komme innatt neste dag. Sjukehusopphald passa veldig dårleg med det eg hadde planlagt, det stressar meg veldig og det var ikkje dette eg ville bruke den siste tida i Afrika på. Men, men ein kan ikkje kontrollere verda eller planlagge alt her i livet!

 Ein ting som var ganske koseleg med sjukehusopphaldet, var besøket! Carina var med meg heile natta og nesten heile dagen. Mr. Mupoti, Alice, vaskedama (har dessverre ikkje fått med meg kva ho heiter sjølv om eg har vore her i 3 mnd), Jolly, Vincent og nesten alle ”søskena” mine var innom på besøk, noko eg satte veldig pris på! På kvelden skulle eigentleg alle jentene på eit afrikansk danseshow som me har snakka om i to mnd, men eg fekk då ikkje vere med. I staden fiksa Robert og Benjamin ein pizza til meg, henta meg på sjukehuset og såg Champions Leauge kamp med meg. Mens me såg på kamp fekk eg sms om at Jolly hadde teke med frukt frå jobb til meg, men så hadde han fått høyre at eg var utskriven frå sjukehuset, så dei lurte på om dei kunne komme til Willma i staden. Så då kom Jolly og Vincent ein tur innom Willma med ei veske full av frukt! Veldig koseleg : )

Dagen i dag har til no vore tilbrakt i senga. Var veldig dårleg når eg vakna, men er litt betre no. Satsar på å vere i tipptopp stand i løpet av dagen. I morgon arrangerer me avskjedsfest på Willma der me har invitert MANGE. Folk me har jobba med, blitt kjent med, frå treningssenteret, dei som arbeidar på Willma, osv. Me har leigd inn DJ, skal bestille pizza og det blir tidenes fest på Willma! Eg håpar på å vere såpass oppegåande at eg kan vere litt sosial i vertfall, og kanskje greie å danse ein dans eller to?! :p 

Elles så pratar me ein del om dette vulkanutbruddet som tydlegvis øydelegg litt for flytrafikken heime.. Spenningsmomentet er: Kjem me oss heim igjen som planlagt, eller ikkje? 

9 kommentarer:

  1. god bedring! :D
    og gleda meg te du kjemme heim! :)
    Kjers10

    SvarSlett
  2. De kjem dykk heim!! Godt å høyre at du er betre - og håpar at du får LITT dansing og mykje moro på avskjedsfesten!!

    SvarSlett
  3. Flott at du får så bra oppfølging! Dere har det veldig sosialt og kjekt. Tenk om vi kunne hatt det noe lignende her hjemme! Vi savner Afrika og skal reise tilbake en dag, ikke minst for å besøke Moses. Hilsen Per (pappa)

    SvarSlett
  4. satse på at det slepp å bli oskefaste nede i Zambia,(litt lenger heimreise enn frå Brussel, eg ser den;) men då får de heller ta det med kulturfilter B og sjå på det som ein mogelegheit til å bli litt lenger i Zambia :D
    Blir vertfall kjekt å treffe deg att, gleda meg til å sjå bilete og høyre "live"-versjonen av alt du har opplevd!:)
    Klem Bente

    SvarSlett
  5. Satse på at de slepp å bli oskefaste i Zambia (litt lenger heimreise enn Brussel, eg ser den ;), men då får de heller følgje kulturfilter B og sjå på det som ein mogelegheit til å bli litt lenger i Zambia :)
    Gleda meg til å treffe deg att og få sjå bilete og høyre om alle opplevingar "live" :)
    Kos deg! Klem Bente

    SvarSlett
  6. hehe, litt amøbe på dette bloggsystemet, men no får du vertfall masse kommentarar på ein gang ;) B.

    SvarSlett
  7. Good morning Afrika! Her har snøen forsvunne igjen, men ellers er det lite som minner om vår; kjølig vær. Tassen har det bra, får mange lufteturer om dagen og er tålmodig og snill (stort sett). Vi gler oss veldig til du kommer heim! Får håpe du er frisk nå og får noen fine avslutningsdager i Livingstone. Vi så dvd om Sør-afrika igår og lengter alt tilbake. Ha det bra! Mvh Per (pappa)

    SvarSlett
  8. Heisann Anne Grethe:)
    Trist å høyra at du er blitt sjuk, håpar det går fort over. Afrika høyrest utruleg spennande ut, og alle gode menneska som tek godt vare på deg, det er so flott!!! Skulle vore der no snart, veit du, med fotball VM og greier, men vår i Lærdal og på Hafslo, og fotball på Fosshaugane får vera gode opplevelsar for meg no når eksamen nærmar seg:) Masse god bedring til deg og velkommen heimatt. Klem frao Anne Kari

    SvarSlett
  9. Heiii:) Håpa du e blitt bedre no og fekk med deg litt festivitas på avsluttningsfesten!!!
    Ville berra sei at på fredag so ha eg time kl. 12.15 - 14.00. Har vanlegvis fri men me skal ha noke prosjektframføring. Men du og KA kan no berra henga på hybelen elle ke de no vil, rekna med du e litt sliten itte turen heim. Kan henda eg bli på skulen til 4 elle nåke, men da kan me snakakst om pao fredag:)

    -Linda-

    SvarSlett