onsdag 11. januar 2012

Frå draum til verkelegheit - frå verkelegheit til draum

Sidan eg likar draum betre enn verkelegheit, vel eg å byrje med verkelegheita! ;)
No har me vore heime sidan fredag, og på mange måtar verkar det som at det var i går me var i Afrika, og på mange måtar verkar det som evigheitar sidan! Som dei andre gongane eg har komme heim ifrå Afrika, er eg no i ei lita boble, vakum, eller kva ein skal kalle det. Det er ikkje lettare denne gongen, sidan me opplevde så mykje fantastisk. Eg har lyst tilbake, og det er vanskeleg å komme inn i lesing, framføringar, og anna som høyrer skulekvardagen til. Eg gjekk glipp to forelesingar mens me var i Cape Town, og det kjennest ut som eg har gått glipp av ein måned (veldig mykje pensum å lese på veldig lite tid!) Det gjer det ikkje lettare å finne motivasjonen.

Verkelegheita starta på heimreisa. Eg, Knut Are, Kjersti og Annette sat langt bak på flyet frå Cape Town til London, og hadde allereie dårleg tid på Heathrow. Når me landa på Heathrow sprang me som galne for å rekke flyet heim, men rakk det så klart ikkje, noko dei andre gjorde. Ganske kjipt, men betre at det skjedde den vegen enn når me skulle til Zambia! Når me endeleg kom til Noreg, såg me fram til å hente Tassen på pensjonatet og høyre korleis han hadde hatt det. Han hadde hatt det kjempe bra og vore kjempe flink! *Stolte foreldre*.

Me kom heim utpå kvelden, og neste morgon skulle eg på jobb på skisenteret (må tjene inn att litt pengar! :p) Før eg reiste på jobb var Knut Are veldig dårleg. Blodsukkeret var høgt og han spydde mykje. Kjersti var hos oss sidan ho ikkje orka å reise heim når me ikkje rakk flyet på fredag, så eg ba ho om å ringe legen viss ikkje det ga seg. Etter ei stund på jobb, fekk eg beskjed om at Knut Are var innlagt på sjukehuset med veldig høgt blodsukker. Mest truleg så var det på grunn av eit infiltrat (opphoping av vevsvæske pga at han har stukke seg så ofte med insulinsprøyte opp igjennom åra), noko som førte til at insulinen ikkje kom inn i blodet når han skifta nål på pumpa fredag. Sidan episoden i Zambia i påsken, har han vore veldig flink å stå opp midt på natta når han har skifta nål for å måle blodsukkeret, men etter den lange turen kom han seg ikkje opp denne natta. UFLAKS! Så helga brukte eg på å skifte mellom jobb, sjukehus og prøve å hente inn litt pensumlesing. Rett tilbake til verkelegheita der altså.. Dei fekk blodsukkeret ned ganske fort, og han kom heim på måndag. Det var utruleg stor forskjell på å reise frå han på kveldane på sjukehuset her i Noreg i forhold til sjukehuset i Zambia! Her var eg sikker på at dei visste kva dei gjorde og hadde den kunnskapen dei skulle ha, utan at eg måtte måle blodsukkeret hans og be dei gje han næring, samtidig som eg var redd, måtte vere støttande kjæreste, psykolog, kjefte på forsikringsselskap, osv..

Når eg er i Zambia er det akkurat som alle bekymringar og ansvar prellar av meg, og tankane er ein heilt anna plass. Når ein ser kor positive og glade dei med verkelege problem er, så er det vanskeleg å bruke tid på å tenke på sine eigne "problem". Det var fantastisk å vere tilbake i Zambia, treffe alle dei herlege folka eg har savna og få vise familie og venner "the real Africa!" Eg følte eit ansvar for at alle skulle ha det bra og oppleve noko interessant mens dei var der nede, sidan det var på grunn av meg at alle var der. Eg trur det gjekk ganske bra, fleire har sagt dei vil ned igjen, så det var verdt å bli litt sleten.

Bryllupet vart alt me hadde draumt om og mykje meir. Folk har spurt meg om eg var stressa og/eller nervøs på den store dagen, og svaret har vore "Nei, eigentleg ikkje." Det var så klart sommarfuglar og spenning, men ikkje så mykje som ein skulle tru. Eg visste at det kom til å bli ein bra dag så lenge Knut Are sa ja og me gifta oss i Zambia! *Kliss* Det var andre som var meir stressa enn meg den dagen, for å sei det slik.. Dagen starta med at frisøren kom på hotellrommet til Bente og ordna håret hennar først, så mitt og sminka mi. Heilt greitt! Ei lita stund før sermonien, kom Mr. Mupoti og henta meg, pappa og Bente og køyrte oss bort til David Livingstone Safari Lodge & Spa. Me gjekk bort til der sermonien skulle vere, og høyrte det afrikanske koret synge.

Bente gjekk først, så eg og pappa.

