Eg vel å byrje på første dagen, så tek me det der i frå!
Flyturen gjekk som smurt utan problem. Me
landa på bursdagen til Kjersti, 22.12, og eg hadde avtalt med eigaren på Cafe
Zambezi (nyopna restaurant) at han skulle pynte med ballongar og ordne med
kake. Bortsett frå at me måtte vente over to timar på maten (noko som passa
veldig dårleg sia alle hadde reist langt og ikkje ete skikkeleg mat).
Bursdagsbarnet |
Bursdagsselskap |
Første juledag stod me opp i 5-tida for å reise på safari. Forrige gong eg var i Afrika, såg eg 4 av dei Big Five; løve, bøffel, nashorn og elefant. Det einaste dyret eg mangla var leopard. The Big Five går ut på dei dyra som var vanskelegast å drepe når dei jakta på dei før. Leoparden er veldig sky og vanskeleg å oppdage. Ein av dei første tinga me fann var ei løve som låg aleine i eit tre, og så fann me Simba og Nala på 2-3 år.
Etter ei stund såg me ein LEOPARD langt borte i trea, kanskje 200 m. Uansett, var me veldig fornøgde med at me endeleg hadde sett ein leopard!
Etter å ha sett andre dyr, gassa plutseleg sjåføren på noko veldig og snakka mykje i walkie talkien sin. Me kom fram til ein plass der det stod mange andre bilar. Så såg me at det låg ein leopard 30-40 m unna oppe i eit tre! Heilt fantastisk! Leopard er mitt nye favorittdyr!
Andre juledag reiste me til Victoria Falls med Kjersti og Annette. Eg var redd for at det ikkje skulle vere nok vatn i fossen, men det var eigentleg akkurat passe!
Etter litt avslapping vart me henta av ein bil. Kjersti og Annette hadde ordna ein overraskelse for oss i bryllupsgåve. Etter å ha køyrt eit stykke mot Victoria Falls stoppa me der dei flyg helikopter og mikro fly. Dei hadde ordna mikro flytur til oss over Victoria Falls!! Heilt fantastisk!!
27.12 flytta me frå Willma og bort til Waterfront for å komme nærmare der me skulle ha bryllupet, David Livingstone Safari Lodge & Spa. Det var ein del unødvendig styr som måtte ordnast, men når det var ordna kunne me slappe av. Denne dagen var det også det kraftigaste regnveret eg har sett i Afrika, veldig glad for at det ikkje kom neste dag! Utpå dagen kom foreldra til Knut Are og broren, Kjell Jaran. Me reiste alle ut og åt på Armadillos på kvelden, kjempe koseleg!
28.12 var den store dagen, og denne dagen kan faktisk ikkje beskrivast med ord! Det vart mykje meir og betre enn me kunne drøymt om med fantastisk stemning og blide mennesker heile dagen!