mandag 2. juli 2012

Ut på nye eventyr

Etter ein hektisk vinter og vår veit eg ikkje kor verken mars, april eller mai vart av, og no er det jammen meg slutt på juni også! Dette fører til at tida som er igjen til eg reiser på feltarbeid til Sør-Afrika blir mindre og mindre! Litt under 3 veker faktisk..
Dette fører igjen til at eg så smått byrjar å blogge litt igjen.

Eg både gledar og gruar meg til denne turen, mest av alt er eg spent!
Det er mange forskjellar frå turen min til Zambia. Då var det skulen som organiserte nesten alt, fann plass å bu, praksisplass, eg reiste med mange andre, og hovudtanken med reisa var å bli kjent med ein anna kultur. Denne gongen er det eg, eine og åleine, som har organisert alt, teke kontakt med ulike folk i Sør-Afrika (professorar, forfattarar, overnattingsplassar, skular), og sist, men ikkje minst, eg skal vere heilt åleine (nesten heile tida)! Samtidig som alt dette er litt skummelt, tenkjer eg det er bra at det ikkje er heilt likt som når eg tok bacheloren, at det er litt meir utfordrande og at det meste fell på meg. sia det no faktisk er ein master. Eg har lært mykje allereie i planleggings- og organiseringsprosessen og eg trur eg kjem til å lære mykje meir og oppdage andre sider ved meg sjølv enn når eg reiste til Zambia.

Den 22.juli startar eg og Knut Are på turen til Afrika. Frå den 23.-24.07 skal me vere i Rosebank i Johannesburg, der eg skal treffe Stephanie Allais ved Witwatersrand Universitet. Stephanie har eg hatt kontakt med sidan i vinter, etter at eg sendte mail til Hein Marais som har skrive "South Africa - Pushed to the Limits" (Bibelen min under denne masteren). Eg fann bloggen hans på internett etter at eg kjøpte boka hans i Sør-Afrika i januar. Til mi store overrasking svara han ganske fort, og sidan han ikkje kunne så mykje om utdanning, sette han meg i kontakt med Stephanie. Ho vart med ein gong interressert i oppgåva mi, og har hjelpt meg under heile prosessen i vinter og vår. 

Etter eitt døgn i Johannesburg, reiser me på ein liten ferie til Zambia, sidan me først er på kontinentet! Me blir der i 6 dagar, før me reiser tilbake til Sør-Afrika. Av alle byar i Sør-Afrika, valde eg Pietermaritzburg (frå no av Maritzburg). Grunnen til dette er at eg ville til provinsen KwaZulu-Natal, men eg ville ikkje til Durban. Både fordi den verkar litt stor og skummel for meg, og fordi mamma og pappa hadde litt dårlege erfaringar der i frå. Etter litt google-søking, fann eg fram til Pietermaritzburg, som er hovudstaden i provinsen. I følgje rettleiaren min, som er i frå Cape Town og har jobba i Pietermaritzburg, er det ein trygg og roleg by med "småby-mentalitet" (den har 'berre' 400 000-500 000 innbyggjarar!). Det er visst ikkje så alt for mykje som skjer der i følgje han, men for meg passar dette perfekt sidan eg skal vere åleine. I tillegg kjem eg frå Hafslo, så det skjer sikkert nok for meg! Eg har funne eit lite gjestehus, som eg i ettertid fann ut låg rett ved Universitetet, som heiter Ridgeway Close, og ligg i forstaden Scottsville. Her får eg min eigen leilegheit med kjøkken, og eigarane bur på plassen noko som gjer det litt 'tryggare' for min del. På Universitet har eg forresten kome i kontakt med ein professor, Volker Wedekin, takka vere Stephanie. Han skal hjelpe meg når eg kjem dit, og har sagt at eg kan få sitte på Universitet og arbeide med oppgåva. Perfect! Kanskje eg blir kjent med nokon studentar og? 

Car rental Pietermaritzburg       

Etter at Knut Are har vore med meg i Maritzburg i litt under to veker, reiser han tilbake til Noreg for å jobbe. Dette blir nok det vanskelegaste med heile turen, sidan eg blir sittande igjen åleine. Men, men, den tid, den sorg!

Eg må byrje å arbeide med datainnsamlinga med ein gong eg(me) kjem til Maritzburg. For dei som er interressert, er forskingsspørsmåla mine for augeblikket:

How is the present situation regarding equalities/inequalities in urban high schools in Pietermaritzburg, South Africa, 18 years after apartheid?
-       To what extent is it possible with economic equality at the same time as one recognize/implement indigenous knowledge and culture in the education system?
-       To what degree are traditions and indigenous knowledge and culture present in the schools?
Hovudformålet med oppgåva er å snakke med "folket på bakken", studentane sjølv, foreldra deira og lærarar. Eg vil og snakke med rektorar. Målet mitt er å gå til tre skular med ulik sosialøkonomisk bakgrunn; ein rik, ein fattig og ein middelklasse. Eg skal ha spørjeundersøking, intervju og mest truleg ein klassediskusjon på eine skulen.

Dette er det faglege eg skal drive med fram til eg reiser heim att 27.september. Utanom det har eg meldt meg på klatrekurs; alltid greitt å prøve noko nytt når ein er på ein ny plass, og skal nok finne andre ting å bedrive tida med! Det er meir enn nok skulearbeid å gjere i vertfall!

Det kjem nok meir blogginnlegg når eg er kommen til Afrika, før den tid er det lesing av teori, førebuing og siste finpuss av intervjuguide og spørreskjema, ein tur heim til Rockabilly og babyen til Ine (som forhåpentlegvis kjem snart!) og Stavernfestivalen (med enormt bra program i år)!

No må eg tilbake til å lese om Karl Marx og marxismen.


God ferie til dei som har det! ;)

3 kommentarer:

  1. per sønsthagen3. juli 2012 kl. 16:32

    Det blir spennandes! hadde vert artig å kommet nedover å besøkt deg hvis det lar seg gjøre.

    SvarSlett
  2. Ja, pappa, no vil eg snart sjå 'handling foran ord'n ;) Teke gjerne i mot besøk eg!

    SvarSlett
  3. Det høres ut som du vil ha noen flotte og spennende måneder nå ja! Det blir noe helt annet enn zambia ja, men samtidig så greier du deg så fint selv og er så flink med å bli kjent med andre at jeg tviler ikke på at du kommer til å ha det bra:) forskningsområdet ditt høres så spennende ut og, håper folk er åpne og svarer, både de som er rike og fattige. Kommer til å bli så spennende, og håper jeg får anledning til å lese det endelige resultatet når du kommer så langt!

    Gleder meg til å lese det du får tid til å blogge om:) Klem<3

    SvarSlett