tirsdag 24. november 2009

Reiseførebuingar

No er det berre om lag to månadar til me reiser til Zambia!
På fredag byrja eg med vaksineringa. Eg tok difteri og den tredje dosa av hepatitt A og B (dei to første tok eg når eg reiste til Venezuela), så no er eg vaksinert mot hepatitt i minst tjue år!
For å få resept på malariatablettar, måtte eg visst til legen, så dit skal eg i morgontidleg. Eg skal høyre kor mykje dei tablettane ein tek kvar dag kostar, i forhold til dei som ein tek ein gong i veka. Den ein tek ein gong i veka er billegast, men kan òg gi bivirkningar som hallusinasjonar, depresjon, mareritt o.l. difor må ein teste den ut før ein reiser. Sidan kroppen min vanlegvis reagerer på ein del forskjellig, er eg litt skeptisk til desse tablettane, og ganske sikker på at eg hadde fått ein reaksjon. Eg er heller ikkje så gira på å teste ut tablettane i eksamensperioden, og møte opp på munnleg samfunnsfageksamen, og sjå rosa elefantar! :p Eg får høyre kva legen seier i morgon.
11.desember skal eg ta dei siste vaksinene, så då er eg forhåpentlegvis reiseklar, når det gjeld vaksinering i vertfall!

1 kommentar:

  1. Det vart lariam, den som kan gi ulike bivirkningar. Får satse på at eg ikkje er ei av dei 100 som kan få t.d. hallusinasjonar! :p
    Var veldig stor prisforskjell. For lariam må eg betale 600-700 kroner til saman, mens for den ein tar kvar dag, måtte eg har betalt over 3000 kroner til saman! Så då får eg berre teste ut, og håpe på det beste :)

    SvarSlett