fredag 9. april 2010

Travle dagar i Livingstone

(Nyttar sjansen til å laste opp bilete frå dagane mamma og pappa har vore i Livingstone mens eg endå er på Fairmount der internett har vore ganske så bra!)

Ein dårleg nyhet: Når me kom til Livingstone var det ingen av oss som fekk bagasjen vår. Me fekk beskjed om at den skulle komme til hotellet neste dag, og det gjorde den. Når eg opna kofferten såg eg fort at noko ikkje var som det skulle. Kleda låg over alt og alle glidelåsane var opna. Eg tenkte først at det kanskje hadde vorte opna i sikkerhetskontrollen, men så såg eg at den knall gule Sør-Afrika landslagsdrakta eg hadde kjøpt var vekke! Etter ei stund fann eg òg ut at eit gravert gullhjertesmykke eg har fått i frå Knut Are var vekke :( Frykteleg kjipt, i vertfall sidan bagasjen var sjekka inn så dette har skjedd inne på flyplassen i Johannesburg mest truleg av nokon som jobbar der! Mamma og pappa skal politianmelde det og snakke med flyselskapet når dei kjem på flyplassen idag. Me har veldig gode erfaringar med Sør-Afrika, men IKKJE med Johannesburg! Me får berre håpe at dei betrar sikkerheten til  VM, så det ikkje skjer nokon store skandalar då!

Onsdag reiste me først til David Livingstone High School så mamma fekk møte Mr. Matimba igjen og avtale nærmare møte. Han tok godt i mot oss og var så glad for å sjå oss, spesielt mamma igjen! :) Me fekk litt omvisning på skulen og reiste innom special class der eg var og observerte ein dag. Carina var med oss og. 

Mr. Matimba :)

Etter det tok me turen innom Cheshire Home så mamma og pappa fekk sjå korleis det var der. I tillegg var det siste dagen før ferien, så eg ville sei hadet til alle dei herlege barna!


Pappa, Evelyn (læraren på Cheshire Home), meg og Carina

Så gjekk turen til SOS. Barna var desverre ferdige i barnehagen før ferien, men lærarane var der. Carina tok oss òg med rundt i nokon av husa der me fekk helse på mange av dei herlege barna. Trur det vart eit ganske sterkt møte for mamma og pappa..

Det er ikkje lov å ta bilete av barna på SOS.



Mens me holdt på med denne Livingstone sightseeingturen, måtte så klart eg og Carina vise dei golfklubben! Der åt me den vanlege Chicken Burger with rice and gravy :p Me viste dei og treningssenteret og bassenget og dei fekk helse på eine trenaren, Bright.





Me er fire som går fast på golfen, meg, Carina, Benjamin og Robert.


To av dei herlege kelnarane me har bestilt mykje kyllingburgar av, ville vere med på bilete :)


På kvelden spanderte mamma og pappa middag på alle som var friske og ville vere med :) Me kosa oss mykje på Rhapsody. Etter det reiste nokon av oss til Mukamba Bar & Restaurant i håp om at ei dame som er veldig flink til å synge, skulle vere der. Ho var desverre i begravelse i Lusaka, så musikken den kvelden var ikkje så veldig bra..


Torsdag var me innom High School igjen, der ein del av skulekoret sang og dansa for oss.





Me fekk og helse på ein del av lærarane og me vart stilt ut framfor alle. :p 


Mamma fekk gåver, og delte òg ut ei gåve: To lærarar, to elevar og Mr. Matimba skal få komme til Hafslo i haust og besøke vgs!









Det var siste dagen på skulen før ferien, så alle elevane stod samla og venta på rektoren.


Pappa får seg ein ny venn på facebook :p



Etter endå eit fint møte med high school, måtte me så klart ta turen til Victoria Falls! Først gjekk me ned til Boiling Pot. Det var mykje meir vatn no enn forrige gang, så me kom ikkje så langt ned. I tillegg såg me nesten berre røyken frå fossen og ikkje sjølve fossen, og me vart klissande blaute sjølv om me hadde regnponcho! Men det var deileg med ein natural shower igjen :)



Idag hadde eg store planar om å vise pappa og mamma ein township og ein village, men det har høljeregna i heile natt og gjer det framleis, og som nemnt tidlegare stoppar nesten Livingstone opp når det regnar. Vegane er så dårlege at dei blir heilt oversvømt når det regnar så mykje. Det var ganske dumt, men dei får sjå det neste gang dei kjem til Livingstone ;) 
Me får berre håpe på at flyet går som det skal. 

Det blir trist at dei reiser, men det blir godt å flytte "heim igjen" på Willma og komme tilbake til kvardagen. Det er ikkje lenge igjen til me skal heim igjen no, så me må nyte den siste tida så godt me berre kan!

3 kommentarer:

  1. No er vi heime att, og det gjekk ikkje lenge før eg måtte inn å sjå på bilda og bloggen din. Lengtar tilbake alt eg! Mamma

    SvarSlett
  2. Det var forresten veldig godt å sjå kor bra det går med dykk, og for ein fin gjeng de er:-)

    SvarSlett
  3. Heij!

    Ser ut so foreldra dine har hatt ein flott tur der nede med deg. :D

    Veldig kjekt å sjå alle bilda du legg ut.

    Tenk at det berre e 15 daga igjen til du e heime, heilt utruleg! Synest ikkje det e so lenge sidan vi hadde fest for deg.

    Klem Susanne!

    SvarSlett