Det var ganske sterkt å komme ned i hagen, gå i mellom koret som sang ein afrikansk bryllupssong, sjå korleis alt var sett opp og sjå Knut Are som stod og kjempa mot tårene. Det kom litt tårer hos meg og, men det vart forandra til smil dess nærmare eg kom gjestene og Knut Are.



Sermonien var kort, men fin, og Mr. Kapumpa fekk meg til og med til å sverge med Bibelen i handa (ikkje noko som skjer kvar dag :p).

Utanom det faste Mr. Kapumpa seier under sermonien, fekk me koret til å synge "The Story" med Brandi Carlile,


og me fekk Mr. Kapumpa til å sei dette sitatet før me utveksla ringar: “Love is always patient and kind. It is never jealous. Love is never boastful or conceited. It is never rude or selfish. It does not take offense and it is not resentful.”




Etter sermonien var det tid for gratulasjonar og helsing på gjester, før me tok familiebilete og forlovarbilete.





 Så køyrte eg, Knut Are og Kjersti til Victoria Falls ilag med Mr. Mupoti for å ta bryllupsbilete.



Me hadde ein liten time på å ta bileta, før me skulle møte resten på Lady Livingstone for eit sunset cruise på Zambezi River. Der var det tid for tale frå mamma og pappa, Kjersti og mora til Knut Are, og ikkje minst brudgommen. Flinke var dei alle mann/damer, og rørt vart eg av alle! Det vart òg tid til å "mingle" litt med gjestene, sjå litt på den flotte naturen og flodhestar i elva, og så klart litt biletetaking. Det var litt for mykje skyer til at det vart ein skikkeleg afrikansk solnedgang, men det gjorde ingenting.









Tilbake igjen på land vart me møtt av Rob og trommegjengen hans, som spelte på afrikanske trommer og hang drum.




Så var det tid for hovudrett, buffet med mykje forskjellig god mat. Etter at alle hadde funne seg mat, gjekk eg, Marjorie, Cynthia og Barbara inn på badet, noko som var planlagt på førehand. Dei hadde lært meg ein zambisk dans som eg skulle danse til Knut Are. Alt for å gjere meg sjølv litt ekstra nervøs angåande talen! Me kom inn gøymt under chetenge, og Annette (vår flinke toast master), starta musikken når ho såg oss. Hjerte dunka ganske fort under chetengen, men gav seg fort når eg kom fram i frå den. Fleire av dei zambiske slengte seg med i dansen, og det vart meir gøy enn skummelt!

Etter dansen haldt eg talen min, noko som ikkje var berre, berre etter dans, men eg fekk no sagt noko! Etter mat og talar frå Barbara og forlovarar, var det tid for dessert og "fire-dance show", før bryllupsdans.




Me dansa til Aerosmith - "Don't want to miss a thing". Den songen fekk Knut Are "DJ'n" på eit diskotek me var på heilt i byrjinga, til å spele for meg fordi han visste at eg likte den og han ville gjere meg glad, så det har vore songen vår sidan.  





Så var det tid for far-datter/ mor-sønn dans, denne gongen Bob Dylan med "Forever Young", Bob Dylan er artisten til meg og pappa, så òg denne hadde symbolsk meining. 

No var dansinga igong, og den haldt fram til me måtte skru av musikken (alt for tidleg for nokon, men sikkert like greitt for alle. Lang dag med mange inntrykk og hete). 

Me fekk tid til litt tradisjonell bryllupskake i mellom dansinga òg.




Dagen var fylt av smil, glede og latter, akkurat slik me hadde draumt om. Når kvelden vart avslutta med at "svigerfar" sa at han hadde hatt det heilt topp og ikkje angra på at dei hadde reist, var alt fullkomment! Og, ja, akkurat som ein draum! Det beste av alt var at det ikkje var ein draum, det var verkelegheit! ;)

5 kommentarer:

  1. Kjempegodt skrevet - får tilbake stemninga fra dagen!!

    Mamma

    SvarSlett
  2. fint <3
    bli nesten på grinern når eg ser på bildi fra bryllupet eg(typisk meg), dikka va so fine og alt va so perfekt!

    kjers10

    SvarSlett
  3. så kjekt å lesa om dagen :) så kjekt å lesa at bryllupet var vellukka. og SÅ kjekt å sjå bilde av afrika gjengen igjen :) håpar knut are har d bra no.
    maren

    SvarSlett
  4. Kjekmpekjekt å se bilder fra turen Christoffer har fortalt så mye om! Dere var virkelig flotte, begge to (ja, og Christoffer i dress) og det er helt fantastisk at dere fikk bryllup til der nede! Gratulerer så masse, på etterskudd!
    Vera

    SvarSlett
  5. Takk alle sammen! :)
    Det er fint å gå tilbake og drøyme seg vekk når dagane blir lange og kjedelege! ;)

    SvarSlett