mandag 2. januar 2012

"Africa always brings something new"

Dagen etter bryllupet (eg kjem til å legge ut bilete når eg kjem heim, mykje å redigere i tillegg til at filene er veldig store), reiste me først til Willma Guest House for å sei hadet til alle dei fantastiske folka der. Så reiste me til David Livingstone High School, der eg fekk møte Mr. Matimba igjen og sagt hadet til dei andre. Han var sjuk i bryllupet, så han kunne ikkje komme, så det var godt å sjå han igjen! Me åt lunsj med Namokolo og Christina, og Barbara kom ein tur innom også. På kvelden fekk eg sagt kjapt hadet til Cynthia og Marjorie. Vanskeleg å ha så mange å sei hadet til på ein gong, så eg fekk ikkje sagt treft alle.

Neste dag måtte me ta den tunge turen til flyplassen ilag med Mr. Mupoti, og noko som var endå rarare var å sei hadet til foreldra til Knut Are og broren i Livingstone! (Dei kom dagen før bryllupet og vart to dagar lengre enn oss). Me sette oss på flyet til Johannesburg og sprang som galne for å rekke flyet der i frå til Cape Town, noko me heldigvis gjorde. Mamma og pappa reiste til Durban, mens eg, Knut Are, Bente, Henning, Kjersti, Annette, Christoffer, Håvard og Susanne reiste til Cape Town. På flyet sat eg og Knut Are ilag med ein eldre, kvit mann frå Sør-Afrika. Han var veldig pratsom og me kom etterkvart inn på at me kunne tenkt oss å leige bil og køyre langs kysten til Kapp det gode håp, men at alle bilane var utleigd. Då sa han at han kjente ein lokal guide som ikkje var så dyr og som sikkert kunne ta oss med. Han ringte han når me landa, og han kunne det. Når me kom til flyplassen reiste me til forskjellige plassar, eg og Knut Are til suiten vår i Camps Bay. Camps Bay ligg utanfor Cape Town, har ei fin strand og utsikt over Atlanterhavet.

Dagen nyttårsafta, tilbrakte eg og Knut Are på stranda i Camps Bay. Heilt greitt! På kvelden kom resten av gjengen og me åt middag ilag, før me reiste bort på hotellet til Christoffer, Håvard og Susanne. Ut på kvelden tok me taxi bort til Waterfront for å sjå på livet der. Vart litt skuffa over fyrverkeriet, men det er vel bra at dei ikkje brukar opp pengane sine på det!
Utsikt frå balkongen

Utsikt frå balkongen

Hunder der me bur på Al Villa Romantica

Gåtur ifrå hotellet og ned til stranda. Me bur i høgda

Strandliv på nyttårsafta




Neste dag vart me henta 09.-09.30 av vår private guide, og hadde ein fantastisk (men lang) dag! Han stoppa på dei fleste plassar og me tok vår del bilete den dagen. Me fekk også ta båttur ut til Seal Island i Hout Bay for å sjå på selane der. Der er det over 9000 selar, og ein fullvoksen sel et 7 kg fisk kvar dag, så det går med litt fisk også. Me stoppa også innom Boulders Beach ved Simon's Town, der me fekk sjå på pingvinane som var der. Pingvinar er ikkje det dyret eg forbind med Afrika, så det var artigt å sjå på dei vagge rundt i sanden. Etter kvart kom me til Cape Point der me fekk litt trening opp fjellet og ei fantastisk utsikt. Litt bortafor Cape Point møtes det Indiske Hav og Atlanterhavet, og Kapp det gode håp er det sør-vestlegaste punktet i Afrika.
Clifton
Hout Bay

Båttur frå Hout Bay til Seal Island

Seal Island

Utsikt frå Chapmans Point
Chapmans Point

Chapmans Point

Chapmans Point


Lunsj i Simon's Town

Simon's Town

Pingvin på Boulders Beach

Boulders Beach

Boulders Beach

Boulders Beach

Utsikt frå Cape Point mot Kapp det
gode håp

På veg opp Cape Point

Toppen av Cape Point
Ute i horisonten der, møtes det Indiske hav
og Atlanterhavet







Etter rundt 11 timar på tur, skulle eg å Knut Are gå av i Camps Bay for å ta ut pengar og kjøpe middag. Der var det så fullpakka med folk som festa at det var heilt umogleg. Så det enda med at me måtte ta taxi tilbake til Cape Town, og fant etter litt endeleg ein matplass som var open i Long Street.

Idag var det tid for historie, og eg og Knut Are stod tidleg opp for å ta båten over til Robben Island. Når me kom dit var den første eg såg guiden eg, mamma og pappa hadde forrige gong, så me sprang innpå den bussen. Han var like flink no som forrige gong, og det var like interessant å vere der som forrige gong. Det er mykje informasjon å fordøye, så det var greitt å vere der ein gong til slik at eg plukka opp nye ting eg kanskje ikkje fekk så godt med meg som forrige gong.








 Etter det hang me på Waterfront og eg åt blant anna ein herleg Qudu burger med Amarula saus, mens me venta på Kjersti og Annette (som var på Robben Island litt seinare enn oss).





Me tok turen opp på Table Mountain, men det var eigentleg ikkje mykje vits i, for det var så tåkete at me såg ingenting. Men dei har ivertfall vert der!


I morgon reiser eg, Knut Are, Kjersti og Annette til Aquila Safari eitt døgn, og satsar på å få sjå nye dyr!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar