Dei siste dagane heime i Livingstone har vore heilt fantastiske! Fredagskvelden inviterte me alle me har arbeida me og blitt kjent med i løpet av desse tre månadane inkludert dei som arbeidar på Willma, og spanderte pizza og drikke på alle og djen me brukte på bursdagen til Renate spelte. Det var ein toppkveld der me var om lag 35-40 stk, sjølv om ikkje alle inviterte kunne komme. Me dansa og kosa oss til langt på natt og ein kan nok sei at det vart tidenes fest på Willma!
Motinta, Bridget og massasjedama!
Meg og Vincent dansar the Muzungu Dance!
Good times! Crispin, Jolly, meg, Vincent og Renate
Søndag var eg, Maren og Cathrine på besøk hos Evelyn, læraren på Cheshire Home og familien hennar. Ho har tre herle ungar på 6 mnd, litt under to år og fire år. Maren hadde med leiker til barna som dei sette stor pris på.
Happy family :)
Me stod for det meste av matlaginga. Kjøkkenet var to steikeplater på golvet på rommet til Oscar :)
Vincent lærer meg å lage nshima. Eg måtte kjenne korleis det kjente ut. Hardt arbeid å lage nshima skal eg sei dykk!
Så var det min tur, og då måtte eg lage det heilt åleine!
Min første nshima!
Måndag hadde me restefest der me drakk opp alt av rester på Willma, noko som enda med ein endå god og morosam kveld!
50 kwacha er den minste pengeseddelen i Zambia som i Noreg er 0 kr! Dette har me kalla crazy shit og hatt morro med å samle opp desse tre mnd. Det har vorte ein del tilslutt!
Tysdag var dagen kommen der me måtte sei hadet til alt og alle. Eg og Carina gjekk i sentrum for å handle bussbillettar og då traff me på mange forskjellige som me måtte sei hadet til. Så reiste me på golfen, åt vår siste kyllingburger og sa hadet til alle der, før me reiste vidare til FSP.
Treningsgutta på golfen!
Resten av dagen gjekk til pakking og avskjed med alt for mange folk. 19.45 kom taxiane og me måtte sei hadet til alle på Willma og dei i nabolaget. Veldig trist. Det var trist å reise heime i frå òg, men då visste eg at eg skulle treffe alle igjen om tre mnd. No veit eg ikkje når eller om eg treff folk igjen og det er ein ganske skummel tanke!!!
Etter ein humpete busstur med minimalt med søvn kom me (meg, Carina, Marianne, Cathrine og Benjamin) til Lusaka ca. 04.00 natt til onsdag. Me måtte vente i bussen i rundt to timar før me fekk reise ut. Sidan me kom midt på natta er det tryggast å halde seg i bussen til det blir lyst. Deretter reiste me til ChaChaCha/Lusaka Backpackers der me overnatta når me kom til Zambia. Me reiste til SOS Lusaka der me fekk omvisning. Det var ganske annleis frå Livingstone, mykje større og finare og dei hadde fleire fasilitetar. Resten av dagen går til å slappe av på Chachacha, sidan me er blakke alle mann, og me treng å lade batteria til i morgon. I morgon set me oss på flyet til Nairobi kl. 11.05, må vente mange timar i Nairobi før me forhåpentlegvis flyr vidare til Amsterdam. Fredagsmorgon landar me i Noreg!!
Vart ein veldig beskrivande blogg dette, men det er for mange tankar og kjensler i kroppen til at eg greier å skrive ned nokon av dei!
Men alt i alt kan eg sei at eg aldri kjems til å angre på at eg tok denne moglegheita og at det har vore veldig innhaldsrikt og lærerikt med alle dei opp- og nedturane me har hatt!
Høyrest ur so du haa hatt eit kjempe opphold! tykkje nestn da e litt trist at du ska reisa eg og, før da ha vore spennande å lesa bloggen din :) Håpa de faor ein fine tur heimatte!
SvarSlettSilje S
høyrest ut so du ha hatt eit bra opphold i zambia! tykkje nesten da e litt trist at du ska heimatte eg og, før da ha vore kjekt å lesa bloggen din :) Håpa no likavel de faor ein fine tur heimatte!
SvarSlettSilje s
Vart trist eg, og, sjølv om eg gledar meg til at du kjem heim!! Du får heilt sikkert ein tur tilbake, kjenner eg deg rett - gled deg til det, og god tur heim!
SvarSlettMamma